Norsk del, Gullvekta
Historier  ❀ 3
Seksjon › 66 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Flygehestar

Ein dag talte Logrin i Florø lokalradio. Han sa: "Vestlendingar, takk Herren for at han ikkje gav hestane vengar, for hadde han gitt dei det, ville dei ha vagla på husa og skorsteinane dykkar og ha fått dei til å ramle saman over hovuda på dykk."

Morgonfuglar

Far til Logrin prøvde å overtale han til å stå opp tidleg om morgonane.

"Men korfor, far?" spurde den søvnige Logrin.

"Det er ein god vane. Han kan bringe hell. Veit du, då eg gjekk ein tur ved daggry, fann eg ein sekk med gull liggande i vegen. Han kan ha falle ut av doningen til ein eller annan."

"Men sekken kunne godt ha lege der frå kvelden før", sa Logrin.

"Nei, nei. Kvelden før gjekk eg same vegen og då var det ingen sekk der."

"Vel", sa Logrin. "Då er det ikkje alle som er oppe tidleg om morgonen som er heldige. Den som mista gullet, må ha stått opp før deg." Så la han seg til å sove att.

Ettertanke

Logrin kan verke toskete, han kan klovne, og somtid vere svært klok og morosam. Til tider blir han sjølv lurt. Gjennom humor skrittar han høgare oppover i tilværet med nokon kvar.

Innhald


Lure-historier, historier, litteratur  

Lure-historier, historier opp Seksjon Sett Neste

Historier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]