![]() |
Buddhistiske fablar | |||||
| 13 1 52 | ||||||
|
Oksen og dei to veddemålaFor lang tid sia åtte ein mann ein kjempesterk okse. Eigaren var så stolt av oksen sin at han skrytte til alle han møtte om kor sterk han oksen hans var. Ein dag gjekk han til ei bygd der han ikkje var kjent, og sa til karane der: "Eg veddar tusen sølvpengar på at den sterke oksen min kan trekkje hundre vogner på ein gong." Karane lo og sa: "Greitt, vi veddar imot. Ta med oksen, så bind vi hundre vogner på rekkje og ser om oksen din kan dra dei." Så henta han oksen sin og leidde oksen han inn i bygda. Ein stor flokk samla seg for å sjå på. Dei hundre vognene stod i rekkje, og den sterke oksen blei sett framfor den første vogna med eit åk som passa, og la seg ned og kvilte litt. No piska eigaren oksen sin og sa: "Opp med deg, din stakkar! Kom igjen, din skurk!" Oksen hadde aldri blitt snakka til på den måten, og stod bom stille. Verken slag eller nedsetjande, ekle kallenamn fekk han til å røre seg. Til sist betalte mannen som åtte oksen for seg og gjekk trist heim att med oksen. Der kasta han seg på senga og ropte: "Korfor oppførte den sterke oksen seg slik? Mang ein gong har han drege tyngre last for meg, og det lett også. Korfor gjorde han skam på meg framfor alle desse menneska?" Til slutt reiste han seg og tok til å arbeide att. Då han gjekk for å mate oksen den kvelden, vende oksen seg til han og sa: "Korfor piska du meg i dag? Du har aldri piska meg før. Korfor kalla du meg stakkar og skurk? Du har aldri kalla meg noko stygt og leitt før." Då sa mannen: "Eg vil aldri behandla deg dårleg igjen, og eg er lei for at eg piska deg og kalla deg stygge ting. Eg vil aldri gjere det meir. Tilgi meg." "Godt og vel," sa oksen. "I morgon skal eg gå med til den bygda, og trekkje dei hundre vognene for deg. Du har alltid vore ein vennleg sjef for meg før. I morgon skal vi vinne igjen det du mista i dag." Neste morgon fora eigaren oksen godt og hang ein blomsterkrans rundt nakken på han. Då dei kom inn i landsbyen, lo mennene av mannen att. Dei sa: "Kjem du tilbake for å tape enda meir pengar?" "I dag veddar eg to tusen sølvpengar på at oksen min er sterk nok til å trekkje dei hundre vognene," sa eigaren. Atter ein gong blei vognene sett i rad og rekkje og bundne saman, og oksen blei sett i åk framfor den første. Ein flokk kom til for å sjå på igjen. Eigaren sa: "Flinke okse, vis kor sterk du er! Du fine, fine skapning!" Og han klappa oksen på nakken og klappa og strauk han nedover flankane. Straks trekte oksen av all kraft. Vognene begynte å rulle, like til den siste vogna stod der den første hadde vore. Folket som hadde sett på, ropte og heia, og betalte mannen to tusen sølvpengar, det doble av det han hadde tapt dagen før. Dei sa: "Oksen din er den sterkaste oksen vi har sett." Oksen og mannen gjekk glade heim att.
Reven og kjøtstykketEin rev som ikkje hadde smakt mat på fleire dagar, kom ut av hiet sitt for å jakte. Då fann han eit stykke fersk kjøt. Han greip det og tok til å trave heim til hiet. På vegen kom han forbi ein hønsegard. Han fekk auge på fire feite høner som skrapa etter makk, og tok til å sleve. Så la han frå seg kjøtstykket og stirde lengtande på hønene. Akkurat då kom ein ulv forbi. "Du verkar forvirra, rev," sa ulven. "Fortel meg om problema dine, då kanskje eg kan hjelpe deg." "Du har rett, ulv," svara reven. "Eg er forvirra. Eg står her med eit stykke kjøt som eg er på veg heim til hiet mitt med, men eg skulle gjerne ha ein av fuglane som den andre retten til middags." "Gjer som eg seier," svara ulven, "og la desse hønene få vere i fred. Eg har halde auge med dei lenge. Det er ein gut som passar på dei, og det er uråd å fange noka høne utan at han ser det. Du bør vere meir enn nøgd med det fine kjøtstykket du har." Dermed gjekk ulven sin veg mens reven plukka opp kjøtstykket. Likevel klarte ikkje reven å gi opp fuglane. Han la frå seg kjøtstykket enda ein gong og kraup varsamt inn i hønsegarden. Han var like ved halefjøra til den feitaste høna då guten kasta ein tung stokk i hovudet hans. Livredd hoppa reven over gjerdet og sprang tilbake dit han hadde lagt frå seg kjøtstykket. Men like før hadde ein hauk lukta kjøtet, slått ned på det og teke det i klørne sine, og bore det til reiret sitt. Den magre og den feite kattenDet var ein gong ei gammal, fattig og mager kone. Ho budde i eit lite, falleferdig hus med ein katt som var like mager som ho sjølv. Denne katten hadde aldri smakt brød, og hadde aldri kome nærare ei mus enn å sjå sporet etter ho i støvet. Ein morgon katten sat som vanleg på taket av huset, såg han ein annan katt gå langs mønsåsen av taket på huset på hi sida av vegen. I starten skjøna han knapt nok at det var ein katteslektning, for den andre katten var lubben og hadde glinsande pels. Den andre katten løfta halen rett opp i vêret, og plira med gule auge i solskinet. Då den lubne katten kom nærmare, mjaua den magre katten til han: "Gode nabo, du er kan hende den lykkelegaste katten i verda. Du er så lubben som om du hadde sete kvar dag livet gjennom på ein bankett. Ver god og fortel meg kort du finn så mykje mat." "Ingen andre stader enn ved kongens bord," svara den lubne katten og sette seg ned og svinga den lange halen sin framfor labbane sine. "Kvar dag, når det kjem festmat på bordet, går eg der og snappar til meg litt lekker mat, anten ein steikt biff eller steikt aure. " Den magre katten trekte nærmare kanten av taket. "Å, sei meg," bad han, "kva er steikt biff for noko, og korleis luktar steikt aure? Eg har aldri smakt anna enn grynsodd." "Å, så det er derfor du ser så mager ut," svara den andre katten. "Vel, om du fekk sjå kongens bord, skulle det setje fart i dei gamle beina dine. Om du vil, kan eg ta deg med dit i morgon." Den magre katten mol tilfreds og hoppa ned frå taket og sprang for å fortelje den gamle kona om maten. Men ho blei slett ikkje glad over å høyre historia til katten sin. "Eg ber deg og å vere heime og vere fornøgd med skåla di med ærleg grynsodd," sa ho. "Tenk kva som kan skje med deg dersom den kongelege kokka tek deg i å stele frå kongens bord!" Men dei magre katten var blitt så lysten på god mat at orda hennar gjekk inn det eine øyret og ut det andre. Neste dag tusla dei to kattane til slottet. No hadde det seg slik at kattane i slottet hadde sprunge rundt oppå bordet med festmat midt under festen, og dei hadde vore til slik plage at det fekk kongen til å kunngjere: "Dersom ein katt viser så mykje som vêrhåra sine i slottet i dag, skal han bli hengt på flekken. Den lubne katten sneik seg mot slottet. I det han ville smyge seg gjennom porten, blei han åtvara av ein annan katt om kva kongen hadde kunngjort, og sprang sin veg med det same. Men dei magre katten var allereie i festsalen, for han hadde lukta steikt kjøt gjennom det opne vindauget og hadde hoppe inn før kameraten rakk å åtvare han. Han hadde snappa til seg eit stykke dyresteik frå bordet då ei sterk hand greip han i nakken, og ein augeblink etter var han død. "Å nei, å nei!" sukka den gamle kone same kvelden då katten hennar ikkje kom heim att til kveldsmaten sin. Ho skjøna nok kva som hadde hendt. "Om berre pusen min hadde vore fornøgd med ærleg grynsodd, hadde han vore i live og male ved grua mi enno."
|
|
|
|
© 20102011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |