Norsk del, Gullvekta
Italienske eventyr ❀ Innleiing
Seksjon › 46 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Italienske eventyr fronta med Rosso Fiorentino (1494-1540). Angelic musician.

Samlarar

Folkelege forteljingar frå Italia skil seg lite frå folkelege forteljingar frå andre stadar. Same forteljingane er funne - med mindre variasjonar, over heile Italia, opplyser folkloristen Thomas Frederick Crane (1844–1927) i boka Italian Popular Tales (1885). Og dessutan er mange italienske eventyr opphav til fleire gode eventyr vi kjenner, om Askepott, Rapunselklokke, Katten i støvlar, Tornerose og Hans og Grete og fleire. Den franske eventyrforteljaren Charles Perrault fortalde til dømes at han brukte eventyr frå ei samling av italienaren Basile (nedanfor). Basile si samling kom ut lenge før Perrault gav ut sine eventyr.

Giovanni Boccachio

Giovanni Boccachio (1313-75) var ein forfattar frå Firenze. Han levde i renessansen, ei tid då kulturlivet voks seg friskare ("blei født att") ved at folk tok gamle romerske og greske kjelder til hjelp. Renessansen tok til i Italia på 1300- og 1400-talet. Boccachio overlevde ein svær pest-epidemi (svartedauden) som herja i levetida hans. I dag er han best kjend for å ha skrive Dekameronen. Det er ei bok med hundre forteljingar med erotisk tilsnitt: Ti unge menneske, sju kvinner og tre menn, flyktar frå svartedauden i Firenze til ein avsides villa på den italienske landsbygda. Som tidtrøyte fortel dei kvarandre historier i ti dagar.

Boka har inspirert mange. Mange seinare forfattarar har lånt frå verket, så som William Shakespeare og Alfred, Lord Tennyson. Boccaccio på si side hadde lånt handlingsplanen (handlingsutviklinga) til nesten alle historiene frå andre; frå franske, italiensk og latinske kjelder. Somme Dekameron-soger stammar vidare frå India, Iran og Spania. Dei var fleire hundre år gamle på Boccaccio si tid. Mange av personane som Boccaccio skriv om, levde eller hadde levd då han skreiv om dei; det finst også dei som venteleg har blitt dikta opp av forfattaren.

Rundt tjuefem av historiene er med i den internasjonale eventyrkatalogen (Uther 2004), som til dømes forteljinga om munken Rustico. Ordet Dekameronen er samansett av dei greske orda for 'ti' og 'dag'. Den mest vågale historia handlar om at ei truskuldig kvinne lærer korleis ein "bringar hinmannen inn i glomørja", med ei omskriving (Dag 3, soge 10., ATU 1425). Samandrag av historiene er her: [Meir]

Boka blei første gongen gitt ut på norsk i 1934, omsett av Henrik Rytter. Ei trebands omsetting av Magnus Ulleland blei gitt ut på Samlaget - først i 1969-70, og seinare i ◦utgåve frå 1996 (på nett).

Leonardo, Abstemius, og andre fabelskrivarar

Eventyr, fablar og andre vitsar glir saman og går godt i lag (Temple and Temple, 1998:xviii). Mange eventyr er forma som fablar, og mange italienarar har skrive fablar. Mellom dei: Leonardo da Vinci (1452–1519). Han skreiv så mange at det er gitt ut bøker med dei. [Nokre av dei på nett]

Fablane i Vesten har ei lang og brei historie. Opphavet til fablane vi kjenner som esopsfablar er også frå mange land og tradisjonar. Somme kjem frå Libya, andre er greske, og andre frå anna hald. Dei aller fleste fablane som er kjent som esopsfablar, er skrivne av andre enn Esop. Fleire fablar enn hans kom til sidan, og så blei greske fablar omsette til latin då gamle Hellas blei del av Romarriket. Gresk-romarar omsette frå gresk til latin. Mellom dei første er Phaedrus (uttale: /fédrus/). Han var frå Makedonia, levde det meste av livet i Italia, og der starta han å skrive esopsfablar i første hundreåret e.Kr. Fablane er på livleg og enkel latin. Dei kan more og undervise. Babrius er ein annan fabelskrivar frå første hundreåret e.Kr. Over 125 fablar av han - på gresk - kom for dagen på 1800-talet. Han kan ha vore romar. Fablane som stammar frå han, har god stil, humor og poeng. Somme er originale - det er, ein har ikkje funne andre fablar som liknar. (Perry 1965; Gibbs 2008)

Laura Gibbs gir gode oversyn over forfattarar og fablar frå dei (2008). Etter at mange fablar blei omsette til latin, kom fleire fablar til på latin - like til mellomalder-latin etter kvart blei avløyst av nasjonsspråk som italiensk, fransk og så bortetter. Då kom fablar på slike språk også, og dessutan omsettingar mellom ulike språk. [◦Frå den utviklinga]

Dels har italienske forfattarar mellom andre laga nye, dels har dei omsett eldre greske og romerske, og dels har dei dikta attåt dei. Det har vore ein levande tradisjon for slik dikting like til vår tid.

Eg har tatt med nokre av Laurentius Abstemius (Lorenzo Bevilaqua) frå like før år 1500. Han var forfattar, litteraturprofessor og bibliotekar for hertug Guido Ubaldo under Pave Aleksander VI. Hovudverket til Abstemius er er ei samling med hundre fablar på latin. Boka blei gitt ut i 1495. Fleire av fablane gir rammer for ordtak. Somme fablar er omskapte eldre, andre er forma i tråd med gamle esopsfablar, og somme er oppfølgingar av eldre fablar. Samlinga blei omsett til engelsk av Sir Roger L'Estrange. Tredje utgåva hans er frå 1669. Abstemius gav ut enda ei fabelsamling på latin i 1499, i Venezia. I den boka, Hecatomythium Secundum, er det nittisju fablar.

Giovanni Francesco Straparola

Den tidlegaste italienske samlinga av folkelege historier - vitsar, gåter og soger - blei gitt ut i Venezia på 1500-talet av Giovanni Francesco Straparola. Straparola (bokstaveleg talt: Babblar) ser ut til å ha vore eit kallenamn. Han kom frå ein by midt mellom Milano og Cremona.

Straparola si samling blei svært godt mottatt. På seksten år kom det seksten utgåver. Samlinga blei dessutan omsett til fransk og ofte trykt om att på fransk. Før 1500-åra var slutt, var verket omsett til tysk også. Forfattarar lånte forteljingar frå Straparola sitt verk. Han har i stor grad æra for at eventyret blei innført i moderne europeisk litteratur, skriv folkloristen Thomas Crane (1885) i innleiinga til si eiga, gode samling med italienske eventyr.

Historiene til Straparola er i stil med forteljingar i Dekameronen. Dei kom frå munnleg tradisjon, frå ti unge kvinner. Somme av historiene blei forbodne som "uskikka" i Roma i 1605, og då kom ei stytta utgåve. Men det fanst ein komplett venetiansk utgåve frå 1573, og omsettingar til fransk og tysk på 1600-talet.

Straparolas verk inneheld forteljingar som er like dei tyske eventyra Fiskaren og kona hans, Meistertjuven, Den vesle bonden, Hans og piggsvinet, Jern-Henrik, Dei fire brørne, Dei to brørne, Tre små fuglar, og Doktor Forståsegpåar (Dr Know-all). Den vidt utbreidde eventyrtypen kalla "Sterke Jon, Strong John (ATU 650 A), som vårt heimlege Mumle Gåsegg er ein variant av, er også med i Straparola-samlinga. (Kready, 1916: 170; 178, )

Giambattista Basile

Om lag eit hundreår etter Straparola blei Pentameronen gitt ut i Napoli, i 1637. Pentameronen er ei samling med femti historier som blir fortalde over fem dagar - på Napoli-dialekt. Stilen er barokk.

Boktittelen var frå først av Lo cunto de li cunti overo lo trattenemiento de peccerille (Sogenes soge, eller underhaldning for små). Tittelen Pentameronen blei først brukt på 1674-utgåva. Boka har blitt omsett til italiensk og engelsk sidan, og tilmed Bologna-dialekt, fortel Thomas Crane (1885; innleiinga) vidare.

Forfattaren, Giambattista Basile, er enda betre kjent enn Straparola. I ungdommen var han på Kreta, og sidan i Venezia, som eigde Kreta på den tida. Han fór omkring i Italia, blei greve, Conte di Torrone, og kom til sist tilbake til Napoli. Han døydde i nærleiken i 1632.

Basile skreiv eventyra sine uavhengig av Straparola, men nokre få eventyr er felles. Han var svært omhyggeleg med ikkje å endre forteljingane folk fortalde når han skreiv dei ned. Men sidan tilpassa og utfylte han dei med allusjonar (vink som spela på ditt og datt), ordtak og fantasifulle likningar, og tilvisingar til skikkar og mytologi.

Ein trur sogene blei fortalde munnleg i og rundt Kreta og i Venezia. I samlinga hans er eldre versjonar av Oskepott, Korleis seks (karar) kom seg fram i verda, Snøkvit, Fru Holla, Rapunzelklokke, Katten i støvlane, Tornerose, Hans og Grete og meir til (Kready 1916:179).

Både den franske Charles Perrault og Grimm-brørne fortalde dei tok tilfang frå samlinga hans, og Grimm-brørne roste ho svært. Mange av eventyra etter Basile er dei eldste kjende versjonane ein kjenner til.

Samlingar frå provinsane kom til

I 1869 gav Angelo De Gubernatis ut Le Novelline di Santo Stefano - i alt trettifem historier. Det blei starten på mange utgitte samlingar frå ulike provinsar i Italia.

Italo Calvino

Italo Calvino (1923-1985) var italiensk journalist og forfattar av noveller og romanar. I 1956 gav han ut 200 italienske folkeeventyr, Fiabe Italiane, for han ville at Italia skulle ha noko som målte seg med eventyra frå Grimm-brørne og store samlingar frå andre land - det skreiv han i innleiinga til boka si. Calvino baserte seg på samlingar frå folkloristar før han; både nedskrivne og innspela soger fanst. Han ville forme ei godt leseleg hovudsamling på grunnlag av alt materialet han hadde til disposisjon. Han valde versjonar som slo han som "vakrast, rikast, eller dyktigast fortalde", og dessutan versjonar han syntest verka forankra i dei ulike italienske regionane.

Calvino syntest også at kjærleik, amore, er eit tema som går gjennom italiensk folklore, og at erotikk i soger "som vi no meiner høyrer med til barnelitteratur . . . ikkje var meint for noko bestemt alderssteg". Han kom etter kvart til den overtydinga at kjernen i italienske eventyr var "ynde, vidd og foreint design - utan sidestykke." Det er lov å vere patriotisk!

Han blei også overtyda om at folks forteljingar er ein katalog over dei mogelege livsferdene (lagnadane) til kvinner og menn i gamle dagar. I den verkelege verda også "må det vere truskap overfor eit mål, og eit reint hjarte", funderte den gamle journalisten seg fram til!

Calvino endra forteljingar i boka si for å gjere dei meir leselege, så "ynde, vidd og foreint design - utan sidestykke" kom godt fram . . . Klokt gjort. Til tider endra han namna på heltinner også. Han har dessutan opplyst om kjelda til kvar forteljing som er med.

Skapningar i italiensk folklore

Anne Macdonell frå reisene sine

Anne Macdonell skriv i ei bok at for over hundre år sidan hadde italienske feer for vane å verke som vanleg folk, og at ei kvinne på marknaden eller ei budeie ein drar forbi, gjer reiser i Italia veldig interessante, av di ein aldri veit når ein kan møte ei fe. Kanskje ho som steller hotellromma er ei fe, eller kusken, eller den gamle kvinna ved kyrkjedøra - kanskje og kanskje ikkje.

Skapningar i italiensk folketru

I italiensk folketru finst fleire skapningar. Her er somme:

Dahu. Dahuen finst i folkloren til Frankrike, Sveits og nord i Italia. Han ser ut som ei fjellgeit, men beina på eine sida er kortare enn på hi sida. Slik er han tilpassa å gå sidelengs bortover bratte skråningar. Historier om dahuar er vitsar for heilt unge.

Bissa. Ein våpenskjold-figur som blant anna er kjend som (krona) biscione, starta ein gong som ein enkel, liten buorm.

Lariosaurus. Denne krypdyr-liknande skapningen seiast å halde til i den djupe Como-innsjøen nord i Italia, rundt 45 km nord for Milano. Somme hevdar dei har sett han, mens skeptikarar avviser det. . .

Longana. Longanaen er skapt som ei gløgg og vakker kvinne som lever i vatn. Ho har føter som ei geit. Longanaene dukkar opp i legender hos folk i Cadore i Italia. Dei fortel at longanaene lever i grupper i viker eller nær klippane. Giftemål med slike kan ha fordelar og ulemper, fortel tradisjonen.

Marabeka. Marabeka (italiensk: marabecca) finn vi i legender frå Sicilia. Skapningen bur i brønnar og dammar, og kan ha blitt oppfunnen av foreldre som ville skremme barna sine vekk frå å leike farleg nær brønnar og vassreservoar..

"Veslemunken", monaciello, er ein nisse frå Napoli og omlandet der, etter tradisjonen. Det er ein stutt, tjukk slags munk med lange klede og breibremma hue. Han skal halde til i klosterruinar og kloster som kroner mange av åsane i området. Han kjenner dei underjordiske tunellane og passasjane i Napoli, og bruker dei for å komme seg til gamle palass han også held til i. Han har ergra mange fordi han er glad i å gjere fantestykke, som å trekke kleda av folk, stele dyner frå soverom og plage koner i husa.

Likevel er oppfatninga blant folk at veslemunken gjer godt. Då syner han seg for folk som er i stor naud, men berre dersom dei har gjort alt dei sjølv kunne for å forebygge eller lindre nauda som har ramma dei. Dersom han kjem til synes i slike tilfelle, vinkar han taust dei naudstilte etter seg til einkvan stad det er gøymt ein skatt som ein fritt kan ta. Derfor seier folk om hine som brått har blitt rike: "Kanskje veslemunken har vore i huset deira".

Får veslemunken mat, kan han omskape maten til gull, men om ein dernest skryt av gullet, forsvinn det.

"Veslemunken" speglar av vassberarane i Napoli før. Det var mange tunellar under bakken mellom brønnane i byen, og vassberarane trong å vere stutte for å komme fram overalt der nede. Frå tunnelane hadde dei tilgjenge til dei fleste husa. Ytterplagget deira likna dessutan ei munkekufte.

"Skvask". Squascen er eit mytologisk vesen i Aust-Lombardias folklore. Skvasken seiast å vere liten, hårete, gulbrun, og liknar eit ekorn utan hale og med eit fjes som liknar fjeset til eit menneske. Skvasken blir brukt til å skremme barn med. Det likar dessutan å spele folk puss, særleg unge jenter.

[Alle desse er skildra i Wikipedias artikkel "Kategori: Italienske legendariske skapninger"]

Frå folkloren i Alpetraktene

I alpetraktene finst historier om skapningar som Perkta, Perchta, også Berkta, Berchta, (Bertha på tysk); badalisken; og tatzelormen. Dei to første har opphav i myter, og blir feira på visse dagar og måtar.

Perkta var ei germansk gudinne frå gammalt. Ho har rolla som vaktar over dyra, og har oppsyn med spinninga gjennom dei tolv juledagane. Perkta kan ha to former: vakker og kvit som snø eller eldre og mager.

Badalisken er eit myte-vesen som skal halde til i skogane i dei sørlege Midt-Alpane. Under feiringsdagane den 5. og 6. januar, fangar folk ein liksom-badalisk. Han blir leidd i tau til bygda Andrista av musikantar og folk med masker, og det blir blant anna synging, dansing og festing.

Tatzelormen. Der Tatzelwurm eller "alpedraken" er ein meter-lang, tjukk og øgleaktig skapning med kort hale og fire stutte bein. Framparten ser ut som ein katt, og bakparten er som på ein orm - utan bakbein. Han skal halde til i både italienske og sveitsiske høgfjell. Folk som seier dei har sett han, fortel han kan springe fort og hoppe både høgt og langt (utan bakbein).

Gamle romerske og etruskiske kjelder

Fleire av vesena som er med i folkeeventyr, finn vi att i gamle romerske og etruskiske historier, i mytologien derifrå. Til dømes er lykka (Fortuna) gudinne for både skjebne, velstand og fruktbarheit. I gamle soger om kongar, heltar og andre vesen dukkar det opp somt ein også finn i seinare folkesegner og folkeeventyr.

I gamle myter finn vi litt av kvart elles også, så som elvegudar, ei elv til underverda, ein gud over underverda, og herskar over daude. Der dukkar det også opp eit barn med vengar, pil og boge - Amor med pilene er symbol for kjærleiken. Sola er gud der, og det finst satyrar, nymfer, ein gud for ulvane, heltinner, legar, sjåarar. spåmenn og synske. Der finst ei tryllekjelde, ein kjærleiksfugl, Mania della Notte - ei nattleg ånd som gir mareritt.

Der er trollkvinna Medusa, som er gudinne for lagnad og tilfeldigheit; Orcus, ei hårete, skjeggete kjempe. Der er krigarkvinner, amasoner; vengehesten Pegasus, ein gud for handverkarar, ofte med øks i hand. Han svarer til den greske smed-guden Hephaistos og den romerske Vulcanus; ei gudinne for daggryet, ein himmelherskar (greske Zevs, og romerske Jupiter, som begge har fellestrekk med norrøne Tor). Der er smådjevlar, demonar, kjærleiksgudinner som Venus, profetiske nymfer og andre.

Somme av desse gestaltane er med i seinare eventyr i meir eller mindre omdanna former. Mange av skapningane som romarane tenkte seg, overtok dei frå gresk kultur, og dels etruskisk. Etruskarane hadde busett seg godt i det sentrale Italia lenge før romarane vann slik framgang.

Innhald


Italienske eventyr, historier frå Italia, litteratur  

Sisilanske eventyr på engelsk.
Italienske eventyr på engelsk.

Kommentarar til fleire av bøkene under, står på engelsk på ei anna side: [Lenke]. Sicilia er ein sjølvstendig region i Italia. På Sicilia er det samla så mykje folklore - blant anna eventyr og ordspråk - at det er greitt å samle dette store tilfanget for seg. I innleiinga til dei sisilianske står oversyn over særs nyttelege bøker derifrå - på italiensk, tysk og engelsk.

Opplysningar og oversyn

Anderson, Graham. Greek and Roman Folklore: A Handbook. Westport, CT: Greenwood Press, 2006.

Dixon-Kennedy, Mike. Encyclopedia of Greco-Roman Mythology. Santa Barbara, CA: ABC-CLIO, 1998.

Grant, Michael. Myths of the Greeks and Romans. London: Penguin Meridian, 1995.

Haase, Donald, red. The Greenwood Encyclopedia of Folktales and Fairy Tales. Band 13. Westport, CT: Greenwood Press, 2008.

Kready, Laura F. A Study of Fairy Tales. Boston: Houghton Mifflin / The Riverside Press, 1916.

Uther, Hans-Jög. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Zipes, Jack, red. The Oxford Companion to Fairy Tales. Paperback. Oxford: Oxford University Press, 2002.

På italiensk

Bernoni, Dom Guiseppe. Fiabe e novelle popolari veneziane. Venezia: Fontana-Ottolini, 1873.

Capuana, Luigi. Schiaccianoci ed altri racconti. Firenze: Biblioteca Marzocco per i ragazzi, 1940

De-Gubernatis, Angelo. Le Novelline di Santo Stefano. Torino: Augusto Federico Negro, 1869.

Giuria, Pietro. Racconti popolari dell'Ottocento ligure. Palermo: Edikronos, 1981 (1850).

Grisanti, Cristoforo. Usi, credenze, proverbi e racconti popolari di Isnello. Palermo: Alberto Reber, 1899.

Imbriani, Vittorio. La novellaja fiorentina: Fiabe e novelline stenografate in Firenze dal dettano popolare. Livorno: F. Vigo, 1877.

Linares, Vincenzo. Racconti popolari. Palermo: Luigi Pedone Lauriel, 1886.

Nieri, Idelfonso. Cento racconti popolari Tucchesi. Seconda edizione. Livorno: Raffaello Giusti, 1908.

Nieri, Idelfonso. Racconti popolari. Castelnuovo di Garfagnana: A. Rosa, 1889.

Visentini, Isaia. Fiabe mantovane. Roma: Ermanno Loescher, 1879.

På engelsk og fransk

Anderton, Isabella. Tuscan Folk-Lore and Sketches, together with Some Other Papers. London: A. Fairbairns. 1905.

Andrews, James Bruyn. Contes ligures: Traditions de la Riviére. Paris: Ernest Leroux, 1892.

Basile, Giambattista. The Pentamerone. Oms. Benedetto Croce. 2 vols. London: John Lane the Bodley Head, 1932.

Boccachio, Giovanni. Decameron. Oms. James Macmullen Rigg. 2 band. London: Trykt privat for The Navarre Society, 1903.

Calvino, Italo. Italian Folktales. Oms. George Martin. London: Harcourt Brace Jovanovich, 1980.

Crane, Thomas Frederick. Italian Popular Tales. Cambridge: The Riverside Press, 1885. ⍽▢⍽ Boka kom i ny utgåve (Santa Barbara, CA: ABC-CLIO) i 2001, redigert og med forord av Jack Zipes.

Cummings, Jeremiah Williams. Italian Legends and Sketches. New York: Edward Dunigan and James Kirker, 1858.

Dixon-Kennedy, Mike. Encyclopedia of Greco-Roman Mythology. Santa Barbara, CA: ABC-CLIO, 1998.

Gibbs, Laura, Aesop's Fables.Reprint ed. Oxford: Oxford University Press, 2008.

l'Estrange, Sir Roger. Fables, of Aesop and other Eminent Mythologists with Morals and Reflections. 3rd ed. London: John Gray and Co., 1669.

Macdonell, Anne. The Italian Fairy Book. London: Unwin, 1911.

Monnier, Marc. Les contes populaires en Italie. Paris: G. Charpentier, 1880.

Perry, Ben Edwin, tr. Babrius and Phaedrus.. Reprint ed. Cambridge, MA: Loeb / Harvard University Press, 1998.

Steedman, Amy. Legends and Stories of Italy for Children. London: T. C. and E. C. Jack, 1909 (?).

Straparola, Giovanni Francesco. The Nights of Straparola. Oms. William George Waters. 2 Vols. London: Lawrence and Bullen, 1894.

Temple, Olivia, and Robert Temple. Aesop: The Complete Fables. London: Penguin, 1998.

Ugolino, Bror. The Little Flowers of Saint Francis. Oms. Roger Hudleston. New York: The Heritage Press, 1926.

Italienske eventyr, historier frå Italia, opp Seksjon Sett Neste

Italienske eventyr, historier frå Italia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]