NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Enkjesonen

DET VAR ein gong ei fattig, fattig enkje som berre hadde éin son. Ho træla med guten til han hadde gått for presten, men så sa ho til han at no kunne ho ikkje fø han lenger; han fekk ut og tene for brødet sitt.

Guten vandra då ut i verda. Då han hadde gått ei dags tid eller så, møtte han ein fremmend mann.

"Kor skal du?" spurde mannen.

"Eg skal ut i verda og prøve å få meg teneste," sa guten.

"Vil du tene hos meg?"

"Å ja, likså gjerne hos deg som ein annan," svara guten.

"Ja, du skal få det godt hos meg," sa mannen; "du skal berre halde meg med selskap og ikkje gjere nokon ting elles."

Så blei guten med han, og levde vel med mat og drikke, og hadde lite eller ingenting å gjere; men han såg heller aldri eit menneske hos mannen.

Ein dag sa mannen til han: "No reiser eg bort i åtte dagar. I den tida får du vere aleine, men du må ikkje gå inn i noko av desse fire kammersa her. Gjer du det, så tek eg livet av deg når eg kjem att."

Nei, sa guten, det skulle han då vel ikkje.

Men då mannen hadde vore borte i tre-fire dagar, kunne ikkje guten berge seg, men gjekk inn i det eine kammerset. Han såg seg rundt om, men såg ingenting utan ei hylle over døra, og der låg ein nypetornpisk. Dette var neppe noko å forby meg så strengt, tenkte guten.

Då dei åtte dagane var omme, kom mannen heim att.

"Du har vel ikkje vore inne i nokon av kammersa?" sa han.

"Nei, det har eg slett ikkje," sa guten.

"Ja, det skal eg snart sjå," sa mannen, og dermed gjekk han inn i det som guten hadde vore i. "Jo, du har vore der likevel," sa han, "og no skal du miste livet."

Guten gret og bad for seg, og så slapp han då med livet, men dyktig bank fekk han. Då det var overstått, var dei like gode venner att.

Ei tid etter reiste mannen bort på ny. No ville han vere borte i fjorten dagar, men først sa han til guten at han ikkje skulle setje foten sin i nokre av dei kammersa han ikkje hadde vore i. Men der han hadde vore, kunne han gjerne gå. Ja, det gjekk like eins som førre gongen, berre at guten no heldt seg frå å gå der inn i åtte dagar. I det andre kammerset såg han heller ikkje anna enn ei hylle over døra, med ein kampestein og ei vasskrukke på. Det var no ikkje noko vidare å vere redd for, tenkte guten igjen.

Då mannen kom heim, spurde han guten om han hadde vore i nokon av kammersa. Nei, var det likt det; der hadde guten ikkje vore.

"Ja, det skal eg snart sjå," sa mannen, og då han så han hadde vore der likevel, sa han: "Ja, no sparer eg deg ikkje lenger, no skal du miste livet!"

Men guten gret og bad for seg, og så slapp han med pryl den gongen òg, men det fekk han då også så mykje som kunne liggje på han. Men då han blei frisk igjen, levde han likså godt som før, og han og mannen var like gode venner.

Ei tid etter skulle mannen reise att, og no ville han vere borte i tre veker. Så sa han til guten at gjekk han i det tredje kammerset, var det ikkje å tenkje på liv meir. Då fjorten dagar var gått, kunne ikkje guten berge seg lenger. Han smatt inn, men han såg slett ikkje noko der inne utan ein lem i golvet. Då han lyfta på den og såg ned igjennom, stod det ein stort koparkjel og putra og kokte der nede, men han såg ingen varme under. Det var artig å kjenne om det var varmt, tenkte guten, og stakk fingeren nedi. Då han tok den opp att, var den forgylt over det heile. Guten skrapa og vaska den, men forgyllinga ville ikkje gå av. Så batt han ei fille om, og då mannen kom heim og spurde kva som feila fingeren hans, sa guten han hadde skore seg så stygt. Men mannen reiv av filla, og då såg han nok kva som feilte fingeren. Først ville han drepe guten; men då guten gret og bad igjen, banka han han berre så han låg til sengs i tre dagar. Då tok han eit horn ned av veggen og smurde han med, og så blei guten like frisk igjen.

Om ei stund reiste mannen bort for fjerde gong, og då skulle han ikkje kome att før om ein månad. Men då sa han til guten at dersom han gjekk inn i det fjerde kammerset, så måtte han aldri tenkje på å berge livet. Ei, to eller tre veker heldt guten seg, men så kunne han ikkje berge seg att; han måtte og skulle inn i kammerset, og så smatt han inn. Der stod ein stor, svart hest i ein hestebås, med eit glo-trau ved hovudet og ei høymeis [korg] ved halen. Guten syntest det var urimeleg; han bytta om og sette høymeisa ved hovudet.

IMAGE

Så sa hesten: "Sia du har så godt hjertelag at du vil la meg få mat, skal eg frelse deg, eg. Kjem trollet heim no og finn deg, så drep han deg. Men no skal du gå opp på det kammerset som er beint over her, og ta ei rustning av dei som heng der; og så må du endeleg ikkje ta nokre av dei blanke. Men den mest rustne du ser, den skal du ta, og sverd og sal skal du leite deg ut på same vis."

Det gjorde guten; men det var tungt å bere det alt saman.

Då han kom tilbake, sa hesten at no skulle han kle seg naken og gå ned i kjelen som stod og kokte i det andre kammerset, og lauge seg vel der. Eg blir vel fæl då, tenkte guten, men han gjorde det likevel. Då han hadde lauga seg, blei han både vakker og triveleg, og så raud og kvit som mjølk og blod, og mykje sterkare enn før.

"Kjenner du noka forandring?" spurde hesten.

"Ja," sa guten.

"Prøv å lyfte meg," sa hesten.

Å ja, det kunne han, og sverdet svinga han som ingen ting.

"Ja, legg no salen på meg," sa hesten, "og ta på deg rustninga, ta så nypetornpisken og steinen og vasskrukka og smurningshornet, og så reiser vi."

Då guten vel hadde kome opp på hesten, bar det av stad så han ikkje visste korleis han kom fram.

Han rei ei stund, så sa hesten: "Eg synest eg høyrer eit dur. Sjå deg om. Kan du sjå noko?"

"Det kjem mange, mange etter oss, visst tjue" sa guten.

"Ja, det er trollet det," sa hesten, "No kjem han med sine."

Dei rei enda ei stund, til dei som kom etter, var nære innpå.

"Kast no tornepisken bak over aksla di," sa hesten, "men kast den vel og langt frå meg!"

Det gjorde guten, og i det same voks det opp ein svær, tjukk nypetornskog.

Så rei guten att eit langt, langt stykke mens trollet måtte heim etter noko å hogge seg gjennom skogen med.

Men om ei stund sa hesten att: "Sjå attende. Kan du sjå noko no?"

"Ja, ei hel mengd," sa guten, "som ein stor kyrkjeallmoge."

"Ja, det er trollet det; no har han fleire med seg. Kast no kampesteinen, men kast den vel og langt frå meg!"

Med det same guten gjorde som hesten hadde sagt, blei den eit stort, stort kampeberg bak han. Så måtte trollet heim etter noko å hogge seg gjennom berget med, og mens trollet gjorde det, rei guten igjen eit godt stykke.

Men så bad hesten han sjå seg attende igjen, og då såg han det yrde som ein heil krigshær, og dei var så blanke at det skein av dei. "Ja," sa hesten, "det er trollet; no har han alle sine med seg. Slå no vasskrukka ut bak deg, men vakt deg vel så du ikkje spiller noko på meg!" Det gjorde guten; men korleis han bar seg åt, kom han til å spille ei dråpe på lenda. Så blei der eit stort, stort vatn, men ved dei dråpene han spilte, kom hesten til å stå langt uti vatnet. Likevel sumde den då til lands. Då trolla kom til vatnet, la dei seg ned for å drikke det tomt, og så slurka dei i seg til dei sprakk.

"No er vi kvitt dei," sa hesten.

Så reiste dei i lang, lang tid. Til slutt kom dei på ei grøn slette i ein skog. "Kle no av deg heile rustninga og ta berre dei fillete kleda dine," sa hesten. "Ta så salen av meg og slepp meg, og heng alt inn i den store innhole linda her. Så skal du lage deg ein parykk av granlav og gå opp til kongsgarden som ligg her tett ved. Der skal du be om teneste. Når du så treng til meg, så gå berre hit og rist på bekslet, så skal eg kome til deg."

Ja, guten gjorde som hesten hadde sagt, og då han fekk på lavparykken, blei han så ussel og bleik og tufsete å sjå på at ingen kunne kjenne han att. Han kom då til kongsgarden, og bad først om å få vere i kjøkkenet og bere vatn og ved til kokka.

Men så spurde kokkejenta: "Korfor har du den stygge parykken? Ta av deg den, eg vil ikkje vite av nokon så stygg her inne."

"Det kan eg ikkje" svara guten, "Eg må ha den til å dekkje hovudet."

"Tenkjer du eg vil ha deg her ved maten når du er slik då?" sa kokka; "gå ned til stallmeisteren, du passar best til å gå og moke i stallen."

Men då stallmeisteren bad han ta av parykken, fekk han same svara, og så ville ikkje han heller ha han; "du kan gå til hagemeisteren," sa han, "du passar best til å gå og grave i jorda."

Hos hagemeisteren fekk han lov å bli. Men ingen av dei andre tenarane ville liggje i hus med han; derfor måtte han sove for seg sjølv under trappa til lysthuset; det stod på stolpar og hadde ei høg trapp. Under den fekk han litt mose til seng, og der låg han så godt han kunne.

Då han hadde vore på kongsgarden ei tid, hende det ein morgon i det same sola rann, at guten hadde teke av seg lavparykken og stod og vaska seg; og då var han så vakker at det var ei lyst å sjå.

Prinsessa såg den vakre hageguten oppe frå vindauget sitt og syntest ho aldri hadde sett nokon så vakker. Ho spurde då hagemeisteren korfor han låg ute under trappa.

"Å, ingen av dei andre tenarane vil liggje med han," sa hagemeisteren.

"La han kome opp i kveld og liggje ved døra inne på kammerset mitt, så skal dei vel ikkje halde seg for gode til å la han liggje i hus med seg sia," sa prinsessa.

Hagemeisteren sa det til guten.

"Meiner du eg skal gjere det," sa guten; "så ville dei seie at det var noko mellom meg og kongsdottera."

"Ja du har grunn til å vere redd for det du," svara hagemeisteren, "du som er så vakker!"

"Ja ja, når du seier det, så får eg vel gjere det," sa guten.

Då han skulle oppetter trappene om kvelden, trampa og slampa han slik i veg at dei måtte be han gå sakte så ikkje kongen skulle høyre det. Han kom inn og la seg, og begynte straks å snorksove. Så sa prinsessa til terna si: "List deg bort og ta av han lavparykken," og det gjorde ho. Men i det same ho ville nappe den, heldt han på den med begge hender og sa at den fekk ho slett ikkje. Dermed la han seg til å snorke igjen. Prinsessa gav terna eit vink igjen, og så fekk ho nappa av parykken; då låg guten der så herleg og raud og kvit som prinsessa hadde sett han i morgonsola. Sia låg guten kvar natt oppe på rommet hos prinsessa.

Men det varte ikkje lenge før kongen fekk høyre at hageguten låg i kammerset hos prinsessa kvar natt, og så blei han så harm at han nær hadde teke livet av guten. Det gjorde han no ikkje likevel, men kasta han i fangetårnet, og dottera si stengde han inne på kammerset så ho aldri fekk lov å kome ut, verken natt eller dag. Alt ho gret og bad for seg og guten, så hjelpte det ikkje. Kongen blei enda harmare ved det.

Ei tid etter blei det ufred og krig i landet, og kongen måtte ruste seg mot ein annan konge som ville ta riket frå han. Då guten høyrde det, bad han fangevaktaren gå til kongen for seg og be om rustning og sverd og lov til å vere med i krigen. Alle dei andre lo då fangevaktaren kom med ærendet sitt, og bad kongen at han måtte få noko gammalt skrammel å ha på seg så dei kunne få den moroa å sjå slik ein stakkar vere med i krigen. Det fekk han, og dertil ein gammal skarve-øyk som hinka på tre bein; det fjerde drog den etter seg.

Så drog dei då ut mot fienden; men dei var ikkje komne langt bort frå kongsgarden før guten blei sitjande fast i ei myr med øyken sin. Der sat han og hakka og nikka: "Hei, vil du opp! Hei, vil du opp!" sa han til gampen. Det hadde alle dei andre stor moro av, og lo og gjorde narr av guten mens dei rei forbi. Men aldri før var dei borte, så sprang han til linda, tok på seg rustninga og rista på bekslet. Straks kom hesten og sa: "Gjer du ditt beste, så skal eg gjere mitt!"

Då guten kom etter, var slaget alt i gang, og kongen var i ei lei knipe; men aller best det var, hadde guten jaga fienden lang veg. Kongen og folket hans undrast mykje på kven det kunne vere som kom og hjelpte dei, men ingen kom han så nær at han fekk tala til han, og då slaget var slutt, var han borte. Då dei drog attende, sat guten enda i myra og hakka og nikka på den trebeinte øyken. Då lo dei att. "Nei sjå berre, der sit den kløna enda," sa dei.

Den andre dagen dei drog ut, sat guten der enda. Dei lo igjen og gjorde narr av han, men aldri før hadde dei ridd forbi, så sprang guten til linda, og alt gjekk som førre dagen. Alle undrast dei på kva det var for ei fremmend kjempe som hadde hjelpt dei; men ingen kom så nær at han kunne få talt til han; og det var no ingen som gjetta det var guten.

Då dei drog heim om kvelden og såg guten sitje på gampen enda, lo dei han ut, og éin skaut ei pil etter han og trefte i beinet. Guten til å skrike og bere seg så det var stygt å høyre. Så kasta kongen lommetørklet sitt til han for at han skulle knyte det omkring.

Då dei drog ut att tredje morgonen, sat guten igjen i myra. "Hei, vil du opp! Hei vil du opp!" skreik han til øyken.

" Nei nei! Han kjem til å sitje der til han svelt i hel," sa folka til kongens mens dei rei forbi, og så lo dei av han så dei var ferdige til å falle av hestane.

Ikkje før var dei borte, så sprang han til linda att, og kom etter til slaget nettopp som det gjaldt. Den dagen drap han den andre kongen, og så var det slutt på krigen med det same.

Då slaget var ute, fekk kongen sjå lommetørklet sitt, som den fremmende kjempa hadde om beinet, og då hadde han lett for å kjenne han. Så tok dei han mellom seg til kongsgarden. Prinsessa såg han oppe frå vindauget, og blei så glad at du aldri kan tru det: "Der kjem kjærasten min også!" sa ho. Så kom smurningshornet fram; først smurde han seg sjølv på beinet, og sia alle dei såra, og så blei dei alle saman gode på augeblinken.

Då fekk han kongsdottera til ekte. Men då han kom ned i stallen til hesten den dagen bryllaupet skulle stå, stod den der så stur og hang med øyra og ville slett ikkje ete. Då den unge kongen - for då var han blitt konge og hadde fått halve riket - talde til han og spurde kva som feilte han, sa hesten: "No skal du ta sverdet og hogge hovudet av meg!"

"Nei, det vil eg slett ikkje," sa den nye kongen; "men du skal få alt du vil ha, og stå på stas støtt."

"Ja, gjer du ikkje som eg seier, skal eg nok vite å få livet av deg," sa hesten.

Så måtte då kongen gjere det; men då han lyfte sverdet og skulle hogge til, var han så ille ved at han måtte snu fjeset vekk, for han orka ikkje å sjå hogget; men aldri før hadde han hogt av hovudet, så stod den vakraste prinsen der hesten hadde stått.

"Kor i all verda kom du frå?" spurde kongen.

"Det var eg som var hest," svara prinsen. "Før var eg konge i same landet som den kongen du drap i slaget i går. Det var han som kasta trollham på meg og selde meg til trollet. Sia han no er drepen, så får eg riket mitt att, og du og eg blir grannekongar. Men vi skal nok aldri føre krig med kvarandre."

Og det gjorde dei ikkje heller. Dei var venner så lenge dei levde, og den eine kom titt og ofte og besøkte den andre.

OPP


Jutulen og Johannes Blessom

OVER VÅGE prestegard lyfter det seg ein furekrona ås eller eit lite berg med kløfter og steile vegger. Det er Jutulberget, som Storm har vigd ein song til. Ved eit spel av naturen syner det seg ein port i ein av dei glatte veggene til berget. Står ein på brua over den viltre Finna eller på engene på den andre sida og ser denne porten over dei svevande girlandera og det yppige lauvverket til hengebjørkene og tek innbillingskrafta ein smule til hjelp, formar den seg til ein dobbeltport, ovantil sameint ved ein gotisk spissboge. Gamle, kvitstamma bjørker står som søyler på begge sider. Men dei høge toppane deira når ikkje dit bogen tek til, og gjekk porten berre ei kyrkjelengde inn, kunne Våge kyrkje stå under spissbogen med tak og tårn. Det er ikkje noka vanleg dør eller nokon vanlig port. Det er inngangen til jutulpalasset. Det er "Jutulsporten", ein uhyre portal, som det største troll med femten hovud makeleg kan gå igjennom utan å bøye nakken. Når nokon i gamle dagar, då det var meir samkvem mellom menneske og troll, ville låne hos jutulen eller tale med han i andre forretningar, var det skikk å kaste ein stein i porten og seie: "Lat opp, jutul!"

For eit par år sia kom eg ein ettermiddag til prestegarden for å avleggje eit besøk. Familien var på setra. Det var ingen heime utan ein gammal døl, som på oppmoding frå meg følgde meg opp til Jutulsporten. Vi banka på, men det kom ingen og lukka opp. Det undra meg heller ikkje at jutulen ikkje ville ta imot oss eller at han no på sine gamle dagar så sjeldan gir audiens; for skal ein dømme etter dei mange spora av steinkast i porten har han vore overlag brydd med besøk.

"Ein av dei siste som såg han," fortalde omvisaren min, "det var Johannes Sørigarden frå Blessom, grannegarden til prestegarden. Men han ønskte visst han aldri hadde sett han," la han til.

"Denne Johannes Blessom var nede i København og skulle ha retten sin i ein prosess, for her i landet var det ingen rett å få ved dei tidene. Og når ein ville ha retten sin, var det ikkje noka anna råd enn å reise dit ned. Det hadde Blessommen gjort, og det gjorde sonen hans etter han også, for han hadde også ein prosess. Så var det om julekvelden. Johannes hadde snakka med storkarane og gjort frå seg, og han gjekk på gata og var stur, for han var huga heim. Rett som han gjekk, strauk der forbi ein vågeværing i kvit kofte med taskelokk og knappar som sølvdalarar. Det var ein stor, svær mann. Johannes syntest han skulle kjenne han også, men han gjekk så fort.

"Du går fort du," sa Johannes.

"Ja, eg får nok skunde meg," svara mannen, "for eg skal til Vågå i kveld."

"Ja, gi eg kunne kome dit eg også," sa han Johannes.

"Du kan få stå på med meg," sa mannen, "for eg har ein hest som trør tolv steg i mila."

Dei reiste, og Blessommen hadde nok med å halde seg på meiane, for det gjekk gjennom vêr og vind så han verken kunne sjå himmel eller jord.

Ein stad var dei nede og kvilte. Kor det var, kunne han ikkje skjøne, før med det same dei sette av stad att og han syntest han så eit daudinghovud på ein stake der. Då dei var komne eit stykke på vegen, tok Johannes Blessom til å fryse.

IMAGE

"Uff, eg gløymde att den eine votten min der vi kvilte; no frys eg på neven," sa han.

"Du lyt tole det, Blessommen," sa mannen, "for no er det ikkje langt att til Vågå, og der vi kvilte var halvvegs."

Før dei kom til Finnebrua, stansa mannen ved Sandbuvollen og sette Johannes av.

"No har du ikkje langt heim," sa han, "og no skal du love meg det at du ikkje ser deg attende om du høyrer nokon dur eller ser noko lysskinn."

Det lovde Johannes og takka for skyssen. Mannen køyrde vegen sin over Finnebrua, og Johannes tok oppover bakken til Blessomgardene. Men rett som det var, høyrde han ein dur i Jutulsberget, og med eitt blei det så lyst på vegen framfor han at han syntest han kunne ha sett å ta opp ei nål. Han kom ikkje i hug det han hadde lovd, men dreide på hovudet og skulle sjå kva det var. Då stod Jutulsporten på vid vegg, og det skein og lyste ut gjennom den som av mange tusen lys. Midt i opninga såg han jutulen, og det var mannen han hadde stått på med. Men frå den tida sat hovudet på skakke på Johannes Blessom, og slik var han så lenge han levde."

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2007–2009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]