Gullvekta
Håvamål - etter Ivar Mortensson-Egnund
Seksjon › 8 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    

1 11 21 31 41 51 61 71 81 91
101 111 121 131 141 151 161

Språket her er litt modernisert, men ikkje djupt og gjennomgåande. Grunnlaget er Ivar Mortensson-Egnunds landsmålsversjon i Edda-kvæde (1928). Hovudendringar står nemnde til sist.

1

Augo du bruke,

før inn du gjeng,

i kot og i kråom,

i kot og i krokom.

For d'er uvist å vita

kvar uvener sit

føre din fot.

2

Sæl den som gjev!

Gjest er inn komen,

kvar finn han sess åt seg?

Brå vert den

som på brandom skal sitja

og føre ærend fram.

3

Eld han tarv

som inn er komen

og om kne kulsar.

Til mat og klede

den mann hev trong

som hev i fjell fare.

4

Vatn og handduk

han ventar å få,

når til bords han vert beden.

Syn godlaget fram,

så greileg du kan,

med ord og attbeding.

5

Vit han tarv

som vidt skal fara;

d'er mangt heime høveleg.

Til bisn han vert

som veit for lite,

når han sit med kloke folk saman.

6

Av sin eigen klokskap

kyte ingen,

men ver håvàr i hug.

Når du gløgg og tagal

i gardane sviv,

du kjem ikkje brått i beit.

7

Grannvar mann

til gjestebod komen

teier med andre talar.

Lyder med øyro

og med augo skodar,

veltenkt og føre var.

8

Sæl er den

som seg mun vinne

fagre ord av folk.

Endå det er

ymist med det

du eig i annan manns barm.

9

Sæl er den

som sjølv mun eige

livsens hugnad og heider.

For ofte hev menn

ille råder

aust or barmen hos andre.

10

Betre byrdi

du ber kje i bakken

enn mannavit mykje.

D'er betre enn gull

i framand gard;

vit er vesalmanns trøyst.

11

Betre byrdi

du ber kje i bakken

enn mannavit mykje.

Med låkare niste

du legg kje i veg

enn ovdrykkje med øl.

12

Inkje så godt

som godt dei seier

er øl for manneætt.

Di meir du drikk,

di mindre vit

mun du i hausen hava.

13

Gløymsle-hegren

over gildet sit,

han maktstel mange.

I fjørene hans

eg fjetra vart

i garden hos Gunnlòd.

14

Øren vart eg

og ovdrukken

hos den frode Fjalar.

Best er gildet,

gjeng du ut att

heil i sinn og sans.

15

Klok og tagal

skal kongsson vera,

frøkleg gange han fram.

Gladvær og fjåg

kvar gut skal svive

til sin døyande dag.

16

Ein stakkar tykkjest

han støtt må leva,

når han strid mun sky.

Men alderdomen

gjev ingen mann fred,

om sverd honom sparde.

17

Kopen glanar

når til gilde han kjem,

fomlar fåmen og mullar.

So snart han ein slurk

av skjenken fær,

då utan stans han sullar.

18

Han eine veit,

som vide reiser

og om mellom folk hev fare,

kor vel sin hug

han held i taum,

kvar som veit kva vit er.

19

Spar ikkje mjøden,

men med måte du drikk;

sei det som tarvst, eller tei!

Ikkje nokon

neise deg kan

for du tidleg vil kvile om kveld.

20

Ov-etar, om han

ikkje seg sansar,

et seg sin bane-beig.

Mang ein tull

vert for magen sin

til lått mellom kloke karar.

21

Bølingen veit

når frå beite han skal

koma heim om kveld.

Men ovnøyta, ho

aldri veit

å høve magemål.

22

Vesal-mannen

og meinkroken

alltid lastar og ler.

Ikkje han veit

det han vita turvte:

han sjølv hev last og lyte.

23

Vitlaus mann

vaker all natti

tenkjer både opp og ut.

Han er trøytt og mod

når morgonen kjem,

og alt er flokut som før.

24

Vanklok mann

trur vel om alle

som hugblidt mun helse.

Ikkje han ser

at dei snarer legg han,

når han sit med kloke saman.

25

Vanklok mann

trur vel om alle

som hugblidt mun helse.

Det ser han fyrst

fram til tings komen:

av frendar eig han få.

26

Vanklok mann

veit alt, han trur,

der mellom berga han bur.

Men når framandfolk

honom finn,

rådlaus røynest han då.

27

Vanklok mann

som vankar ute,

det er tryggast han teier.

At lite han veit,

det vitrast ingen,

utan for mykje han mæler.

28

Frod den tykkjest

som frega kan

og sjølv etkvart seia.

Ikkje nokon

av løyner det

som ut er ført mellom folk.

29

Ovnøgda mæler

den som aldri teier,

bort i hyr og heim.

Ei radmælt tunge

som låkt er tøymd

ofte seg ugodt gjel.

30

Til narr skal ingen

ein annan hava,

om på gjesting han gjeng.

Ofte synes klok

den inkje vert spurd,

når trygt i ro han ruggar.

31

Tykkjest gjest klok

som tek til sprangs,

når i gilde han gjest hev hædt.

Han veit ikkje fullvel,

den som flirer i laget,

om han ikkje range folk råkar.

32

Mange gode

grannar du finn

som alltid må antrast i gilde.

Upphav gjerest

til æveleg strid,

når gjest er rang imot gjest.

33

Ein dugleg åbit

skal du eta jamleg,

når du på gjesting vil gange.

Då slepp du sitja

svolten og kei,

så du maktar lite å mæle.

34

Omveg er jamt

til utrygg venn,

om midt i bygdi han bur.

Men beinvegar gjeng

til den gode vennen,

om han er langt av leid.

35

Gange skal du,

gjest ei vere

alltid på einom stad.

Ljuv vert leid

som lenge sit

kyrr på annans krakk.

36

Eit lite bu

er betre enn inkje,

heime er kvar mann herre.

Hev du geiter tvo

og ein tausperra sal,

då tarv du ikkje tigge.

37

Eit lite bu

er betre enn inkje,

heime er kvar mann herre.

Hjarta bløder

når beda du skal

om mat til kvart eit mål.

38

Våpni sine

skal mann på vollen

ikkje gange eit fet ifrå.

Uvisst er å vita

når på vegom ute

det spyrjast kan etter spjut.

39

Ingen så gjevmild

og gjestmild eg fann,

han tok ikkje gåvor og takka.

Eller så gjev-sæl

med godset sitt,

han ei lika med løn du takka.

40

Eigni di,

som du avla deg hev,

treng du kje spara for deg sjølv.

Tidt til leie folk gjeng

det til ljuve var tenkt,

mangt verre gjeng enn ein vonar.

41

Med våpen og klede

skal vener gåvast,

det vert på dei sjølve synt.

Likt gjevande

lengst er vener,

om elles alt seg lagar.

42

Vennen sin

skal ein vera venn

og løne gåve med gåve.

Til lått skal mann

med lått svara

og møte ljuging med lygn.

43

Vennen sin

skal ein vera venn,

honom og hans venn.

Men med uvenns venn

vennskap halde

høver kje fagna folk.

44

Veit du ein venn

som vel du trur,

og du hos han fagnad vil få:

gjev han heile din hug

og gåva ei spar,

far og finn han ofte.

45

Veit du ein annan

som ille du trur,

og du fagnad vil likevel få:

du fagert mæle,

men falskt tenkje,

og ljuging møte med lygn.

46

Eit ord til om den

som ille du trur

og ikkje kan lit til leggje:

le skal du med han

og låst vera venn;

lik vere gåve og løn.

47

Ung var eg fordom,

eg einsaman fór,

vegvill då eg vart.

Rik eg tottest

når eg råka einkvar;

mann er manns gaman.

48

Milde, modige

menn lever best,

dei et seg sjeldan sut.

For alt ottast

udjerv dreng,

gjerug gryler når han fær.

49

Kledi mine

kasta eg til

tre-menn tvo på voll.

Kaute karar

med kledi dei vart,

neist vert naken mann.

50

Turkar toll

som i tunet stend,

det hjelp' korkje bork eller bar.

So er kvar mann

som kjærleik vantar,

kvi skal han lenge leva!

51

Heitar' enn eld

brenn hos ille vener

fem dags dagar.

Men det sloknar

når den sjette kjem,

då all vennskap versnar.

52

Ikkje tarv gåvor

så gilde vera,

ein ofte fangar lov for lite.

Med ein liten braudleiv

og læta i staupet

eg fekk meg ein felage.

53

Brand brenn av brand

til brunnen han er,

loge kveikjest av loge.

Ved rødor ein mann

med menn vert kjend,

han vert dott ved å dylja seg byrg.

54

Grunne sjøar

og grunne sandar,

og d'er grunt i hugen hos mange.

Du ingen stad alle

jamkloke finn;

all stad er det båe slagi.

55

Måteleg klok

kvar mann vere;

ovklok vere han ikkje.

For sjeldan er hugnad

i hjarta å finne

hos honom som ovklok er.

56

Måteleg klok

kvar mann vere;

ovklok vere han ikkje.

Lettast er livet

å leva for den

som vel noko veit.

57

Måteleg klok

kvar mann vere;

ovklok vere han ikkje.

Sin lagnad ingen

øygne føreåt,

då er han sælast i sinn.

58

I otta du rise

vil du rikdom taka,

og vil du folk felle.

Sjeldan liggjande ulv

lambe-kjøt fær,

eller sovande mann siger.

59

I otta du rise

hev du onn-folk få,

og gange og garden din vitje.

Mangt øyder mann

som om morgonen søv;

rask er halvveges rik.

60

Mål på turr-ved

og tekkje-næver

lyt mang-mannen vita;

kor stor ein ved-kost

som vara kan

heile halve året.

61

Tvegen og mett

ride mannen til tings,

om han og klent er kledd.

Korkje brok eller skor

skjemmer nokon,

og heller ikkje hesten,

om han er låk.

62

Kurer og sturer,

til sjøen komen,

ørn ved utgamle hav.

Slik er den mann

mellom mange folk

som eig frendar fåe.

63

Frega og tala

den frode skal,

om vis han heite vil.

Det ein veit,

er utrygt hos tvo;

det tri veit om, det veit alle.

64

Makti si må

ein mann med vit

hovsamt og høveleg bruke.

Jamt han det finn

når hos frøkne han kjem,

at ingen er aller best.

65

Aktsam og gløgg

ein alltid skal vera

og varsam i vennelag.

Dei ordi som du

til andre seier,

fær tidt du trega sårt.

66

Mykje for snart

mang-stad kom eg,

som-stad kom eg for seint.

Øl var drukke,

ubrygt som-stad,

sjeldan kjem leid til lags.

67

Stundom til bords

dei bedi meg hadde,

om eg ikkje trong mat til måls.

Eller tvo kjøtlår hekk

hos den trugne vennen,

der eg eitt hadde eti.

68

Eld på åren

og sol på eng

gjer mannen fegen og fjåg.

Og så å hava,

helsa god

når ein kan lytelaust leva.

69

Endå ver kje vesal

om ho veiknar, helsa;

some av søner fær sæle,

some av frendar,

some av velgjort verk.

70

Betre å leva

enn livlaus vera,

kvik fær alltid ku.

Bål for rikmannen

brenne eg såg,

lik føre døra låg.

71

Er du halt, kan du ride,

handlaus gjæte,

er du dauv, kan du duga i strid.

Blind er betre

enn brend å vera;

daud mun ein lite duga.

72

Son er kjærfengd,

om seint komen,

etter faren fór.

Sjeldan bautasteinar

nær brauti stend,

utan frendar fekk dei reist.

73

Av tvo i ein her

er tunga hovuds bane.

Fram or kvar ei kufte

kan det krjupe ei hand.

74

Den prisar natti

som nista si trur,

stutte er skips ræar;

hustri er haustnatti;

på fem dagar snart

skifter vêret,

men på ein månad meir.

75

Aldri han trur det,

som ikkje det veit,

kor folk vert galne for gull.

Ein er rik

og ein annan fatig,

legg det kje honom til last.

76

Døyr fe;

døyr frendar;

døyr sjølv det same.

Men ordet om deg

aldri døyr

vinn du eit gjetord gjævt.

77

Døyr fe;

døyr frendar;

døyr sjølv det same.

Eg veit eitt

som aldri døyr,

dom om daudan kvar.

78

Eg såg fulle grindar

hos Fitjung-sønom,

no ber dei sekk og stav.

So er gullet

som glir i augo,

veslast av alle vener.

79

Hos fåvis mann,

om han fe seg vinn

og ynde og elsk hos kvende,

byrgskapen veks,

men vitet hans ikkje,

og ovmodet aukar drygt.

80

Sant det røynest

som i runer er sagt,

dei frå høgdi runne,

som gudemakter gav

og som stor-tul skar,

trygt hev det han som kan teia.

81

Om kveld skal du dagen rose,

kona når ho brend er,

gjenta når ho gift er,

geiren når han røynd er,

is når du over kjem,

øl når det drukke er.

82

I stilla skal du sjøen ro,

skog i vind felle,

med møy i myrker svalle;

mange er dagsens augo.

Skip skal fram skrida,

skjold skal live,

sverd gjev kvasse hogg,

kyssar gjev møyi.

83

Ved elden øl du drikke,

og på is du skride,

merri mager kjøpe

og myrke sverd,

hest du heime feite,

og hund i bui.

84

På møyar-ord

er uvisst å lite

og på det som kvendi kved.

For på kvervande hjul

deira hjarto var skjapte,

brigd i brjost var lagd.

85

(Aldri ein tru:)

Brestande boge,

brennande loge,

gapande ulv,

galande kråke,

rjotande svin,

rotlaust tre,

svellande våg,

sjodande kjel,

86

Fljugande flein,

fallande båre,

ein-nætt is,

orm ringlagd,

brur-ord upå blæja,

brote sverd,

leikande bjørn

eller barnet til ein konge,

87

Sjukan kalv,

sjølvråden træl,

volve som hugstel,

val nyleg felt.

88

Tru ikkje åker,

som tidleg er sådd,

og ikkje son for snart.

For åkren råder vr,

og for sonen vit;

det uvisst med båe er.

89

Broder-bane,

om og borte møtt,

halvbrunni hus,

hesten spræke

- fåfengd er fole,

om fot brotnar -

at han desse ting trur,

så trygg vere ingen.

90

So er dros i hugen,

ho som dulram leikar,

som ut skal øyk køyre

på isen håle

- tidig tvivetring,

tamd med måte -

eller i stormen stride

styrelaust beite,

eller som om halten på høgfjell

skulle hente reinen.

91

No berrleg eg mæler,

for båe eg kjenner,

brigd hos gutom òg bur.

Fagraste talen

hev falskaste meining,

og klokaste drosi vert dåra.

92

Fint du tale

og fager gjeve,

vil gjerne ei gjente du vinne,

og fegre lova

hos ljose møy;

han fær som kan fri.

93

For elskhugen din

ingen mann skal

gjeva deg last og lyte.

Ofte klok mann fell,

der fåmingen stend,

for eit ovfagert andlet.

94

Aldri du leggje

andre til last

det som mang ein mann hender.

Kor klok ein er,

han kan verte dåra

når kjærleik kjem og maktstel.

95

Hugen veit berre

kva som bur hjarta nær,

sjølv fær ein kjenne det svid.

D'er hugsotti verste

for ein høgtenkt mann,

når ikkje med noko han uner.

96

Mang ei god møy,

det merke du kan,

sviksam er imot sveinar.

Eg røyne det fekk,

då den rådkloke drosi

eg freista løynsk å lokke.

Hardt meg hædde

den hugstore møyi,

og ikkje det vivet eg vann.

97

Det eg røynde,

då i røyri eg sat

og drosi hugen drog.

Liv og lyst

var den ljuve møy meg,

endå eg aldri ho fekk.

98

På bolsterkvile

Billings møy

eg solbjart fann i svevn.

Jarls vyrdnad

lite verd meg tottest,

skulle eg møyi misse.

99

"Heller mot kveld

du kome, Odin,

om du vil med møyi mæle.

Ille det vart

om andre munde

slik skam få sjå."

100

Attende eg gjekk

med elskhugs voner,

var reint frå samling og sans.

Trudde eg då

så tryggleg eige

heile hugen til møyi.

101

Andre gongen

gjekk eg til ho,

då var vaktfolki vakne.

Me brennande ljos

og borne kyndlar

dei vettervegen meg viste.

102

Ut mot morgon

att eg kom,

då var sals-vakti sovna.

På lega, der før

den fagre sov,

låg no ei bikkje i band.

103

Vær gjæv imot gjest

og glad ver heime,

alltid vis og varsam;

minnug og målvis,

vil du mangklok heite;

ber gode gjetord fram.

Ein fåming me kallar

den som fått kan tala,

slikt er vesalmanns vit.

104

Jotungubben eg fann,

er no attende komen,

vann vesalt teiande der.

Med mange ord

eg mykje til gagn

vann meg i Suttungs salar.

105

Gunnld meg gav

på gull-stolen

drykk av den mæte mjød.

Vesal løn

let eg ho få.

Ho gav meg trygt si tru,

ho gav meg heile sin hug.

106

Rata-tonni

rudde meg eg,

hardt grjot ho gnog.

Yver og under

gjekk jotunvegar,

då var det hætt om mitt hovud.

107

Vegen eg vann

eg vel hev nòti,

fått for den vise er vandt,

di at no Odrere

upp er komen

midt i Midgards heim.

108

Uvisst å vita

om eg endå var komen

or jotun-garden ut,

om ikkje Gunnlòd,

det gode kvendet,

hadde vorti min sæle venn.

109

Andre dagen

av gjekk rimtussar

til å spyrja råd av Hår

i Halli til Hår;

etter Bolverk dei spurde,

om han var berga hos gudom,

eller Suttung hadde slege han ned.

110

Ein eid då svor

Odin på ringen,

kven kan hans trygdemål tru?

Suttung han sveik

for skaldedrykken,

og Gunnlòd sårt han grøtte.

111

Tid er å tala

frå tule-stolen

attmed Urde-brunnen.

Såg eg og tagde,

såg eg og tenkte,

lydde på manna mål.

Om runer dei tala

og om tyding dømde

attmed Håva-halli,

i Håva-halli

eg høyrde seia så:

112

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

ris ikkje om natt,

utan på njosn du er,

eller ut for deg sjølv du skal.

113

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

hos trollkunnigt kvende

kvile du aldri,

så ho i famn deg fær.

114

Ho det evlar

at du ikkje håttar

tings eller konungs krav.

Mat gjev deg mothug

og menns gaman,

du legg deg sorgfull te sova.

115

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

annan manns kone

aldri du skal

deg føre til frilleviv.

116

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

om på fjell eller fjord

å fara deg lyster,

hav niste med deg til nøyes.

117

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

eit illmenne du

aldri late

di vanheppe vita.

Av ille menn

aldri like

du vinn for godhug du viste.

118

Hovudet misse

ein mann eg såg

ved ord av ilt kvende.

Svikfull tunge

tok honom livet,

og ikkje for sann sak.

119

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

hev du ein venn

som vel du trur,

far då og finn han tidt;

for med ris gror til

og med høgt gras

ein veg der ingen vankar.

120

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

god mann finn deg

til gamans tale,

og lærdom den tida du lever.

121

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

med vennen din

ver du aldri

den fyrste til lag å løyse.

Sorg et hjarta,

om ingen du hev

som du seia kan heile din hug.

122

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

ord skifte

aldri du skal

med ein uvitug ape.

123

Av ille menn

aldri du fær

løn for godt du dei gjer.

Men god mann

mellom grannar gjer deg

vyrd med vennskaps ord.

124

Samd er vennskap

når seia ein kna

den andre all sin hug.

Vinglut vera

er verst av alt,

all-rosar er ikkje venn.

125

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

aldri tri stridsord

du skifte med illmenne;

gjæving tidt gjev seg

der låking tek liv.

126

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

gjer ikkje sko

eller skaft åt andre;

ver glad du greier deg sjølv.

Om skoen vart stygg

eller skaftet vart rangt,

då er ulukka ute.

127

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

merkar du vondt,

vondt du det kalle,

gjev ikkje din fiende fred.

128

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

over det som er ilt

aldri deg gled,

men lat vondt til godt vendast.

129

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

stend du i strid,

sjå då kje upp

- som galtar kvekk

karar då tidt -

for at fjetring ikkje deg fange.

130

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

vil du gjævt kvende

få i gamans tale,

og fagnad av ho få,

fagert du love,

og fast det stande;

velfengd er god gåve.

131

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

var du vere

men var med måte,

varast ver med øl.

132

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

til håd og lått

hav du aldri

gjest eller gangande mann.

133

Ofte veit dei

som inne sit

lite kva folk som kan fara.

D'er ingen så god

at gall han vantar,

eller så arm at til inkje han duger.

134

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

med gråhærd tul

gantast du aldri;

d'er ofte godt som dei gamle talar.

Tidt or skrukkut skinn

kjem skillege ord,

om kledi dei heng,

og hudskorne sleng,

og han studrar som ein stakkar.

135

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

gøy ikkje mot gjest

som hund ved grind,

tak imot trengande mann.

136

Det lyt sterke tappar

som skal svinge døra

til upplating for alle;

men gjev din skilling,

at ikkje skade

vert ynskt deg på liv og lem.

137

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,

råd du take,

nyttig om du nem,

god om du gaumar:

der øl du drikk,

søk avl av jordi,

for jord stend mot øl;

eld stend mot sotter,

eik mot hardt liv,

men aks øyder trollskap,

samliv i hall mot husstrid,

mot hat hjelper månen,

beite mot bitsott,

fast jord mot flaum.

138

Eg veit at eg hekk

på vindalt tre

næter heile nie,

med geir-odd såra

og gjeven Odin,

gjeven sjølv til meg sjølv

uppå det treet

som ingen veit

kvar det av rotom renn.

139

Ikkje braud dei bar meg,

og brygg ikkje;

ned eg nidstirde,

tvo upp runer,

ropande tok dei,

ned att der frå eg fall.

140

Nie tryllesongar fekk eg

av den fræge son til

Boltorn, far til Bestla;

og drikke eg fekk

av den dyre mjøden,

aust upp av Odrere.

141

Då fór eg te fremjast

og frod verte

og vekse og finne meg vel.

Ord meg av ord

ord avla,

verk meg av verk

verk avla.

142

Du runer finn teikna

og tydde stavar,

mykje store stavar,

mykje sterke stavar,

som fimbul-tul farga

og høge makter maksla

og Ragna-Ropt skar.

143

For æser Odin,

for alvar Dåin,

Dvalin for dvergar.

Allsvinn dei

for jotnar skar,

eg riste sjølv some.

144

Veit du å riste dei?

veit du å råde dei?

veit du å farge dei?

veit du å freiste dei?

veit du til bøn dei?

veit du til blót dei?

veit du å sende dei?

veit du å stogge dei?

145

Betre enn ov-blót

ubedi er,

gåve krev gjeving att;

betre u-sendt

enn avstogga.

So Tund det sette,

før tida rann,

då upp han reis,

då att han kom.

146

Mine kvede ei kan

kongen si frue,

korkje mann eller møy.

Hjelp heiter eitt,

og det hjelpe deg vil

mot saker og sorger

og suter alle.

147

Det andre eg kan,

ovgjævt for dei

som vil læking lære.

. . .

148

Det tridje kan eg,

om turvast skal

mot fiendar rame råder

eggjar eg døyver

for uvener mine,

så det bit korkje våpen eller velur.

149

Det fjorde kan eg,

om folk meg vil

leggje band om lemer:

så eg galdrar

at gange eg kan,

fjetrune spring meg av fot

og av hendre hapt.

150

Det femte eg kan,

ser eg fiends pil skoti

fram gjennom her haste:

eg stoggar ho nok,

kor sterkt ho enn flyg,

så sant eg med syni når ho.

151

Det sjette eg kan,

skader meg einkvar

med runer på frisk rot skorne,

den som upp til argskap

eggje meg vil,

mein fær han meir enn eg.

152

Det sjuande kan eg,

om salen eg ser

loga om sovande sellar:

kor breitt det så brenn,

eg bergar halli,

den galder kan eg gala.

153

Det åttande kan eg,

som for alle mun vera

nytteleg å nemne:

om hat veks upp

mellom hovding-søner,

det kan eg bøte brått.

154

Det niande kan eg,

når naud stend på,

å berge båten på hav.

Vinden eg då

på vågen stiller

og svæver sjøen all.

155

Det tiande kan eg,

om tuntroll eg ser

i lufti leike fram:

eg så det vender

at ville dei fer

heim utan hamar,

heim utan hugar.

156

Det ellevte kan eg,

når ut i strid

eg lang-vener skal leie:

under skjoldrand gjel eg,

då gjeng dei veldugt

striden heile til,

striden heile frå,

heile dei heim att kjem.

157

Det tovte kan eg,

om i treet uppe

eg ser ein daud mann dingle:

så eg runer

rister og målar,

at han som der hekk

gjeng og med meg mæler.

158

Det trettande kan eg,

når tegnen unge

eg auser med vatn og vigjer:

ikkje han fell,

om i ufred han kjem,

den hausen ryk ikkje for hogg.

159

Det fjortande kan eg,

om for folk eg skal

gudane nemne ved namn:

alle æser

og alvar veit eg:

der stend meg ingen styving.

160

Det femtande kan eg,

som han kvad Tjodrøyre,

dvergen føre Dellings dør.

Han åsom gol avle,

alvom dugleik,

Rota-ty hugs i haus.

161

Det sekstande kan eg,

om hos kloke møy

eg hugnad vil hava og gaman:

hugen eg kverver

på kvit-arma viv

og snur hennar heile sinn.

162

Det syttande kan eg,

at seint frå meg gjeng

ei ung dåm-ven dros.

Lenge du skal,

Loddfåvne, visst

songane desse sakne.

Godt, om du gaumar,

nyttig, om du nèm,

turvande, om du tek dei.

163

Det attande kan eg,

som ikkje eg seier

til møy eller manns kone,

- alt er best

som ein berre kan;

det er slutten på songen.

164

No er Håvamål kvedi

i Håva-halli

til magn for mannesøner,

til ugagn for jotunsøner;

heil den som kvad!

heil den som kan!

njote den som nam!

heile dei som høyrde.

Opp

Endringar og stilar

I den gamle omsettinga/attdiktinga til Mortensson-Egnund finn ein stakkato rader, oppstylta snakking (invertert ordstilling), ord som ikkje lenger er brukte i nynorsk, og andre ord som tidvis gir artig klumseklang. Eg har halde på radene; dei er slik at nokre få ord kjem i brokkar i rad og rekke til verset er omme. Eg har dessutan halde på Mortensson-Egnunds rim og rytmer for det aller meste. Og korfor? Det kan vere kjekt for somme å sjå ei attdikting som minner om farne tiders ordleggingar på vers.

Sjølv meiner eg at det som veg tyngst for ein gjenskapar og omsettar, er meiningskjerner og sanningar ein finn i originaltekstane; dei får ein bere fram "så greileg du kan", så klokt og høveleg det går an. For meg synest det å vere "godlag med ord", som den fjerde strofa ser ut til å invitere til når ho blir løfta litegrann.

Tekst som er forma i stor grad ut frå slike normer, svarer godt til det som kallast "dynamisk ekvivalens" i omsettingsverda. Ekvivalens tyder likeverd, samsvar, lik verdi. Når ein satsar på å formidle meiningar greileg framfor ord-for-ord-omsetting, er det dynamisk ekvivalens, eit slikt samsvar - ein freistar å gi teksten ein rimeleg ordlyd for folk dag, mens originalteksten var for folk "i går". "I går" her er eit motstykke til manjana, "i morgon" og "ein gong i framtida". Bokstavrett omsetting gir fort misforståingar.

Omstilt rekkefølgje av ord var vanleg i norrønt, for der hadde ein fleire kasus enn det er vanleg i norsk i dag, og kva som var meint gjekk fram av kasusbruken og anna. Men i dag blir slik setningsoppbygning fort knortete, og det er ikkje så mykje ordstilling eller gamle rim og tillaga rytmer som er hovedsaka for alle: det er meiningane, og dei skal gjerne kome fram godt. I motsett fall kjem det nok inn grader av det tomme når ein favoriserer form over lødig, fin frambering av innhald.

I dag har ein slik måte å sjå omsettingar og attgivingar på, fått nokre vanskelege termar. Forenkla: "form som liknar" blir motpolen til "påverknad som liknar". Vanskelegare: formell ekvivalens mot dynamisk ekvivalens, etter Nida og Taber (1974). [Meir]

Dei som vil nærast av form og stil som liknar norrønt, kan godt setje pris på Mortensson si attgiving. Men enda om ho er godt laga, er ho ikkje noko særleg dagsaktuell. Det finst ei omsetting som er enklare å finne ut av her: [Døme].

Det finst gradar av formell likskap og gradar av det motsette: Her er tre døme på sjuande strofen i Håvamål:

1. Mortensson
Grannvar mann
til gjestebod komen
teier med andre talar.
Lyder med øyro
og med augo skodar,
veltenkt og føre var.
2. Holm-Olsen
Den vare gjesten,
på vitjing kommet,
sitter med sansene spent;
ørene lytter,
øynene speider,
slik vokter den kloke seg vel.
1. Kinnes
Smålåten, varsam mann teier i gjestebodet, alt mens andre talar.
Lyder med øyra, speidar fornuftig med auga, vel tenkt og føre var.


Målet for ei omsetting for folk har feila om det ikkje er å gjere stoffet forståeleg, greitt og godt. Det meiner no eg. Det er likevel ei anna sak der opphavsteksten er dunkel, tvitydig, og ugrei p andre måtar. Då kjem kan hende ei klar og grei tillemping og omsetting til kort - det får så vere.

"Med blad" og "med bær"

Omsettingar kan ein plassere langs eit band (ein skala) der ein har bokstavlege, formlike ("bladrike") omsettingar på dei eine sida; "både blad og bær" i midten; og friare, rundare (som nakne bær) ut mot den andre sida. Utfordringa kan vere å nå inn i nye landskap (hugar av i dag) - det er figurativt for å tilpasse meiningane i den gamle teksten til nye tider, andre sedar, andre skrivemåtar og andre forhold). Den friare måten er meir vanleg i dag enn på Mortensson-Egnunds tid. Og dessutan: bær kan nå langt når fuglar kjem og et dei. Frøa kjem ut att langt vekke, rett som det er. Det er som det skal vere.

Første dømet ovanfor stykkar ikkje opp teksten. Meiningane er her uttrykt om lag som i vanleg norsk, og mykje som i ordtak. Somme skandinaviske ordtak er direkte etterkommarar av Håvamål.

Dei to neste døma stykkar opp teksten, Mortensson-Egnund på landsmål, og Holm-Olsen på bokmål. Eg synest dei er gode, begge to. Det spørst kva for ende ein vil nærme seg - den som favoriserer gamle former ved bokstavlege omsettingar og andre middel, eller den som vil få fram innhald ved meir oppdaterte ordleggingar og anna slikt, ved meir "dynamisk ekvivalens", etter Nida og Taber.

Greiner og vers
Ei naki grein med blodraud bær (meiningskjerner)
og ei som bladrik (form-likt) blømer,
på kvar sin måte vene er . . .

Jamfør "Dikt" av Olav Aukrust (1916):

Ei naki grein med blodraud bær
og ei som bladrik blømer,
på kvar sin måte fagre er
for den som kjærleg dømer.

Den eine gjev sin ange, ho,
der ljuv ho ligg og blømer.
Den andre gjev sitt hjarteblod
når lauv for haustvind rømer.

Den eine skin og strålar, ho,
den andre brenn og mognar
og gjev til sist sitt hjarteblod,
der tung av bær ho bognar.

*

Eg gav deg den med blomar på.
Eg gjev deg den med bæri.
Kven rikast er vil du få sjå
litt lenger fram på ferdi.

Ein kan ha sans for både blad, bær og bærturar. Før i tida var det jamt klokt å plukke bær i naturen og hauste bærbuskene sine for å få i seg noko friskt, og safte og sylte og tilmed fryse med tanke på vinteren "litt lenger fram på ferdi".

Detaljar

Desse er endra til gjeldande nynorsk i året 2011: burt, drukki, fumle, fyre, fyrr, greidleg, hand-duk, have, hævàr, kann, 'kje, klæ*, kóp, -legt, læ, mage-mål, makt-stel, manna-ætt, mein-krok, mune, nyttug, segj* mun, so, stødt, teg, tegj*, um, upp*, yver.

Stjerna tyder det kan vere fleire bokstavar og stavingar bakom, og tankestreken (som i -legt) syner det er ordendingar det dreier seg om.

MIDLANDSLANDSMÅL. Nynorsk i dag skil seg frå midlandsnormalen, som blei Ivar Mortenssen-Egnunds variant av landsmålet. Men kva var denne midlandsnormalen? Det var ei sideform av nynorsk.

I 1898 sette eit departementet ned ei rettskrivingsnemnd for landsmålet for å få ein fast skrivemåte til bruk i skolen. Eitt medlem av nemnda, Marius Hægstad, heldt fast på ◦Aasen-normalen med nokre tiljenkingar, men dei to andre ville ha med andre ord-endingar enn han. I 1901 blei det til at "Hægstadnormalen" skulle vera offisiell landsmålsrettskriving i skole og administrasjon, men midlandsnormalen skulle vere sideform som skolane kunne nytte om dei ville. Det var berre endingsverket for ord som skilde midlandsnormalen frå Hægstadnormalen. [Wikipedia, s.v. "Midlandsnormalen"]

BOKSTAVANE Å OG AA. Samlaget nytta aa for å i 1928-utgåva av Edda-kvæde, der denne versjonen av Håvamål er tatt frå. Rettskrivinga av 1917 hadde då innført bokstaven å både for landsmål og riksmål, i staden for aa. Ringen over a-en var ikkje noko nytt påfunn, men kom frå mellomalderen. Ringen var utvikla frå ein liten a som folk starta med å skrive over a-bokstaven for å markere ein annan lyd enn a.

Teiknet å blei altså brukt i skandinaviske språk alt i mellomalderen, etter at ein hadde bytt ut runene mot det latinske alfabetet. Tysk innverknad førte til at danskane slutta å bruke å-en, og dermed mangla han også på norsk ei tid, jamvel om svensk heldt på bokstaven. [Wikipedia, s.v. "Å (bokstaven)"]

Opp

Ivar Mortensson-Egnund

Ivar Julius Mortensson-Egnund (1857-1934) var ein kraftfull og intens norsk folkeminnesamlar, målmann, politikar, forfattar med meir - ein allsidig kulturpersonlegdom og blant anna livslang venn av Moltke Moe, som var son til Jørgen Moe.

Mortensson er mest kjend for gjendiktingane sine av Den eldre Edda (1908). Han kjempa for landsmålssaka i lag med Arne Garborg, Ei tid vennane hadde lite pengar, men hytter, gav Garborg han tilnamnet Ivar Matlaus. Frå 1890 reiste Mortensson på føredragsturnear under det navnet - "Ivar Matlaus".

Mortensen orienterte seg i ei teosofisk-antroposofisk retning etter kvart - som ein anarkistisk prest i Den norske kyrkja, ein som mana til strid mot "pengevelde, prestevelde og statsvelde" - ein utradisjonell prest, med andre ord. I 1889 heldt han til dømes ei 17. mai-tale i Tynset der han argumenterte mot feige eidsvollsmenn og rosa den franske revolusjonen og song Marseillaisen for sjokkerte bønder.

Som ung var Mortensson innimellom på lange vandringar som "frikar" rundt i Sør-Noreg. Han konkluderte: "Det gamle norske målet var hardt og skarpt og ljomande som lurblåster. Men då eg fann telemålet, tykte eg at alle kvasse kantar var slipa og svarva, det lydde lett og leikande som eit kulturmål." Og han søkte om å bli tatt opp i Telemarksbataljonen fordi "Der var det godt mål å høyre, og der var dei sprækaste gutane."

Alt i skoleåra hadde Mortensson blitt overtydd om at målreising var avgjerande for den norske frigjeringa, og førde heile livet ein kompromisslaus kamp for landsmålet - det nye, norske skriftspråket som blei forma av Ivar Aasen på 1850-talet. Mortensson kom til å bruke midlandsnormalen innan landsmålet, dvs. ein normal som bygde på fjellbygdmåla på Austlandet. – I 1929 blei elles nynorsk det nye, offisielle namnet på landsmål. Hovudinteressa til Mortensson var i alle tilfelle at personlegdommen fekk utvikle seg fritt.

Trass i at han skreiv han ikkje likte byjenter, gifta han seg i 1894 med ei frå Bergen. Ho synte seg å ha større praktiske evner som bonde enn han sjølv. Men gjendiktinga hans av Den eldre Edda (1908) er rekna som eit viktig verk, og det viktigaste verket hans.

Mystikk

Mortensson blei kjent med den indiske mystikaren Swami Sri Ananda Acharya (født Surenda Nath Baral, 1881-1945). Indaren likte den norske fjellheimen så godt at han slo seg ned på Tronsvangen under Tronfjellet i Alvdal. Utsikta minte han om Himalaya. Mortensson var ei tid mykje saman med denne indiske filosofiprofessoren, yogien og diktaren. Og Sri Ananda stod også i nær kontakt med Arne Garborg. Garborg omsette og skreiv til dømes føreordet til diktboka "Snøfuglar" av Sri Ananda.

Sri Ananda (Baral) synte medkjensle med gamle husdyr, og tok godt imot gjestar på Tronvangen – han sat i ein stor, heimelaga stol med hjul. Der kunne han sitje med beina i kross, omgitt av mange bøker. På vollen utanfor beita hestane hans, geitebukken stod bunden med eit langt tau til ei stong, grisen sprang fritt ut og inn av jordhola si, ender og gjess plaska i dammen, hanar strutta og spankulerte på tunet og duer flaug omkring over der mens den store, svarte oksen stod på båsen. Om haustkveldar, etter å ha sagt god natt til hestene, gjekk Sri Ananda rundt blomsterbed og snakka til dei: "Det vil gå godt, det kjem litt varmare vêr her snart." Så gjesta han potetåkeren, og sa også til stjernene på himmelen: "Det vil gå godt." Han forklarte: "Universet er så lite; sjela er så stor!"

Sri Ananda søkte "det sanne, det gode og det vakre." Grannane hans sette overlag stor pris på heilagmannen. Han fekk mange gode vennar blant nordmenn elles også.

Han sa dessutan: "Den dagen eg gå bort, blir ein gledesdag for dette landet." Det føresa han i eit dikt 25 år før frigjeringsdagen, den 8. mai 1945. Den dagen gjekk han inn i siste samadhi (djup yogatilstand). I ein månad sat han still og verken åt eller drakk eller pusta så nokon kunne sjå det. Huda var frisk, og håret og naglane hans voks. Men etter over ein månad hadde huda hans blitt annleis, og så blei han erklært daud den 13. juni.

Ananda-sitatet ovanfor frå munnen til ingeniøren Einar Beer (18871982). Han var ein trugen disippel av heilagmannen på Tronfjell, og arbeidde for å gjere tanken hans om eit fredsuniversitet her i landet til røyndom. Det er reist eit minnesmerke over Sri Ananda (Baral) der han er gravlagt 1330 meter over havet nedanfor Trontoppen, på staden der ◦Tronfjell Fredsuniversitet er planlagt. Detaljregulering for Tronfjell Fredsuniversitet blei einstemmig vedtatt av Alvdal kommunestyre torsdag 26. april 2012. [Det er meir i Wikipedia under "Swami Sri Ananda Acharya"]

Attende til Mortensson

Diktaren Olav Aukrust var begeistra for Mortensson heile livet, og skreiv om det han meinte var ein varig påverknad frå han, og Arne Garborg er inspirert av Mortenssons "Or duldo." Sigbjørn Obstfelder skal også ha vore fælt opptatt av "Or duldo". Han skreiv: "Jeg leser disse underlige diktene hver kveld når jeg har lagt meg, slik som jeg leser Davids salmer." Og Kristofer Uppdal dyrka dette sterke og draumeaktige diktverket som ein bibel.

Christian Sinding sette tone til 20 songar av Mortensson som er samla i to bind, i tillegg til nokre enkeltdikt.

Mortensson hadde ein rik produksjon bak seg då han døydde, 77 år gammal.

Kjelder

  1. Wikipedia, s.v. "Ivar Mortensson-Egnund"
  2. Wikipedia, s.v. "Swami Sri Ananda Acharya"
  3. NorthernLight: "Who Was Swami Sri Ananda Acharya?" av Bjørn Pettersen. [/northernlight.net.au/]


Håvamål etter Ivar Mortensson-Egnund, Litteratur  

Holm-Olsen, Ludvig, tr. Edda-dikt. 2nd rev. ed. Oslo: Cappelen, 1985.

Mortensson-Egnund, Ivar, omsettar: Edda-kvæde: Norrøne fornsongar. Oslo: Samlaget, 1928.

Nida, Eugene, and Charles Taber. The Theory and Practice of Translation. Leiden: United Bible Societies / Brill, 1974.

Jamfør: ◦Sophus Bugge: Hávamál (Norrønt)

Håvamål etter Ivar Mortensson-Egnund, opp Seksjon Sett Neste

Håvamål etter Ivar Mortensson-Egnund BRUKARGAID: [Lenke]
© 2011–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]