Norsk del, Gullvekta
Indiske fablar etter P. Raju  ❀ 1
Seksjon › 51 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Lysbilla og småkråka

Ei småkråke [1] kasta seg ein gong over ei lysbille [2] og ville ete ho.

"Nei, vent ein augeblink," sa billa, "så skal du få høyre noko det kan vere gagn i."

"Å, kva er det?" sa kråka.

"Eg er berre ei av mange lysbiller her i skogen. Vil du sjå etter fleire, så følg meg," sa lysbilla.

"Så seier vi det!" sa småkråka.

Då førde lysbilla ho til ein stad i skogen der nokre skogskarar hadde tent opp bål. Lysbilla peikte på gneistar som flaug om bålet, sa: "Det ser ut som lysbiller som varmar seg rundt bålet. Vel, no skal eg vise deg lysbiller eit stykke vekke ifrå denne staden."

Men småkråka styrta over gneistane og prøvde å svelge nokre av dei. Tunga og halsen hennar blei brent, så ho sprang vekk og skreik: "Lysbiller er nokre farlege, små skapningar!"

Ord

  1. "småkråke": kaie, ein av dei minste kråkefuglane.
  2. lysbille: Her i landet finst éi art av sjølvlysande biller, Lampyris noctiluca. Ho blir somtid kalla eldfluge og sankthansorm. Billa evnar å sende ut eit kraftig, grøngult lys ho lagar sjølv, og hoa gjer det mest. Ein kan sjå lysbilla i tidsrommet frå før jonsok og utover sommaren, men ikkje nord i landet.

Løva, hjorten og reven

Ein rev fekk auge på ein kronhjort, og sette i: "Kor mykje og godt kjøt det er i han!"

Ei løve som hadde gått lenge utan mat, luska omkring på jakt eit stykke derifrå. Reven sa til seg sjølv: "Dersom eg viser løve kor hjorten er, så får ho frukosten sin på han og lar meg får resten av kadaveret." Dermed gjekk reven bort til løva og bukka vørdsamt og sa: "Om du vil, kan eg vise deg ein hjort til middag."

"Godt!" sa løva, og følgde med reven. Men hjorten hadde fått teven av vondt i vente og sprang sin veg til ein stad han var trygg. Derifrå kunne han usett følge med på det dei to dreiv på med.

Løva fann ingen hjort, og brumma biskt til reven, "Din usling. Du lurte meg, eg som nesten er frå vettet av svolt! Du kan duge som matbit for meg likså godt som ein hjort, enda om du er noko mindre." Og med det bykste løva på reven og glefste i seg så det var nifst.

Hjorten sa: "Vonde blir no og då tatt ved sitt eige strev."

Dåhjortkalven og tigerungen

BILDE
Ung dåhjort

Ein dåhjortkalv møtte ein tigerunge, og sa: "For nokre fine striper du har!"

Den vesle tigeren sa: "For nokre fine flekkar du har!"

Så sa dåhjortkalven: "Det ville vere kjekt om du og eg kunne vere vennar i lag. Då kunne vi streife gjennom skogen som vi har lyst, og vere så lykkelege!"

"Det trur eg også", sa vesletigeren.

Dei to gnei snutane mot kvarandre og tok ein lang tur saman. Det blei tid for frukost. Dåhjortkalven såg noko fint gras på enga og sa til seg sjølv: "Ein før først sjå til at vennen får seg mat, og først deretter ete sjølv." Så vende han seg til tigeren og sa: "Vil du ha noko av dette fine graset til frukost?"

Tigeren sette nasen i graset, men kunne ikkje få seg til å beite, for det var imot naturen hans. Så han svarte: "Eg er så for det, men eg kan ikkje ete gras!"

Då sa dåhjortkalven, "La meg gå heim ein augeblink og spørje mamma om noko som passar til frukost for deg."

Dåhjortkalven gjekk heim og fortalde mor si om den lykkelege vennskapen han hadde funne, og alt som hadde hendt sidan.

Mor hans svarte: "Barn, for eit hell at du har komme unna! Tigeren er den mest døyelege fienden vi har i skogen."

Ved desse orda trykte dåhjortkalven seg tett inntil mora og dirra og skalv.

Mora sa: "Det er no eit hell å komme vekk frå dei vanskelege ved første vink!"

Løva, reven, og stjerna

Ei ung løve og ein ung rev gjekk ein gong ut saman for å gå tur i lag. Ei klar stjerne steig opp over synsranda og lyste på nattehimmelen framfor dei. Reven sa: "Å, eg skulle ønske eg kunne springe til stjerna og leike med ho!"

Løva sa: "Å, eg skulle ønske stjerna ville komme hit og leike med meg!"

Ei ugle hadde høyrd på dei frå eit tre nær ved, og sa: "Snakkemåten gir nok vink om veremåten!"

Tigeren, ulven og reven

Reven narra så ofte byttet ifrå ein ulv at ulven tok til å tenke: "Den beste måten å bli kvitt reven på, kan vere å fortelje mykje leitt og stygt om han til tigeren." Tigeren var kongen over skogen deira.

Ein fin morgon trava ulven til kongehiet og helste: "God morgon."

"Kva er nytt, min gode mann?" sa kongen.

"Å, eg har berre slikt nytt som vil gjere deg harm på den kjeltringen Mikkel. Og då trur eg det kan vere best å vere å fortelje det og skåne deg."

Dette gjorde berre tigeren ivrig etter å vite kva ulven hadde å fortelje. Han la dermed på ulven å fortelje alt Mikkel hadde gjort.

Ulven fortalde, "I går var det eit møte for alle dyra i skogen. Vi tala saman om korleis vi best skulle vise kor takksame vi er for velgjerningane dykkar overfor oss. Eg var ivrig etter å vite om det var nokon blant dei som hadde uvilje mot deg, og tok til å snakke stygt om deg til Mikkel. Han svarte med det same: 'Eg er heilt einig. Det er ingen større fæling enn kongen vår. Dess før vi blir kvitt han, dess betre.' Det sa Mikkel. Eg burde ha lagt saka fram for deg i går kveld,, men det var blitt seint, så det kunne eg ikkje gjere."

Tigeren raste og sende bod etter Mikkel der og då, sa: "Kjeltring! Du snakka stygt om meg i går, seier ulven!"

"Det gjorde eg", sa reven.

"Korfor?" sa tigeren med eit brøl.

Reven svarte straks: "Fordi den skurken der" - han peika på ulven - "tok til å baktale deg, og eg ville gjerne finne ut kor djupt det vonde i han gjekk."

Tigeren blei overraska over vendinga i saka. Han såg han ikkje kunne finne ut kven som var den skuldige av dei, og sende dei vekk med desse orda: "Det er ein skurk som snyt ein skurk best."

Reven i brønnen

Ein rev fall i ein brønn, og klamra seg fast til nokre røter ved sida av brønnen, like over vatnet. Ein ulv som gjekk forbi, såg han og sa: "Hallo Mikkel, trass alt har du falle i ein brønn!"

"Men ikkje utan føremål, og ikkje utan middel til å komme opp att", sa reven.

"Kva meiner du?" sa ulven.

"Du ser", sa reven, "det er tørke over snart heile landet no, og denne brønnen er den einaste som har vatn nok til dei tusenvis som bur her omkring. Dei heldt møte og bad meg halde vatnet ifrå å søkke lågare. Så eg held vatnet oppe til gagn for folk, eg."

"Kva får du i lønn?" spurde ulven.

"Dei vil gi meg pensjon og spare meg bryet med å gå omkring kvar dag på jakt etter mat", skrøna reven. "Og så vil dei gi meg mange andre særrettar også. Eg blir elles ikkje her nedi brønnen heile dagen. Eg har spurt ein slektning av meg om å avlaste meg av og til, for eg har lært han løyndommen med å halde oppe vatnet. Han kjem også til å få pensjon og mange særrettar. Eg ventar han hit snart."

"Å, Mikkel, kan eg få avlaste deg?" spurde ulven. "Eg vil gjerne få pensjon og mange andre særrettar, eg også. Du veit eg har det tungt og trist, i sær om vinteren."

"Ja, absolutt", sa reven. "Men du må få fatt i eit langt tau som eg kan komme opp og fire deg ned i."

Ulven skaffa eit tau. Reven kom opp og ulven blei fira ned. Reven trekte opp tauet med ein beisk latter: "Der kan du bli til dommedag, eller til mannen som eig brønnen, får opp kadaveret etter deg." Så forsvann reven derifrå.

"Å jøye meg!" sa ulven då det var for seint. "Å vere for grådig får ein svi for!"

Innhald


Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, litteratur  

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, opp Seksjon Sett Neste

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]