Norsk del, Gullvekta
Historier  ❀ 1
Seksjon › 66 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Mista nøklar

Det var seint, og Logrin var nede på alle fire på gangvegen framfor fjellhola som var heimen hans. Det såg ut som han leitte etter noko.

"Kva er det du leiter etter?" spurde folk som gjekk forbi der.

"Eg har mista nøklane mine," svarte han. Nokre bøygde seg ned for å hjelpe han med å leite. Dei leitte og leitte, men kunne ikkje finne nøklane som var vekk.

Ein av mennene bli lei, og spurde: "Kan du seie nøyaktig kor du mista dei?"

"Inne i hola."

"Men korfor då leite her ute?"

"Det er lettare her . . . meir lys enn inne."

Tjuv i hola

Ein kveld sat Logrin ved stien utanfor den gode hola si og nytte livet. "Ho er godt uthola", tenkte han. "Ein ser ho knapt nok frå vegen nordanfor, og taket er tekt med torv. Det er gode greier."

Mens han tenkte slik, og på alt han hadde gjort for å gjere hola si god å bu i, såg han med eitt nokon som braut seg inn i hola hans gjennom eit av vindauga på vestsida. Innbrotstjuven såg ikkje Logrin der han sat i mørket.

Logrin ville ugjerne gi seg i kast med tjuven, for han var from i hjartet, han. Så han nøyde seg med å sjå på mens tjuven lasta nesten alt han eigde på ein liten lastebil og køyrde vekk på skogvegen.

Då sprang Logrin etter sykkelen sin og følgde etter tjuven som måtte kjøre sakte på den slingrande vegen. Etter litt var tjuven kommen heim til seg og tok til å last av eigedelane han hadde stole. Logrin gjekk stilt inn i huset hans og la seg under ei dyne midt i senga der.

Snart kom tjuven inn, oppdaga det var nokon under dyna, reiv dyna av, og spurde Logrin: "Kva trur du at du gjer heime hos meg?"

"Heime hos deg?" spurde Logrin. "Eg trudde du og eg hadde bytt hus?"

"Det brenn!"

Det hende Logrin var ute og reiste i distriktet. Då overnatta han gjerne i det same vettshuset ein stad, for eigaren tok støtt vel imot han. "Det er kjekt å sjå deg att og ha deg her og slå av ein prat med deg, Logrin", sa han. "Og treng du noko, er det berre å ringe etter romservice."

Midt på natta blei Logrin kjempetørst. Han såg ikkje nokon vassmugge på rommet, og ringde og ropte etter vatn, men ingen svarte og ingen kom. Slik heldt han på lenge, men fekk ingen svar. Det kjentest som strupa snørte seg saman utan vatn.

"Det brenn! Det brenn!" skreik han.

Det tok berre eit halvt minutt før halve vertshuset hadde brasa inn på rommet hans. Verten sjølv stod klar med ein stor mugge vatn å sløkke med om det berre gjekk.

"Kor brenn det, Logrin?" spurde han.

"Her!" sa Logrin og peikte inn i munnen sin.

Ettertanke

Tar ein spøk for spøk, og alvor heilt alvorleg,
har ein faktisk fatta begge delar dårleg.

- Fritt etter eit Kumbels gruk av danske Piet Hein (1905–96).

Eg arbeider med språk.
Eg liker ettertanke-blomar.

- Bernard Malamud (1914–86)

Innhald


Lure-historier, historier, litteratur  

Lure-historier, historier opp Seksjon Sett Neste

Historier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]