Norsk del, Gullvekta
Indiske fablar etter P. Raju  ❀ Innleiing
Seksjon › 51 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Indiske og europeiske fablar samanlikna

Velmeinande, høvelege og kloke fablar kan vel høve for mange frå fem resten av livet.

Fablar er stutte forteljingar. Mange av dei har ein morallærdom i seg eller festa til seg i bakkant i ettertid. Dei gamle fablane etter Esop hadde frå først av ingen etterhengde moralske halvreglar knytte til seg. Slike moral-lærdommane blei lagt til ganske seint, for nokre hundre år sidan.

I dei buddhistiske Jatakasogene ("fødselssogene") kan fabelmoralen dels vere innvevd i historiene som generelle tema, og dels avdekt gjennom namn.

Indiske fablar har rom for menneske og dyr i samtale eller samhandling. Dialogane er ofte lengre enn i fablar av Esop, og ofte vittig etter kvart som dyra prøver å overliste kvarandre ved lureri og svik. Forteljingane er ofte komiske.

I esopsfablane og heimleg fabeltradisjon er dyra nokså stive rollefigurar, stereotypar, og litt av dette finst i indiske fablar også. Dyra her står ofte også for ulike, tilmåta eigenskapar: Løva står for styrke, og løva - somtid tigeren - er kongen. Reven er helst ein luring, bjørnen makeleg, ulven vill, ugla kanskje vis, og så vidare - men i indiske fablar er ikkje slike tildelingar av hovudeigenskapar fullt så stivna. For eksempel, i Esop sin fabel om ulven som tar på seg ein saueham, endrar ikkje ulven natur etter kvart av den grunn. Men det hender dyr endrar seg etter kvart i indiske historier. Desse fablane er såleis mindre statiske. Mange dyr er dessutan meir reflekterte, tenksame, enn vi finn i vesterlandske fablar flest. Og i dei indiske fablane figurerer ikkje menneska høgt over dyra.

Indiske fablar

I forordet til Indian Fairy Tales (1910), kjem samlaren Joseph Jacobs til at kanskje ein tredel av dei europeiske eventyra kjem frå indiske kjelder, overført til Vesten av handelsfolk som i hundrevis av år ferdast langs handelsrutene som var. Somme av dei heimlege fablane våre er også blitt spora tilbake til India og der omkring, syner Olav Bø mfl. (1982)

Gamle indiske fablar står i verk som desse: Femboka (Panchatantra), Hitopadesa, og Kathasaritsagara, og også mange hundre fablar og andre forteljingar i gammal buddhisme.

1. Femboka, Panchatantra

Denne oldtidsboka med fablar og eventyr er knytt til ein Vishnu Sarma, og forankra i eldre munnlege tradisjonar. Føremålet er å fortelje unge menneske om livet som vaksen for å førebu dei til å ha ansvaret for heim og land og få til å styre og stelle på eiga hand.

Den opphavlege sanskritteksten frå 100 - 500 f.Kr., er gått tapt.

2. Hitopadesa ("Gode råd")

Her er ei samling fablar i prosa og vers. Fablane blir lagt til Narayana Pandit. Dei interessevekkande historiene er korte formidlarar av moral og kunnskap. Verket liknar på Panchatantra, er godt over tusen år gammalt, og er kanskje framleis eit av dei mest leste sanskritverka i India etter Bhagavad Gita, Herrens song.

Forfattaren av Hitopadesha ønskte å instruere unge sinn godt, så dei kunne vekse opp til modnare vaksne enn dei elles ville blitt.

3. Kathasaritsagara ("Forteljings-straumanes hav")

"Havet frå straumar av forteljingar" er ei vidkjent samling frå rundt 1000 e.Kr. av Somadeva. Historier frå dette omfattande depotet vandra til mange land.

4. Andre samlingar: utplukk

Sri Ramakrishna fortalte mange historier og brukte også likningar henta frå kvardagslivet. Sogene av han finst i fleire verk, og somme er samla til bøker.

Ei anna samlinga er Fables from India (1887) - denne. Boka blei samla inn av P. V. Ramaswami Raju, og burde vere godt lesestoff, slik det står i New York Times (16. august, 1902, Saturday Review of Books and Art", s. BR11) Raju skriv i forordet: "Samlinga inneheld over hundre fablar. Av desse har somme lenge hatt ein plass i indisk litteratur, men i litt anna drakt. Resten kan seiast å ha blitt avleitt frå originale kjelder." [s. vii]

Ein anna samling ifrå 1900-talet er Cradle Tales of Hinduism ved irskfødde Margaret Elizabeth Noble (1867–1911) ei lærarinne som grunnla Nivedita Girls' School i Calcutta.

Andre samlingar kjem eg ikkje inn på som snarast i dette risset.

No som næringslivet etter kvart oppdagar India igjen - kanskje ikkje så mykje den kulturelle stormakta som business-landet - gjer det neppe skade og kanskje gagn å kunne kulturelle soger derifrå. Det er mykje bra å seie om det. Eit treng ikkje vere ute etter noko ekkelt for å sette pris på gode historier og andre utslag av ein framifrå kultur heller.

Innhald


Indiske fablar etter P. V. Ramaswami Raju, litteratur  

Arnold, Edwin. The Book of Good Counsels: From the Sanskrit of the "Hitopadesa.". London, W. H. Allen, 1893.

Bhatta, Somadeva. The Katha Sarit Sagara; or, Ocean of the Streams of Story. Vol 1. Tr. Charles Henry Tawney. Calcutta: J. W. Thomas at Baptist Mission Press, 1880–884.

Bhatta, Somadeva. The Ocean of Story, Being Charles Henry Tawney's Translation of Somadeva's Katha Sarit Sagara (or Ocean of Streams of Story). Vols. 2-10. Red. Norman Mosley Penzer. London: Priv. print. for subscribers, by C. J. Sawyer, 1924-28.

Bø, Olav, mfl, redr. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982.

Edgerton, Franklin. The Panchatantra: Translated from the Sanskrit. London: George Allen and Unwin, 1965. ⍽▢⍽ Likande prosa.

Francis, Henry Thomas, and Edward Joseph Thomas, eds. Jataka Tales. Cambridge: Cambridge University Press, 1916. ⍽▢⍽ Eit utval.

Jacobs, Joseph. Indian Fairy Tales. London: David Nutt, 1912.

Müller, F. Max. Ramakrishna: His Life and Sayings. London: Longmans, Green, and Co., 1898.

Nivedita, Sister (Margaret Noble). Cradle Tales of Hinduism. London: Longman, 1907.

Pincott, Frederic, ed. Hitopadesa: a New Literal Translation from the Sanskrit Text of Prof. F[rancis] Johnson for the Use of Students. London: W. H. Allen, 1880.

Rajan, Chandra, tr. Visnu Sarma: The Panchatantra. London: Penguin Classics, 1995. ⍽▢⍽ God.

Ramakrishna. Tales and Parables of Sri Ramakrishna. 5th ed. Madras: Ramakrishna Math, 1974.

Ramasvami Raju, P. V. ed. Indian Fables. New ed. London: S. Sonnenschein and Co., 1901.

Ryder, Arthur William. The Panchatantra. Chicago: The University of Chicago Press, 1925.

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, opp Seksjon Sett Neste

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]