Gullvekta
Irske eventyr og segner  ❀ 2
Seksjon › 35   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Alveskoen

"Fortel meg no, Molly," sa ein mann til Molly Cogan då han møtte henne langs vegen ein dag nær ein av dei gamle portane inn til Kilmallock, "har du nokon gong høyrt om klurikonar, som også blir kalla leprakonar?*

* Cluricaune og clurichaun er det same som leprechaun. I irsk folklore er det ein alv som er skomakar for alvane. Han lagar sko og bøter sko, og har ei krukke med gull i der regnbogen sluttar. Om nokon fangar krabaten, kan han oppfylle tre ønske til gjengjeld for å bli sett fri att..

"Klurikonar? Ja, sanneleg. Mang ein gong har far fortalt om dei."

"Har du nokon gong sett ein sjølv, Molly?"

"Å nei, eg har aldri sett ein så lenge eg har levd, men bestefar såg ein og fanga han også."

"Fortel meg om det."

"Ja, bestefar var der ute ovanfor myra, og drog heim torv å brenne. Den gamle hoppa hans var sliten av all draginga, så då dei var heimkomne, gjekk bestefar ut i stallen for å stelle ho og sjå til at ho hadde høy å ete. Då han kom til stalldøra, høyrde han hamring, hamring, akkurat som når ein skomakar forma ein sko. Heile tida blei det plystra. Det var den penaste plystringa han nokon gong hadde høyrt. Bestefar meinte det var klurikonen, og sa til seg sjølv: "Eg fangar deg om eg kan, for då kan eg få pengar nok - støtt og stadig."

Så opna han døra roleg, utan støy. Han såg seg om, men kunne ikkje sjå puslingen som hamra og plystra. Men til sist fekk han auge på han. til slutt han såg den vesle krabaten. Der var han jo under bukgjorda som var tatt av hoppa! Han sat med eit lite skomakarforkle på seg og med hammar i handa, og ein lita, raud hue på hovudet. Han heldt på å lage ein sko, og var så fælande opptatt av arbeidet og hamringa og den høge plystringa si at han ikkje sansa bestefar før bestefar heldt han i handa si.

"No har eg deg", sa bestefar, "og eg vil ikkje la deg gå før eg har pengesekken din. Det er den eg vil ha. Så gi han til meg her og no, takk."

"Vent, vent", sa klurikonen. "Vent til eg har henta han."

Dermed opna bestefar handa si lite grann, og den vesle puslingen hoppa fram og vekk og lo. Bestefar såg han ikkje meir, og fekk aldri pengesekken. Berre skoen låg igjen etter alven. Og jamvel om bestefar var sint på seg sjølv for at han hadde latt puslingen fare, beheldt han skoen så lenge han levde. Mor fortale meg at ho ofte såg skoen og heldt han i handa. Det var den finaste vesle skoen ho nokon gong hadde sett.

"Såg du skoen sjølv, Molly?"

"Å nei, han forsvann lenge før eg blei født. Men mor fortalde ofte om han."

Nærgåande

En ire kom inn i ein trikk, sette seg, tok fram pipa si og sette ho i munnen sin. Ein konduktør kom til og sa: "De kan ikkje røyke her."

"Eg veit det, og eg har ikkje røyka", sa iren.

"Men De har pipa i munnen", heldt konduktøren fram.

"Ja", svarte iren, "og eg har støvlar på føtene, men eg går ikkje."

(Harvey, s. 74)

  Innhald  


Bøker      

Irske eventyr, segner, soger, vidd og visdom frå Irland.    Seksjon     Sett    Neste

Irske eventyr, segner, soger, vidd og visdom frå Irland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]