Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Jataka  ❀ 3
Seksjon › 52 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Klok geit

Ein dag kleiv ei geit på toppen av eit høgt, bratt berg. Der plukka ho dei grasstråa ho kunne nå i. Ein ulv såg på ho frå ei eng ved foten av berget, og ville ta ho, men kunne ikkje klatre så bratt.

"Kjære geit!" sa han, "kom ned i enga. Her kan du få alt det søte graset som du berre kan ete, og det vil ikkje koste deg noko."

"Takk", sa geita. "Du byr meg ikkje inn i enga så eg skal mate meg, men mate deg."

Elefanten og hunden

Det var ein gong ein hund som brukte å gå inn i stallen der elefanten til kongen heldt til. I starten gjekk hunden inn dit for å få maten som var att når elefanten hadde ete frå seg.

Dag etter dag kom hunden til stallen og venta til det var matbitar til overs for han. Litt etter kvart blei elefanten og hunden gode vennar. Då tok elefanten til å dele maten sin med hunden, og dei åt saman. Når elefanten sov, sov hunden ved sida av han. Når elefanten fekk lyst til å leike, fanga han hunden i snabelen og svinga han att og fram. Etter kvart var verken hund eller elefant heilt fornøgde utan at dei var nær kvarandre.

Ein dag såg ein bonde hunden og sa til elefantvaktaren: "Eg vil kjøpe den hunden. Han ser blid ut, og eg ser han er klok. Kor mykje vil du for den?"

Elefantvaktaren brydde seg ikkje om hunden, og han var i pengeknipe nett då. Så han sa ein pris, og den verka rimeleg. Bonden punga ut og tok hunden med ut på landet.

Elefanten til kongen sakna hunden og brydde seg ikkje om å ete når vennen var der å dele maten med. Og då det var tid for eit bad, ville ikkje elefanten bade heller. Neste dag ville ikkje elefanten ete eller bade, då heller. Tredje dagen den verken ville ete eller bade, fekk kongen melding om det.

Kongen kalla til seg sjefstenaren sin og sa, "Gå til stallen og finn ut korfor elefanten oppfører seg på denne måten."

Sjefstenaren gjekk til stallen og inspiserte elefanten. Så sa han til elefantvaktaren: "Det ser ikkje ut som det er noko i vegen med elefanten fysisk, men korfor ser han så sorgfull ut? Har han mista ein leikekamerat?"

"Ja", sa vaktaren, "det var ein hund som åt og sov og leika med elefanten. Hunden gjekk herifrå for tre dagar sidan."

"Veit du kor hunden er no?" spurde sjefstenaren.

"Nei", sa keeper.

Då gjekk sjefstenaren tilbake til kongen og sa: "Elefanten er ikkje sjuk, men han saknar følgesveinen sin, ein hund."

"Kor er hunden?" spurde kongen.

"Ein bonde tok han med seg herifrå", sa elefantvaktaren.

"Ingen veit kor bonden bur", la sjefstenaren til.

"Godt", sa kongen. "Eg skal få sendt ei kunngjering over heile landet om at den som kjøpte hunden, skal sleppe han laus. Eg skal gi mannen tilbake så mykje som han betalte for hunden."

Då bonden som hadde kjøpt hunden høyrde dette, sleppte han laus hunden. Han sprang tilbake det fortaste han kunne til elefantstallen. Elefanten blei så glad for å sjå hunden at han plukka han opp med snabelen og sette han på hovudet sitt. Deretter sette han vennen ned att.

Då elefantvaktaren kom med mat, såg elefanten på hunden mens han åt, og deretter åt han sjølv.

Heile resten av livet levde elefanten og hunden saman.

Den kvite elefanten til kongen

Det budde ein gong nokre tømrarar ved ei elvebredd nær ein stor skog. Kvar dag drog tømrarane med båt til skogen for å hogge tre og lage trelast av dei.

Ein dag dei arbeidde, kom ein elefant hinkande på tre bein til dei. Han heldt opp ein fot og tømrarane såg at den var hoven og sår. Så la elefanten seg ned, og mennene fann ein stor splint i den såre foten. Dei trekte den ut og vaska såret nøye, slik at foten på kort tid blei god att.

Elefanten var takksam for å ha blitt hjelpt, og tenkte: "Desse tømrarane har gjort så mykje for meg, så eg får vere til nytte for dei."

Deretter brukte elefanten å trekke opp tre for tømrarane. Somtid rulla han trestammar ned til elva. Andre gongar bar han verktøyet for dei. Og tømrarane mata han godt, morgon, middag og kveld.

No hadde denne elefanten ein son som var heilt kvit – ein sterk, vakker og ung elefant. Den gamle elefanten sa til seg sjølv, "Eg får ta med sonen min til staden i skogen der eg går på arbeid kvar dag, slik at han kan lære å hjelpe tømrarar, for eg er ikkje ung og sterk lenger."

Den gamle elefanten fortalde sonen sin korleis tømrarane hadde tatt seg av han då han var alvorleg skadd. Og den kvite elefanten gjorde som faren viste skulle; han hjelpte tømrarane og dei mata han godt.

Då arbeidet var gjort mot kveldstid, gjekk den unge elefanten til elva for å leike. Barna til tømrarane leika med han i vatnet og på elvebredda. Han likte å plukke dei opp med snabelen sin og sette dei på høge tregreiner og deretter la dei klatre ned ryggen sin.

Ein dag kom kongen nedover elva og såg denne flotte, kvite elefanten som arbeidde for tømrarane. Kongen ville straks ha elefanten, og betalte tømmermennene ein god pris for han. Med eit siste blikk på leikekameratane sine, barna, gjekk så den flotte, kvite elefant med kongen.

Kongen var stolt av den nye elefanten sin og stelte svært godt med han så lenge han levde.

Treet med raude knoppar

Ein gong fekk fire unge guteprinsar høyre om eit vedunderleg tre. Det var raudknopptreet. Ingen av dei hadde nokon gong sett eit slikt tre, og kvar av prinsane ville gjerne vere den første av dei til å sjå det.

Den eldste prinsen bad kusken til kongen om å køyre han djupt inn i skogen der dette treet voks. Det var enno tidleg på våren, og treet hadde ingen blad eller knuppar. Det var svart og bart som eit daudt tre. Prinsen kunne ikkje forstå korfor treslaget blei kalla raudknopptre, men han stilte ingen spørsmål.

Seint på våren drog den andre sonene av stad med kusken og vogna til far sin for å sjå raudknopptreet. På denne tida av året var det dekt med raude knoppar.

Treet var dekt med grøne blad då den tredje sonen drog inn i skogen eit par månadar etter for å sjå det. Han kunne ikkje sjå nokon grunn til å kalle det raudknopptre, men han stilte ikkje nokon spørsmål om det. Ei tid etter bad den yngste prinsen om å bli køyrd til raudknopptreet, for han ville sjå det, han også. På denne tida av året var det fullt av små bønnebelgar.

Då han kom tilbake frå skogen, sprang han ut i hagen der brørne hans leika og ropte glad: "Eg har sett raudknopptreet."

"Det har eg også", sa den eldste prinsen. "Det såg ikkje ut som mykje til tre for meg", sa han, "men som eit daudt tre, svart og bert."

"Kva får deg til å seie slikt?" sa den andre sonen. "Treet har ei mengd av vakre, raude knoppar. Det er derfor det blir kalla raudknopptre."

Den tredje prinsen sa: "Raude knoppar, sa du? Korfor seier du det har raude knoppar? Det er dekt med grøne blad."

Prinsen som hadde sett treet sist, lo av brørne sine og sa: "Eg har nettopp sett treet, og det ser ikkje ut som noko daudt tre. Det har verken raude knoppar eller grøne blad. Det er dekt med små bønnebelgar."

Kongen høyrde dei og venta til dei slutta å snakke. Då sa han: "Søner, de har alle fire sett same treet, men kvar av dykk såg det på ulike tider av året."

Innhald


Jatakasoger, fablar frå Jataka, forteljingar frå oldtidas India, litteratur  

Jatakasoger, fablar frå Jataka, forteljingar frå oldtidas India, opp Seksjon Sett Neste

Jatakasoger, fablar frå Jataka, forteljingar frå oldtidas India BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]