Norsk del, Gullvekta
Fablar og meir frå India
Seksjon › 53   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Hjelp å få

Ein heit dag mens sola var på sitt høgaste, streva ein gammal vedhoggar med å samle ein bunt ved - store og lange treskier. Han sukka og heiv etter pusten med vedlasset på ryggen og sola i nakken mens han gjekk heimetter på stien. Etter litt var han utkøyrt, velta av seg lasset og bad dauden komme. "Børa er for tung!"

Og sanneleg kom dauden med det same for å fri han. "Her er eg", sa dauden, "eg kjem for å ta deg med!"

Vedhoggaren svarte. "Eg treng litt hjelp med børa, eg. Kan du vere gild og legge ho på hovudet mitt så det går lettare for meg?"

Den gamle mannen fekk det som han bad om, og vakla vidare på stien - no med vedlasset på hovudet.

  Innhald  


Boktilfang

Fablar or India, indiske soger, fabelsamling, indiske fablar, m.v.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar or India, indiske soger, fabelsamling, indiske fablar m.v. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]