Norsk del, Gullvekta
Irske ordspråk – Irish Proverbs
Seksjon › 30 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Bakgrunn

Irsk er eit keltisk språk som blir nytta på øya Irland. Irske ordspråk finst på både irsk og engelsk, og dei fleste irane har engelsk som førstespråk i dag.

Irland er delt i ein sjølvstendig republikk og Nord-Irland. Republikken heiter Éire på irsk, Ireland på engelsk og Irland på norsk. Og Nord-Irland er del av "det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland", som det heiter.

Spirar kornet, kan det gi avling. Sameleis med ordtak

Det er betre å vere heldig enn å stå opp tidleg (It is better to be lucky than an early riser). - Irsk ordtak (hos Gaffney and Cashman 2003:7)

Blomar frå andre kulturar og andre stadar kan gjere livet litt rikare. For den som ikkje liker å stå opp tidleg, kan til dømes ordtaket øvst falle i smak, men det spørs kor klokt det er i og for seg, og kor velplassert det blir sådd. Eit ordtak er som eit frøkorn som blir sådd i erfaringar ein har i hugen, i den figurative jordbotnen eller åkeren. Spirar kornet, kan det godt gi avling ei tid etter; god eller verre enn god. Ordtak kopla til erfaringar kan såleis gi avlingar å takke for, om lykka er god. Ein gjer vel om ein vaktar seg mot gale oppfatningar, tomt skryt og tru utan hald, også tru på oppskrytt hell.

Høvelege frø kan også trenge meir enn frisk luft for å bere fram gilde avlingar. Det er ei anna side ved dette. Ein treng vel ikkje noko landbrukskurs for å få godt fram at ein kan fremme klokskap ved at høvelege tankar får gå hand i hand med erfaringar. Livsklokskap. God utdanning er over mykje den same leisten. Ho startar frå det nære, på heimleg grunn, og kultiverer somt til gagn og glede ut frå den grunnvollen.

Ordtaket ovanfor er irsk. Irske ordtak er ordtak som er fortalt munnleg av irar og dessutan noko som står nedskrive i irske bøker. Det er tale om to språk: irsk og engelsk.

I og bak fleire særmerkte, irske ordtak kan det ligge andre oppfatningar av eit og anna. Somme kan vel verke underlege; kanskje i kraft av å vere fikst og utkropent utforma, og kanskje ut frå oppfatningar dei hevdar direkte, eller som nok kan ligge i dei.

Utvalet her er ved meg. Eg har jamt latt vere å ta med ironiske ordtak. Nesten alle ordtaka i utvalet er rotfesta i eldre, irske bøker der breie vyer blir bretta ut i ordtaks form. Ganske mange har sine variantar.

Irske ordtak

Irske ordtak har til vår tid vore del av ein sosial vev der livsførsel og samtalekunst heng saman. Ordtaka til eit samfunn speglar kva folk der har vore opptatt av og kva haldningar dei har hatt. Mange ordtak har vore i flittig bruk i hundrevis av år. Dei skildrar scener og speglar forhold frå Irland før og til dels enno. Det ligg vidd og humørfylt huglag attom mange, også dei som kan verke litt bøse. Dei kan syne haldningar, og mange langar ut mot manglande moral og mot. Omtale av skikk med drikk og slåssing er heller ikkje mangelvare. [Williams 1992:x; Gaffney og Cashman 2003:7]

Ordtak blei formidla munnleg mellom folk. Frå eldre samlingar har det vakse nyare utval og oppdatert språk, og til dels nye omsettingar frå irsk til engelsk. Nyare samlingar frå munnlege kjelder finst også. [Williams xii; Gaffney og Cashman 2003:9-10.]

Symbol og bilete frå naturen med plantar og dyr, samt folkelivet med godseigarar, kyrkjefolk og misbrukte bønder kjem ofte fram i lag med omtale av vind, hav, fjell, fuglar og fisk og årstidene. Fuglar, dyr og plantar som er med i fleire ordtak, speglar menneske på fleire vis, heiter det. Dyr og ting blir mang ein gong "kulisseting og stand-inar" som speglar kva folk utrettar og håper, og dessutan ganske vanlege veikskapar hos folk på øya før. Desse elementa går i spann med visse jordnære uttrykksmåtar og samanlikningsbilde i den grad at mange ordtak får oppimot nasjonalt preg, enda om det dei i og for seg tar opp, er ganske vanlege ting mellom folk i Europa. [Gaffney og Cashman, 2003:7]

Irske ordtak i historisk lys

Irske ordtak og munnhell kjem frå to hovudstraumar: den gæliske (keltiske) tradisjonen med irsk språk på eine sida, og den engelsk-irske tradisjonen med engelsk språk på andre sida. Begge straumane speglar ein tydeleg bibelpåverknad - og dessutan eit forhold til katolsk presteskap som kan verke tvitydig. Det er mange ordtakdøme [Gaffney og Cashman, 2003:8-10].

Forholdet mellom irskspråklege ordtak og engelskspråklege er grovt sagt at somme ordtak er nøyaktig spegla på engelsk, og andre ikkje . . . Somme har vore berre på irsk-gælisk like fram til omsettingar til engelsk i vår tid; somme gjekk frå engelsk til irsk; somme har ikkje blitt omsett til engelsk, og somme ikkje til irsk, fortel Fionnuala Williams [1992:ix-xi; Gaffney og Cashman 2003:8-9].

Irland var undertrykt ved britisk styre og stell i fleire hundreår. På 1840-talet dreiv massesvelt mange i dauden og andre til å utvandre. Fattigdom har prega Irland langt inn i moderne tid, og har ikkje blitt sett på som nokon nåde. Det synet spelar med i mange irske ordtak. "Tykk synd i den som gjer gale og er fattig også. (Pity the man who does wrong and is poor as well." For dom er i vente på hi sida om ikkje før - det synet er katolsk ballast, men ikkje berre katolsk.

Kva som blir kalla gode gjerningar kan variere mellom folka, så kva som kan vere djupt 'godt' og 'som seg hør og bør' blir ulikt oppfatta. Kjerna bak gode moralnormer er å verne mot å bli lurt til fall, og hjelpe opp og fram, vil eg meine. Heilt enkelt sagt plar gode gjerningar gagne andre og/eller deg, og vonde gjerningar ikkje. Det kan tidvis vere ei gråsone imellom slikt kvitt og svart også. Runde, klare eller figurativt utforma utsyn av dette slaget finst blant hinduar og buddhistar også - og i mange kulturar. Ein finn det også i oldtidas Egypt: Etter døden blir godt og vondt i det indre hjartet vege. Det er godt å ha gjort godt så ein ikkje blir øydelagt av syndene sine - det er det sentrale attom mangt som er maskert i bilde og på andre vis i den den egyptiske daudeboka. Ein finn faktisk same læra mellom tibetanarane, i den tibetanske daudeboka. Buddha sjølv har denne utgreiinga i lys av karma ("gjengjeld") og attfødingsgang (reinkarnasjon). Det er skrive bøker om slikt med litt av kvart i.

To hovudoppfatningar bakom ordtaket om å ha medkjensle med syndige og fattige er greitt og enkelt utforma, og samstundes finst heller utkropne påminningar: verken synd og fattigdom er gildt, og dauden er ikkje slutten på visa: det er dom i vente på i sida om ikkje før, ut frå katolske vriar.

Meiningar ein finn og les inn i ordtaka er ulike

Mange nette, irske ordtak kan verke "hardkokte under herrar", men sjå om dei ikkje hjelper enno, for det ligg ofte tanke for meir enn materiell vinning i fleire av dei. Det vide perspektivet eller klangbotnen bak somt, er at ein til sist må stå til rette for handlingane sine. Ein finn fleire vakkert utforma åtvaringar mot dårleg åtferd, og i ordtaket ovanfor også ei from påminning om å synest synd i forbrytarar med tanke på at dei truleg gjer livet mindre verdifullt ved synder.

Det skil seg kva for meining som blir lagt i ulike ordtak. Det heng til dels saman med at kva slags ordtak som helst kan koplast til ei eller anna hending. Ved den krysskoplinga av munnhell (ordtak) og hending kan hjelpande innsikter bli født, og ei vidare, figurativ mening bli lagt til ordtaket - kanskje attåt meiningar som var der før. Såleis kan eit ordtak bli forstått konkret - og dessutan figurativt på opptil mange ulike måtar. Så jamvel om scene-skildrande ordtak om til dømes å klippe sauer, marknader og meir er å finne i faste temagrupper i ulike bøker, er grupperingane av fleire av ordtaka berre lausleg, viser Fionnuala Williams [1980:xii]

Rett mange ordtak inneheld skildringar av landskap og hendingar. Dei kan vere (1) konkret meint, (2) både konkret og figurativt alt ettersom; (3) og helst figurativt forstått. Dessutan kan mange ordtak med ordbilde og sceneskildringar i få mange meiningar. Det er ikkje sjeldan folk som ordtaka handlar om ved "dekkdyr" og ting: det får ein tyde seg fram til sjølv, eller helst finne ut kva tradisjonen vil ha det til.

Nærare utdjuping: O'Rahilly seier: "Irish often expresses as a metaphor what other languages would rather express as a simile. Similes, however, are also found in Irish." (1922:145). Dei to - metaforiske uttrykksmåter og samanlikningar -, går i spann med konkrete fråsegner, til dømes moralsk, klar tale utan fiksfakseri. Vi har såleis å gjere med tre hovudtypar ordtak, som nok også blandar seg seg. "Nedanfrå":

  1. Konkrete - rett fram. Somme ordtak er konkrete råd, levereglar, moralkodeksar og konstateringar.
  2. Med figurative element som stikk fram. Andre ordtak har figurative delar (element) ved bilde og sceneskildringar. Direkte samanlikningar er kjenneteikna ved "som". Døme: "Han er sterk som ein bjørn".
  3. Heilt ut figurative.Mange ordtak kan bli heilt gjennom figurativt forstått. Då tenker ein at dei er metaforiske. Ordet "som", samanlikningsmarkøren, er vekk, og fråsegna verkar dristigare. Nett slik språkbruk er bra i ordtak og i dikt der ein ikkje treng å vere tydeleg.

Døme: Her er eit irsk ordtak: "Stikk ikkje skeia di i der det ikkje er graut. (Don't put in your spoon where there is no porridge"). Ordtaket kan bli forstått heilt konkret, som når ein bestefar oppdrar eit nurk. Det er det eine. Og dersom ein meiner noko anna med "skei" og "graut" enn det dei til vanleg gjer, kjem ein til eit overordna, figurativt vink. Det kan vere flott i ulike samanhengar. Kva med "La vere å gjere ein innsats som ikkje lønner seg"? Eller kva med "Prøv ikkje å kave til deg mat der det ikkje er noko å hente"?

Ved fiffige figurativ-finessar kan ein finne overordna haldingar og oppfatningar mellom folka ein stad, ut frå ordtaka dei tyt på, enda om det blir litt usikkert. Ein kan også få bra vink ved å sjå kva dei er opptatt av, ved ganske enkelt å telje seg fram med statistikk og liknande. Og ein kan jo spørje folk i og frå Irland.

Noko anna som gjer korte ordtak ganske fleirtydige, er at bindeord kan vere "skrella vekk", som i modernistiske dikt. Det som står att, kan kanskje tolkast ulikt. Ord blir stilt laust inntil kvarandre til vi kallar ordtaket eit fragment (brotstykke), til dømes. Døme: "Store ord og lite handling (Great talk and little action)." Det kan faktisk vere ei oppmoding til ein talar under visse høve, men oftast ein kommentar om eit misforhold, og kan tilmed vere ei åtvaring mot å bli (for) snakkesalig. Tydinga avgjer kva ein legg i det, og bortfall av bindeord, verb og substantiv kan tilmed gjere tydingar ganske vilkårlege. I slike tilfelle gjeld det å ikkje tolke seg heilt vekk - og heller synest synd på den som er brennsikker på at skeive oppfatningar er maksimalt gode, og vil høvle over andre som er i vater. Pity him who makes his opinion a certainty.. Eller frykt vedkommande - somme har blitt kvesta av jålande lærarar med slapstick-lære. [Gaffney og Cashman, 2003:10]

Korso er, oppfatningar og haldningar kan ligge i og attom mangt eit ordtak. Å finne fram til dei kan vere "halve oppgåva" med å granske ordtaka til irane, akademisk tala.

Ein bør ikkje takke nei til moroa, fynden og humøret i fleire ordtak, men heller ta imot med takk - Det er ikkje strengt: det beste er nær sagt alle unnt.

Ettersleng

I ordtaksfloraen er det mange nyttige og unyttige normer. Dei kan også kallast rettesnorer, eller moralske føreskrifter. Den latinske forfattaren Lucius Annaeus Seneca (ca. 4 fvt. - 65 evt.), også kalla Seneca den yngre, skriv mykje det same som dette: Somme kan vere vektige, og somme kan gagne og fremme eit gledeleg liv. Dei kan nære kjensler, gode sider ved oss og breiare forståing av eitkvart, og kan seie noko om plikter i ein gensidig vev. Som småvers kan dei virke kjekkast. Slik er det på engelsk hos Seneca den yngre:

"Precepts [or maxims] are of great weight; and a few useful ones at hand do more towards a happy life than whole volumes of cautions that we know not where to find.

When they are contracted into sentences they strike the affections, move the vigour of the mind, and excite virtue.

It is by precepts that the understanding is nourished and augmented; . . . prudence and justice are guided by them, and they lead us to the execution of our duties.

A precept delivered in verse has a much greater effect than in prose."

- Seneca, omsett til engelsk i Seanfhocla Uladh, p. 256.

Innhald


Irish proverbs, irske ordspråk, ordtak frå Irland, litteratur  

MERKNAD. Utover ordspråksamlingane under er det henta ordtak frå ordtak-artiklar i The Irish Penny Journal. Utgåvene er frå 10. november 1832, 18. juli 1840 og 1. august 1840, og er i Internet Archive.

Twig

Bhraonáin, Donla Uí, ed. 500 Seanfhocal - Proverbs - Refranes - Przyslów. Dublin: Cois Life, 2007. ⍽▢⍽ 500 irske ordtak med engelske, spansk, og polske omsettingar og nær-ekvivalentar. Boka er illustrert.

Flanagan, Laurence. Irish Proverbs. 2nd rev. ed. Dublin: Gill and Macmillan, 2001. ⍽▢⍽ Ei samling med 740 gamle irske ordtak og ordtak-frasar frå ulike kjelder. Gælisk med engelsk omsetting.

Gaffney, Séan, and Seamus Cashman, eds. Proverbs and Sayings of Ireland. Dublin: Wolfhound Press, 2003 (1974).

Meyer, Kuno. The Triads of Ireland. London: Williams and Norgate, 1906. ⍽▢⍽ Boka er Todd Lecture Series, Bd 13 ved Royal Irish Academy. Triadane er i stor grad lirumlarum om "tre ting" som står samla. Eksempel: "The three finest sights in the world: a field of ripe wheat, a ship in full sail, and the wife of a Mac Donnell with child."

O'Donnell, James, and Brian Fitzgerald. Classic Irish Proverbs in English and Irish. Belfast: Appletree Press, 1997. ⍽▢⍽ Nokså nøyaktig 130 ordtak, med fargeillustrasjonar til fleire.

O'Farrell, Padraic. Irish Proverbs and Sayings: Gems of Irish Wisdom. Cork: Mercier Press, 1980.

Ó Muirgheasa, Énrí. Seanfhocla Uladh [Ulster Proverbs]. Dublin: Connradh na Gaedhilg, 1907. ⍽▢⍽ Her står 1637 ulike ordtak.

O'Rahilly, Thomas Francis. A Miscellany of Irish Proverbs. Dublin: The Talbot Press, 1922.⍽▢⍽ 418 ordtak på irsk med engelsk omsetting og kommentarar av professor O'Rahilly, og nokre ordtak ekstra i tillegg. Ei god bok.

Toibin, Sean. Irish for All: Everyday Conversation in Irish with Imitated Pronounciation and English Translation, including Salutations, Simple Proverbs, Rhymes and Witticisms from Gaelic Firesides = Gaehilg do chách: comhrádh beirte. Dublin: The Talbot Press, 1922.

Williams, Fionnuala, comp. Irish Proverbs. Dublin: Poolbeg Press, 1992.

Irish proverbs, irske ordspråk, ordtak frå Irland opp Seksjon Sett Neste

Irish proverbs, irske ordspråk, ordtak frå Irland BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]