![]() |
Merknader til soger og stubbar - 2 | |||||
| 13 1 14 | ||||||
|
Ho myntmeisterAT 882: Variant av "kongen og fattigjenta" Ein konge eller rik borgar giftar seg med ei fattigjente. Før han forlet landet, veddar han med ein hoffmann eller nabo om at kona vil halde seg trufast mens han er vekke. Ved simpelt bedrag skaffar den mannen seg teikn på at ho ikkje har vore trufast. Jenta eller kvinna forkler seg så som mann og drar ut for å finne ektemannen. Dei kjem heim att, og alt blir oppklara. Varianten er frå Hordaland. [Til soga] Dei tre rådaAT 910 A. Faren sine tre vise råd (Wise through experience) - Ein døyande far gir sonen sin tre råd: Gjest ikkje grannen for ofte, lån ikkje vekk hesten din, og gift deg ikkje med ei jente frå eit anna distrikt. Erfaring lærer sonen verdien av råda. Han held eit selskap der han gir handfaste prov også. [Til soga] Den blinde kongenAT 577. Per, Pål og Espen Askeladd (The king's tasks) - Ein konge blir brått blind og kongsgarden utan vatn. To brør vil prøve å finne vatn for han på garden, som mange andre. Den første broren mislykkast, enda han prøver hardt, og blir straffa hardt for det. Den andre broren, som viser klok omhug for ei gammal kone på vegen til kongen, får råd av henne så han klarer å finne vatn på kongsgarden, og noko å smøre auga hans med, så kongen ser klart igjen. Til løn tek guten imot kongsgarden. Historia har dessutan somt til felles med ATU 613, Tru og Utru (The two travellers), som omfattar AT 613*, 613A* og 613B*), der eitt av motiva er å grave ein brønn og lykkast. Eg tykkjer hovudopplegget liknar mest på AT 577, men har sett at historia er plassert under AT 613 av andre. Det er i så fall misvisande i lys av hovudgangen i forteljinga. Historia her er frå Eventyr frå Telemark, ved Rikard Berge. [Til soga] GjetardrengenAT-nummer ukjent - Ein gut får seg teneste hos ein konge. Dottera til kongen har blitt røva av eit troll, men guten finn henne ved hjelp av ein tryllekjepp han får av nokon han hjelper med mat. Trollet druknar når det forfølgjer guten og jenta. Heime hos kongen dressar guten seg opp ved hjelp av ei tryllesaks han også fekk av den gamle mannen han hjelpte med litt mat eit par gonger. [Til soga] Oskeladden og trauet som blei attATU 545B: Katten med støvlane - ATU545 er ein eventyrtype som omfattar dei beslekta og overlappande ATU 545A og ATU 545B, Herreper (Katten med støvlane). Den yngste av tre brør arvar ein katt, som hjelper han. Den skaffar guten mat, klede og ei kongsdotter. Til takk blir den avliva, og syner seg då å vere ei forgjort kongsdotter. [Til soga] Kona som ville bli som GudAT 555. Kona som ville bli liksom Gud (The fisher and his wife) - Ein fattig dott får ei flyndre som er ein forheksa prins, og setter den ut att i vatnet. Til takk oppfyller flyndra ønska til kona hans, eitt etter eitt, like til ho vil bli Gud, og mister alt ho før hadde fått av di ho blei stormannsgal utan hemningar å snakke om. [Til soga] Lærdom og lærdom, fru Blom -AT 660. Dei tre lærde (The three doctors) - Kvar av tre (her: fire) doktorar kan fjerne ein del av kroppen sin og setje delen tilbake på plass neste morgon. Ein kveld blir delene etne av eit dyr, og så erstatta med deler av dyr - kattauge, grisehjerte, tjuvehand, og dei lærde får påført eigenskapane frå dyra og tjuven. Versjonen er frå friherre Nils Djurklou si samling. [Foe] [Til soga] Løfte opp bergetAT-. The wandering mountain. - Molbu blir definert slik i Nynorskordboka: "person frå Mols på Jylland; dum, klønet, trongsynt person (frå ein avkrok)". Nokre slike folk på ein båt skjønar ikkje at tidevatnet gir flo og fjøre, og trur at fjellet har flytta seg. Så prøver dei å dytte det tilbake. Stubben er kjent frå Møre og Romsdal og Trøndelag. Ivar Aasen (Sunnmøre) og O. Rekdal (Herøy) har funne den og skrive den ned i Møre og Romsdal: kjelda her er Gad. [Til soga] Sjøormen og havhestenSoga er frå Torkell Maulands "Folkeminne frå Rogaland" II. Det ligg føre fleire bøker om sjøormar og fabeldyr. Charles Bright har skrive éi, Sea Serpents. [Sese]. Boka gir oversyn over sjøormar og mange andre svømmande fabeldyr folk skal ha sett og kjempa med rundt om. Og på norsk har Rolv Langstrøm skrive ei god bok også [Dms] Litt om sjøormen i saltvatn i våre dagar: På Sunnmøre var det nokre fiskarar som blei skremt av det dei trudde var sjøorm i Storfjorden mellom Sula og Hareid ein søndag i mars år 2001. I opptil to minutt skal fiskarane ha sett to rundaktige puklar - kvar på fem til ti meters lengde - som fossa fram i god fart over vassflata like før klokka 11 søndag formiddag. Fiskarane heldt på å gjøre klar nota etter fiske då dei såg skapnaden mellom 100 og 150 meter fra båten. Den fremste pukkelen var minst og braut vatnet så det skumma. Dei to kunne sjå at den mørke skapningen rakk lenger bakover enn bak-pukkelen. Vêret var herlig med sol og havblikk (still sjø). Begge dei vante fiskarane var oppskjørta over det de hadde sett, fortel kapteinen på båten, og vil ikkje avvise at det kan vere mogelig at eit stort sjødyr kan halde til i den over fire hundre meter djupe fjorden: "Ein gong då eg var gut, dreiv det i landet ein blekksprut på mellom sju og tolv tonn ved ferjeleiet på Sulalandet. Dei måtte sprenge den vekk," fortel kapteinen. Det er før meldt om tilsvarende syn i området og i fjor sommar greide ein mann å filme et uidentifisert sjødyr inne i Borgundfjorden like ved Sulafjorden. Snakket går elles om at ei kvinne inni fjordane har sett eit ukjent dyr, og seks fiskarar har også kome ut for noko slikt. Det kjem altså sjøormrapportar frå Sunnmøre og andre stader av og til. [Sjøormen (artikkel)] [◦Lenkje]. [Til soga] Enn så lengeVkp 49. [Til soga] Spring for livet kvar og ein!AT 2. Rennom rennom alle fast! Kjelde: Eventyr frå Telemark, bd 1. Samla av H. Ross. [Til soga] Berga av ørnaReidar Christiansen. Norske sagn, "Sagn fra Kristiansandskanten", s 157. Oppskrive av Selmer Ås, Kvarstein. Her har forteljinga fått ein lykkeleg slutt, a happy ending. [Til soga] Han låg og knytte nevaneML5085 Bytingen - I forteljinga endrar barnet utsjånad og veremåte med eitt. Dei trur ei hulder har kome inn og tatt med seg det friske barnet når ingen passa det, og lagt att sin eigen stygge skrikarunge. I folketrua var det udøypte barn som var mest utsett for å bli tatt av dei underjordiske. Men sjølv eit døypt barn kunne bli forbytta. Og forbyttinga blei rett som det var rekna som straff for dårlig omsorg. - Forteljing og merknader er henta frå Fortellinger om huldra - fortellinger om oss og moderert (korta ned litt). [Fh 63-72] [Til soga] HøyberggubbenAT 1165. Høyberggubben (The troll and the christening) - Ein bonde vil helst sleppe å by eit visst troll til barnedåp, med tanke på appetitten til trollet, men vil ikkje fornårme trollet. Han skikkar derfor trollet ei innbying der det står at toreguden oa, blir der mellom gjestane. Trollet, som er redd for bl.a. tora, finn det best å halde seg heime, men gir storarta gåver. [Til soga] Grisegjetaren som vann kongsdottera og halve riketAT 300. Drakedreparen (The dragon-slayer) - Ein gut med tre hundar drep eit monster (sjøtroll, trollmann, drake) som kongen har lovd bort dottera si til. Ein juksemakar, Riddar Raud, gjer krav på å vere redningsmannen hennar og kongen steller til bryllaupsgilde. Men ved hjelp av hundane kjem guten til bryllaupsbordet, og legg fram ting som syner det var han som drap draken. Han får då kongsdottera, og den falske helten blir straffa. [Til soga] Dyret i hagenAT 425. Austafor sol og vestafor måne (The search for the lost husband) - Ei jente blir lovd til eit monster (ulv, bjørn) av visse grunnar. Monsteret blir omskapt til ein kongsson kvar natt. Den nygifte monsterkona besøker foreldreheimen etter ei tid, og tek imot råd frå mora, trass i åtvaringar mot å gjere det. Ho bryt grunnvilkåra for hopehav med monsteret (kysser det, lyser på det med eit lys), og står einsam att. Ho bestemmer seg for å leite opp maken sin, koste kva det koste vil, og får storarta underting til hjelp. Ho når opp til trollslottet, der mannen hennar bur saman med ei trollkone. Mannekona greier å løyse han frå fortrollinga og vinn han tilbake. Den falske bruda blir avslørt og dør. [Til soga] HofjellgubbenReidar Christiansen. Norske sagn, "Hifjellgubben og Langlettmannen" (sagn fra Trøndelag), s 92-94. [Til soga] Gullgruva på GiskeFrå Reidar Christiansen. Norske sagn, "Skattesagn" fra Hisøy (i Aust-Agder), s 149-50. I HegnarOnline - Debattforum, kopierte ein "Gjest" den førre versjonen av stubben den 3. desember 2008, og har blitt godt lest. I debatten - under "Gull og gruvedrift" - kjem det fram at "Det er dessverre ingen fjelltopper på Giske." Turistsjefen på Giske kom med eit innlegg som blei sensurert av ukjent grunn, og "Gjest" kommenterer eit anna innlegg: "Giske er en sandbanke utenfor Ålesund, som noen har bosatt seg på." - "Høgaste toppen ligger ca 24 m over havet. Faktisk var det en gang en som brakk beina på slalomski der! . . . Kan ikke garantere gullfunn." [nokre rettinger er gjort ved meg. - TK] "ørekyta" kommenterer vidare: " Det har og faktisk gått et snøras på Giske. Om det var utløst av slalomkjøreren vites ikke med sikkerhet." [Lenkje] Her kan det vel elles høve å gjenta at mange segner på nettstaden er tilmåta vandresegner. [Til soga] Skatten i skogenReidar Christiansen. Norske sagn, s 147-49. [Til soga] Knut var noko til gutKjelde: Reidar Christiansen. Norske sagn, "Knut og huldra", s 105-6. [Til soga] |
|
© 20002011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |