Norsk del, Gullvekta
Historier  ❀ Innleiing
Seksjon › 66 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Hodja Nasreddin

Å fortelje historier som gir vink om ganske typiske feil folk gjer, kan kanskje gagne også andre enn forteljarane som liksom flyt med det galne og fellesskapet som høyrer på og morar seg saman. Det kan vel tenkast.

På sidene her kan det komme historier frå Lilleasia og enda vidare. Dei er samla under same turban, så å seie. Turbanen høyrer til den kjente Hodja Nasreddin. Det bør ikkje komme som eit sjokk at somt kan verke litt framand likevel, endatil for ein som stammar frå Midt-Austen, for Midt-Austen er stor og vid, med ulike folk og kulturar. Det er godt mogeleg det trengst eit grann kulturell tilpassing for å verdsette historiene like godt som tyrkarar, arabarar og vennar vidt omkring.

Nedanfor står bøker der det er fleire gode historier for den som vil hente. Nokre har eg gitt att og omsett historier frå. Dei eldste historiene er mest truleg fasettar til ei gammal oppsedingsgjerning kalla sufisme. For å gjere rammeverket lettare, har eg brukt eitt namn på helten som har mange ulike namn og variantar å skilte med. På tyrkisk er det Nasrettin Hoca eller Nasreddin Hoca og Nasreddin Hodja. Han er rekna som ein verkeleg, historisk tyrkar, enda om det er uvisst nøyaktig når han levde.

NAMNET: Nasrudin, Nasruddin, Nasr ud-Din, Nasredin, Naseeruddin, Nasr Eddin, Nastradhin, Nasreddine, Nastratin, Nusrettin, Nasrettin, Nostradin, Nastradin og Nazaruddin med meir.

TITTELEN: "Hoxha", "Khwaje", "Hodja", "Hoja", "Hojja", "Hoca", "Mullah", "Mulla", "Mula", "Molla", "Efendi", "Afandi", "Ependi" "Hajji" og meir til.

FRÅ ARABISK: "Juha", "Djoha", "Djuha", "Dschuha", "Giufà", "Chotzas" og "Goha".

Skal det vere, så skal det vere. I somme kulturar nøyer dei seg med eitt av tittelnamna og droppar resten. Hodja er eit vanleg eitt, eit æresnamn på ein som folk har respekt og age for, truleg fordi han er ingen liten mystikar. Og då er han ein mystikar, eller ingen mystikar; det er eitt av to. Somme overser lett ei finurleg vending . . . Og andre overser kan hende at dei største mystikarane ikkje treng å verke mystiske i det heile, dersom gammalkinesiske Tao Te Ching har fått fram det nokså rette. Frå vers 45 går det vel fram at:

Den største gløggskapen verkar dum.
Den største ordhegda (talekunsten) liknar stamming.
[jf. Yutang 1963:54]

Då er vi vel komne fram til ein skikkeleg gløgg og talefør kar, takk vere kinesiske vise som pussig nok burde verke dumme for dei fleste . . . Vel, hodjaen er hovudperson i mange hundre forteljingar og vitsar som er kjent over Sentral-Asia, Nord-Afrika, og blant serbarar, kroatar og ungararar i Europa. I historiene opptrer han somtid som skolemeister, og somtid som noko anna. Han er blitt ein samansett figur etter kvart som tilfang er lagt til, elegant snartenkt og molbuaktig. Somtid kan han verke skrullete eller galen på somme, men det er vel fordi han er ekte og sunn og ikkje dei, kan vel tenkast . . . Jamfør den kinesiske visdomsboka ovanfor. Ho finst i bokmålsomsetting også (Holth 1989)

Nye forteljingar og vitsar har altså komme til etter kvart i ly av dei tradisjonelle, men det vesentlege er i regelen visdom formidla på humoristisk vis. Mange historier om hodjaen er moro. Men somme blir forstått på fleire nivå. Dei har fleire lag, heiter det.

"Vi skulle leite og sjå etter", er ei generell avleiing av noko Ivar Aasen skreiv i ein annan samanheng. Om vi leiter og ikkje finn noko djupare lag i ein vits, gjer det vel ikkje noko. Om vi ikkje leitar og heller ikkje finn noko, går det kanskje for det same. Men la djupare lag i hugen få fred til å arbeide med sakene. Det er gratis råd. Kan hende djupare lag er "tråkla inn" i ein vits, og kan hende ikkje. Jåleri gjer kanskje at somme liksom ser "keisarens nye klede" i form av djupare lag der det neppe går så djupt likevel. – Ein kan heller kose seg med vitsen, enkelt og greitt.

Det finst mange bøker om hodjaen enn dei eg gir data for nedanfor, og blant desse er minst to på svensk og ei til på norsk.

(Meir: Wikipedia, "Nasreddin")

Forsøksvis omplanting

Florø-trakta kan vere heimtrakta til helten, og helten kan kallast Logrin. Det er elles ingen eller færre enn fire som heiter Logrin her i landet, syner Statistisk sentralbyrå. La oss tenke oss at Logrin bur i fred og ro ved ein grusa gangveg i ein god skog langt vekke frå ølutsal. Gangvegen er ikkje bein, men gjer vel nytta som turveg opp gjennom skogen frå Andsøy og vestetter.

Vi kan seie at den mystiske læraren er einebuar som bur midt mellom einekratt, og omgitt av både bartre og lauvtre, i ei kjekk berghole 600 meter sør for Norsidevegen vestetter frå Brandsøy. Der er utsikta flott, og hola kan ha strøm frå både solpanel og vindfangar, og dessutan vindauge, dryppfritt tak, dør med lås og nøklar til. Det er langt til naboar, men turvegen langs fjellet litt sør for berghola er i bruk. Så det kan komme folk ganske nær hola og rydninga omkring ho. Men hola er ikkje lette å få auge på.

Logrin er kanskje for lærd, så lærd at han ikkje ser slik ut! der han held til ein stad ingen skulle tru at nokon ville bu. Slik får ein kan hende mistanke om at han er dugleg og skikkeleg på ein eller annan måte. Er det ikkje ofte slik eit ordtak seier, at "Det er ein tosk som ikkje kan løyne kor klok han er"?

Somme gardar ligg like ved, og andre lenger vekk. Det er ofte slik . . . Når det høver, slår han gjerne av ein prat med folk på tur i nærleiken.

Så kan vi vel ta det vidare frå der.

Innhald


Lure-historier, historier, litteratur  

Borrow, George, oms. Nasreddin Hoca. The Turkish Jester: or, The Pleasantries of Cogia Nasr Eddin Effendi. Ipswich: W. Webber, 1884. ⍽▢⍽ Han som sogene er knytte til, kan ha levd i Tyrkia på 1200-talet, men det er mange som gjer krav på han: afghanarar, iranarar, og usbekarar, mellom andre. Hovudpersonen er filosofisk og klok nok - stundom underfundig. Her er anekdotar om ein som handlar ulogisk og likevel logisk, ufornuftig og likevel forstandig, tullete og likevel gløgt, ein som verkar enkel og djup, mellom anna.

Clouston, William Alexander. The Book of Noodles: Stories of Simpletons; or, Fools and Their Follies. Popular Edition. London: Elliot Stock, 1903. ⍽▢⍽ Ei omtykt vitsebok med tullbukksoger ute i verda. Dei fleste er enkle.

Holth, Sverre, oms. Taoismens klassikere: Tao Te Ching – Chuang Tzu – Lieh Tzu. Oslo: Aschehoug/Det norske akademi for sprog og litteratur, 1989. ⍽▢⍽ Tre klassikarar frå taoismen, der fridom, zhenren, blir hylla og får mange slags utformingar.

Marcus, Aage. Den blå dragen. Oslo: Gyldendal, 1965.

Nart, Sevki. 111 historier med Nasreddin Hodja. Oslo: Cappelen, 1986. ⍽▢⍽ Ein les om andre og eigenarta tenkemåtar.

Ozcelik, Mustafa. Nasreddin Hodja: Eponym for Wit and Wisdom. New York: Blue Dome, 2011. ⍽▢⍽ Det blir fortalt meir eller mindre underfundige vitsar eller skrøner om hodjaen frå India og Russland til Marokko i sær. I boka freistar forfattaren å gi eit bilde av ein historisk person som har vore modell for blant anna skrøner som er lagt til sidan. Eit utval vitsar blir kommenterte.

Rupa and Co. The Humorous Stories of Mulla Nasrudin / the Funny Tales of Mulla Nasrudin. New Delhi: Rupa and Co., 2006.

Shah, Idries. Special Illumination: The Sufi Use of Humour. London: Octagon, 1978. ⍽▢⍽ Idries Shah (1924–96) var født i India og voks opp i England, der han skreiv over tre dusin bøker. Dei fleste har med kulturarv å gjere. Han skreiv mykje om sufiar, det er: mystikarar i Islam. Shah skreiv blant anna bøker om Mulla Nasrudin, og heldt foredrag som gjesteprofessor ved fleire universitet i Vesten.

Shah, Idries. The Book of the Book. Rev ed. London: Octagon, 1970.

Shah, Idries. The Exploits of Mulla Nasrudin. London: Octagon Press, 1983.

Shah, Idries. The Pleasantries of the Incredible Mulla Nasrudin. London: Cape, 1968.

Shah, Idries. The Subtleties of the Inimitable Mulla Nasrudin. London: Octagon Press, 1983.

Shah, Idries. The Sufis. Ney York: Doubleday, 1971.

Shah, Idries. The World of Nasrudin. London: Octagon Press, 2003.

Shah, Idries. Thinkers of the East. London: Octagon, 1982.

Shah, Idries. Wisdom of the Idiots. 2nd ed. London: Octagon, 1970.

Swan, Charles. Gesta Romanorum or, Entertaining Stories: Invented by the Monks as a Fireside Recreation, and Commonly Applied in Their Discourses from the Pulpit. New ed. by Thomas Wright, in 2 Vols. London: J. C. Hotten, 1871.

Yutang, Lin. The Wisdom of China. London: New English Library, 1963.

Lure-historier, historier opp Seksjon Sett Neste

Historier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]