Norsk del, Gullvekta
Molbuane  ❀ Innleiing
Seksjon › 20 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Molbuhistorier og Molbuland

Soger om einfaldig, enkelt folk blir brukt i turismen, og for penger elles også. Dessutan kan somme gamle molbusoger vere oppsedande ved å hjelpe ein til å tenke seg om litegrann.

Populær sjanger. Molbuhistorier høyrer med til sjangeren "dummingsoger", eller "numskulls. Mange har sin eigen finurleg-einfaldig tone, som det heiter. (Hodne 1984; Den Store Danske). Svenskane har sine täljetokar frå Södertälje og kälkborgare i den oppdikta småstaden Kälkestad. Finnane skjemtar om folket i Tokeby (Hölmölåiset) (Vala og Matthis 1944, 160-84). Britane har "feil smarte" folk i Gotham og mange andre stadar. Tyskarane har sine i den oppdikta byen Schilda (Også kalla Laleburg), nederlendarane har folk frå Kampen, og så vidare. (WP, "Kälkborgare")

Molbusoger som sjanger kjem verken frå Danmark, England eller Tyskland. Ein finn dei i mange land og rike - heilt tilbake til oldtidas Abdera i Thrakia aust på Balkanhalvøya (WP, "Wise Men of Gotham"). Ein finn molbusoger og beslekta fablar i tidleg buddhisme også - frå rundt 500 e.Kr. [Elleve fablar]

Her i landet. I Eventyrbiblioteket (Samlaget), står molbusoger frå fleire stadar i Noreg. Dei figurerer som vessene (vossingane) i bandet Jomfru Marias gudmorsgåve: Eventyr frå Hordaland ved Brynjulf Alver. (Oslo: Samlaget, 1972). Opplendingane kan ein lese om i bandet som heiter Guten i gadden: Eventyr frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal ved Brynjulf Alver (Oslo: Samlaget, 1980), og snåsningane i verk frå Nord-Trøndelag (Hodne 1984, 232), for å gi tre døme.

Soger om innlandsfolk – vesser (vossingar) og opplendingar og andre – kan vere heimeavla skrøner på innlandsfolk si rekning, i omløp blant folk nærare kysten, for eksempel.

Ørnulf Hodne lister opp mange slags typar av "dumming-soger" i oversiktsverket sitt, The Types of the Norwegian Folktale. Somme er tydelege innlån, somme kan vere av heimlig opphav. Oversiktsverket til Hodne gir ei fin oversikt og viser til fleire bøker (1984, 229-44)

Populær sjanger blant danskar også. Einfaldige grannar blir kalla molbuar i Aust-Jylland, aggerbuar i Vest-Jylland og mellom anna "dem fra Gabøl" i Sør-Jylland. Den eldste bevarte utgåva av molbuhistorier på dansk er ei som legen Christian E. Mangors (1739-1801) fekk trykt i Viborg i 1780, men det har funnest eldre utgåver. (Den Store Danske)

Kor kjem dei "ganske danske" molbuhistoriene eigentleg frå? Det spekulerer somme danskar over. Det viser seg at mange danske molbusoger innlån frå Tyskland. Der har dei ein eldre skriftleg tradisjon i ryggen, som i England. Store Norske Leksikon:

Molbuane opptrer i ei lang rekke skjemtehistorier om dumme folk. Forteljingane vann stor utbreiing gjennom boka Beretning om de vidtbekjente molboers vise gjerninger og tapre bedrifter (eldste bevarte utgåve frå Viborg 1781). Fleire av historiene er lån frå tilsvarande utanlandske skjemtebøker (særleg frå den tyske Geschichte der Schildbürger); jf. Abdera og Gotham. [Eiga omsetting]

Danskar har seinare lagt seg til å fortelje mangt om folk frå Mols - det er molbustubbar, og i stor grad ved omplanta stubbar frå andre land til denne staden aust på Jylland. Dei slår først fast at ei molbuhistorie er ei eldre, oppdikta historie om kor enkle molbuar er. Men i dag har dei som det blir gjort narr av ved historier, komme litt meir mot sørvest, til Århus, så no fortel folk i Danmark om dumskapane til dei i Århus også.

Molbuhistorier i Danmark blir i dag brukt til å underhalde turistar. I byen Ebeltoft blir historiene fortalde på gaida turar rundt i byen. Ein kan også kjøpe bøker om molbuar i flere utgåver (jf. Toggerbo 1982; Gyldendal 1965; WP, "molbo")

Tyske molbustubbar

Molbuforteljingar i Danmark stammar i stor grad frå Tyskland. Århushistoriene kan vere omsette tyske vitsar om folk frå Ostfriesen, heiter det. I nabolandet rett sør for Danmark finst korso er molbuhistorier som er monnaleg eldre enn dei danske: historier om die Schildbürger i den oppdikta byen Schilda, som først heitte Laleburg. Den eldste kjente samlinga om dei er frå 1597; Das Lalebuch. Wunderseltsame, abenteuerliche, unerhörte und bisher unbeschriebene Geschichten und Taten der Lalen zu Laleburg er tittelen. Boka blei trykt i Strassburg. I andreutgåva året etter er tittelen endra til Die Schiltbürger. Forfattaren heldt seg anonym. Fleire mogelege forfattarar har vore på tale, mellom dei Friedrich von Schönberg, men enden på visa er at ein ikkje kven den anonyme forfattaren var. I likskap med boka om Till Uglespegel, som er av same slaget, er ikkje Laleboka omsett til tysk frå anna land eller språk. Verket er ein heilskap der historier og anekdotar blir krydra med lærde vink.

Laleburg var i keisarriket Utopia. Forfedrane til folka i Laleburg var høgt skatta og overlag kloke keisarlege rådgivarar. Men dei var så mykje og ofte heimanfrå at det gjekk utover heimane, markane og bålingane deira. Derfor slo dei seg til som bønder, og gjekk ikkje av vegen for å verke dumme og galne, sidan fordommane omkring var at bønder slett ikkje kunne vere vise.

Folket i Laleburg/Schilda spela dumme ved mellom anna å oppfatte ord og uttrykk bokstaveleg og endefram. Dette gjorde dei så mykje at dei med tida blei like vidkjente for å vere dumme som dei før hadde vore kjente for å vere overlag kloke. [Tysk WP, "Schildbürger"; Clouston 1903, 56)

Jamvel om boka er gammal, er ikkje humoren i ho gått av moten. Mot slutten av boka står mange molbuskrøner, kapittel for kapittel.

Englands "Geiteheim", Gotham

I England finst forteljingar om folk i Gotham. Det heiter i somme tradisjonar at slike kjente og til dels gamle soger stammar frå folk som spela dumme og gale og rabiate for å berge levekåra sine. Dei tedde seg dumt og gale og bisarrt for å skremme vekk harde herrar og vere mest råd i fred i ei tid då folk flest trudde at galskap var smittsamt. Ved å spele rabiate, fekk folk i Gotham berga goda sine - heiter det. Slik går iallfall éi historie om opphavet til sogene, men det kan lønne seg å ta ho med ei klype salt, sidan fleire av sogene finst nedteikna i andre land og kulturar både før og etter dei engelske kom på trykk frå 1500-talet og utetter.

Alfred Stapleton har tatt vare på tjuefem engelske molbusoger i All about the Merry Tales of Gotham. Ordet 'Gotham' ser elles ut til å komme av Goat's home, Geiteheim (ib., 4). Det er ein stad i Nottingham-distriktet. Det er tatt med somme forteljingar frå Stapleton si bok, forteljingar som ikkje finst på dansk eller tysk, ser det ut til.

Den engelske forfattaren, redaktøren og bibliografen William Carew Hazlitt (1834-1913) skriv elles i boka til Stapleton at muntre soger er folk glade i, og at han sjølv ville vore lei seg over ikkje å ha molbusogene, og heller ville ha desse enn mykje anna litteratur. Stapleton er inne på kor godt likte dei engelske molbusogene har vore og kor mykje folk skjemta med dei i eldre tider. Ein finn parallellar til "gossingane" i mange land og gjennom lange tider. (Stapleton 1900, 2, 4, 9).

Stapleton fortel om engelske kjelder som går attende til blant anna 1630, og bruker Hazlitt-teksten frå 1864 som si beste kjelde. Hazlitt-teksten har med tjue soger. "Det er faktisk den einaste kjelda for lærde og studentar", skriv Stapleton. Men sjølve historiene er tre og fire hundre år gamle, og det finst andre slike soger, legg han også til. James Orchard Halliwell skriv til dåmes i 1840 om munnlege overleveringar, og gir to gode dåme på enda nokre gossingsoger. Dei fleste "reinhekla" gossinghistoriene her har røtene sine i Hazlitt sin tekst. (Stapleton 1900, 15, 16, 31, 32-33; Halliwell 1840).

Gotham har blitt skildra som ein nett og fin og velståande landsby som ligg mykje for seg sjølv. Alt på 1600-talet var det kjent at skikken med å kalle folk frå stadar som Gotham dumme, ikkje hadde noko med røynda å gjere. Somme historier om folk frå Gotham er altså dikta opp! Det går dessutan fram at dei første kjente skriftlege kjeldene er frå 1500-1600-talet, og at Gotham fekk ryktet på seg kanskje frå 1400-talet. Ei av historiene blei trykt i 1526, og det finst fleire skriftlege tilvisingar til dei på 1500-talet. (Stapleton 1900, 6, 44, 104-05).

Dei engelske historiene er såleis ganske gamle; engelske og tyske samlingar er ein god del eldre enn dei danske. Stapleton kommenterer kvar av dei tjue som han tar med, og syner mangt som gir dei lokal-karakter (local colour). Han syner også at somme har prøvd å tilrive seg den etterkvart ærefulle staden Gotham, ved å hevde det er deira Gotham det dreier seg om. Men Nottinghamshire har vunne den stiden så langt, så vidt eg veit. (Stapleton 1900, 36-72, 72-82).

Når det gjeld forfattarskap, har ein lege, Andrew Borde (ca. 1490 – ca. 1549), blitt nemnd som kandidat. Han var ein slags vandrandre kvakksalvar. Stilen i dei kjende Gotham-historiene liknar den humoristiske stilen hans. Men sanninga er vel at ein ikkje veit kven som har skrive dei, slik Stapleton drøftar fram. (Stapleton 1900, 83-89)

Som han også viser: Ein ting er skrivne verk om menn frå Gotham, ein annan ting er den gamle tradisjonen med slike forteljingar, enda om uvissa rår i avgjerande grad her også for engelske gossingsoger. (Stapleton 1900, 90-101)

Offentleg korrekte

Molbusoger er spøkar. Somme helper barn mot å dumme seg - kanskje. Spøk kan vere vennleg, unvennleg (nedlatande), og vanskeleg. Og spøk kan vere finslipt eller grov av seg - og kan vere grov og galt brukt i samanhengen. (Kuipers 2015)

"I vår tid er det farleg å spøke med etniske grupper. Mange politikarar og andre offentlege personar har hamna i vanskar fordi dei spøkte med etnisitet. Det er mykje tryggare å fortelje ei historie der ein bruker ein fortidskultur, som hettittane sin . . . Dei finst ikkje meir. Med velvillige løyve frå dykk vil eg no fortelje ei historie om to hettittar som blir kalla Ole og Lars.

"In this day and age, it is hazardious to use any jokes about ethnic groups. Many politicians and other public figures have gotten into trouble by using ethnic jokes. It is much safer to tell a story using a lost civilization like the Hittites*. You've read about the Hittites in the Bible. They no longer exist. So, with your permission, I would like to tell you a story about two Hittites named Ole and Lars -" (Stangland 1993, 113)

* Hettitt: person som høyrde til eit oldtidsfolk med indoeuropeisk språk som levde i Fram-Asia og særleg spela ei rolle ca. 1900-1200 fvt. (før vår tidsrekning)

Den hetitt-historia finn ein i lag med mykje anna i vitseboka Ole and Lena Joke Book. Ho ligg føre her på nettstaden.

Overlegg

Nesten alle dei omplanta gossingsogene her finn ein i Alfred Stapleton si samling om feil kloke karar frå Gotham. Somme av sogene er neppe kjente i Noreg. Men det viser seg altså at mange av sogene om folk i Gotham kjem frå andre tider og stadar, slik mellom anna den britiske folkloristen William Alexander Clouston (1843-96) syner i breitt omfang. Han var elles født på Stromness, Orknøyene, i ein familie av norrønt opphav. (Clouston 1903 20; WP, "William Alexander Clouston")

Men kor skal vi plassere norske Schilda-typar, norske Gotham-folk, utan risiko for å stigmatisere i vanvare? Kan løysinga vere å gjere som tyskarane og legge dei til ein oppdikta plass, som Geiteheim? - Ikkje Geitheim, som alt finst. Kan vi kalle nokon frå "Geiteheim" ein geiting? Overlegg frå Norsk Språkråd:

Me må tru at også norsk ein gong i tida har hatt ei nemning geiting eller geitung på dette dyret. [1]

Front-illustrasjonen

Illustrasjonen på førstesida er frå bokomslaget til ei 1935-utgåve av molbuhistorier. Bildet er laga av den danske teiknaren og målaren Alfred Michael Roedsted Schmidt (1858–1938), som har illustrert fleire molbuhistorier. Han blei ein av dei mest omtykte danske karikaturteiknarane i si tid.

Innhald


Molbuane, täljetokar, molboerne, molboene, buddhisme-linka soger, molboerne, die Schildbürger, folk i Laleburg, folk frå Kampen, Gothamites, litteratur  

Alver, Brynjulf, red. Guten i gadden: Eventyr frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal. Oslo: Det norske Samlaget, 1980.

Alver, Brynjulf, red. Jomfru Marias gudmorsgåve: Eventyr frå Hordaland. Oslo: Det norske Samlaget, 1972.

Clouston, William Alexander. The Book of Noodles: Stories of Simpletons; or, Fools and Their Follies. Popular Edition. London: Elliot Stock, 1903.

Gyldendal: Molboerne. 8.utg. København: Gyldendal, 1965.

Halliwell, James Orchard. The Merry Tales of the Wise Men of Gotham. London: John Russell Smith, 1840.

Hodne, Ørnulf. The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Kristensen, Evald Tang. Molbo- og Aggerbohistorier samt andre dermed beslægtede Fortællinger. 2. Samling. Århus: Forfatterens Forlag, 1903.

Kuipers, Giselinde. Good Humor, Bad Taste: The Sociology of Humor. New ed. Berlin and Boston: de Gruyter Mouton, 2015 (2006).

Simrock, Karl, oms. Die Schildbürger. Opptrykk. Furth im Wald, Praha: Vitalis Verlag, 2000. (Originalutgåva: Berlin, Vereins-Buchhaus, 1842).

Stangland, R. C. Red Stangland's Norwegian Home Companion. New York: Barnes and Noble, 1993.

Stapleton, Alfred. All about the Merry Tales of Gotham. Nottingham, R. N. Pearson, 1900.

Toggerbo, Rasmus. De gamle molbohistorier. Ebeltoft: Elles, 1982.

Vala, Katri, og Henry Peter Matthis. Finska folksagor. Stockholm: Kooperativa förbundets bokförlag, 1944.

Note

  1. Nestor, Svein, " Historia bak svenske, danske og islandske geiter - og ungane deira." Språknytt 2/2011, baksida.


Molbuane, täljetokar, molboerne, molboene, buddhisme-linka soger, molboerne, die Schildbürger, folk i Laleburg, folk frå Kampen, Gothamites.    Seksjon     Sett    Neste

Molbuane, täljetokar, molboerne, molboene, buddhisme-linka soger, molboerne, die Schildbürger, folk i Laleburg, folk frå Kampen, Gothamites. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2010–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]