Norsk del, Gullvekta
Frå Jemtland
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Jemtland

Jemtland og Herjedalen (svensk: Jämtland och Härjedalen) er to landskap i Sverige. Før 1645 høyrde dei ei tid til Trondheims len i Danmark-Noreg. Dei grensar i dag til Trøndelag, og begge ligg i Jämtlands län (fylke). Hovudbyen i Jemtland er Östersund, og hovudbyen i Herjedalen er Sveg. Distrikta blir dominerte av skog og fjell. Jemtland er det nest største landskapet i Sverige etter Lappland. Her ligg også Storsjøen, den femte største innsjøen i Sverige. Museet i Østersund har tatt vare på ei diger glefsefelle dei sette ut etter sjøormen i Storsjöen, Storsjöodjuret.

Striden om Storsjöodjuret

Storsjöodjuret skal ha blitt observert frå gammalt av. Observasjonar er dokumenterte frå 1635 og utover. Mange observasjonar av fenomenet blei gjort frå 1800-talet og utover, for det meste om sommaren og spesielt i hundedagane (23. juli til 23. august). Dei fleste observasjonane har komme frå dei sørlege og austlege delane av vatnet.

I 1894 blei det skipa eit selskap som skulle få fanga udyret. Både Oscar II, som då var konge i Sverige, og Östersund kommune ytte økonomisk stønad til innkjøp av ei spesialkonstruert saks, som no er utstilt på Jämtlands Läns Museum. Som agn blei det nytta ein smågris, men udyret gjekk ikkje i saksa.

I 1986 la länsstyrelsen i Jämtlands län ned forbod mot å "döda, skada, fånga levande djur av arten Storsjöodjuret" og mot å "borttaga eller skada Storsjöodjurets ägg, rom eller bo". [Kungörelse om fridlysning av Storsjöodjuret inom Storsjön (i centrala Jämtland), Jämtlands läns författningssamling, Länsstyrelsen, 22/1-1986.]

I 2000 blei det bygd spesielle utsynssplassar rundt Storsjön der folk meinte udyret kunne tenkast å vise seg.

I 2002 søkte ein privatperson om dispensasjon frå forbodet mot å samle storsjöudyregg, men miljødomstolen synte til at länsstyrelsen si freding hadde vore usakleg og at det var i strid med lova å frede ein "vetenskapligt icke verifierad djurart".

I 2005 slutta justitieombudsmannen seg til miljødomstolen si avgjerd og kunngjorde at fredinga av storsjöodjuret ikkje kunne oppretthaldast.

Tidleg i 2006 handsama länstyrelsen lova på nytt og oppheva fredinga frå 1986. Det har kanskje ikkje hatt så mykje å seie på det praktiske plan.

[Tilfang frå "Storsjöodjuret" i svensk Wikipedia].

"Man strides ei om bagateller"

Jemtland og Herjedalen var i lange tider grenseområde mellom Noreg og Sverige. Sidan sist på 1100-talet låg området under den norske kongen, men som kyrkjeprovins låg det under den svenske erkebiskopen i Uppsala. I 1570 blei Jemtland norsk, også kyrkjeleg, og overført til den norske erkebispen i Trondheim.

Ved freden i Brömsebro i 1645 - ein fred Noreg aldri godtok - fekk Sverige Jemtland og Herjedalen frå Danmarks side. Noko norsk krav om å få tilbake Jemtland, Herjedalen og andre norske område, som Bohuslen, har ikke komme frå noka regjering etter 1814. Men folket i området har mange kulturelle likskaper med folket på norsk side av grensa. Det lokale språket Jamtska (eller Jamska), har mange likskapar med norske dialekter og gammalnorsk. Snorres kongesoger fortel at traktene blei bygde av nordmenn som flykta frå Harald Hårfagre sitt hardstyre, så det er nok ikkje så underleg at somt verkar "norskeleg" i Jemtland - som altså var norsk område i mange hundreår på fleire vis.

Ingrid Monsdotter

Etter éi kjelde kjem ei av formødrene våre, Ingrid Monsdotter (Gyldenaar?) frå Jemtland, og så langt tilbake at det er eit norsk Jemtland det er tale om. Ho var gift med den danskfødte borgarmeisteren i Oslo, Antonius Knudsen (f. ca. 1550, d. 1614 i Oslo). Antonius var borgarmeister der då det budde kanskje eit par tusen menneske i Oslo, Noreg var lydrike under Danmark og Bergen var største byen i Skandinavia. I Sverige rådde Kong Gustav Adolf og Oxenstierna som hærtok Jemtland og Herjedalen frå Noreg.

Ingrid i slekta. Når det gjeld Ingrid (alias Inger), er det elles ulike meiningar om kor ho kom ifrå. Lars E. Øyane har landa på at det var Jemtland, så eg tenker eg følger han her.

[Jf. Lars E. Øyane. Luster gards- og ættesoge, bd 1, s 420]

Skanke-slekt

Gamle kjelder fortel at Maren Pedersdotter Skanke, som seiast å ha vore dama til den siste norske erkebispen, Olav Engelbrektson, var frå norsk Jemtland, og at sonen deira, Engelbrekt, budde der. Ei av kjeldene fordel dei var gifte. Eg gir att og viser til nokre hovudspor. Ein del er uklart og uavklara til no:

1. Spor til norsk Jemtland i likpreika til Maren Jørgensdotter Staur. Maren Jørgensdotter Staur (1606-85) "frå Trondheim" [len] blei gift med Karsten Jonsson Randall frå Bergen. Paret busette seg på Førde-garden i Volda. [Busetnadssoga for Volda, band 3, s 274-76]. Etter Maren finst ei anetavle. Her er ho: [Marens anetavle]. Mor til Maren var dotter til den danske adelsmannen Hans Ovesen Lunov frå Jylland. Hans eigde mykje i Nidaros-distriktet, så som gardane Lade, Ringve, Devle og Bakke klostergods, i Trondheim, og gardane Moldtun, Lille-Rein og Storfosna blant andre. Faren til Maren,

Hans Ovensen Rød var gift med Maren Engelbrektsdotter Rustung, født kring 1555. Ho var dotter av Engelbrekt (Embret) Olavsson (ca.1520 -) og Birgitte Hansdotter Gaas. (Maren var ei sonedatter av den siste katolske erkebispen i Noreg, Olav Engelbrektsson (ca. 1480 - 1538) og dotterdotter av Hans Gaas (1549 - 1578), den andre i rekka av lutherske bispar i Trondheim)

Det skriv Terje Sørensen (2014) under "Storfosen gods og gard". Det kjem frå dette likpreiketilfanget som Tore Vigerust har lagt ut på nettet:

Hendis Moder war Erlig oc Welbr: Frue fru Maren Engelbrechtsdatter Rustung af Moltun, som for hendis Forfædres forßeelße schyldigien var Adlet af Kong Christ: den 4de. Hendis Morfader var Erlig oc Welbr: Mand Engebrecht Ollufßøn til Dalhammer i Jempteland. Hendis Mormoder war Erlig oc Welbr: Frue, fru Birgitte Gaas til Molleberg. Hendis Morfaders Fader war Erlig oc Welbr: Hæderlig oc Høylærde Mand Mester Olluff Engelbrechtßøn til Wiig den sidste Catholiske Ærchebiscop udj Trondhiemb, hand wndvigte Riget, hand war Welb: Engelbrecht Erichßøn Rustung til Helle, oc Welbr: Fru Margrette Oeden datter af Biercheland, en Bißpedatter af Stavanger af huad Slegt ved ieg iche, deris søn. Hendis Morfaders Moder var Erlig oc Welbr: Frue, fru Maren Skanche, som war Welbr: Peder Skanche til Andviggaard udj Jempteland, oc Welbr: Magdalena Maaneschiold af Riiße i Sverrige deris daatter'. [1]

Marens likpreike (eit gammalt dokument) setter altså opp at Olav var far, og fortel kva sonen heitte, og ei sonedotter.

Terje Sørensen fortel også eine dottera til Hans Ovesen, Øllegård Hansdotter Rød ( -1616), blei gift med lagmann Jørgen Henriksen Staur. Dei er foreldra til Maren Jørgensdotter Staur.

2. Slektskap stadfesta i ei kallsbok i Hjørundfjord. Historikaren Bjørn Jonsson Dale høyrer med til dei som meiner det er godt mogeleg at den siste norske erkebispen var far, og fann indikasjonar på enkelte forhold rundt det også i ei offisiell kjelde: På Sunnmøre har det heitt at kona til presten i Hjørundfjord, Jørgen Hansson Ribber (ca. 1550–1630) var gift med Karen eller Kassi Engelbrektsdatter. Ho var sonedotter av Olav Engelbrektsson, står det i ei kallsbok som Dale fekk tak i. "I kallsboka" ville seie "offisielt til alvorleg" før. Og offiselle kjelder har jamt over tyngde som historisk dokumentasjon. [Jf. Arkivverket: "[#23712] Erkebiskop Olav Engelbrektson". Innlegg nr. 4, av Bjørn Jonson Dale, frå 28. august 2004.]

Så det finst altså kjelder. Og det fanst mange verre ting enn ekteskap og farskap for ein erkebisp før Reformasjonen på 1500-talet. I fleire hundreår før denne store omveltinga var det ikkje heilt uvanleg at katolske geistlege med høg rang og stor makt gifta seg og/eller fekk barn. Finn Oldervik:

I si bok om 'Ekteskap, frillelevnad og hor i norsk mellomalder' gjev Inger Holtan (1996) uttrykk for at det på ingen måte var uvanleg at biskopar og prestar held seg med friller og at slikt frillehald langt på veg var akseptert i det norske samfunnet på den tida. At den katolske kyrkja krevde eit liv i sølibat er ei anna sak. [◦Kjelda: Innlegg 754]

Og vidare skriv han: "Ymse . . . tyder på at både reglane om sølibat og reglane om ekteskap i forbodne ledd vart temmeleg lemfeldig handheva i åra før reformasjonen, og det er vel også ei kjend sak at mange biskopar både hadde friller og born i det katolske Noreg. Så spørs det då . . . Ein får jo inntrykk av at det gjekk an å kjøpslå om det meste når det galdt den katolske kyrkja. [Same streng, nr. 733] Inger Holtan si bok på Universitetsforlaget blei opphavleg levert som hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen, 1995.

No, Maren Skanke ser ut til å ha vore adeleg. Somme kjelder har med at ho og erkebispen var mann og kone og ikkje berre fekk barn i lag. Det fortel Roger de Robelin i boka Skanke ätten [1995:395]

Marens likpreike, oppbakkingar og avvegingar gir: Farskapen til den siste norske erkebispen verkar sannsynleg for meg. Sidan dama til Olav skal ha vore av Schanke-ætta i norsk Jemtland, og sonen deira - Engelbrekt (Embret) Olavsson (ca. 1520-) - tok seg dit, går eit spor kanskje til garden Galhamar ved Storsjön: "Når det gjelder 'Dalhammar' og Jemtland, ser det ut til å være vanskelig å finne en gård med dette neavnet [sic] i Jemtland. Det nærmeste en kommer, er gården Galhammar i Berg Sockn (Jfr. JHD I 145.) Å finne en 'Engelbregt Olavssønn' i Jemtland i denne perioden, synes også vanskelig", summerer Johan Marius Setsaas ut frå granskingar han har gjort. [◦Innlegg nr. 736]

et er mykje meir om Staur-ætta, Lunov-ætta og erkebispen, med kjelder i form av tilvisingar og lenker her: [Meir]

Roger de Robelin (1995) har med meir tilfang om Skanke-ætta i Jemtland. Skanke, Schanke, Schancke, Schanche osv.) er eit norsk slektsnamn med mange skrivemåtar. de Robelin skriv at Skankeætta er ei norsk lågadelsætt. Sitat:

Peter Skanke (eventuellt identisk med Peder Hansson, känd 1508). Hans sätesgård anges vara Andvikgård (Oviken?) i Jämtland. I Revsund sn [sokn] finns en gård Anviken som brukades 1546 av Guttorm Jensson (DN XIV:698; JJB 1546, s 226). . . . Gift m Magdalena (Ellen) Jensdtr [Maaneskiold] av Rise i hennes 1:a gifte . . . Barn: . . . 2. Maren Schanche, känd 1507-34. Morganatisk äkt. m Olof Engelbreksen till Wiig. [Roger de Robelin: Skanke ätten, side 395.]

[Morganatisk ekteskap: ekteskap mellom ein mann av fyrsteleg ætt og ei kvinne av lågare rang der kona (og barna) ikkje får arverett; ekteskap til venstre hand. Eller ekteskap mellom ei kvinne av høgare sosial stand og ein mann av lågare sosial stand. Kvinner med høg stand hadde ikkje titlar som dei kunne overføre til barna sine (sidan titlar og andre rettar mest støtt blei overført i farslinja (dvs. agnatisk) (Wikipedia, s.v. "Morganatisk ekteskap")]

Utlegginga av dette er at Olav og Maren var adelege av ulik rang, eller ein av dei var adeleg, og at dei var gifte.

Å lykkast med å stadfeste (verifisere) og "kartfeste" dei fire gardane ovanfor kan vel også bli ei utfordring for nokon frametter:

  1. Garden som Marens mormor kom frå, Orre. Johan Setsaas har funne ein Orregård i Herjedalen og ein Orregård i Jemtland. [2]
  2. Marens farsgard, Andvikgård.
  3. Morsgarden Rise - ein gard som heiter Rise ligg nær avløpet frå Storsjön. Men det finst andre Rise-gardar.
  4. Dalhammar finst visst ikkje, men Galhammar finst vest for søndre del av Storsjön.

Stadfestingane til no er usikre. To tommelreglar på tampen: "Kan inte anorna i likpredikan styrkas på annat håll, bör de sättas ifråga." Som det også heiter: "Uppgifter från dokument som likpredikningar bör kontrolleras mot andra källor." Det er to gode råd.

Innhald


Jemtland og Skankeslekta, Galhammar, litteratur  

de Robelin, Roger. Skanke ätten: Till minne av Peder Fastesen (Skanke) (1661-1733) som før 304 år sedan sommaren 1691 uppdagade Christianus quintus gruva vid Røros kopparverk. Røros: Eige forlag, 1995.

Wikipedia, s.v. "Jemtland og Herjedalen"

Øyane, Lars E. Gardssoge for Luster kommune, band 1 - Fortun sokn. Luster kommune, 1984.

Notar

  1. [#75975] Christoffer Trondssønn-Erkebiskop Olav engelbregtssons tjenestemann. Arkivverket, s. 15.
    forum.arkivverket.no/topic/161318-75975-christoffer-trondssoenn-erkebiskop-olav-engelbregtssons-tjenestemann/page-14

  2. Johan Marius Setsaas. "Orre". Anbytarforum, 12. okt. 2000.
    aforum.genealogi.se/discus/messages/576/15237.html


Jemtland og slekta, Skanke, Storsjöodjuret, Galhammar lokalhistorie, opp Seksjon Sett Neste

Jemtland og slekta, Skanke, Storsjöodjuret, Galhammar BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]