NORSK DEL, GULLVEKTA

Buddhistiske fablar

 13 › 1 › 52 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Jataka-forteljingar, buddhistiske fablar frå oldtida – SAMLINGA

Apekattar med huer

Det var ein gong ein kjekk ung kar som reiste frå landsby til landsby og selde huer for å livnære seg. Ein ettermiddag om sommaren kryssa han nokre vide, skogkledde sletter. Han kjende seg sliten at han ville ta seg ein lur i skuggen av eit mangotre med mange greiner. Han sette sekken med huer ved sida av trestammen og sovna. Då han vakna ei lita stund etter, var det ingen huer i sekken hans meir.

"Fysjom, sa han til seg sjølv, "Måtte tjuvar rane meg av alle menneske?" Då merka han at mangotreet var fullt av søte apekattar med fargerike huer. Han ropte til apekattane og dei skreik tilbake. Han gjorde grimasar for dei og dei skar ansikt tilbake. Han kasta ein stein på dei og dei lét det regne mangoar over han.

"Korleis får eg huene mine tilbake?" han sa til seg sjølv. Lei og oppgitt som han var, tok han av seg hua si og slengte den på bakken. Då slengde apene huene sine frå seg, dei også. Han kasta ikkje bort ein augeblink, men samla opp huene og gjekk sin veg.

Femti år etter kom barnebarnet hans gjennom den same skogen. Også han livnærte seg på å selje huer. Etter å ha gått langt og lenge, fann han eit fint mangotre med mange greiner og svalande skugge, og ville kvile seg under det ei stund. Då han vakna eit par timar etterpå, var alle huene frå sekken hans vekke. Han tok til å leite etter dei, og snart fann han nokre aper som sat i mangotreet og hadde huer på hovudet.

Då kom han i hug ei historie som bestefaren hans ofte hadde fortald - og vinka til apene. Apane vinka tilbake. Han bles i nasen og apekattane bles nasen. Han trekte i øyra sine og apene gjorde det same. Han kasta hua si på bakken - då hoppa ei av apene ned frå mangotreet, gjekk bort til han, slo han på ryggen og sa:

"Trur du at det berre er du som har hatt bestefar?"

Den dumme geitekillingen

Ein dag klatra ein geitekilling på eit grasdekt hustak og kjende seg modig og stolt over det. Mens han såg seg omkring og tenkte over kor høgt han var, såg han ein ulv på tunet nedafor. Han visste at ulven ikkje kunne nå han, så han tok til å gi han utnamn og gjere narr av han.

"No vel!" sa ulven, "du er ikkje halvt så modig som det verkar som. Det er ikkje du som ler meg ut; det er det høge taket du er på."

Dei tre fiskane

Det var ein gong tre fiskar som budde i ei elv langt vekke. Dei heitte Tenksam, Omtenksam og Tankelaus. Ein dag dei forlét dei villmarka der ingen menneske budde, sumde ned elva, og slo seg til ein stad det var godt med mat nær ein by.

Etter ei tid sa Omtenksam til dei to andre: "Faren lurer overalt omkring oss her. Fiskarar kjem til elva her for å fange fisk med alle slags garn og liner. La oss dra tilbake til villmarka att."

Men dei to andre fiskane hadde blitt så makelege no at dei utsette reisa dag etter dag. Og ein dag sumde Tenksam og Tankelaus eit stykke framfor Omtenksam utan å merke fiskegarnet som stod og stengde i vatnet, og styrte rett inn i fella. Omtenksam såg kor dei streva til inga nytte for å kome seg fri.

"Eg må redde dei," sa Omtenksom.

Så sumde han rundt garnet og plaska framfor det som om han var ein fisk som hadde kome seg ut av garnet og ville symje oppetter elva. Så sumde han tilbake til andre sida og plaska med sporden i vatnet der også, som om han var ein fisk som hadde kome seg ut og ville nedetter elva.

Fiskaren såg at det spratt fisk i vassflata på begge sider av garnet, og trudde dei hadde brote gjennom garnet - at ein hadde fare oppetter elva og ein annan nedetter elva. Så han greip tak i eine hjørnet av garnet sitt og trekte det inn. No klarte dei to fiskane å kome seg ut av garnet. Dei sumde sin veg for å finne Omtenksam.

"Du redda liva vår, Omtenksam," sa dei, "og no er vi parat til å dra tilbake til villmarka."

Så drog dei alle tilbake til den gamle heimen sin, og der budde dei trygt sia.

Tre fiskar

Det var ein gong eit tjern langt ifrå allfarveg, og der budde tre fiskar i fred og lykke. Ein av fiskane brukte alltid hovudet, den andre brukte det no og då, men den tredje slett ikkje. Ein dag fann to fiskarar tjernet og fekk auge på desse store og feite fiskane.

"Fort, la oss kjappe oss heim og hente garna våre," ropte dei. "Her er ein fin fangst!"

Då dei tre fiskane fekk høyre dette, låg dei nesten i svime av frykt ei stund. Men fisken som alltid brukte hovudet, fann utvegen. Utan å stogge for å samrå med brørne sine, sumde han raskt til utløpet av dammen, og blei borte.

Kort etter vende fiskarane tilbake og såg at ein av fiskane var vekk. Dei leita opp utløpet med det same og tetta det. No verka det som det var uråd å sleppe unna for dei to fiskane som var igjen, men fisken som stundom brukte hovudet la seg fortvilt til å flyte på ryggen i vasskorpa. Fiskarane plukka han opp, og fisken spela død så godt at dei kasta han ut att i tjernet og meinte han var død.

I mellomtida dukka fisken som aldri brukte hovudet, til botnen. Der blei han lett fanga, og blei servert same dagen på kongens bord.

Jataka-forteljingar, buddhistiske fablar frå oldtida – SAMLINGA
Jataka-forteljingar, buddhistiske fablar frå oldtida - SLUTTBOLK

Jataka-forteljingar, buddhistiske fablar frå oldtida - LITTERATUR  

Jataka-forteljingar, buddhistiske fablar frå oldtida - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Jataka-forteljingar, buddhistiske fablar frå oldtida BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]