Norsk del, Gullvekta
Herøy lokalhistorie
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

nn
Herøy er ei øykommune på Sunnmøre, med Fosnavåg som administrasjonssenter

Kopparstad-garden er markert med ein raud trekant nær Kvalsund på kartet. Kopparstad krins grensar til Kvalsund krins i aust og Kvalsvik krins i nord. I nærleiken av Kopparstad gard kan det ha blitt funne ein skatt - Det er nokre segner om den skatten.

På farmorsida vår går ei slektlinje til garden Kopperstad på Nerlandsøy i Herøy kommune. . Margrete Pedersdotter Kopperstad gifta seg i 1760 med Knut Olson Vågen (1739-1803), som dreiv bruk nummer 8, Vågen mellom 1761 og 1795 i det som no er nabokommunen Sande. Dei fekk fem barn i lag. Det tredje barnet i rekka, Guri (f. 1765), er i slektsrekka vår.

HERØY er ein kyst- og øykommune sørvest for Ålesund. Første ledd i ordet Herøy kan vere det norrøne herr, med tydinga skipaherr, 'samlingsplass for flåten'.

Herøy grensar i sørvest mot Sande, har Sunnmørsalpane som bakgrunn og storhavet som næraste nabo. Sju av dei åtte øyene i kommunen er knytte saman med bruer. Øyene: Bergsøya, Leinøya, Nerlandsøya, Remøya, Runde og den nordaustlege delen av Gurskøya, som dekker mest landareal.

Herøy har mykje sjøareal, øyer, holmar, og villmarksprega fjellandskap. Landskapet vekslar mellom myrete flater og skoglause, ganske nakne åsar og fjell av gneis. Farvatnet i Herøy er svært ureint. Nett her kan både fastbuande og turist oppleve sjø- og båtliv, fjøre- og strandliv og skogs- og fjelliv.

Herøy har rundt 8 700 innbyggarar. Fosnavåg er kommunesenteret. Jordbruksarealet i Herøy er ganske lite, bruka små, og dei blir ofte drivne i kombinasjon med andre yrke. Herøy har eit variert næringsliv og er ein av dei viktigaste fiskerikommunane i fylket med stort fiskemottak og fleire fiskeoppdrettsanlegg.

Herøya har hatt ein bra plass i regionen i over 1000 år. Her var tingstad med gildestove i mellomalderen, kyrkjestad frå ca. 1100 til 1916, prestegard fram til 1761 og handelsstad frå 1700-talet til 1916. Kystmuseet på Herøya av i dag er den gamle handelsstaden slik han voks fram på 1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar.

Kvalsundbåten. Kvalsundbåten, som blei funnen på Nerlandsøya i 1920, fortener omtale. Båten er frå merovingtida, tidsepoken som leidde fram til vikingtida. Og Kvalsundbåten laut folk ro, til skilnad frå vikingskip, som var havgåande fartøy med segl.

Originaldelane til Kvalsundbåten er karbondaterte (C-14-datert) tilbake til 690. Desse delane er utstilt i Bergen Sjøfartsmuseum. Ein rekonstruksjon av det største skipet er på Sunnmøre Museum i Borgundgavlen, og ein rekonstruksjon av den minste båten er på det lokale museet på Herøya.

Kvalsundbåt-kontur.
Forma på Kvalsundbåten i grove drag

Den minste båten er ein færing, 9.56 m lang og 1.50 m brei. Båten har 5 bordgangar, øvste bord er av furu og dei andre av eik. Breidda på eikeborda er 18 til 25 cm og største breidd på furubordet 17 cm. "Dette bordet smalnar mot stamnane og sluttar om lag 1 m frå kvar stamn. Borda er 16 mm på det tjukkaste, mot stamnane berre 10 mm." Dei er klinka i hop med jernsaum. "Øvste bord har ein profil i overkant, arbeidd ut av same bordet. Banda er av fure, og festa til borda med trenaglar."

Den store båten er 18 m lang, 3.20 m brei og 0.78 m djup og har hatt 10 årepar. Stil og byggemåte er om lag som på den minste båten. Kjøl, stamnar og kledning er av eik. Band, ripbord, æsing og årar av fure. Borda er opp til 30 cm breie, 25 mm tjukke og 15 mm tjukke mot stamnane. Her har banda vore nagla eller surra til borda, så båten blei mjuk i sjøen. Styret på høgre sida akterut var av furu.

Sunnmørsjekt. Ein rekonstruksjon av ei sunnmørsjekt frå 1700-talet er også med i samlinga på Herøy Kystmuseum. Gamle jektebord og band blei funne på ein gammal handelsstad i Ulstein kommune. - Ein trur på Herøy at dei stamma frå ei bondejekt som tilhøyrde Hans Olson Ytre-Dimmen i Ulstein, og det er godt mogeleg. Båtbyggaren Saxe Bjørkedal målte opp borda og laga modell og teikningar som profesor dr. philos. Arne Emil Christensen utfylte. Herøy kystmuseum fekk så bygd ei jekt i full målestokk vinteren 1999/2000, og kalla ho "Anna Olava". Jekta kan leigast til arrangement.

Runde og Rundefunnet

Runde er kjent for rikt fugleliv, med over 240 registrerte artar og eit fuglefjell som lokkar mange. Fuglefjellet er det sørlegaste i Noreg.

Ved Runde fann tre sportsdykkarar i 1972 mange gull- og sølvmyntar på sjøbotnen ved Runde. Myntane stamma frå eit skip som gjekk ned utanfor Runde i 1725. Skipet var den nederlandske austindiafararen "Akerendam", med om lag 60 000 gull- og sølvmyntar om bord.

I 1972 blei så 5400 gullmyntar og 33 300 sølvmyntar funne på sjøbotnen, og i 1973 blei enda 1200 gullmyntar og 16 500 sølvmynter funne. "Akerendam" hadde hatt ein pengelast på vel 230 000 floriner. Fjorten pengekister om bord gjekk ned.

Av funnet i 1972 fekk finnarane 75 prosent, den norske staten 15 prosent og den nederlandske staten 10 prosent. Funnet frå 1973 blei delt likt mellom finnarane og den norske staten. I 1978 ble det meste av Rundefunnet selt på auksjon i Zürich.

Div.

Kopperstad

Kopperstad er gard nr. 3 i Herøy. Gardsnamnet har blitt skrive Koberstad, Koepperstad, Kaaberstad, Kaapperstad og Koperstad, og blir uttalt Koparstat. Tydinga er uviss. Kanskje namnet blei uttalt med lang o i gammal tid, og i så fall kan tydast ut ifrå eit gammalnorsk ord for gløse, stirre. Namnet er opphavleg knytt til øvre del av garden, der det er ope utsyn innetter Herøyfjorden, søretter Sandsfjorden og ut til havs. {s 28]

Koparstad er vestlegaste garden på sørsida av Nerlandsøy. I aust grensar garden til Kvalsund. Det går veg nordover Kvalsund og Teige til Kvalsvik. Garden høyrer til Nerlandsøy krins, telefonstasjon og postopneri.

Oldfunn: På Litleberget, ein hammar omlag hundre meter frå sjøen, er det ein gravhaug som er ti meter i tverrmål og ein meter høg. Haugen skal ha blitt utgraven før 1817, og det skal ha blitt funne ein koparkjel, eit sverd og somt anna som no er bortkomme.

Segner

Omkring gravfunnet på Litleberg-hammaren (ovanfor) har det vakse fram nokre segner om den store "skatten" som blei funnen:

Ein versjon fortel: Mannen som fann skatten, såg først eit lys over staden der skatten låg nedgraven. Han var då på sjøferd, og rodde utmed land i morgonskyminga saman med nokre andre. Han sa no han var sjuk, så dei måtte sette han i land. Og då dei hine var farne sin veg, gjekk han og grov fram skatten.

Ein annan versjon seier at mannen som gjorde funnet, stod og braut jord saman med drengen. Då kom han ned på noko som klang så merkeleg. Han slutta med arbeidet for den dagen og gav drengen fri. Om natta gjekk han ut og grov aleine, og då grov han fram fleire koparkjelar, den eine oppi den andre, og ein stor kjel var kvelvd over. Minste kjelen var full av sølvsaker. Der var mellom anna eit brurepynt med eit støylebelte, mynt, ei sølvskei med årstalet 1778, ei knappeform, tinntallerknar og så vidare. Knappeforma kom til Nerøy, og Isak I. Nærø hadde knappar som han sa var støypte i den forma. Brudepyntet skal finnast på Koparstad enno, seiest det (i 1961).

Mads Kopperstad (bruk nr. 7) fortalde til Elias Bratshaug kring 1920 at det var ei grav som blei tatt opp av Knut Jonson Kopperstad (bnr. 5). Ho låg ovanfor Pilhamaren. Der var det sett ned steinar i ein rund ring så stor som "den breiaste køyreveg" (om lag 4 meter) i tverrmål. Av og til, helst rundt juletider når del var månemørkt, hadde folket på garden sett ein lysstråle over grava. Knut fekk med seg nokre gutar og gav seg til å kaste opp grava. Då dei hadde grave ei stund, merka Knut at det skalv og rista i grunnen. Då verka det brått som han blei sjuk, og han sa til gutane at det var best å la gravinga vere. Men om natta gjekk han ut att og grov, og då fann han ein koparkjel full av mange slags mynt.

Rikaste bonden. Mads fortalde også om ein stein i samband med dette funnet: Så lenge den steinen fekk ligge i ro, skulle det ikkje bli fattigdom på Koparstad.

Det er uvisst kva samanheng det kan vere mellom funnet og dei sakene som skal skrive seg frå det. Eitt er likevel sikkert: Knut Jonson var rikaste bonden i Herøy i si tid, svært rik til bonde å vere. Han åtte fleire gardpartar både i Herøy og andre stadar. Ved ymse høve synte han at han ikkje mangla kontantar. Då prestegarden blei reparert i 1793, la han ut heile kostnaden som alllmugen skulle betale, ein sum på 400 riksdalar ...

Om funn er elles å nemne at dei har funne nokre små kvernsteinar på Koparstad i seinare tid.

Tilhøve. Garden Kopparstad ligg etter måten lagleg til for dyrking og har god jord. Garden plar få modent korn. Frå uåret 1812 blir det også fortalt at Koparstad var ein av dei få gardane i distriktet som fekk fram modent korn. I 1658 fødde garden i alt 2 hestar, 1 okse, 22 kyr, 17 geiter, 30 sauer.

I 1865 hadde garden 105 mål (dekar) dyrka mark. Dei sådde bygg, halvbygg, havre og poteter, og fekk i fem-seks-fald mot. bygg og halvbygg, godt 4 1/2 gong med havre og knapt fem gonger så mykje poteter. Det året var det 6 hestar, 55 kyr, 135 sauer, 30 geiter og 5 grisar på garden.

Tilhøva har vore kjekke for havfiske, laksefiske, tare og mold, og foss.Tarefjøra var høgt verdsett i eldre tid. Taren blei brukt til gjødsel, og tarebrenning dreiv dei mykje med den tid slikt noko var brukande næring. Garden hadde to elver, og i elvene hadde dei to små kverner, står det frå 1723. Seinare blei det fleire kverner.

Garden har langgrunn fjøre og inga hamn for større båtar. Dekksbåtane deira ligg ved Kvalsund, som er grannegarden i aust.

[Rabben 1979, s. 28-33, passim]

Brukarar på Koparstad, gard nummer 3, bruk nummer 3

Brukar mellom 1683-1710: Peder Knutson, født 1654#8211;1740.

Det fjerde barnet blei Margrete (1733–96). Ho blei gift i 1760 med Knut Olson Vågen, (busett i Sande). Dei er direkte anar i vår familie.

Peder brukte 4 1/2 mellag. Han er nemnd som lagrettemann {s 36] mellom 1695 og 1717. Han døydde i 1740, men er nemnd som brukar også i matrikkelen 1742. Kona hans var død føre han. Første barnet, sonen Knut (1727#8211;63), blei neste brukar mellom 1740 og 1763. Knut blei gift i 1755 med Siri Rasmusdotter Kragset, Sande. Ho døydde i 1801.

[Jf. Rabben 1979, s. 36-37. Utdrag.]

Innhald


Her&oslashy med Kopperstad, Rundefunnet, litteratur  

Herøy Kystmuseum. "Kvalsundbåten." Herøy gard, Tjørvåg.
www.heroykystmuseum.no/?cid=10#cid=10

Løset, Jørn Olav. "Kvalsundskipet." Vikingship.com, 2004.
home.online.no/~joeolavl/viking/kvalsundskipet.htm

Myklebust, Olav, red. Sandesoga, band 1: Gard og ætt. Larsnes: Sande sogeboknemnd, 1994.

Rabben, Bjarne. Herøyboka: Gardar og folk I. 2. opplaget. Volda: Herøy sogelag, 1979.

Her&oslashy med Kopperstad, Rundefunnet, opp Seksjon Sett Neste

Her&oslashy med Kopperstad, Rundefunnet BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]