Norsk del, Gullvekta
Indiske fablar etter P. Raju  ❀ 4
Seksjon › 51 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Skuggen av elefanten

Ein rev såg ein morgon at skuggen hans fall over ein stor del av enga. Då sa han til seg sjølv: "Eg må verkeleg vere mykje større enn eg lèt til: sikkert større enn elefant!"

Så då ein elefant som gjekk forbi, sa han, "Du kan ikkje skryte av ein stor kropp lenger! Sjå, kor stor eg er! Skuggen min provar det!"

"Var du klok," sa elefanten, "ville du snakke med skuggen min."

Reven såg skuggen av elefanten strekke seg lang bortanfor enga. Han sa, "Akk ja! Som ein sjølv veks, veks også skuggen."

Ramnen og bølingen

Teikning av F. Carruthers Gould

Ein kveld ein krøtterflokk gjekk heimetter, sat det ein ramn og reid på horna til ein okse i flokken. Då bølingen var ved gardstunet, ropte ramnen til bonden, "Ja, no er arbeidet mitt over for i dag: No kan du sjølv ta over ansvaret for storfeet ditt."

"Kva har du gjort?" sa bonden.

"Den vanskelege jobben med å passe denne bølingen og bringe han heim til deg", sa ramnen.

"Skal eg forstå det slik at du har gjort mykje arbeid for meg?" sa bonden.

"Absolutt", sa ramnen og flaug bort mens han song klunk, klunk.

Bonden sa overraska: "Kor mange er det som tar ære for ting dei ikkje har gjort!"

Grisane og vismannen

Ein griseflokk skulle ein gong krysse ei elv. Den eldste i flokken sa: "No er vi tolv. Når vi kjem opp på bredda på andre sida, må vi ikkje gløyme å telje etter at vi har komme over, alle som ein."

Så kom dei seg over til den andre sida, og førargrisen talde flokken sin og fann at dei var berre elleve. "Korleis kan dette henge saman? Eg talde at vi var tolv på den andre sida!"

"Ein av oss må ha drukna, eller blitt frakta bort med straumen", sa dei andre grisane.

Det blei mykje oppstyr i flokken. Men ein kar som frå den motsette bredda hadde følgd med på kva grisane tok seg til, han lo hardt.

"Kan eg få vite korfor du ler, mann?" sa den gamle grisen.

"Det er fordi du gløymde å rekne med deg sjølv då du talde siste gongen", sa mannen.

Ugla og gjenlyden

Ei hovmodig og forfengeleg ugle tok opp att og opp att dei nitriste ropa sine ved midnatt frå hola i ei gammal eik. "Korfor rår det slik stille i skogane her", sa den hovne ugla, "om det ikkje er for at stemma mi skal høyrast desto betre? Når eg syng, lyttar heile naturen."

Ein gjenlyd sa opp att orda, "Heile naturen."

"Nattergalen har rana rettane mine", heldt ugla fram. "Melodiane han syng er herlege, det er sant, men songen min er så mykje betre."

"Mykje betre", sa gjenlyden.

Kveikt av denne godkjenninga, heldt ugla fram å tute mens sola rann og steig høgt på himmelen, i staden for å legge seg i hòlet i eika som vanleg. Tutinga blei for mykje å høyre på for dei andre fuglane, så dei gjekk til åtak på ugla så ho ikkje våga seg ut meir når det ikkje var mørkt.

Ekko-ros kan føre galt av stad.

Tigeren og sjiraffen

Tigeren Gamle Listig hadde blitt skralare med åra. No låg han under eit tre ved bredda av ein innsjø og speida etter dyr han kunne klare å nå tak i. Han blei var ein elg som kom til vatnet for å sløkke tørsten, og talte: "Å, for eit hell å treffe deg her! Du er jo sonen til ein gammal venn av meg! Han budde i den store skogen nær fjella langt vekke."

Elgen blei overraska å høyre slikt, og spurde korleis ein tiger kunne ha vore venn med far hans, ein elg.

"Eg er ikkje overraska over at du spør", svarte Gamle Listig. "Det er få som veit at tiger og elg er i slekt, men ser ein nøye etter, er pelsen lys rundt auga på begge. Kva meir vil du ha til prov?"

Den truskuldige elgen og sa,: "Eg er jammen glad for å høyre at far var venn med deg og at vi er i slekt. Kan eg gjere noko for deg?"

Gamle Listig svarte: "Nei takk, gammal som eg er, klarer eg meg sjølv. Eg ligg og bed ein stor del av tida no. For i min alder verkar det mest forsvarleg å vie tida til slikt. Men det ville glede meg mykje om vi kunne vere i lag kvar gong du kjem forbi."

Elgen ville gjerne det, han også, og stelte seg om litt i stand til å gå vidare. Då sa Gamle Listig: "Kjære deg. Du er sikkert godt klar over kor usikkert livet er. Eg er gammal og skrøpeleg, og kven veit kva som kan hende meg i morgon. Kanskje eg ikkje får sjå deg att. Så gi meg den gleda å omfamne deg før du går ifrå meg i dag."

"Absolutt", sa elgen. Då reiste Gamle Listig seg sakte opp, som om han var kraftlaus, og omfamna han. Men samtidig jaga han hoggtennene i halsen på elgen, la han i bakken og åt ein del av han til frukost.

Ein får vakte seg for mangfaldig list og svik frå røvarar.

Påfuglen og reven

Ein rev som heldt auge med ein påfugl, stod ein dag i ei eng med fjeset vendt opp mot himmelen.

"Mikkel", sa påfuglen, "kva er det du driv med?"

"Å, eg har talt stjernene", sa reven.

"Kor mange er det?" sa påfuglen.

"Om lag like mange som det er tullingar på jorda", sa reven.

"Kva? Meiner du verkeleg det?" sa påfuglen.

"Ja, på éin tulling nær", sa reven.

"Kven er den tullingen?" sa påfuglen.

"Meg sjølv", sa reven.

"Korleis er du dum, Mikkel?" sa påfuglen.

"Vel, var det ikkje dumt av meg å telje stjerner på himmelen når eg kunne ha talt auga i den strålande fjørdrakta di til betre nytte?" sa reven.

"Nei, Mikkel", sa påfuglen, og heldt fram:

Det var ikkje uklokt:
Det dumme ligg i praten din,
og særleg i trua på at smisking
gjer meg til eit enkelt bytte for deg.

Reven forlét fuglen stilt og sa: "Avslørt slyngel kjem seg ikkje unna fort nok og bra nok."

Innhald


Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, litteratur  

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, opp Seksjon Sett Neste

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]