Norsk del, Gullvekta
Historier  ❀ 2
Seksjon › 66 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Gullringen

Lova i landet var slik at alle som fann noko på vegen, ikkje berre kunne behalde det sjølv. Først måtte ein dra til marknaden og rope ut kva ein hadde funne, slik at eigaren kunne komme og hente det. Men dersom ingen kom etter tre slike kunngjeringar, kunne finnaren behalde funnet.

Ein dag fann Logrin ein vakker gullring i vegkanten i Klorø-byen. Han kunne tenke seg å behalde ringen, men ville ikkje bryte lova.

Midt på natta blei folk i Klorø blei vekt opp av ei høg røyst frå marknaden. "Eg har funne ein gullring i vegkanten." Ropet kom tre gongar. Søvnige folk kom til og stimla saman omkring han.

"Kva sa du, Logrin?" spurde dei.

"Vel, etter lova skal eg berre kunngjere det tre gongar, og ein får følge reglane. Så eg seier det ikkje om att," svarte Logrin. "Men eg kan seie så mykje som at eg no eig ein vakker gullring."

Forstyrringar

I eit forsamlingslokale sat det nokre og mediterte. Logrin sat der også. For ikkje å forstyrre meditasjonen for dei andre, var det som oftast ingen som snakka. Av og til vedda dei om kven som kunne sitje heile tida i lag utan å snakke. Ein slik gong utbraut ein av dei høgt: "Å nei! Eg trur eg gjekk ifrå komfyren med ei steikeplate slått på!"

Mannen ved sida av han blei skipla, og sa: "No har du brote stilla."

"Du har nettopp gjort det same," sa mannen som sat bak den andre av desse to.

Logrin lo. "Eg er den einaste som ikkje har tala her," sa han nøgd.

Helva-konfekt

Ein dag overtalte Logrin kona si til å lage helva-konfekt, for det likte han så godt. Snart hadde ho ferdig ei steikeplate med dampande varm og herleg helva og sette konfekten på eit fat framfor Logrin. Han åt mest alt. Berre litt blei att, for kona hans fekk han til å spare resten til neste dag.

Midt på natta rista Logrin kona si vaken. "Eg fekk ein overlag interessant tanke!" sa han.

"Kva?" spurde kona og gnei seg i auga.

"Verkeleg ein flott idé!" sa Logrin, nesten for seg sjølv.

"Kva?" spurde kona hans.

"Å, ikkje tenk på det. Legg deg heller til å sove igjen."

Men no var kona hans vaken og nyfiken. "Fortel meg kva det er!" insisterte ho.

"Eg skal seie det dersom du hentar resten av helva-konfekten til meg frå kjøkkenet.

Kona kom med alt som var att av det på ein asjett, og han smatta og åt det tilfreds, kvar smitt og smule, mens ho såg på. Så kunne ho ikkje halde seg lenger. "Kva var den interessante tanken din?" spurde ho.

"Eg fekk den tanken at eg skulle ete all helva-konfekten mens han enno var fersk heller enn å ete han i morgon", svarte Logrin.

Helva (halwa, halawa, o.a.): søt konfekt av semule (kveitekjernar) eller sesampasta. Det finst mange sortar helva. Ein setter gjerne smak på retten med så som grønmandel (pistasj), sjokolade, vanilje eller rosiner.

Ettertanke

Det finst mange slags humor. Humor kan underhalde og gjere det trivelegare mellom menneske. Folk har sin eigen sans for humor, og ulike grupper kan ha sine eigne former for humor. Der mykje står på spel, kan sikkert humor klype og klore, som mykje anna. Men vennleg humor betrar trivselen og helsa og forlenger livet, generelt sett. [Forskingsfunn].

Innhald


Historier, litteratur  

Lure historier, opp Seksjon Sett Neste

Historier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]