Norsk del, Gullvekta
Italienske eventyr ❀ 1
Seksjon › 46 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Skjorta til ein glad kar

Ein konge hadde ein einaste son, og var overlag glad i han. Men kongssonen var ulykkeleg støtt, og kunne sitje framfor vindauget i dagevis og stire framfor seg.

"Kva i all verda er i vegen?" spurde kongen. "Kva er gale fatt?"

"Eg veit det ikkje eingong sjølv, far."

"Er du forelska? Er det ei bestemt jente du vil ha, så sei det til meg. Då skal eg ordne det så du får gifte deg med ho, enten ho er dottera til den mektigaste kongen som lever, eller den fattigaste bondejenta som lever."

"Nei, far, eg er ikkje forelska."

Kongen prøvde å muntre opp sonen på mange slags måtar; men verken teater, ball, konserter og song dugde, og dag for dag blei kongssonen bleikare.

Kongen let kunngjere at sonen hans trong hjelp, og frå alle kantar kom lærde tenkarar, kegar og professorar. Kongen viste dei sonen sin og bad om råd. Vismennene trekte seg tilbake for å tenke gjennom det, og kom deretter tilbake til kongen. "Dykkar majestet, vi har tenkt nøye over tilfellet og studert stjernene. Her er det som De lyt gjere: Leit opp ein lykkeleg mann, ein som er glad tvers gjennom, og byt skjorta til sonen din med hans."

Same dagen skikka kongen sendebod rundt omkring for å finne den lykkelege.

Ein prest blei tatt med til kongen.

"Er du glad?" spurde kongen.

"Ja, herr majestet."

"Fint. Korleis ville du like å bli biskopen min?"

"Å, om det berre var så vel!"

"Vekk med deg! Eg ser etter ein mann som er glad akkurat som han er, ikkje ein som prøver å betre forholda sine."

Dermed starta dei å leite att. Innan kort tid fekk kongen vite om ein konge i eit naboland. Alle sa at den kongen var verkeleg lykkeleg. Han hadde ei kone som var like god som ho var vakker, og ein heil haug med barn. Han hadde vunne over alle fiendane sine, og landet hadde fred. Med nytt håp sende faren til den sturande kongssonen sendebod til nabokongen for å be om skjorta hans.

Nabokongen tok imot sendeboda og sa: "Ja, ja, eg har alt det folk plar ønske seg. Men samtidig uroar eg meg for at eg lyt døy ein dag og etterlate det heile. Eg klarer ikkje å sove om natta fordi eg uroar meg for det!"

Sendeboda fann det klokast å dra heim utan skjorta hans.

No visste ikkje far til den sturne kongssonen kva han skulle gjere lenger, så han drog på jakt. Han skaut etter ein hare, men såra han berre, så haren raste vekk på tre bein. Kongen følgde etter og kom langt framfor jaktlaget sitt. Mens han var ute på ei open mark høyrde han ein mann som tralla og song eit refreng. Kongen stogga og lytta: "Den som syng slik, er nøydt til å vere glad!"

Han følgde lyden, og kom til ein vingard. Der fann han ein ung mann som song og skar til vinrankene.

"God dag, Majestet," sa guten. "så tidleg og allereie ute på landet?"

"Velsigne deg! Vil du at eg skal ta deg med til hovudstaden? Du skal få vere vennen min."

"Det gir mange plikter, Majestet, og det vil eg ikkje eingong vurdere. Eg ville ikkje eingong byte plass med paven."

"Korfor ikkje? Ein slik flott ung mann som deg . . ."

"Nei, nei, seier eg. Eg er fornøgd med det eg har og ønskjer eigentleg ikkje noko meir."

"Eit lykkeleg menneske! Endeleg!" tenkte kongen. "Høyr her, unge mann. Gjer meg ei teneste."

"Fullt og heilt, konge, berre eg kan."

"Vent ein augeblink," sa kongen, og sprang glad av stad for å hente jaktfølget sitt. "Kom! Bli med meg! Son min er frelst! Son min er frelst!"

Han tok dei med til den unge mannen. "Kjære guten min," sa han "Eg skal gi deg kva du vil! Men gi meg . . . gi meg . . . "

"Kva skal eg gi, konge?"

"Son min held på å døy i sakte fart! Du kan redde han. Kom hit!"

Kongen greip tak i han og tok til å kneppe opp jakka til den unge karen. Men plutseleg stoppa han, og armane fall ned langs sidene på han. Den lykkelege mannen hadde inga skjorte.

(Friuli)

Dersom kongen eller nokon i følget hans sansa seg og gav mannen ei skjorte som guten i sin tur kunne gi kongen, skulle ikkje problemet vere ute av verda?

Kaninhemn

Ei ørn som hadde bygd seg reir høgt i eit tre, fanga nokre kaninungar som hoppa og beita i ei eng eit godt stykke unna reiret. Ho trong mat til sine eigne ungar. Kaninmora bad ørna med milde ord om å gi tilbake ungane. Men ørna tenkte at kaninen var eit fredeleg, lite dyr som heldt seg på bakken og ikkje kunne gjere ho noko vondt til gjengjeld, så ho nølte ikkje med å rive i kaninungane med nebb og klør mens mor deira såg på, og så gi dei til ørnungane så dei fekk fråtse i dei.

Kaninmora tok det svært tungt, og ville ikkje la drepinga gå ustraffa. Utan at ørna såg det, grov ho eit hol i bakken ved det høge treet der ørnereiret var, og tok til å grave vekk sand og mold frå trerøtene, så dei losna. Treet velta av ein liten bris, og reiret med ørnungane i deiste i bakken. Dei kunne ikkje fly enno. På bakken blei dei tatt av ville dyr. Det var til stor trøyst for kaninmora i sorga hennar.

(Abstemius, nr. 80)

Også dei svake kan stundom klare å hemne forferdeleg urett.

Innhald


Italienske eventyr, historier frå Italia, litteratur  

Kjelder: [Litteratur]

Italienske eventyr, historier frå Italia, opp Seksjon Sett Neste

Italienske eventyr, historier frå Italia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]