Gullvekta
Irske eventyr og segner  ❀ 1
Seksjon › 35   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Jenta overlista herren

Det var ein gammal tiggar som hadde ei dotter på tretten år. Ein gong gjekk han til ein herremann og tigga.

Herren sa: "Det ville vere betre for deg å arbeide for pengane."

Mannen sa han gjerne ville det, om han fekk løn for arbeidet.

Herren sa: "Eg skal gjerne sørge for deg og gi deg eit lite hus å bu i for deg sjølv, i lønn for jenta di kjem heim til meg og vaskar og lagar mat til meg.

Så gav han dei det vesle huset, og dei gjekk dit og slo seg til der.

Det varte ikkje lenge før herren kom til jenta ein dag ville gjere tilnærmingar til ho. Men ho heldt han ifrå seg. Då gjekk han til arbeidskarane sine og snakka med far hennar og sa: "Eg vil henge deg klokka tolv i morgon om du ikkje kan seie kva det er flest av, elver eller elvebreidder." Han ville få den gamle av vegen så han fekk det som han ville med jenta.

Den gamle mannen gjekk heim og var trist og uroa.. Dottera spurde: "Men kva er i vegen, så sturen som du ser ut?"

Han fortalde at herren hadde sagt han skulle hengast klokka tolv dagen etter om han ikkje kunne seie kva det var mest av: elver eller elvebreidder."

"Å, ver ikkje lei deg", sa dottera. "Et kveldsmat, sov rikeleg og et frukost i morgon. Når du går til arbeid i morgon, skal eg seie deg svaret."

Neste morgon sa ho til han: "Når han spør deg, skal du seie at alle elver har to breiddar."

Då han gjekk til arbeidet sitt, kom herren og spurde: "Og kva er det flest av, elver eller elvebreidder?"

"Det finst inga elv utan to breidder", svarte han.

"Du har klart spørsmålet. Men i morgon lyt du seie kor mange stjerner som finst."

Den gamle mannen gjekk heim frå arbeid om kvelden og var sturen att. Dottera spurte kva som var i vegen, og så fortalde han ho kva han skulle finne ut til dagen etter. Ho sa han ikkje skulle uroe seg, for neste morgon skulle ho fortelje kva han skulle seie.

Dagen etter gjekk han til arbeids, herren hans kom og sa at no var det tida til å seie kor mange stjerner som fanst.

Den gamle sa: "Det skal eg gjere dersom du setter stolpar under dei."

Det kunne ikkje herren, men han sa: ĢEg skal henge deg klokka tolv i morgon om du ikkje fortel kor mange liter sjøvatn det er i havet."

Den gamle mannen gjekk heim til dottera si og sa kva som hadde hendt, og kva spørsmål han hadde fått denne gongen.

Då far hennar skulle på arbeid neste morgon, sa o: "La han stoppe alle elvane som renn ut i sjøen før du tar til å måle opp i liter."

Så gav far hennar det svaret til herren, og herren kunne ikkje stoppe elvane. Då bad han om å få gifte seg med dottera til mannen. Den gamle mannen bad han ikkje spøke med slikt, sidan jenta ikkje passa for ein som herren. Det han skulle ha var ei dame.

"Eg vil ikkje ha ei dame", sa herren. "Du får la dottera di gifte seg med meg."

"Vel, eg skal høyre med jenta. Ho finn lett ut av det."

Han gjekk til dottera si og sa kva herren hadde sagt.

Jenta svarte far sin: "Eg skal gifte meg med han. Men eg vil ha skriftleg med hans eiga handskrift at i fall han kvittar seg med meg, skal eg ha med meg tre lass av det som er i huset."

Herren sa ho skulle få det, og skreiv det for hand og fekk ein sakførar til å skrive under som vitne også. Så flytta jenta inn hos han og fekk to barn med han.

På den tida var det ein tvist i landsbyen mellom to menn. Den eine hadde ein hingst, og den andre ei merr og eit føl, og dei tre dyra pla halde saman. Mannen med hingsten sa at følet høyrde til hingsten; og mannen med merra sa nei, følet var hans.

Mannen som eigde hingsten sette lova på mannen som eigde hoppa. Dei to hesteeigarane blei samde om å la nokon andre avgjere for dei. Mannen som blei henta inn for å dømme i tvisten, var han som gifta seg med jenta. Han sa: Sett dei tre dyra inn i eit tomt hus og opne to dører. Følet skal høyre til hesten det følger."

Hingsten gjekk ut først, og følet følgde etter han. Då blei følet gitt til mannen som eigde hesten.

Alt var vel til det kom nokre herrar heim til ekteparet, og herrane drog ut på jakt i lag med mannen i huset.

Då det var gått ei stund, tok ungkona ei fiskestong og gjekk for å fiske i vatnet, og fekk ein kvit aure. Før jaktlaget kom, vende ho ryggen til vatnet og tok til kaste lina på land.

Då mannen hennar såg korleis ho heldt på, gjekk han vekk frå dei hine og bort til ho. Han syntest det var rart at ho kasta line på tørre marka og ikkje ut i sjøen bakom seg.

Ho sa: "Det som er rart, er at ein hest utan mjølk skal ha føl."

Då hissa han seg opp, og sa på flekken, "Etter middagen må du gjere deg klar til å forlate meg."

"Gir du meg det du har lovd?"

"Ja."

Etter middagen, då herrane var borte, bad han ho dra. Ho reiste seg og tok med det eine barnet deira og la det ned utfor døra. Så gjorde ho like eins med det andre barnet.

Så kom ho inn og sa: "Eg vil meine det er du som er det kjæraste lasset for meg." Ho slo armane rundt han og tok han med ut som det tredje lasset sitt. "No er du min", sa ho, "og kan ikkje komme ifrå meg."

"Å no! Vel, eg er fornøgd, og lover at eg aldri vil skiljast frå deg."

Dermed heldt dei fram å bu saman, og ho tok far sin inn i huset også. Han fekk vere hos dei så lengde han levde.

Paret fekk leve i lag i i lang tid etterpå også.

Gamlekråka lærer opp ungen sin

Ei gammal kråke bygde seg reir i eit tre, la eit egg i reiret og klekte ut egget. Så ein dag kunne ungen flakse med vengane og bykse og lette litt. Då fekk gamlekråka med seg ungen sin ned frå treet og ut på marka. Der lærte ungen snart å fly. Etter ei tid flaug ungen så godt at han kunne fare til kvar ein stad i Irland om han ville, sa mor hans. "Eg meiner du er i stand til å fly kor du vil no, slå deg ned der det høver, og etter kvart bygge ditt eige reir. Men før du drar, skal eg gi deg eit lite råd med på vegen. Det vil verne det mot fare, slik som det har verna meg sjølv."

"Ja, gi meg det rådet", sa ungkråka.

"Er du nokon gong i ein potetåker og ein mann kjem mot deg med noko under armen eller i handa, skal du fly derifrå straks. Han kan ha eit våpen å skyte deg med."

"Huff då!" sa ungkråka.

Her er enda eit nyttig råd", sa mora. "Ser du ein mann bøye seg ned når han kjem mot deg ute på marka eller åkeren, så fly vekk så fort du kan, for då plukkar han kanskje opp stein å kaste på deg. Men dersom han ikkje har noko under armen og ikkje bøyer seg ned, er du vel trygg."

"Godt", sa ungen. "Men sett at han har ein stein i lomma?"

"Av stad med deg", sa kråkemora. "Du er betre budd enn eg sjølv er."

(Etter O'Sullivan, nr. 10)

Kråke

  Innhald  


Bøker      

Irske eventyr, segner, soger, vidd og visdom frå Irland.    Seksjon     Sett    Neste

Irske eventyr, segner, soger, vidd og visdom frå Irland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]