Norsk del, Gullvekta
Italienske eventyr ❀ 2
Seksjon › 46 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Vennar

Ein mann som var gåvmild og nokså rik, hadde ei mengde vennar. Med jamne mellomrom bad han dei til middag hos seg, og vennane sa ikkje nei. Mannen fekk for seg å prøve kor trufaste vennene var i naud og farar, og innbydde dei igjen, kvar og ein. Han fortalde dei at han hadde fått fiendar, og at han ville gjere ende på dei. Han bad vennane sine væpne seg og dra med han så han kunne få hemn for skadane som fiendane hadde gjort han allereie.

Alle unntatt to av vennane hans tok til å orsake seg. Deretter rekna han dei to som ikkje hadde trekt seg frå å hjelpe han å stride, som dei einaste rette vennane han hadde, og heldt av dei så det syntest sidan.

(Abstemius)

Tilbakeslag kan vel tenkast å gi det best mogelege provet på vennskap.

Kona som ville døy for mannen sin

Ein mann låg sjuk, og legane hadde gitt han opp. Det var inga hjelp å finne nokon stad. Den stakkars kona hans var nesten frå seg av frykt for å miste han, og bad om å bli tatt av døden så mannen fekk leve. Ho bad og naudbad så lenge at dauden til sist kom til syne ved olbogen hennar. Han såg fæl ut. Då skjelte kona og sa: "Ta ikkje feil. Den du har komme for å hente, ligg i senga der."

(Abstemius)

Det er ganske vanleg å seie ein vil døy for ein kjær venn, men det er neppe til å stole heilt på i alle tilfelle.

Innhald


Italienske eventyr, historier frå Italia, litteratur  

Kjelder: [Litteratur]

Italienske eventyr, historier frå Italia, opp Seksjon Sett Neste

Italienske eventyr, historier frå Italia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]