![]() |
Håvamål på nynorsk | ||||||||||||||||||||||||||||
|
Opphavsrett: Tormod Kinnes (©)
Notar Anna om diktet Tekststøtta Håvamål
1
Smålåten, varsam mann teier i gjestebodet, alt mens andre talar. Lyder med øyra, speidar fornuftig med auga, vel tenkt og føre var. 8 Glad kan den vere som vinn godt omdømme mellom folk. Det er likevel berre så som så med det du eig i annan manns barm. 9 Glad kan den vere som sjølv eig hugnad og heider. Ofte har menn ausa fæle råd frå hjerta hos andre. |
|
10 Du ber ikkje betre bør i bakken enn bra med vett. Det er betre enn gull i fremmend gard; godt vett er stakkars trøst [1].
Du ber ikkje betre bør i bakken enn mykje bra vett. Du legg ikkje i veg med verre niste enn for mykje øl. 12 Øl er ikkje så godt for vettet som folk seier det er. Dess meir du drikk, dess mindre vett i skolten. [Når ølet går inn, går vettet ut.] 13 Gløymsle-hegren sit over drikkegildet, frå mange syg den fuglen makt. Eg blei reint forgjort av fjørene i Gunnlod-gard. 14 Eg blei både ør og full hos vismannen Fjalar. Kan ein kome heil frå gildet, er det bra - 15 Klok og teiande kongsson skal stå uredd i sin strid. Glad og lett skal kvar gut svive til siste dag. 16 Ein stakkar tenkjer han får leve, der han dreg seg ifrå strid. Men alderdommen gir ingen fred til den som blei spara for spyd. 17 Kopen glanar, kjem han til selskap, fomlar butt og mullar. Så snart han får ein slurk, sullar han utan stans. 18 Den som har drege vidt mellom folk, kan seie kva ande som rår i folk han møter. 19 Spar ikkje mjøden, men drikk med måte. Sei det som trengst eller tei! Ingen har rett til å terge og klandre deg om du vil tidleg i seng. 20 Storetaren et seg mest i hel om han ikkje aktar seg. For magen sin blir mang ein narr til lått mellom kloke. 21 Bølingen veit når den skal kome heim frå beite om kvelden, storetaren veit aldri å halde magemål. 22 Vrange og leie lastar og ler støtt. Dei veit knapt det som trengs: at dei sjølve har lyte. 23 Den som er utan vett, vaker heile natta, tenkjer både opp og ut. Trøytt og mod når morgonen kjem. Då er alt flokete som før. 24 Ein dumstut trur vel om alle som helsar blidt. Han merkar slett ikkje dei legg snarer for han, om han sit i hop med dei lure. 25 Susete mann trur vel om alle. Først når han kjem i skarp strid om rettar går det opp for han: Få vil forsvare den ukloke. Hjelpande slekt har fjolset lite av. 26 Uklok mann trur han veit alt, sit han for seg sjølv. Finn andre han, kjem det i dagen han kan ingen ting, er utan råd. 27 Å teie mykje er jamt tryggast for den dumme som vankar ute. At han veit lite merkar ingen, når han ikkje taler så mykje. 28 Den som kan frette forsiktig og sjølv gi svar, verkar klok. Det som er brakt ut blant folk, blir ikkje løynd lenge. 29 Den som aldri teier, skvaldrar frå seg gode kår. Kjapp og dårleg styrt tunge kaklar ofte mykje skade på ein mann. 30 Ingen skal ha ein annan til spott der han gjestast. Den som ikkje blir spurd om noe, trur ofte han er klok der han sit og ruggar. 31 Gjesten som spotta annan gjest i gilde og spring sin veg, synst vel han er gløgg. Flirande sannar han neppe godt at den flirande har råka leie. 32 Det finst mange gode naboar som alltid må kjekle i gilde. Det er stadig opphav til strid at gjest er lei imot gjest. 33 Et støtt ein skikkeleg frukost før du gjestar einkvan. Så slepp du å sitje svolten og kei og ikkje makte å få fram så mykje. 34 Det er omveg å fare til venn som neppe er å lite på; omveg om han så bur midt i bygda. Til godven går beinvegar sjølv om han er langt av lei. 35 Far vekk ei stund då og då, som det høver: Ver ikkje alltid gjest på same staden. Folk blir leie sjølv av den kjære som blir sitjande lenge på krakken til ein annan. 36 Ei lita hytte er betre enn ingenting, heime er kvar mann herre. Har du to geiter og saltak med rafter av tau, treng du ikkje tigge. 37 Liten heim er betre enn ingen, heime er kvar mann herre. Hjertet blør i den som må tigge for kvart måltid. 38 Ein skulle aldri gå så mykje som eit steg frå våpna sine på sletta. På vegen er det tidt uvisst å vite når ein treng spyd. 39 Vi finn vel ingen som er så gjevmild og gjestmild at han ikkje tek mot gåver og takkar. Eller så raus med det han eig at han nektar gjengjeld, takk eller løn. 40 Det du sjølv eig, kan du bruke til eige vel. Det som var tiltenkt kjekke, havnar ofte hos leie; mangt går verre enn håpt. 41 Venner bør veksle fine gåver som våpen og klede: dei sjølve viser dei best. Gåver likt for likt gjer vennskap drygt, om elles alt blir vel. 42 Vennen sin skal ein vere venn for og løne gåve med gåve. Møt nidlått med nidlått og løgn med løgn. 43 Vennen sin skal ein vere venn for, både han og vennen hans. Det sømmer seg ikkje for fagna folk å vere venn med uvenns venn. 44 Veit du ein venn å stole på, og vil vinne fagnaden hans: del tankar oppriktig, gi heile din hug, spar ikkje gåva, dra titt og ofte og treff han. 45 Trur du dårleg om einkvan og likevel vil få fagnad: fortel flott, tenk falskt, møt løgn med løgn 46 Den som du trur er ille og ikkje til å stole på: le med når han ler, lat som du er venn; Gi lik gåve og løn. 47 Då eg var ung og for aleine, fór eg vill på vegen. Då eg møtte ein annan, syntes eg at eg blei rik. Mann er mannens glede. 48 Blide, modige menn lever best, dei avlar seg sjeldan sorg. Den feige er redd for alt, den gjerrige gryler og kvin når han får. 49 Kleda mine kasta eg til to tremenn på sletta. Med klede blei dei kaute karar: Neist blir den nakne. 50 Tørkar ungfura vekk i tunet, blir den snaua for bork og bar. Slik er kvar mann som manglar kjærleik, korfor skal han leve lenge? 51 Heitare enn eld brenn fagnad i fem dagar hos dårlege venner. Men sjette dagen sloknar den, då går det verre for vennskapen. 52 Gåver treng ikkje vere særleg flotte, ein får ofte lovord for lite. Med ein liten brødbit og eitkvart i staupet, fekk eg meg ein felle. 53 Eine vedskia setter fyr på hi, ho brenn til ho er utbrend, flamme blir tend av flamme. Ved samtalar blir du kjend med andre, mest dott blir den som gøymer seg kry. 54 Det finst grunne sjøar og grunne sandbankar: det er grunt i hugen hos mange. Du finn ingen stad alle like kloke; over alt finst begge sortar. 55 La kvar mann vere middels klok, ikkje altfor klok; sjeldan er dei overhendig kloke glade i hjertet. 56 La kvar mann vere middels klok. Livet er lettast å leve for den som veit eitkvart. 57 Livet er lettast for middels kloke. Lagnaden skulle ingen speide ut føreåt, då er ein sælast i sinn. 58 Stå opp i otta om du vil bli rik og felle hine. Liggjande ulv får sjeldan lammekjøt, den sovande sigrar sjeldan. 59 Stå opp grytidleg om du har få til hjelp: gå sjølv og sjå vel over alt du rår over. Mangt bruker morgonsømnen opp for deg; kjapp er halvt på veg rik. 60 Det krevst mål på kor mykje som trengst av kva for kvar vinter - tørrved og never å tekkje med: kor mykje ved som vel kan vare eit halvår. 61 La fillete kar få ri vaska og mett til tings. Brok og skor skjemmer då ikkje, heller ikkje dårleg gamp. 62 Ørnen kurer og sturer til sjøen kommen ved utgammalt hav. Slik er ein mann mellom mange når få går god for han. 63 Den som vil gå for klok og kyndig, skal spørre og tale saman. Det éin veit, er utrygt hos to. Det tre veit om, veit alle. 64 Ein mann med vett skal nytte makta si med lempe og som det passar. Kjem han saman med tigrar [1], finn han støtt at ingen er djerv framfor alle.
Aktsam og gløgg skal ein støtt vere, og varsam i vennelag. Orda du seier til andre, får du ofte angre sårt. 66 Altfor tidleg kom eg mange stader, og somtid for seint: Øl var drukke, eller kanskje ubrygga. Den leie treffer sjeldan ledet [1].
Somme bad meg til bords, enda eg ikkje trong mat; eg hadde nyss ete eit kjøtlår hos den trugne vennen som hadde to. 68 Best for mannebarna er eld på åren og sol på eng, at helsa er fullkommen, og å leve utan lyte. 69 Ver ikkje vonlaus om helsa veiknar. Some får glede av søner, somme av å eige fe, somme av velgjort verk. 70 Betre å leve enn livlaus å vere, frisk mann får jo ku: Eg såg lauseld flamme for den rike. Lik låg framfor døra. 71 Er du halt, kan du ri, handlaus kan du gjete. Er du døv, kan du duge i strid. Det er betre å vere blind enn brend. Ein duger lite som død. 72 Det er godt med ein son, enda om han kjem seint, etter at far er død. Bautasteinar står sjeldan ved vegen om ikkje frendar fekk reist dei. 73 Tunga gjer ende på hovudet mellom to i same hær. Ei hand kan krype fram frå kvar ei kofte. 74 Ein liker natta om ein har godt med niste (om bord) og skipet siglar med småsegl. Brå er haustnatta; på fem dagar kan veret veksle mykje - enda meir på ein månad. 75 Den som ikke veit det, trur det aldri, kor galne folk blir for gull. Ein er rik og ein annan fattig, legg han det ikkje til last. 76 Fe døyr, frendar døyr, ein sjølv også. Men godt, fortent ettermæle varer ved. 77 Fe døyr, frendar døyr, ein sjølv skal også dø. Eg veit noko som aldri døyr: dom over den som er død. 78 Eg såg fulle kve hos Fitjung-sønene, no ber dei sekk og stav. Rikdommen er som ein augeblink, meir vinglete venn får du ikkje. 79 Om tåpeleg mann vinn seg fe, og ynde og elsk hos kvinne, veks byrgskapen, ikkje vitet, og stormodet aukar fælt. 80 Ein får sjølv fakke det er sant som er rune-sagt - runer ifrå høgda, gitt av gudemakter, stav-skorne av den mektige stor-tulen [1]. Den som kan teie har det trygt.
Ros dagen først om kvelden,og kona når ho er brend [1], jenta når ho vel er gift, spydet når det er røynd isen når du er over, og ølet når det er drukke.
Ro sjø i stilt ver, fell skog når det blæs. Tal med møy [1] der det er mørkt og svalt; dagen har mange auge. Skip skal frametter, skjold skal verne. Meininga med sverd er kvasse hogg. Møya finst for å gi kyss.
Drikk øl ved elden, gå på skeiser på isen. Kjøp hesten mager og sverdet med rustflekkar. Feit merra heime og hunden på garden. 84 Jentes ord er uvisst å stole på, og det kvinna kved. For på kvervande hjul fekk dei hjerta skapt, [1] brigde var lagd i brystet på dei. [2]
Stol ikkje heilt på brestande boge, brennande flamme, gapande ulv og galande kråke. Stol ikkje heilt på brummande [1] svin, rotlaust tre, svellande bølgje og sydande kjel.
Stol ikkje heilt på flygande pil, dalande båre, nattgammal is og orm som ligg kveila. Stol helst ikkje på brure-ord under dyna [1]. Lit ikkje fullt ut på brote sverd, leikande bjørn eller barnet til ein konge.
Ha ikkje tru til sjuk kalv eller sjølvråden træl, Stol ikkje på spåkvinne [1] som stel hjertemakt [2], og på nyfalne på ein val.
Lit ikkje på åker som er tidleg sådd, og ikkje for snart på ein son. Veret rår for åkeren, vettet styrer sonen; det er uvisst med begge deler. 89 Ingen kan vere så trygg at han stoler på den som valda brors død, og eit halvbrunne hus. Ver ikkje sikker på sprek hest: ingen har nytte av folen om foten brotnar. 90 Slik er hugen i kvinna: den leikar i løynd dårskap: den skal kjøre ut hesten på glattisen. Dårande kvinnehug er ein lysten toårs hest, dressert med måte - Hugen i kvinna er stormver-fiske utan ror. Som der den halte hentar reinen på høgfjellet. 91 Eg taler ikkje tildekt no: Skiftande sinn finst òg hos gutar. Fagraste snakk har falskaste meining; den klokaste kvinna blir dåra. 92 Tal fint og gi fagert om du skal vinne ei jente. Lov den lyse, vene møya vennskap. Den som kjæler gildt med jenta, snakkar godt for seg, han får henne: Den som kan fri, han får. 93 Ingen mann bør gi deg last og lyte for elskhugen din. Den kloke fell ofte for eit overlag fagert andlet der den dumme står. [1]
Legg aldri andre til last det som hender mang ein. Same kor klok ein er, kan ein bli dåra når kjærleiken kjem og maktstel [1].
Hugen veit berre kva som bur nær hjertet, og sjølv får ein kjenne det svir. Å ikkje trivast med noko slag, er verste hugsjuka for vettig mann. 96 Du kan merke at mang ei god møy er sviksam mot sveinar. Eg fekk røyne [1] det då den rådkloke kvinna eg løynsk [2] freista å lokke, spotta meg hardt, Den hugstore møya spotta meg hardt, den kvinna vann eg ikkje.
Eg erfarte det då eg sat i røra og kvinna drog hugen frå meg: Den herlege møya var liv og lyst for meg. Endå eg aldri fekk henne. 98 På ein madrass låg Billings møy og kvilte og sov, klar som sola. [1] Sjølv å aktast som høgste høvding var lite verd om eg ikkje skulle få henne, syntest eg. [2]
"Kom heller mot kveld, om du vil tale med møya, Odin. Ille blei det om andre fekk sjå slik skam." 100 Eg gjekk attende med elskhugs voner, reint frå sans og samling. Eg åtte møya sin heile hug trygt. Trudde eg. 101 Andre gongen eg gjekk til henne, var vaktfolka vakne. Med lys og faklar jaga dei meg vekk. 102 På morgonkvisten kom eg att; då var vakta i salen sovna. Men der [1] den fagre hadde sove, låg ein hund i band.
Ver framifrå mot gjest og gladlynt heime, støtt vis og varsam, flink å hugse og flink til å snakke deg fram [1], vil du bli kalla klok på mangt. Tal ofte om det som er godt og vel. Gap kallast den som seier berre lite: det er stakkars vett.
Få ting fekk eg teiande hos Jotungubben [1]. No har eg komme att frå han. Med mange ord vann eg meg mykje til gagn i Suttungs salar.
Gunnlod gav meg ein drykk av vørda mjød på gullstolen. Usselt vederlag let eg henne få. Ho gav meg all sin tillit, ho gav meg heile hugen [1] sin.
Navaren rudde veg for meg, den gnog hard stein. [1] Over og under var fast fjell [2], då gjekk det på livet laust. [3]
Det vene eg vann har eg note godt og vel; den verkeleg vise [1] manglar lite. For no er Odrere [2] kommen fram i dagen der menneske byggjer og bur [3].
Det spørs om eg hadde komme ut frå jotungarden om ikkje den dyrebare Gunnlod-jenta var blitt min eigen venn. 109 Andre dag kom rimtussane [1]. Dei ville vite nytt om Den høge [2] i Den høges hall. Dei spurde etter Odin [3]: var han berga hos dei bittande gudane, eller hadde Suttung slått han i hel?
Då svor Odin ein eid på ringen, kven kan stole på hans lovnader [1]? Han sveik Suttung for skaldedrykken og fekk Gunnlod til å gråte sårt.
Tid er å tale frå tule-stolen [1] attmed kjelda til all lagnad [2]. Eg såg og tagde, såg og tenkte, lydde på mannemål. Ved Den høges hall [3] tala dei om runer, og dømde om tydingar. [4] I Odins hall hørte eg dette bli sagt:
Ta vel imot gode råd, Loddfåvne [1], lær dei og ta nøye vare på dei: dei kan vere gagnlege å fikse og kjekke å gripe til: [Sjå notar bak] Stå ikkje opp om natta utan for å snuse [2] eller i naturens eige ærend [3].
Kvil aldri hos ei heks [1] så ho får deg i famn [2].
Ho plar greie å få til [1] at du ikkje sansar [2] krav frå ting [3] eller konge. Mat og menns moro [4] gir deg mothug [5], du legg deg sorgfull til å sove.
La ikkje kona til ein annan bli slavekvinna og elskarinna [1] di.
Har du hug på [1] å ferdast på fjell eller fjord, så få med deg godt med nistemat.
Eit vondt menneske skal du aldri la vite om uhellet ditt. Av dårlege menn vinn du aldri att likt for godhug [1] du har vist.
Eg såg ein mann bli halshogd på grunn av vond kvinnes ord. Falsk tunge [1] fekk han drepen, ho sa ikkje det som var rett og sant.
Har du ein venn og trur vel om han, så gjest han ofte [1], for kratt gror til og gras blir høgt på vegen som ingen går.
Finn deg ein god venn å tale med til glede og gagn; [1] lær klok og godlynt takt alt mens du lever. [2]
Ver aldri den første til å løyse det du og ein venn har felles. [1] Sorg et hjertet om du ikkje har nokon å opne hugen for. [2].
Diskuter ikkje med ein dum apekatt. [1]
Av vonde karar får du aldri løn for bra gjort. Men ein god mann mellom naboar gir ros som venn og gjer deg avhalden etter kvart.
124
Kast ikkje vekk så mykje som tre ord på å veksle ord [1] med eit vondt menneske; den gjæve gir seg tidt der den simple tek liv.
Lag ikkje sko eller skaft til andre; ver glad du greier deg sjølv. Om skoen blei stygg eller skafter var rangt, då er ulykka ute. [1]
Merkar du vondt, så kall det vondt; gi ikkje fienden fred. 128 Gled deg aldri over ille, men la vondt bli snudd til godt (for deg). [1]
Sjå ikkje oppetter i kampen, så forheksar [1] fienden deg sikkert ikkje til redd og gal purke [2].
Vil du få glede av ei framifrå kvinne og ha glade stunder med henne, så lov flott og fagert og hald det. [1] Den blir glad, som får noko godt. [2]
Ver vâr, men med måte, mest med øl og kona til ein annan. Pass også på så ikkje tjuvfant stel frå deg. 132 Hån aldri ein gjest eller ferdamann, og driv ikkje ap med dei heller. 133 Ofte veit dei ikkje sikkert, dei som sit i huset, kva slags kar som kjem; Ingen er så god at han er utan feil eller så dårleg at han ikkje duger til noe. 134 Fjas aldri med gråhåra tul; det er ofte godt, det dei gamle talar. Skarpe og kloke ord kjem ofte frå eit skrukkerskinn, jamvel om kleda heng og hud-skorne sleng, og han stotar som ein stakkar. 135 Skjell ikkje som ein hund ved grinda mot gjesten; ta vel imot ein trengande mann. 136 Den må vere sterk, stokken i grinda som skal svinge og opne for alle. Avsjå noko i gåve i ny og ne, så ingen vil ønskje at vondt skal ramme deg. 137 Søk jordkrafta om du drikk øl, for jord gagnar mot ølrus, eld står mot sjukdommar, eik mot hardt liv, aks mot trolldom, hyll mot tretting i heimen -
Mot hat hjelper månen - Litt om diktetA. Notar
Orda til LoddfåvneVers 112-13; 115-17; 119-22; 125-32; 134-35; og 137 tek til med same motivasjonsramse - den er for å innprente:
I anna omsetjing er den
slik: "Eg råd gir deg, Loddfåvne, råd du take,
nyttig om du nem, god om du gaumar:" Denne manande oppmodinga er
altså fjerna frå nesten alle dei hine versa (sjå ovafor). Slik
vekkskrelling har også omsetjarane Auden og Taylor visst å nytte, og vi
får meine det er utslag av klokt nok skjøn. Ved den enkle vekkskjeringa
har dei fått fram kjerner langt enklare. Og for eige vedkommande: det er
eksistensiell rådgiving også kalla norrøn visdom som står i
brennpunktet her, og ikkje altfor mykje fyllkalk.
Tre sjikt å ta omsyn tilRett som det er får vi å gjere med:
Likande framlegg oppå kanskje dunkle (obskure) skrifter skulle stemme ganske bra og gjerne seie noko til gagn for oss eller gagne fritt og godt liv i dag - slik løysing er vel ikkje så ille. Om alternativa
Dømet frå t.d. vers 123 syner at ein og same tekst kan omsetjast ulikt. Enda om ein satsar på å få med den sentrale meininga, blir resultatet ulikt frå omsetjar til omsetjar. Noko heng saman med omsetjingsorienteringar: (a) Aktar ein den ytre forma, kjem ein lett
til kort på visse måtar. (b) Aktar ein det som rimeleg nok kan liggje i
versa (sentralt innhald), kjem ein anten fram til meiningar som kan høve tolleg godt med røynda frå gammalt av, med røynda i dag, eller ein legg inn stoff som burde kallast
tilføying. Det kan somtid vere til stor hjelp.
B. Anna om diktet
I denne utgåva er visdomsorda gjort enkle, og skulle vere lette å fatte.
Oldnorsk - islandsk
Håvamål er sett saman av ein serie fragment som setter Odin i spissen. Ord lagt i munnen på ein helt, ein konge og ein gud gjer meir inntrykk og varer jamt
lenger, ser det ut til.
Håvamål delt inn i bolkarNedafor er ei grei inndeling av Håvamålversa i grupper. Første del
Andre del, frå vers 111
C. Tekststøtta
Som støtte til denne teksten er det nytta minst åtte versjonar på
ulike språk. Dei fleste finn du nedafor.
Boberg, Inger: Dansk folketradition i tro og digtning og deraf afhængig skik. (Danmarks Folkeminder; 72). Munksgaard. Copenhagen, 1962. Nyttig for å forstå dansk kultur og slik visdom som er nedfelt i levemåtar. Buzan, Tony med Barry Buzan. The Mind Map Book. Rev ed. London: BBC Books, 1995. - Kjekk å ha. Holm-Olsen, Ludvig, omsetjar: Edda-dikt, 2. reviderte utgåve. Cappelen. Oslo, 1985. Svært god bok. Munch, P.A: Norrøne gude- og heltesagn, 3. utgåve. Universitetsforlaget. Bergen (and Oslo), 1981. Boka er stort sett underhaldande, og gir i tillegg mykje akademisk forståing av mytane som Håvamål kjem inn på her og der. Den er litt tung. Boka i engelsk omsetjing. Nida, Eugene and Taber, Charles: The Theory and Practice of Translation. United Bible Societies/Brill. Leiden, 1974. Enno nyttig. Lenkjer
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |