Norsk del, Gullvekta
Indiske fablar etter P. Raju  ❀ 2
Seksjon › 51 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Fuglar og fuglelim

Ein fuglefangar gjekk til eit tre, strøydde noko korn på marka og spreidde eit nett over. Til sist spreidde han litt kvitleg fuglelim på nettet. Så la han seg på lur på lang avstand for å sjå om han fekk lønn for strevet.

Ei mengde fuglar samla seg på trea rundt på nettet og sa: "Jøss, så mykje godt korn det er! Vi kan sjeldan håpe å komme over maken til det."

Ei ugle som var like ved, sa, "Å, men så fint å sjå det kvite i nettet og vite kva det er!"

"Kva er det?" sa dei andre fuglane.

"Det er fuglelim å fange oss med. Når limet først tar oss i famn, kan vi slutte å håpe å sleppe unna."

Fuglane forlét staden med det same, og fuglefangaren sa: "Ein flink fugl såg kva limet var til."

[Attgitt]

Fisken og ørna

Ei ørn stupte ein gong ned på ein storfisk i ein innsjø, og stakk klørne i ryggen på fisken. Fisken ville ned i vatnet, og ørna ville i vêret med han. Klørne sat fast i fisken, og ingen av dei kom seg vekk frå den hine. Fisken kalla på dei andre fiskane for å få hjelp, og ørna skreik på hjelp frå andre rovfuglar. Fuglane ville løfte ørna oppover, og kom til å bryte av vengane hennar med det. Fiskane drog vennen sin nedover og skadde han alvorleg med det. Til sist sokk både ørna og fisken hennar utmatta ned i sjøen.

Fuglar og fisk utbraut i kor: "Ingen av dei gav seg, og begge mista livet. I slike tilfelle kan vennar gjere vondt verre om dei prøver å hjelpe."

Kamelen og grisen

Ein kamel sa: "Ikkje noko kjem opp mot å vere høg og passe som eg. Sjå, kor eg ragar opp!"

Ein gris som høyrde desse orda, sa: "Ikkje noko er som å vere kort og passe som eg. Sjå kor kort og fin eg er!"

Kamelen sa: "Vel, klarer eg ikkje å prove at eg sa sant, skal eg gi slepp på puklane mine."

Grisen sa: "Klarer eg ikkje å prove at eg sa sant, skal eg gi slepp på trynet mitt."

"Avtalt!" sa kamel.

"Nettopp!" sa grisen.

Dei kom til ein hage som låg omkransa av ein mur utan opningar. Kamelen stod på utsida av muren, strekte fram den lange halsen sin, nådde plantar innanfor og forsynte seg av dei. Så vende han seg til grisen ved sida av seg. Grisen kunne ikkje ein gong sjå over muren til plantane i hagen. Kamelen sa spottande: "No, vil du vere høg eller kort?"

Så kom dei til ein hage som var omgitt av ein høg mur med ei smal grind inn gjennom muren i eine enden. Grisen brukte trynet og opna grinda, og kom seg innanfor. Då han hadde ete seg mett på grønsaker frå hagen, kom han ut og lo av kamelen som var for svær til å komme gjennom grindopninga: "No, vil du vere høg eller kort?"

No syntest dei at saka var godt nok utforska, og kom til at kamelen kunne behalde puklane sine og grisen trynet sitt, og sa det fram slik: "Høgt er godt der høgt kan duge, og kort er godt der kort kan duge."

Frosken og ormen

Ein orm og ein frosk var venner i ein dam. Ormen lærde frosken å visle, og frosken lærde ormen å kvekke. Ormen pla gøyme seg i sivet og kvekke. Froskane pla seie: "Å det er ein av oss", og komme nær. Då skaut ormen framkroppen og hovudet fram og fanga og åt alle han kunne. Frosken pla gøyme seg i sivet og visle, mens slekta hans sa: "Det er den ormen". Så heldt dei seg langt vekke, og frosken fekk dermed mykje mat for seg sjølv.

Etter noka tid fann froskane ut av lureria til ormen, og kom ikkje lenger nær han når han kvekka. Frå då av fann ikkje ormen froskar å ete. Men etter ei tid greip han froskevennen sin for å sluke han.

Frosken sa då det var for seint, "Ved å bli vennen din, mista eg å kontakt med slekta mi, og no mistar eg livet også. Ein uhøveleg venn kan lett bli ei tung byrde."

Dyras samkomme

Dyra samla seg ein gong i ein stor flokk i og rundt eit tre. Løva sa: "Sjå, kor tapper, sterk, vill og ofseleg eg er! Det er det som gjer meg konge i skogen."

Sa reven, "Sjå, kor lurt og listig eg soper av garde! Det er det som nærar meg så godt."

Påfuglen sa: "Sjå den strålande fjørprakta mi! Det er det som får alle i skogen til å undrast og sjå på meg med vørdnad."

Elefanten sa: "Sjå, kor lange og kraftige støyttennene mine! Det er ingenting som kan stå imot dei."

Ei padde, som budde trygt inni ei klippe like ved, sa: "Det er løvas svolt og råskap som driv han til beitedyr og dermed får han drepen av jegerar. Det er revens ferder som bringar han til buntmakaren til slutt. Det er fjørdrakta til påfuglen folk trår etter, og som fører til at dei både fangar og drep han. Elefanten driv folk jakt på for støyttennene sin del; dei blir bana til mange, mange.

Mykje bra og ettertrakta
ein syner fram for å vere gild,
fører fort til undergang
og "daud som ei daud sild"
enda ein ikkje vil.
Men krypskyttarane er ikkje først og fremst ute etter kryp", forklarte ho. Då lo dei andre så trugande at padda flykta inn i klippa til samkomma var over.

Hunden og hundehandlaren

Ein hund slumpa til å stå ved eit bondehus då ein hundehandlar kom forbi på vegen. Hunden sa: "Vil du kjøpe meg?"

Mannen sa: "Å, du stygge, vesle ting! Eg vil ikkje gitt eitt øre for deg!"

Så gjekk hunden gjekk til kongsgarden og stod ved inngangen der. Vakta klappa han og sa: "Du er ein søt liten skapning!"

Akkurat då kom hundehandlaren forbi. Hunden sa: "Vil du kjøpe meg?"

"Å", sa mannen, "du står vakt ved kongsgarden, så han må ha betalt mykje for deg. Eg har ikkje råd til å betale så mykje. Elles ville eg gjerne ta deg."

"Å," sa hunden, "som plass og stilling påverkar menneske! Det skal vere visst!"

Innhald


Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, litteratur  

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, opp Seksjon Sett Neste

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]