Norsk del, Gullvekta
Italienske eventyr ❀ 4
Seksjon › 46 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Den lærde bonden

Ein konge hadde mista ein verdifull ring. Han leita etter ringen vidt og breitt, men fann han ikkje nokon stad. Då sende han ut ei fråsegn om at den astrologen som kunne seie han kor ringen var, skulle bli lønna så godt at han kunne vere rik heile livet.

Ein bonde som heitte Gambara, var pengelens og kunne verken lese eller skrive. "Skulle det vere så vanskeleg å spele astrolog?" undra han seg. "Eg trur eg skal prøve."

Så gjekk han til kongen.

Kongen tok Gambara på ordet, og stengde han inne i eit rom der han skulle studere seg fram til at ringen blei funnen. Det var ingenting i rommet anna enn ei seng og eit bord med ei stor astrologibok oppå, og papir, penn og blekk. Gambara sette seg ved bordet og tok til å bla i boka utan å forstå eit ord. No og då sette han merker på papiret med pennen. Sidan han ikkje kunne skrive, blei det nokre merkelege teikn ut av det, og tenarane som kom med frukost og middag til han, tok til å tru han var ein uhorveleg klok astrolog. Det var dei tenarane som hadde stole ringen. Det dårlege samvitet deira fekk dei til å tru at Gambara mistenkte dei, enda han berre streva for å verke som ein gild astrolog.

Dei var livredde for å bli avslørte, og bukka og skrapa overhøfleg for han. Gambara var rett nok ingen astrolog, men han var bonde, og dermed bondeklok. Ganske fort tok han til å mistenke dei redde tenarane. Dermed sette han ei felle for dei.

Ein dag, akkurat då dei var ventande med frukosten hans, gøymde han seg under senga. Overtenaren kom inn med mat, men såg ingen i rommet. Gambara sa med høg røyst der han låg gøymd under senga: "Der er ein av dei!"

Tenaren sette frå seg brettet med maten og forta seg skremd ut av rommet.

Etter ei stund kom ein annan tenar for å hente brettet. Han fekk også høyre ei stemme: "Ein til!" sa det. Også han stakk av.

Då den tredje kom inn seinare, sa bonden under senga: "Den tredje!"

Tenaren sprang ut, han også. No stakk dei tre tenarane hovuda saman og rådslo. "Han har avslørt oss! Skulle han avsløre oss for kongen, er det ute med oss!"

Dei gjekk saman til bonden og tilstod at dei hadde stole ringen til kongen. "Vi er fattige folk," tok dei til. "Fortel du kongen det du har funne ut, er vi fortapte. Lar du vere å utlevere oss, så får du denne veska med gullpengar."

Gambara tok veska og svarte: "Gjer som eg fortel, så kjem det til å gå bra. Ta ringen og la den største kalkunen ute i garden svelge han, så tar eg meg av resten."

Neste dag gjekk Gambara til kongen og sa at han var ganske viss på kor ringen var.

"Kor?" spurde kongen.

"I ein kalkun - som den." Han peika på den største som gjekk i garden.

Dei slakta kalkunen og fann ringen. Kongen lessa mykje rikdom over astrologen og heidra han med ein bankett. Der var alle som talde: Markiar, baronar og andre store der i landet.

Blant dei mange rettane som blei servert, var eit fat med godt tillaga kreps. Det var ei gåve frå kongen i eit anna land. Krepsen var ukjend mat der han blei servert på banketten.

"Sidan du er så klok," sa kongen til bonden, "veit du vel kva som er på tallerken her under lokket."

Gambara fekk seg ein støkk, og mumla for seg sjølv: "Å, Gambara, Gambara, no er du ferdig!"

"Bravo!" sa kongen. Han visste ikkje kva bonden heitte. "Det slo til igjen! Retten er gambero [kreps], du dyrebare astrologen vår!"

[Mantua]

Kalkunar blei frakta til Spania frå Amerika (Hispaniola) i 1512. Derifrå blei dei spreidde forbausande fort til mange land i Europa. Dei var i Italia i 1530, og i unionen mellom Noreg og Danmark før 1550, til dømes, skriv ◦Dan Jurafsky.

Dei tjukke og den tynne

Ein mann hadde mange hanekyllingar i same kull, og gav dei rikeleg med mat. Alle voks seg feite og fine, unntatt ein. Brørne hans gjorde narr av han fordi han var så mager. Det dei ikkje visste var at mannen hadde feita dei opp til ein overdådig fest. Han gav kokken sin ordre om å slakte og koke dei feite.

Dei feite hanekyllingane høyrde det. Då sa dei sint: "Kor mykje betre det ville vore for oss å vere magre!"

(Abstemius)

Innhald


Italienske eventyr, historier frå Italia, litteratur  

Kjelder: [Litteratur]

Italienske eventyr, historier frå Italia, opp Seksjon Sett Neste

Italienske eventyr, historier frå Italia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]