Norsk del, Gullvekta
Molbuane  ❀ C
Seksjon › 20   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Molbuen og jernstativet

Det var ein mann frå Geiteheim. Ein gong han var i Ålvik, kjøpte han eit jernstativ. Det skulle brukast til å sette gryter på og koke mat på over open eld. Mens han gjekk den lange vegen heimetter, blei skuldrene og ryggen hans så såre av det tunge stativet at måtte sette det ned og ta ein lang kvil ein stad midtvegs eller vel så det. Mens han sat og kvilte, såg han at stativet hadde tre føter, og sa til det: "Har du tre føter mens eg har berre to? Då får det heller bli slik at du går og ber meg heim, for du er utkvilt og betre skikka, alt i alt."

Så gjorde han stativet klart på bakken og sette seg godt til rette på det, og sa: "Ber meg fram så lenge som eg har bore deg, så kjem vi sikkert fram. Men vil du ikkje samarbeide, får du stå her for deg sjølv."

Molbuen sanna etter kvart at stativet hans ikkje ville gå vidare. Då sa han: "Stå stille om du vil, men det er best du følger meg heim att, i ordførarens namn. Men vil du ikkje nett no, skal eg fortelje deg vegen så du kan komme etter godt nok." Så forklarte han vegen grundig og gjekk vidare aleine.

Då han kom heim til Geiteheim, sa kona: "Kor er grytestativet mitt?"

Mannen sa: "Eg sette det frå meg ved vegen, for det har tre bein og eg har berre to. Eg forklarte vegen for det. Det får komme når det vil."

"Kor gjekk du ifrå stativet?" spurde kona.

"Der Ardangervegen svingar mot vest", sa mannen.

Kona hans sprang og henta heim stativet sjølv. Mannen var glad for det, og sa: "Eg trur du gjorde rett, kone. Hadde stativet stått aleine i vegkanten mykje lenger, kunne det ha funne på å gå tilbake til Ålvik."

Barnedåpen

Ei molbukone hamna i barselseng. Faren ville ha nokre barn på åtte eller ni år til å stå som gudmor og gudfedrar.. Det eldste barnet som skulle vere gudfar, heitte Lodvar. Det andre heitte Kirste, og gudmora heitte Goro. Vennane deira fortalde barna korleis dei skulle te seg under dåpen. Dei skulle ta opp att det presten sa, fortalde dei.

Då alle var komne til barnedåpen i kyrkja, sa presten: Er de samde i namnet?"

"Er de samde i namnet?" sa Lodvar.

"Er de samde i namnet?" sa Kirste.

"Er de samde i namnet?" sa Goro.

Presten sa: "Korfor er de komne hit?"

Lodvar sa: "Korfor er de komne hit?"

Kirste sa: "Korfor er de komne hit?"

Goro sa: "Korfor er de komne hit?"

Presten blei paff og visste ikkje kva han skulle seie, så han sa "Puh" og kom med ein plystrelyd.

Lodvar plystra og sa "Puh!" Kirste plystra og sa "Puh!" Og Goro plystra og sa "Puh!", ho også.

Presten, blei sint og sa: "Dra heim, tullebukkar! Dra heim!"

Og Lodvar sa: "Dra heim, tullebukkar! Dra heim!" Kirste sa det same, og det gjorde Goro også.

Då skaffa presten andre gudfedrar og ei anna gudmor til dåpen.

Her ser ein at barn ikkje kan greie altfor mykje utan klar og lagleg beskjed.

Rådhuset

Folket i Geiteheim ville ha seg kommunehus som andre, men kom til å bygge det utan vindauge. Då dei gjekk inn, kunne dei ikkje sjå, og blei forundra. Etter å ha granska bygget på utsida, bestemte dei seg for å halde møte neste dag for å prøve å finne ut korfor det var mørkt i huset.

Til møtet skulle kvar og ein ta med seg ein fakkel og stikke den i hatten så dei kunne sjå. Etter mye diskusjon fram og tilbake fatta eit lyst hovud at grunnen til at dei ikkje kunne sjå der inne, var mangel på dagslys.

Dermed blei det til at molbuane fylte alle sekkar, esker, baljar, korger og panner med solstrålar dagen etter – for då skein sola – og frakta dei varsamt inn i det nye kommunehuset og tømte dei der. Men det nytta ikkje.

Igjen møttest dei med faklar i hattane i kommunehuset. Men det kom ikkje noko gagnleg ut av det før dei var i ferd med å gå. Då fall det ei lysstrime på skjegget til ein av dei gjennom ei veggsprekke mens han famla og trivla for å komme til utdøra. Ganske fort skjønte han at dei kunne lage vindauge.

Dagen ville ikkje inn gjennom døra

Ein mann hadde sett opp ei stove som mangla vindauge. Han hadde likevel sett at slikt fanst andre stadar. Der var stovene så lyse at det var full dag inne. Så då det kom ein friar innom der på garden, ville dei ha det lyst i den nye stova, og sette i gang med å bere dagslys inn i eit trau. Dei bad friaren om ikkje undre seg over at dei ikkje hadde rekt å gjere det før, for stova var heilt ny.

Så bar dei trau etter trau inn i stova. Traua var fine og lyse utanfor dør, men det blei ikkje lysare inne i stova, same kor mykje dei streva og bar og ville tømme ut lys der inne.

No fekk friaren lov til å hogge hol på veggen, og då flauma det lys inn i stova på ein blunk.

"Takk for det! Dagslyset ville vel ikkje komme inn gjennom døra," sa dei då.

[AT 1245 - Frå Nord-Trøndelag. NEB 3, s. 46]

Dei nyttige konene

Fleire koner var samla i vertshuset ein kveld, og ei av dei sa: "Det er bra for mennene våre at dei har oss."

"Korleis det, du?" sa kona i vertshuset.

Den første kona sa: "Eg skal seie det som det er, medsøstrer. Eg kan verken bake, brygge, eller arbeide. Derfor er kvar dag ein feriedag for meg og eg får høve til å gå på vertshuset – for ein kan ikkje gå til kyrkje støtt og stadig heller. Heime bed eg Gud ta seg godt av mannen min, og eg trur at bønna mi gjer han meir godt enn om eg skulle arbeidt."

Då sa den andre: "Eg er til nytte for mannen min ved at eg sparer brød. Når eg drikk fem eller ti liter godt øl, bryr eg meg fint lite om brødmat."

Den fjerde kona sa: "Eg for min del vil nødig ha kjøt og drikke i huset mitt. Derfor tar eg vegen til vertshuset i Ogre og drikk vin med anna attåt som Herren vil det."

Den femte kona sa: "Det er støtt betre at ein mann har meir selskap hos andre enn heime hos seg. Til vanlig er det i vertshuset ein høyrer flest hurrarop. For å spare kjøt og drikke er det der eg handlar og et og drikk. Når eg manglar eitkvart, drar eg dit.''

Den sjette kona sa: "Mannen min har ull og lin og reip. For å spare det, drar eg heim til grannar og gjer arbeidet for andre."

Den sjuande kona sa: "Eg sparer ull og brensel, for eg sit og snakkar dagen lang ved peisen til anna folk."

Den åttande sa: "Biff, lammekjøt og svinekjøt er dyrt, så det sparar eg. Då kan eg ta grisen, sauen, gåsa, høna, hønekyllingar og hanekyllingar og kaninar, for dei kostar mindre."

Den niande sa: "Og eg sparer på lut og såpe for mannen min. Der andre vaskar mannen sin i ein stamp ein gong i veka, vaskar eg min fire gongar i året."

Då sa kona til vertshuseigaren: "Og eg tar vare på ølet eg bryggar for mannen min. Før hadde eg for vane å drikke opp alt, men no lar eg det ikkje bli att så mykje som ein drope."

Smeden og kvefsebolet

Hos ein smed i Geiteheim var det eit kvefsebol i halmen for enden av smia hans. Ein dag kom ein av naboane for å få skodd hesten sin, og blei stukken av ein kveps. Han blei sint og sa: "Er det verdt å ha ei smie når folk blir stukne av kvefs her?"

"Så, så, gode nabo", sa smeden. "Eg skal snart få dei vekk herifrå."

Dermed han tok eit skjerejern og varma det i smia til det blei gloande varmt, og kylte jernet inn i halmen ved enden av smia, der kvefsebolet var. Slik sette han smia i brann og så brann ho ned.

No sa smeden: "Eg sa at eg skulle få vekk kvefsane, og det gjorde eg!"

Slåttekaren og grashoppa

Ein av molbuane slo gras i enga og fann ei stor grashoppe. Han kasta frå seg ljåen og sprang heim til naboane sine og sa at det var ein djevel i enga, ein som hoppa i graset. Kvar og ein gjorde seg klar med klubber og stokkar, store økser og andre våpen, for no skulle dei av stad og ta livet av djevelen i enga.

Då dei kom dit grashoppa skulle vere, sa den eine til den andre: "La kvar mann gjere krossteiknet mot djevelen, for elles er det for farleg å ha med han å gjere."

Då dei hadde gjort det, vende dei heim att og sa: "Det var ei velsigning for oss at vi ikkje gjekk vidare i dag."

"Å, de er nokre feigingar", sa han som hadde ljåen sin i enga, "hjelp meg å hente ljåen min."

"Nei", sa dei, "det er godt å sove med heilt skinn. Det er betre at du saknar ljåen din enn at vi alle blir skadde."

Bruprat

Ein molbu skulle til marknaden og kjøpe sauar. Ute på ei bru møtte han ein annan molbu som kom frå marknaden. "Kor skal du hen?" sa han som kom frå marknaden.

"Det har du ikkje noko med", svarte den andre, "men eg har ikkje noko imot å fortelje at eg skal til marknaden her og kjøpe sauar."

"Kjøpe sauar!" sa den andre, "og kva for veg vil du føre dei heim?"

"Vel", svarte den andre, "Eg vil føre dei heim over denne brua."

"Slett ikkje", sa han som kom frå Ålvik. "Eg vil ikkje la deg leie sauar over brua som eg står på."

"Det vil du!" ropte den andre.

"Eg vil ikkje!" erklærte han som kom frå Ålvik.

Kvar hadde ein tjukk stav, og mens dei snakka, svinga dei stavane sine i lufta og stampa i bakken med dei.

"Dersom du ter deg slik", sa Jon, "skremmer du sauane mine så dei hoppar frå brua og ned i vatnet og druknar."

"Du kan ta dei med heim på annan måte."

"Nei, det skal eg ikkje!" sa Jon, "eg skal ta dei over denne brua."

"Du får ein rapp på hovudet med staven min om du gjer det", sa den andre.

Mens dei heldt på slik, kom ein annan molbu ifrå marknaden. Han leia ein hest med ein sekk mjøl på ryggen. Han stoppa på brua og lytta for å skjøne kva for problem dei to naboane hans hadde. "Men kva er det de gjer?" sa han. "De er klare til å slåss med nevar og stavar over nokre sauar, men eg ser ikkje ein einaste sau å kjempe om."

"Nei", forklarde dei to andre, "dei er ikkje kjøpt enno."

"Å, kor er det blitt av sunt skjøn hos dykk?" sa nykommaren. "Her, løft denne mjølsekken frå ryggen av hesten min, så skal eg syne kva eg meiner om dykk."

Dei gjorde som han bad om, og då gjekk han til kanten av brua, opna sekkebandet og rista alt mjølet ut i elva. "Vel, naboar, kor mykje mjøl er det i sekken min no?" spurde han dei.

"Der er ingenting", svarte dei.

"Heilt rett!" sa han, "og like mykje vett er det i skoltane dykkar når de øser kvarandre opp til strid om sauar ingen av dykk har."

Så drog dei tre karane sin veg.

Gryta

Ein gong kom nokre molbuar inn på kjøkkenet til ein kjøpmann i Bergen like etter at tenestejenta hadde lyft frå eldstaden ei stor jerngryte med erter i og plassert gryta på golvet. Der heldt den varme gryta fram med å putre og koke. Molbuane kom inn nett då, og tykte kokinga var overlag merkeleg. Straks ville dei ei slik gryte som kunne koke mat utan eld, for det var no så mykje bal med å hogge brensel og lagre han elles.

Dei spurde kjøpmannen kva han ville ha for gryta, og til slutt fekk dei ho for ein svært høg pris. Glade drog dei på heimetter med ho. For framtida trong dei ikkje lenger gjere vedkomfyren varm for å koke seg mat, for no hadde dei ei gryte som kokte av seg sjølv.

Men dei var så utolmodige at dei ikkje kunne vente til dei var heime før dei prøvde gryta. Dei ville straks koke opp ein del erter mens dei sigla heimetter ifrå Bergen i båten sin. Ein av dei greip gryta og duppa ho i sjøen for å få vatn å koke ertene i. Men dessverre glapp taket hans, så gryta sokk til botnen av fjorden. Kva skulle dei gjere for å få att gryta? Etter mykje snakk fram og tilbake, avgjorde dei at ein av dei skulle ned i djupet og hente ho. Dei andre skulle vente på han i båten der gryta sokk.

Ein av molbuane hoppa altså i sjøen for å plukke opp gryta. Men han blei borte så lenge at dei hine tok til å drøfte korfor han ikkje kom opp att. Dei fleste trudde gryta var for tung for han, og då avgjorde dei all at ein til skulle ned og hjelpe til med gryta.

Så hoppa ein til over bord, men heller ikkje han kom att.

Etter at karane i båten hadde lege og vente lenge på dei to og ikkje kunne førestille seg kor dei hadde blitt av, sa til sist ein av karane i båten til sist: "Nei, no ventar vi ikkje lenger på dei. Dei må ha bore gryta til lands på sjøbotnen for å komme heim først!"

Så rodde dei så fort dei orka langs fjorden heimetter, og kom også heim før dei to kameratane som skulle hente gryta.

Gryta som kokte av seg sjølv

Ein sjømann kom til fjells, til ein stad der dei brukte ei gryte av kleberstein til å koke mat i. I det same mannen kom inn døra, hadde kona der kokt og tatt gryta av varmen, men gryta heldt fram med å koke lenge etterpå.

Sjømannen såg dette og ville kjøpe gryta. Det fekk han. Då han kom til sjøs att, ville han koke eitkvart i gryta, men fekk det ikkje til. Då blei han så art at han kasta gryta i sjøen. Det bobla kraftig i sjøvatnet etter ho.

"Ho kokte jammen opp likevel", sa han.

[NEB 3:222. Attfortalt]

  Innhald  


Litteratur

Molbuane, täljetokar, molboerne, molboene, buddhisme-linka soger, molboerne, die Schildbürger, folk i Laleburg, folk frå Kampen, Gothamites.    Seksjon     Sett    Neste

Molbuane, täljetokar, molboerne, molboene, buddhisme-linka soger, molboerne, die Schildbürger, folk i Laleburg, folk frå Kampen, Gothamites. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2011–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]