![]() |
Buddhistiske fablar | |||||
| 13 1 52 | ||||||
|
Den djerve, vesle bogeskyttarenDet var ein gong ein skeiv, krumrygga og kortvaksen kar som blei kalla den kloke vesle bogeskyttaren fordi han skaut så framifrå med pil og boge. Denne skeive vesle karen sa til seg sjølv: "Dersom eg går til kongen og ber om å få kome med i hæren hans, kjem han vel til å spørje kva ein liten krabat som meg er god for. Så eg lyt finne ein sværing som vil ha meg som væpnar, og be kongen om å sleppe oss til." Deretter gjekk den vesle bogeskyttaren rundt i byen på jakt etter ein stor mann. Ein dag såg han ein stor, sterk mann grave ei grøft. "Kva skal ein stor og fin mann som deg med slikt arbeid?" spurde den vesle mannen. "Eg gjer slikt fordi eg ikkje kan livnære meg på annan måte," sa den digre karen. "Grav ikkje meir," sa bogeskyttaren. "Det finst ingen i heile landet som er like flink med pil og boge som eg, men ingen konge vil la meg bli med i hæren fordi eg er så kortvaksen. Men deg vil han gjerne ha, for du er stor og sterk. Eg kan gjere det du får i oppdrag å utføre, og vi kan dele betalinga. På det viset kan vi begge få oss eit innbringande levebrød. Vil du bli med meg og gjere som eg seier?" spurde den vesle bogeskyttaren. "Ja, eg blir med deg," sa den digre. Saman drog dei til kongen. Etter ei tid var dei framfor portane til slottet, og sende bod om at ein storarta bogeskyttar hadde kome. Kongen sende straks bod på han. Både den store og den vesle mannen gjekk fram for kongen og bukka. Kongen såg på den store mannen og spurde: "Kva fører deg hit?" "Eg vil gjerne vere med i hæren din," sa den store mannen. "Kven er den vesle mannen som er med deg?" spurde kongen. "Han er væpnaren min," sa den digre. "Kva vil du ha i løn?" spurde kongen. "Å, eit tusen pengestykke i månaden for meg og væpnaren min, konge," sa den digre. "Det er greitt," sa kongen. Så gjekk den store karen og den vesle bogeskyttaren inn i hæren til kongen. På den tida var det ein mannvond bjørn i skogen nær hovudstaden. Bjørnen hadde teke mykje folk. Kongen sende bod på den digre og bad han drepe bjørnen, og den digre sa til den vesle bogeskyttaren kva kongen hadde gitt ordre om. Saman gjekk dei inn i skogen, og snart hadde den vesle bogeskyttaren skote bjørnen. Kongen var glad for å bli kvitt den bjørnen, og gav sværingen rike gåver og roste han. Ein annan dag kom det bod om at ein sint stut sprang hit og dit langs ein veg ein stad, og ingen torde kome innpå han. Kongen bad den store karen om gå og drepe stuten. Den store og den vesle karen gjekk dit stuten sprang omkring, og snart hadde den vesle karen skote han. Då dei gjekk tilbake til kongen, gav han ein pose med pengar til den store. Kongen og alt folket rosa den store mannen. Ein dag sa den store til den vesle: "Eg kan greie meg utan deg. Trur du det ikkje finst andre bogeskyttarar enn deg sjølv?" Han sa mykje anna ubehageleg og uvennleg til den vesle karen også. Men nokre dagar seinare marsjerte ein konge frå eit land langt borte mot byen og sende ei melding til kongen og sa: "Gi opp landet eller slåst." Kongen sende straks ut hæren sin. Den store karen var væpna og montert på ein krigshest. Men den vesle bogeskyttaren visste at storingen ikkje kunne skyte, så han tok bogen sin og sette seg bak han på hesten. Hesten som bar dei, gjekk i spissen for hæren ut av byen. Ved første trommeslag rista og skalv den store av frykt. "Hald deg fast," sa den vesle bogeskyttaren. "Fell du av no, vil du bli drepen. Du treng ikkje vere så redd. Eg er då her." Men den storvaksne var så redd at han glei ned av hesten og rende tilbake til byen og stogga ikkje før han var heime hos seg sjølv. "Nei, no skal vi sigre!" sa den vesle bogeskyttaren mens han køyrde hesten sin inn i kampen. Hæren hans braut seg fram til leiren til kongen som kom langvegsfrå, og dreiv han tilbake til sitt eige land. Så førde den vesle bogeskyttaren hæren tilbake til byen. Kongen og alt folket kalla han "dei tapre vesle bogeskyttaren", og kongen gjorde han til øvstkommanderande for hæren og gav han rike gåver. |
|
|
|
© 2011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |