Norsk del, Gullvekta
Indiske fablar etter P. Raju  ❀ 5
Seksjon › 51 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Gloraka og feberen

Ein mann fekk fælt høg feber. Mens han sat i feberrier ved peisen, la han ei glorake på elden, og då blei raka gloande raud. Så dyppa han gloraka i eit fat med vatn ved sida av seg, og vips! blei raka kald. Han ringte straks etter tenaren sin og bad om ein stor badestamp med kaldt vatn, sette seg i stampen, og sat der så lenge at feberen i kroppen hans kunne gå ned ein heil del, tenkte han.

Men då han kom ut av stampen, var han verre. Legen kom, men fann mannen døyande. Han rakk å fortelje at han trudde vatnet ville kjøle han like bra som med gloraka, og korleis han hadde behandla seg sjølv ut frå det.

"Akk!" sa legen, "Slik skulle du ikkje tenkt og ikkje gjort, nei."

Elefanten og apa

Ein elefant og ei ape var vennar.

Elefanten sa: "Sjå, kor stor og mektig eg er!"

Apa ropte til svar: "Sjå, kor kvikk og underhaldande eg er!"

Kvar var ivrig etter å vite kven som var best av dei to, og kva for eigenskap som blei mest verdsett av dei vise. Dermed gjekk dei til ei klok ugle som budde i eit gammalt tårn, for å få vite det.

Ugla sa: "De må gjere som eg seier, så eg kan gjere meg opp ei meining om det."

"Avtalt!" ropte begge.

"I så fall skal de krysse den elva der borte, og hente mangoar til meg frå det store treet på hi sida."

Elefanten og apa la i veg, men då dei kom til elva, gjekk ho full av strøymande flaumvatn. Apa heldt seg tilbake, men elefanten tok ho på ryggen sin og svømte over i ein fei. Så kom dei til mangotreet, men det var veldig høgt og tjukt. Elefanten kunne verken nå opp til mangoane med snabelen eller velte treet for å samle frukta. Då hoppa apa opp i treet og plukka ei korg med modne mangoar i ei handvending og kom ned med frukta. Elefanten tok korga i snabelen, og så kryssa dei to vennane elva igjen.

"No", sa ugla, "kven er best av dykk? Elefanten kryssa elva og apa plukka frukta. Kvar gjorde sitt, men samarbeidet løyste vanskane så de klarte oppgåva."

Kongen, dronninga og ministeren

Ein konge skulle velje seg statsminister, og hadde ein viss kar i sikte. Dronninga rådde til å tilsetje ein nær slektning som ikkje var skikka for stillinga. Kongen sende bod på begge, og sa: "Kva skal vi gjere med ein som sparkar til kongen?"

Favoritten til dronninga sa: "Det kan ikkje finnast noko låkare brotsverk enn det: Han må straffast hardt."

Favoritten til kongen sa: "Han burde få eit par sko som er pryda med kostelege edelsteinar."

"Kva?" sa dronninga.

Favoritten til kongen sa: "Den einaste som får sparke til kongen med føtene sine er jo den vesle prinsen som ligg i armane Dykkar?"

Dronninga hadde no ingen fleire innvendingar mot utnemninga og sa: "Å ja, statsmenn må klare å sjå klokt på tinga, og ofte som ingen andre før dei."

Havet og den heldige

To menn drog ut på sjøen saman for å fiske. Den eine blei halden for å vere heldig, og den andre uheldig. Det kom med eitt ein kraftig storm, og båten deira kantra. Dei svømte for livet, men kysten var langt vekke og sjøen grov, så dei gav opp all von om å nå land.

Mannen som trudde han var særleg uheldig, sa til den andre: "Var det ikkje for meg, hadde du vore trygg. Det er uflaksen min som bringa stormen over oss."

Den andre streva med å få fram svaret. Då med eitt kjente han fast grunn under føtene nedi vatnet, og sanna dei hadde råka på eit skjer like under vassflata. Vatnet stod snart berre til knea på han, og han kunne gi den andre ei hjelpande hand. "Å, sjå", sa den uheldige, "for den heldige er havet berre knedjupt."

Lerka og ungane

Ei lita jente gjekk bort til ei lerke, og sa: "Gode lerke, har du ungar?"

"Ja, barn, det har eg", sa lerka. "Dei er tre og veldig kjære!" Så peikte ho på dei og sa: "Dei er her i reiret".

Jenta sa: "Heime er vi også tre søstrer, og mamma seier vi er søte, små barn, og at ho er svært glad i oss."

Til dette svarte smålerkene: "Å, ja, mamma er kjempeglad i oss også."

Då sa jenta: "Gode lerke, vil du la den eine ungen din komme heim til meg og leike med meg?" Før mora kunne svare, sa lerkeungen, "Ja, om du vil sende eine søstera di hit for å leike med oss i reiret."

Jenta sa: "Å, men søstrene mine blir så lei seg når dei er borte frå mamma!"

Fugleungen sa: "Søster mi kjem også til å bli stur og lei om kjem vekk frå reiret og mamma!"

Jenta blei flau og gjekk heim, og sa: "Det er mange som er glad i heimen sin."

Påfuglen og skjelpadda

På ein overskya dag dansa ein påfugl på ei eng ved eit vatn. Ei skjelpadde i vatnet sa til påfuglen: "Eg skulle så gjerne vere med deg og danse i det grøne graset!"

Påfuglen sa: "Eg trur ikkje det ville vere trygt for deg å komme ut av vatnet for å danse med meg. Dei korte beina og den stive kroppen kan hindre deg i å gjere ein god figur som dansar."

"Eg skjønar det", sa skjelpadda, "men eg har danseglede. Og forresten, slik som du er stolt av fjørprakt og måten du kan danse på, meiner eg at skalet mitt er vakkert på ei vis, det også, med fine fargar. Og om eg ikkje går kjapt og yndig, er det noko godt å seie om tregt og stødig også, skulle eg meine.

Påfuglen svarte: "Eg er lei for at det eg sa i god meining, gjorde deg misnøgd. Om du ikkje bryr deg om farane med å kome ut av vatnet, kan du godt komme og danse med meg. Då skal du vere velkommen"

Skjelpadda kom opp frå vatnet og stilte seg ved sida av påfuglen på sin eigen klumpete måte, og så førebudde dei to seg på å danse saman. Akkurat då kom ein jeger forbi og fekk sjå dei to, og gjekk straks bort mot dei. Påfuglen flaug opp i ein tretopp, og der sat han trygt nok. Skjelpadda freista å komme ut i vatnet att, men var ikkje snar nok.. Før ho før ho vann å svømme vekk, greip jegeren tak i ho og la ho på ryggen og drap ho.

Påfuglen ropte i sorg, "Å skjelpadde, kor farleg det er å bringe seg i situasjonar ein ikkje kjem enkelt ut av!"

Innhald


Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, litteratur  

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, opp Seksjon Sett Neste

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]