Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Jataka  ❀ 2
Seksjon › 52 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Hakkespetten og løva

Mens ei løve åt middag ein dag, fekk ho eit bein i halsen. Det gjorde så vondt at ho ikkje kunne ete meir, men gjekk att og fram og piska med halen og brølte av smerte.

Ein hakkespett slo seg ned på ei grein på eit tre like ved og sa: "Kva er det som feilar deg då?"

Løva sa kva som var i vegen, og hakkespetten sa: "Eg ville gjerne tatt beinet ut av halsen din, men eg tør ikkje stikke hovudet inn i kjeften din, for eg er redd det kanskje aldri kjem ut att derifrå. Eg er redd du kan ete meg."

"Men hakkespett, ver ikkje så redd", sa løva. "Eg vil ikkje ete deg. Berg livet mitt om du kan!"

"Eg skal sjå kva eg kan gjere for deg", sa hakkespetten. "Gap høgt."

Løva gjorde som ho blei bedt om, men hakkespetten sa til seg sjølv. "Kven veit kva løva kan finne på? Eg trur eg skal vere varsam."

Dermed sette hakkespetten ein kjepp mellom over- og underkjeven til løva, slik at ho ikkje kunne late att kjeften. Så hoppa hakkespetten inn i løvekjeften og hakka ein runde med nebben på eine enden av beinet. Under andre runden fall beinet ut.

Hakkespetten hoppa ut av løvegapet og slo samtidig til pinnen så pinnen fall ut og løva kunne late att gapet.

Straks kjende løva seg mykje betre, men sa ikkje eitt ord til takk til hakkespetten.

Ein dag seinare om sommaren sa hakkespetten til løva, "Eg vil du skal gjere noko for meg."

"Gjer noko for deg?" sa løva. "Du meiner du vil eg skal gjere enda meir for deg. Eg har allereie gjort mykje for deg. Du kan ikkje vente at eg skal gjere meir for deg. Ikkje gløym at eg hadde deg i gapet mitt ein gong, og lét deg fare. Det er alt du nokon gong kan vente at eg skal gjere for deg."

Hakkespetten sa ikkje meir, men han heldt seg unna løva frå den dagen.

Løva og haren

Ein stad, ein gong, var det ei vakker eng der mange ville dyr budde. Dei kunne ha vore glade og lykkelege der hadde det ikkje vore for ei vondskapsfull løve. Kvar dag fór løva omkring og drap mange hjelpelause skapningar berre for sporten å drepe. For å få slutt på dette, samla dyra seg i ein flokk og gjekk til løva og sa noko sånt som dette:

"Løve, er vi kry av å ha eit så djervt og tappert dyr til å herske over oss. Men vi trur ikkje at det er passande for nokon med dykkar rang å jakte for maten sin. Derfor vender vi oss til deg med denne førespurnaden: Bli roleg heime frå no av, så skal vi, undersåttane dine, komme med slik mat til løvehiet som det sømmer seg for ein konge."

Løva blei smigra og godtok tilbodet. Dermed trekte dyra lott kvar dag om kven av dei som skulle ofre seg for løva. Med tida fall lottet på haren. Då han fekk vite det var hans tur til å døy, klaga han bittert.

"Ser de ikkje at vi enno er plaga av den løva?" spurde han dei andre dyra. "Men overlat det til meg, så skal eg sette dykk fri frå tyranniet hennar for alltid."

Dei andre dyra blei berre altfor glade i desse orda, og sa at haren fekk gå og gjere det han sa han kunne. Haren gøymde seg i buskene ei tid, og så skunda han seg til løvehola. Løva var blitt sint over å vente på maten til ho blei svolten. Ho knurra og slo med den gule halen sin mot bakken. Då ho såg haren, ropte ho høgt: "Kven er du, og kva er det undersåttane mine driv på med? Eg har ikkje fått så mykje som ein matbit i dag!"

Haren bad han om å roe seg og lytte til han.

"Lotten fall på ein annan hare og meg sjølv i dag", begynte han. "Vi var på veg hit i god tid for å bli middag, då ei løve sprang ut av buskane og tok haren som var med meg. Til fånyttes gret eg til han at vi var bestemt for bordet til kongen, og at ingen hadde lov til å jakte i denne kongelege skogen bortsett frå Dykkar Majestet. Men løva brydde seg ikkje om det eg sa og svarte hardt: 'Du veit ikkje kva du snakkar om. Eg er den einaste kongen her. Den andre løva, som de alle kneler for, er berre ein tronranar.' Stiv av skrekk hoppa eg inn i næraste busk."

Løva blei meir og meir forarga mens ho lytta til det haren fortalde.

"Dersom eg finn den løva", brølte ho, "skal eg fort lære ho kven som er kongen i skogen."

"Dersom Dykkar Majestet vil", svarte haren audmjukt, "kan eg ta dykk med dit ho held til."

Dermed gjekk haren og løva av stad i lag. Dei gjekk over skog og eng og kom til ein gammal brønn som var full av klart og djupt vatn.

"Der borte bur fienden din", kviskra haren og peikte mot brønnen. "Om du går nær, kan du sjå han. "Men kanskje du heller bør vente til han kjem ut før du angrip han", la haren til.

Det haren sa, gjorde berre løva enda meir forarga. "Den løva skal ikkje få leve så mykje som ein augeblink etter eg har fått auge på ho", sa ho og knurra.

Haren og løva sneik seg til brønnen. Då dei bøygde seg over kanten og såg ned i det klare vatnet, såg dei seg sjølve i den blanke vassyta. Løva var så opphissa at ho trudde at spegelbiletet i vassflata var den andre løva i lag med den andre haren, hoppa ned i brønnen, og nådde aldri opp att.

Reven, høna og tromma

Ein rev som var ute og leita etter mat, såg ei høne som skrapa etter makk ved foten av eit tre. Han gøymde seg i ein busk nær ved og skulle til å bykse på ho då han høyrde ein merkeleg trommelyd i treet. For oppi treet var det ei tromme, og når vinden bles, slo greinene mot ho.

Reven var utsvolten og tenkte:

"Ein så kraftig larm er det berre ein fugl som er mykje større enn høna som kan lage. Derfor lar eg ho gå, og hentar ned storfuglen til kveldsmat."

Utan å tenke noko meir, styrta han ut av buskaset med så mykje støy at det sende høna på flukt. Og etter mange fåfengte forsøk kom han seg opp i treet også. Høgt oppi greinene fann han tromma, og kasta seg over ho med tenner og klør. Snart hadde han fått hol på ho, men oppdaga at det ikkje var anna enn luft inni ho.

Reven hang halen. "For ein dum stakkar eg er", stønna han. "Fordi eg var uerfaren og grådig, lyt eg gå til sengs utan kveldsmat."

Hakkespetten, skjelpadda og rådyret

Det var ein gong eit rådyr som budde i ein skog ved ein innsjø. Ikkje langt frå den same innsjøen hadde ein hakkespett reir i ein tretopp, og i innsjøen budde ei skjelpadde. Dei tre var vennar og budde lykkelege i lag.

Ein jeger traska omkring i skogen såg spora etter rådyret ved vasskanten. "Eg skal fange det dyret når det går ned til vatnet", sa han, og sette ut ein sterk felle av lêr, og gjekk sin veg.

Tidleg den natta, då rådyret gjekk ned for å drikke, blei det fanga i fella, og ropte og gråt at det var fanga i ei felle.

Straks kom hakkespetten flygande ned frå tretoppen, og skjelpadda kom ut av vatnet for å sjå kva dei kunne gjere.

Hakkespetten sa til skjelpadda: "Kamerat, du har nebb med hornkantar så du kan bite gjennom denne skinnfella. Eg vil dra og syte for at jegeren held seg vekke. Dersom vi begge gjer så godt vi kan, kjem ikkje vennen vår til å miste livet."

Skjelpadda tok til å bite gjennom skinn, og hakkespetten rann til jegeren sin heim.

Ved daggry kom jegeren med kniv i handa til utdøra si. Hakkespetten flaug på jegeren og klaska han i fjeset med vengane sine.

Jegeren snudde i døra og gjekk og la seg ei lita stund til. Då han stod opp att og tok kniven sin, sa han til seg sjølv: "Då eg gjekk ut av døra, flaug ein fugl like i fjeset på meg. Denne gongen skal eg gå ut av bakdøra." Det gjorde han.

Hakkespetten tenkte: "Jegeren gjekk først ut hovuddøra her. No vil han gå ut bakdøra." Dermed sette hakkespetten seg i eit tre ved bakdøra.

Då jegeren kom ut, flaug fuglen på han att og slo med vengane mot fjeset hans. Då snudde jegeren og gjekk og la seg for andre gong. Men så snart sola stod opp, tok han kniven sin og la i veg.

Denne gongen flaug hakkespetten attende til vennane sine så fort ho kunne, og skreik: "Her kjem jegeren!"

No hadde skjelpadda bite seg gjennom alle delane av fella så nær som ein. Skinnet der var så hardt at det kjendest som hornkantane på nebben skulle dette ut, og nebben var dekt med blod. Rådyret høyrde hakkespetten skrike, og såg jegeren som kom nærare og nærare med kniv i handa. Med ein sterk rykk sleit rådyret av den siste biten av fella og sprang inn i skogen, og hakkespetten flaug opp i reiret sitt i tretoppen.

Men skjelpadda var så svak at ho ikkje kom seg unna. Ho blei liggande der ho var. Jegeren plukka ho opp og kasta ho i ein sekk, og knytte han fast i eit tre.

Rådyret såg at skjelpadda blei tatt, og bestemte seg for å redde vennen. Så rådyret let jegeren få auge på seg.

Jegeren tok kniven og sprang etter rådyret. Rådyret, heldt seg så vidt utanfor rekkevidda hans mens det førte jegeren inn i skogen. Då dei hadde komme eit godt stykke inn i skogen, forsvann rådyret fort som vinden for jegeren, og tok ein annan veg til staden han hadde forlate skjelpadda.

Men skjelpadda var ikkje der. Rådyret ropte, "Skjelpadde, skjelpadde!" og skjelpadda svarte: "Her er eg!"

Lyden kom frå ein sekk som hang på eit tre. Rådyret lyfta sekken ned med horna sine, sette han på bakken, reiv han opp og sleppte ut skjelpadda.

Hakkespetten kom flygande ned til dei ifrå reiret sitt, og rådyret sa til dei: "De redda livet mitt, vennar. Men om vi blir her og snakkar, finn jegeren oss, og då er det ikkje sikkert vi kjem unna. Så flyg vekk, kjære hakkespett. Og du, kjære skjelpadde, dukk ned i vatnet. Eg gøymer meg i skogen."

Jegeren kom tilbake, men verken rådyr, skjelpadda, eller hakkespett var å finne. Han fann sekken sin sundriven, plukka han opp og gjekk heim.

Dei tre vennane budde i lag så lenge dei levde.

Innhald


Jatakasoger, fablar frå Jataka, forteljingar frå oldtidas India, litteratur  

Jatakasoger, fablar frå Jataka, forteljingar frå oldtidas India, opp Seksjon Sett Neste

Jatakasoger, fablar frå Jataka, forteljingar frå oldtidas India BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]