Norsk del, Gullvekta
Italienske eventyr ❀ 3
Seksjon › 46 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Gubbio-ulven

På den tida då Frans budde i byen Gubbio, dukka det opp ein stor, glupsk ulv i nabolaget. Ulven var så fæl at han åt både dyr og menneske. Av frykt for ulven torde ikkje folk seg utanfor bymurane. Frans ville hjelpe Gubbio-folka, og gjekk av stad for å møte ulven ved ulvehiet. Frans tok med seg eit følge, men dei våga ikkje å gå heilt fram til hiet; berre nesten. Dei og andre tilskodarar fekk sjå korleis ulven sprang mot Frans med vidopen kjeft, og at Frans ropte: "Kom berre nærare, ulv! Men eg legg på deg frå i dag at du ikkje skadar verken meg eller andre."

Ikkje før hadde Frans sagt det, så stoppa ulven, lét att den gapande kjeften og kom og la seg ved føtene hans så spakt som eit lam.

Frans sa til ulven, "Bror ulv, du har gjort mykje vondt: Du har ete ikkje berre dyr, men også menneske. Ein røvar og mordar har du vore! Derfor er alle her i byen imot deg. Folk roper du skal ha deg vekk, og hundane forfølger de. Men eg vil at det no skal bli fred mellom dei og deg, så du ikkje plagar dei meir. Alt folk her skal la vere å jakte på deg, og hundane skal ikkje vere etter deg meir."

Ulven lytta til avtala og bøygde hovudet, og viste med rørsler av kropp, hale og øyre at han samtykte: "Det er ein avtale!" synte geberdene hans.

Frans la til: "Sidan du er villig til å halde fred, lover eg at du skal bli mata kvar dag av innbyggarane i området så lenge du lever. Men så må du love til gjengjeld at du aldri meir vil gå til angrep på dyr eller menneske."

Frans rekte fram handa og ulven gav labb på at han lovde dette.

Frans bad ulven følge han, og ulven gjekk så spak som eit lam ved sida hans, til stor forundring for alle som fekk sjå det. Snart fekk alle i Gubbio høyre om underet. Frans talte til dei: "Ein rasande ulv et berre kroppen. Det finst enda verre ting i verda."

Frans slutta preika med: "Høyr, brør. Ulven er her med meg. Kan de slutte fred med han, sluttar han fred med dykk. Då får de gi han den maten han treng dagleg. Eg garanterer for ulven".

Folket i Gubbio vedtok alle som ein å gi ulven mat så lenge han levde, og Frans la til att, vendt til ulven: "No får du love folket her at du vil halde avtalen."

Og ulven la seg på kne, bøygde hovudet og viste med rørsler av kropp, hale og øyra at han ville halde avtalen så godt det var mogeleg for han. Frans heldt dermed fram: "Bror ulv, dette lovde du meg utanfor byen, og no har du gjentatt det for folket her. Ta meg i handa på det igjen."

Ulven gav labb med det same, og folket i Gubbio blei svært glade og takka himmelen for at Frans var hos dei.

Ulven levde i to år i Gubbio. Han gjekk fortruleg frå dør til dør utan å skade nokon, og alle menneske tok imot han høfleg, mata han med stor glede, og ingen hund gøydde mot han lenger.

Etter to år døydde ulven av alderdom.

(Ugolino 1926)

Det heiter at folk i byen gravla ulven ein stad det seinare blei bygt ei kyrkje, og då folk renoverte der i 1872, fann folk skjelettet til ein stor ulv. Skjelettet lét til å vere fleire hundreår gammalt. Det låg under ei steinhelle nær kyrkjemuren. Då blei ulveskjelettet gravlagt ein gong til, innanfor murane.

Frans i den attgitte soga er Frans frå Assisi (1182–1226). Han var svært glad i dyr, og blei kåra til helgen i 1228. Det er mange segner om han utanom historia om ulven. Ho står i ei bok av Ugolino (bokdata står nedanfor).

At ulven er eit farleg dyr, skulle ingen tvile på. I Frankrike kom ein landsens historikar, Jean-Marc Moriceau, til at mellom 1362 og 1918 blei innpå 7600 menneske drepne av ulv, og 4600 av dei blei drepne av ulvar utan rabies ("hundegalskap"). I Italia har historikarar som har granska kyrkje- og administrasjons-oppteikningar frå Po-dalen (medrekna ein del av dagens Sveits), funne 440 tilfelle der ulv gjekk til åtak på menneske mellom 1400-talet og 1800-talet. Mellom 1801 og 1825 var det 112 angrep der, og 77 av dei døydde folk av. (Wikipedia, "Wolf attacks on humans")

Modifisert utsnitt av bilde i Wikipedia-artikkelen Wolf attacks on humans.
Del av eit bilde i "Le Petit Journal", 25. januar 1914. Ein ulv har tatt eit lite barn. Faren er der.

Barn, prøv ikkje heime det som Frans gjorde: Stol ikkje på ulven om han kjem og svingar med svansen.

Musene og katten

Det budde mange mus i eit hol i veggen ein stad. Dei såg det pla ligge ein katt på golvet i huset, og at han såg trist ut der han låg utstrekt med hovudet lågt.

Ei av musene sa: "Denne skapningen ser ut til å vere nokså harmlaus og mild, for han ser slik ut. Han gir inntrykk av å ha eit reint sinn. Eg skal gå bort til han og få han i tale så vi blir vennar for alltid."

Då musa hadde sagt dette og gått nærare katten, blei ho tatt av katten og riven i småbitar. Dei andre musene såg det og sa til kvarandre: "Nei, ein skal ikkje stole på korleis andre er, berre ut frå korleis dei ser ut."

(Abstemius)

Folk bør vi vurdere i lys av kva dei gjer, og ikkje berre utsjånaden.

Innhald


Italienske eventyr, historier frå Italia, litteratur  

Kjelder: [Litteratur]

Italienske eventyr, historier frå Italia, opp Seksjon Sett Neste

Italienske eventyr, historier frå Italia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]