Norsk del, Gullvekta
Indiske fablar etter P. Raju  ❀ 3
Seksjon › 51 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Løva og ungløva

Ei ung løve som var glad i skryt og fagning, unngjekk å vere i lag med løveflokken, og fann seg i staden nokre esel å vere saman med. Han leidde eselmøte, han herma etter oppførselen deira, og verka som eit esel i alt unntatt skapnaden sin. Opprømt gjekk han av stad til far sin for å syne fram kor sjeldsynt flink han var blitt, utan å fatte at somt verka låtteleg. Då han skrytte som eit esel, kvapp faren hans og sa: "Gut, denne ubehagelege støyen viser kva slags selskap du har vore i og tatt etter. Naive ungar forråder titt og ofte dumskap ved slikt."

"Korfor er du så streng?" spurde den unge løva. "Flokken som eg kjem ifrå i dag, har alltid beundra meg."

"For ein dårleg forankra byrgskap du har," svarte faren. "Du kan vere sikker på at løver foraktar det som esel beundrar."

Brørne og tromma

To brør fekk høyre ei stortromme for første gong og sa til seg sjølv: "Det er nokon inni der som lagar larmen."

Så venta dei til trommeslagaren var vekke frå tromma ei stund, og då bora dei hol i kvar side av tromma og stakk handa inni, ein frå kvar side. Kvar kjente handa til den andre inni tromma og ropte: "Eg har fakka han!"

Den eine sa til den andre, "Bror, Det verkar som det er ein sta knekt. Men komme kva som komme vil, så gir vi ikkje etter."

"Ikkje ein tomme, bror", sa den andre.

Så heldt dei og trekte dei i hendene til kvarandre og trudde dei hadde tak i mannen i tromma. Trommeslagaren kom tilbake og fann dei i denne rare situasjonen, og let dei få kjenne kva for nevar som stod for tromminga. Men den fine tromma hans var øydelagd. Han sa med ein sukk, "Akk ja! Den som er utan uverdige innfall, unngår kan hende både moro og bank!"

I smia

Ein gong bølga orda høgt i ei smie.

Omnen sa: "Sluttar eg å brenne, må smia stengast."

Blåsebelgen sa: "Sluttar eg å blåse, blir det ikkje bra eld, og dernest inga smie."

Hammaren og ambolten sa noko liknande for å vise at smia ikkje fungerte utan dei.

Plogen som stod i smia, hadde blitt forma av den felles innsatsen deira, og sa: "Godtfolk, det er ikkje berre ein av dykk som held smia i gjenge, men alle saman i lag. Orden, samarbeid og rettvis takt går gjerne godt i lag."

Ormen og papegøyen

Ein orm sa til ein papegøye, "Å, eg misunner deg livet ditt! Som folk kjæler med deg og kallar deg kjæledegge!"

"Ja", sa papegøyen, "dersom du vil vere like snill og god mot folk som eg er, og prøver å underhalde dei som eg gjer, vil dei behandle deg som eit kjæledyr."

"Eg vil prøve", sa ormen, og bukta seg bort til døra til ein bonde. Der visla han høgt til bonden: "Eg har ikkje lyst til å vere vond som andre ormar. Eg vil heller vere snill og god mot deg, og more deg som papegøyen."

Men bonden drap ormen med eitt slag, sa: "Ein orm med slikt snakk er heilt ut av vegen!"

Godheit i dei vrange blir ikkje alltid verdsett etter forteneste.

Mannen og ormen

Ein mann såg at ein orm glei inn i huset hans. Kona hans var i den andre enden av huset, og såg ein orm som glei ut. Mannen fortalde kona si: "Eg såg ein orm komme inn i huset. Vi må leite han opp."

"Eg såg ein orm komme ut av huset", sa kona "så du treng neppe bry deg med det."

"Å, nei", sa mannen, "det seier du fordi du vil sleppe alt bryet med å leita han fram."

Så gjekk han omkring i huset og leita etter ormen. Fordi han ikkje fann nokon orm der, ville han verken ete, arbeide eller sove. Då henta kona ein daud orm og la han under eit skapet, gjekk til mannen sin og sa: "Skal vi leite etter ormen i lag, du?"

"Fint", sa mannen og gjekk rundt i huset igjen. Han kom til skapet, og sette i ein lyd: "Ha! Endeleg fann eg han, trass alt!"

Straks fekk han ein næringsrik frukost og gjekk på arbeid.

Kona sa då han var ute av døra: "Han ville ikkje ha frukosten før ormen blei funnen. Innbillingar får fram mykje frykt, sann."

Ugla og skolen hennar

Ei ugle som heitte Gamle Kloke hadde ein skole. Alle gjekk til ho for å lære vakre lekser i livet. Etter ei tid ønskte ugla å vite kva for framgang dei hadde hatt i studia, og gav dei ei rekke spørsmål å svare på.

Det første var: "Korfor skin månen på himmelen?"

Nattergalen sa: "For at eg kan synge heile natta til bruda mi, rosa, i slikt behageleg lys."

Liljene sa: "For at vi kan opne kronblada våre, og nyte det kjølege, milde og opplivande skinet."

Haren sa: "For at eg skal ha nok dogg å lepje i meg om morgonen."

Hunden sa: "Så eg skal klare å finne tjuvar om dei luskar rundt huset eg vaktar for herren min."

Lysbilla sa: "Så han kan kaste meg inn i skuggen, for han misunner meg lyset mitt."

Reven sa: "For at eg kan finne vegen til hønsegarden."

"Nok, nok!" sa Gamle Kloke. "Det er berre éin måne som skin på himmelen, men kvar av dykk tenker han tener berre dykkar eigne føremål."

Kvar er midt oppi sitt eige liv.

Innhald


Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, litteratur  

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, opp Seksjon Sett Neste

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]