GULLVEKTA
Eventyrmerknader og anna - C
Nordiske eventyr Reservasjonar [FØRRE] [NESTE]
SAMLINGA

Langt uti havet

Reidar Christiansen. Norske sagn, "Segn frå Auvær", s. 77-78. Segna blei oppskriven av Hans Greipstad, etter Hans Myrnes.
      [TIL SOGA]

Ute etter geiter, ikkje etter gull

Reidar Christiansen. Norske sagn, "Segner frå Gjerstad", s 137-38, 39, oppskrive av Ågot Hana, Hauge skole, Lonevåg, ved lærar S. Hausberg.
      [TIL SOGA]

Gullfuglen og gull-linda

AT 550 Gullfuglen (Search for the golden bird). -
      "Gullfuglen å gull-linda", samla av Rikard Berge (1910), fortalt av Anne Jordgrav, etter Jens Russodden. Stad: Kilen, Kviteseid.
      Handlingsgangen: Ein konge finn ei gullfjør, og dei tre sonene hans byr seg til å leite etter fuglen. Men dei to eldste slår seg berre til i eit vertshus. Den yngste kjem vidare i lag med ein rev han har hjelpt. Guten når fram til treet der gullfuglen sit, men bryt nokre tabu og må derfor utrette fleire oppgåver. Reven hjelper han og narrar trolla som forfølgjer guten ved å omskape seg og løyne seg.
      Når guten møter brørne sine att, stel dei fuglen, hesten og jomfrua han kjem med, og prøver å drepe han. Men reven hjelper han så han kjem frå det, og får att byttet sitt. Så hogger guten hovudet av reven, og den blir til ein kongeson. Helten giftar seg med jomfrua, og dei vonde prinsane blir straffa.
      [TIL SOGA]

Seterjenta frå Turrore

Andreas Faye. Norske folke-sagn, "Sæterpigen i Land", s 26-7, munnleg overlevering.
      [TIL SOGA]

Tømmerhoggaren

Reidar Christiansen, Norske sagn, "Timberhoggaren", s 37, ei segn frå Sauherad, oppskrive av Alma Bjørndalen etter mor si.
      [TIL SOGA]

Bryllaup i berget

Det norske Samlaget: Norsk folkedikting: Segner med ei innleiing og merknader av Knut Liestøl. (Oslo: Det norske Samlaget, 1939), "Tussebryllaup", s 95-96 og 211. Soga er henta frå Johannes Skars "Gamalt or Sætesdal" III.
      [TIL SOGA]

Storsild til middag

Reidar Christiansen, Norske sagn, "Beret på Evje", s 60-61. Ei segn frå Lofoten, oppskriven av B. J. Petersen, Fredheim pr. Hansnes.
      [TIL SOGA]

Vaktmannen

Reidar Christiansen, Norske sagn, "Nissen og vaktmannen", s 131-32, oppskriven av Willam Jacobsen, Lilleaker.
      [TIL SOGA]

Svartedauden i Sengeset

I Reidar Christiansens vandresegnkatalog har pesten fått rommeleg plass: ML7080 Pesta med lime og rive; ML7085 Pesta og ferjemannen; ML7090 Attlevande etter pesten; og ML7095 Aude hus og kyrkjer etter pesten.
      Segna er gjendikta frå Andreas Fayes Norske folke-sagn, "Svartdouven i Sætersdalen", s 135-36, overlevert Faye munnleg. Det finst fleire segnvariantar. Ivar Aasen har ei oppteikning frå Valle frå 1844, men der er ikkje hendinga sett i samband med Svartedauden - og tilknytinga til Svartedauden i nett denne soga er neppe opphavleg.
      Segna har vore vidt kjent omkring i landet. Grunntanken er at huldrefolket hjelper folk som har mista rekninga med dagane. Verset er eit sentralt punkt i forteljinga. Det finst også ein variant frå Færøyane. Der var det ein mann som hadde blitt att ein stad og laut vere der i ein heller. Ei natt han låg og harma seg for di han ikkje visste kor lenge det var til jul, hørte han einkvan som sa: "ei natt og to dagar til jula".
      [TIL SOGA]

Ubedne bryllaupsgjestar

Andreas Faye. Norske folke-sagn, "De ubudne Bryllupsgjester", s 30-31.
      [TIL SOGA]

Då Petter Dass fekk vaska seg

Reidar Christiansen, Norske sagn, "Petter Dass og Hinmannen", s 53-54. Segn frå Melhus, oppskriven av Karen Evensen, Trondheim, etter Joar Buseth, Melhus.
      [TIL SOGA]

Heilag-Olav ved Hornelen

Andreas Faye. Norske folke-sagn, "St. Ofaf og Troldet i Hornelen", s 112-13.
      Heilag-Olav var ein såkalla krystalliseringsfigur, det vil seie ein kjent historisk eller mytisk person som trekkjer til seg segner, anekdotar og andre former for folkeleg forteljartradisjon, og som ikkje var knytte til han eller henne.
      Kristningskongen Heilag-Olav var ein liten, rund og raudhåra mann med mage. Derfor blei han mellom anna kalla Olav Digre i soga om han. Etter at han døydde, fekk han lagt til seg flotte sider hos Olav Tryggvason. Og forteljingar frå naturen, som opphavleg hadde andre i hovudrolla, dreiv over på Heilag-Olav: Det gjaldt ymse Olavskjelder, ormeliknande avtrykk i fjellet ovafor Norddalsfjorden på Sunnmøre, og anna. Mange særmerke i naturen som er blitt tilskrivne Heilag-Olav finst på stader der ein meinar å vite at han aldri har vore.
      [TIL SOGA]

Heilag-Olav i Solnurdalen

Gjendikta frå Andreas Fayes Norske folke-sagn, s 118. Jf. s 119-20 for domkyrkjetilfang.
      [TIL SOGA]

Heilag-Olav over Valldal

Andreas Faye. Norske folke-sagn, "St. Olafs Fjeldreise", s 118-10. Også: Soga om Olav Haraldson, kap. 178-79.
      Under vandringa oppover dalen fekk Olav hjelp av folka som budde på garden Grønning for å kome seg gjennom Skjærsurda. Som takk for hjelpa sa Olav at kornet aldri skulle fryse, og det skal det heller aldri har gjort.
      Segna om ein gard som blir velsigna med godt nok vêr, gir døme på kva som meinast med interessedominant eller intern dominant: Det er eit fenomen som står i fokus og tiltrekkjer seg folks merksemd, og som fargar opplevingshorisonten (som er "det ein opplever"). Det vil seie at bakom mange segner ligg opplevingar av naturen som kan gi redsel, for eksempel storm og ulykker på havet. I et fiskarsamfunn blir historier om uvêr på havet, fiskelykke og sjøvetter naturleg nok hyppigare enn i typiske jordbruksmiljø.
      Uklare opplevingar og manglande kontroll over naturfenomena kan bli dytta inn i trakta si dominerande folketru. I sjødistrikta fra Mørekysten og nordetter er segner om varslande havmenn, draugar, og så videre vanlege. Dei kjem blant anna av behov for varsel om når det er best å halde seg heime, så det ikkje går heilt gale til havs. Det behovet er stort, og kan kallast ein interessedominant. Ulike distrikt har eit arsenal segner som tener slike pedagogiske førmål, ved såkalla pedagogisk skremming. Om ein trassa åtvaringar og dunkle varsel som kunne tolkast hit og dit, og noko vondt hende - forlis og drukningsulykker og anna fælt - då styrka det tradisjonen.
      [TIL SOGA]

Heilag-Olavs snus og vasskjelder

Andreas Faye. Norske folke-sagn, "St. Olafs Snushorn", s 117-18 og og "St. Olafs Kilder", s 116-17.
      [TIL SOGA]

Heilag-Olav og sjøormen

Andreas Faye. Norske folke-sagn, "St. Olaf og Søormen", s 117-18.
      I Olavs segnkamp med sjøormen i fjorden ved Valldal, får Olav slengt den i fjellveggen av det stupbratte Syltefjellet. Den dag i dag kan ein sjå Sylteormen i den bratte, sørvendte veggen der. Gresk-ortodokse katolikkar vil gjerne byggje eit kloster på Syltefjellet, og Norddal kommune er villig til å gå steg for steg for å realisere det, av omsyn til turisme og notidig "merkevarebygging" for kommunen ved Heilag-Olav.
      Til dette: "turisthor" for pengar er noko som har blitt populært verda over i vår tid. Innfødte framfører noko rutine-festleg for å dra turistar for pengane deira - ein gir eit forflata, lettvint og ikkje bindande, nokså rutine-seremonielt inntrykk som kjem frå det som før var levande, lokale og sjølvforsynte tradisjonar, og som kanskje har litt av det gamle livet i seg uavhengig av det som blir "blåst opp". Målet er tydeleg: å tene pengar på tilreisande. Festivalar er ikkje mykje annleis i dette, men truleg enda meir fremmendgjorte fenomen.
      Tips: Opplevingsferiar kan vere mykje meir givande - enno. Men det gjeld å styre unna opplegg og former der turisten blir styrt som krøtter før i tida.
      [TIL SOGA]

Heilag-Olav og havfrua

Andreas Faye. Norske folke-sagn, note til "Havmænd og havfruer", s 57n.
      [TIL SOGA]

Heilag-Olavs veddemål

Andreas Faye. Norske folke-sagn,"St. Olaf dræber Trold og bygger Kirker", s 107.
      [TIL SOGA]

Heilag-Olav og hestelåret

Andreas Faye. Norske folke-sagn, "St. Olaf bygger Eivindsviks Kirke [i Sogn]", s 110-11.
      [TIL SOGA]

Heilag-Olav og mirakelhesten hans

Andreas Faye. Norske folke-sagn, "St. Olaf og hans Hest", s 115-16.
      Historia er frå "Haaberg ved Øidnevandet i Valle." Og i Jørgensfjord sprang heilagmannen frå eitt fjell til eit anna, dryge seks hundre meter, heiter det. I fjella ser ein enno merke etter spranga. Ved "Fogstuen paa Dovre i Drivdalen . . . og paa utallige Steder rundt om i Landet vises Spor af St. Olafs Ganger". [Nfs 116][TIL SOGA]

Nissegrepet

Reidar Christiansen. Norske sagn, "Noen historier om nissen", 130-31, oppskrive av Aagot Holst, Bærum.
      Det er mykje pedagogisk skremming i segner rundt om. I kva grad slikt er vellykka eller fullgodt, skal eg ikkje uttale meg no, men sider ved føremålet med underhaldande skremming er ganske openberre. Dels tener skremmesoger til å åtvare mot følgjer av ikkje å vere varsam nok i ting som tel, dels tener det konformitet - og det finst både høveleg og mindre høveleg konformitet. Den mindre høvelege kan ha samband med overtru og tabu ein eigentleg ikkje er tent med.
      Så ved sia av å underhalde i tider utan elektrisk lys og innlagt varme og massemedia, kunne segner og andre historier bringe vidare situasjonsnære normer om å halde seg på matta på lokalt godtekne måtar.
      Nissesegner, som det er mange av, har røter tilbake i heiden tid. Skikkane med å setje ut julegraut til nissen er god underhaldning i vår tid. Før i tida tok mykje folk slikt på alvor, som ein del av kulturen. Noko av føremålet med nisseomgrep og somme nissesoger kan nok vere å skremme til meir omsyn og varsemd overfor dyra i menneskehender meir holistiske omsyn ut frå "her på garden er vi stort sett i same båt", det vil seie gjensidig avhengige av kvarandre på mange måtar, og det gjeld at dei er godarta.
      I vår tid tonar folk ned verdet til dyr og fuglar så dei blir handsama ganske som "plantar" i produksjon, underordna andre sine planer, og utan noko særleg leivna eigenverd. Det er ei skremmande nedgliding. Den er underordna utbytting, som dominerer her på jorda.
      [TIL SOGA]

Samlinga

BØLGJE

Litteratur  
      Agha: Ashliman, D.: A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood Press, 1987.
       Bokr: Høvring, Erik. Den bortfløjne mødom. København: Nyt Nordisk Forlag, 1985.
      Brms: Zipes, Jack. Breaking the Magic Spell. Reprint. New York: Routledge, 1992.
      Dao: Ramløv, Preben. Danske folkeeventyr. København: Gyldendal, 1983.
      Dbt: Bø, Olav, og Bjarne Hodne, redr. Dei tri blå tårni. Eventyr frå Telemark 1. Oslo: Det Norske Samlaget, 1974.
      Df: Thiele, Just Mathias: Danmarks folkesagn, 3 band. (red. Per Skar). København: Rosenkilde og Bagger, 1968.
      Dha: Bø, Olav, red. Dyret i hagjen: Eventyr frå Agder. Oslo: Det norske Samlaget, 1978.
      Dms: Langstrøm, Rolv. Den mystiske sjøormen. Oslo: Samlaget, 1994.
      Dp: Fergusson, Rosalind: The Penguin Dictionary of Proverbs. Harmondsworth: Penguin, 1983.
      Dtsn: Grimm, Jacob: Deutsche Sagen. Berlin: Neues Leben, 1986.
      Eve: Bø, Olav, red. Norsk folkedikting: Eventyr 1 ved P.Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe og Moltke Moe. 2. utg. Oslo: Det norske Samlaget, 1977.
      Evh: Grimstad, Ivar. Eg vil ikkje høyre eit vetigt ord! Oslo: Det Norske Samlaget, 1977.
      Evi: Liestøl, Knut, red. Norsk folkedikting: Eventyr 2 ved P. Chr. Asbjørnsen [et al.] utg. av Knut Liestøl. 2.utg. ved Olav Bø og S. Solheim. Oslo: Samlaget, 1961.
      Evj: Liestøl, Knut, red. Norsk folkedikting: Eventyr 1 ved P.Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe og Moltke Moe. Oslo: Det norske Samlaget, 1960.
      Evl: Bø, Olav, red. Norsk folkedikting: Eventyr 2 ved P.Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe og Moltke Moe. 2. utg. Oslo: Det norske Samlaget, 1977.
      Evo: Lindø, Rigmor. Eventyrskolen. Oslo: Cappelen, 1988.
      Evr: Liestøl, Knud, red. Norsk folkedikting: Eventyr 2 ved P.Chr. Asbjørnsen [et al.]. Oslo: Det norske Samlaget, 1961.
      Fh: Skjelbred, Ann Helene Bolstad. Fortellinger om huldra - fortellinger om oss. Oslo: Tano Aschehoug, 1998.
      Fva: Asbjørnsen, Peter, og Jørgen Moe. Samlede eventyr, bd 1-3. Oslo: Kunstnerutgaven, Gyldendal, 1965.
      Gad: Alver, Brynjulf, red: Guten i gadden: Eventyr frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal. Oslo: Det norske Samlaget, 1980.
      Gado: Toggerbo, Rasmus. De gamle molbohistorier. Ebeltoft: Elles, 1982.
      Ges: Bø, Olav, red. Guten som snudde på halvskillingen: Eventyr frå Hedmark og Oppland. Oslo: Det norske Samlaget, 1981.
      Gst: Bø, Olav, red. Guten som tente i tri år for tri skilling. Eventyr frå Telemark 2. Oslo: Det Norske Samlaget, 1975.
      Jmg: Alver, Brynjulf, red. Jomfru Marias gudmorsgåve: Eventyr frå Hordaland. Oslo: Det norske Samlaget, 1972.
      Kik: Alver, Brynjulf, red. Kongsdottera i koppartårnet: Eventyr frå Trøndelag. Oslo: Det norske Samlaget, 1970.
      Lfk: Kvideland, Reimund, red. Lita-Frid-Kirsti: Eventyr frå Valdres, Numedal, Hallingdal og nedre Buskerud. Oslo: Det norske Samlaget, 1979.
      Mob: Molboerne. 8.utg. København: Gyldendal, 1965.
      Myhs: Cherry, John, ed. Mythical Beasts. London: British Museum, 1995.
      Nev: Kvideland, Reimund, coll. Norske eventyr. Bergen: Universitetsforlaget, 1972.
      Nfs: Faye, Andreas. Norske Folke-Sagn. 3. opplag. Oslo: Norsk Folkeminnelags Forlag, 1948. - Boka er eit bokstavrett opptrykk av Andet Oplag, 1844.
      Nha: Pliny the Elder. Natural History: A Selection. Translated by John Healy. London: Penguin, 1991.
      Nosa: Christiansen, Reidar Thorwald, red. Norske sagn. Oslo: Aschehoug, 1938.
      Nov: Bø, Olav, mfl, redr. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982.
      Psd: Alver, Brynjulf, red. Prinsessene som dansa i åkeren: Eventyr frå Rogaland. Oslo: Det norske Samlaget, 1967.
      Rei: Grimstad, Ivar. Reven bak øyret. Oslo: Det Norske Samlaget, 1983.
      Risj: Alver, Brynjulf, red. Ridder Skau og jomfru Dame: Eventyr frå Ringerike. Oslo: Samlaget, 1969.
      Seg: Bø, Olav. Segner. 3. utg. Oslo: Det Norske Samlaget, 1977.
      Segn: Det norske Samlaget: Norsk folkedikting: Segner med ei innleiing og merknader av Knut Liestøl. Oslo: Det norske Samlaget, 1939.
      Segs: Lid, Nils, red. Sagn og gaader. Storakers samlinger 8. Oslo: Norsk folkeminnelag, 1941.
      Sese: Bright, Charles: Sea Serpents. Bowling Green: Bowling Green State University Press, 1991.
      Sone: Alver, Brynjulv, red. Sunnafor sør og nordafor nord: Eventyr frå Akershus, Vestfold og Østfold. Oslo: Samlaget, 1976.
      Svos2: Kungliga Gustav Adolfs Akademien: Svenska sagor och sägner: 2. Sven Sederströms sagor. Stockholm: Bokförlags Aktiebolaget Thule, 1938.
      Ti: Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.
      Tnh: Pliny the Elder. The Natural History. Trs. John Bostock and H. T. Riley. London: Taylor and Francis, 1855. On-line [www.perseus.tufts.edu/cgi-bin/ptext?lookup=Plin.+Nat.+toc]
      Tyno: Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.
      Vkp: Grimstad, Ivar. Velsigne kjæften din, prest. Oslo: Det Norske Samlaget, 1974.
      Wobe: Nigg, Joe. Wonder Beasts. Englewood, Colorado: Libraries, 1995.
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2000—2009, Tormod Kinnes. [E-POST]