Gullvekta
Grimm-eventyr  ❀ 24
Seksjon › 37 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Gudfaren

Ein fattig mann hadde så mange barn at han allereie hadde spurt alle kjente om å vere gudfar [1], og då enda eit barn blei født, var det ingen att som han kunne be. Han visste ikkje kva han skulle gjere, og la seg derfor til å sove. Då drøymde han at han skulle gå utfor porten og bede den første han møtte å vere fadder.

Då han vakna, bestemte han seg for å følge draumen og gjekk utfor porten, og bad den første han møtte om å vere fadder. Den framande gav han ei flaske med vatn og sa, "Dette er godt vatn. Du kan lækje sjuke med det. Du skal berre sjå kor dauden står. Står han ved hovudet til den sjuke, blir den sjuke frisk. Men står dauden ved føtene hans, er alt strev til inga nytte; for då lyt den sjuke døy."

Frå den dagen kunne mannen alltid seie om sjuke kunne bli friske eller ikkje, blei vidgjeten for kunsten sin og tente mykje pengar.

Ein gong blei han kalla til barnet til kongen. Då han kom inn, såg han dauden stod ved hovudet til barnet, og kurerte det med vatnet han hadde, og han gjorde det same ein gong til eit tid etter, men den tredje gongen stod dauden ved føtene til barnet, og då måtte barnet døy.

Ein gong tenkte mannen å gjeste gudfaren og fortelje korleis det hadde gått med vatnet. Men då han kom inn i huset, var det så underleg der. Ved den innvendige trappa stod ein kost og ei og spade og krangla og slo kvarandre fælt.

Han spurde: "Kor held gudfaren til?"

Kosten svarte, "Ovanpå."

Då han kom opp til andre etasje, såg han ein haug av daude fingrar ligge der. Han spurde: "Kvar held gudfaren til?" og ein av fingrane peika han vidare ovanpå.

I tredje etasje låg ein haug med daude hovud, som viste han vidare opp i huset.

I fjerde etasje såg han fiskar som steikte og bakte seg sjølve i ei steikepanne. Dei også sa "ovanpå".

Då han kom til femte etasje, var det eit rom der. Han kika gjennom nøkkelhólet, og såg at gudfaren hadde eit par lange horn. Mannen opna døra og gjekk inn, og då skunda gudfaren seg i seng og dekte seg til.

Mannen sa, "Gode gudfar, for eit underleg stell det er her i huset! Då eg kom inn, heldt kosten og spada på å krangle og slå kvarandre.

"Nei, kor dumt", sa gudfaren. "Det var tenesteguten og tenestejenta som snakka med kvarandre."

"Men i andre etasje låg det avkappa fingrar."

"Det var skorsonerrøter [2]."

"I tredje etasje låg det ein haug hovudskallar."

"Det var kålhovud."

"I fjerde etasje såg eg fisk i ei steikepanne. Dei steikte og bakte seg sjølve."

Då han hadde sagt dette, kom fiskane og serverte seg sjølve for gudfaren.

"Og då eg kom til femte etasje, kika eg inn gjennom nøkkelhólet i ei dør, og då såg eg Dykk, gudfar, og De hadde lange horn."

"Det er sikkert ikkje sant."

Men no var mannen blitt så forskrekka at han sprang ut, og kven veit kva gudfaren ville gjort med han.

Ord
  1. Gudfar: mann som ber eller har bore nokon til dåpen. Også: mannleg fadder
  2. Skorsoner, svartrot, er ein søreuropeisk korgblomstra plante med etande røter, brukt til grønsaker. Skorsoner er ganske populært.

Innhald


frå Brørne Grimm, tyske eventyr og soger, litteratur  

Kjeldene: [Bøker med meir]

Grimm-eventyr, Brørne Grimm, tyske eventyr og soger, brødrene Grimm, opp Seksjon Sett Neste

Grimm-eventyr, tyske eventyr og soger BRUKARGAID: [Lenke]
© 2001–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]