Norsk del, Gullvekta
Japanske eventyr  ❀ 1
Seksjon › 65   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Japanske eventyr. Mod. utsnitt av ein Warwick Goble-ill. til Grønpil

Ørneegga

For lenge sidan budde det ein bonde i ein landsby, og han hadde ei smellvakker dotter. Då det var tida til å plante om risen frå såplass til vekseplass, såg han utover risspirane som stod i mudderbedet sitt. Då fekk han auge på ein orm som jaga ein liten frosk i mudderet og skadde dei spede risplantane hans.

"Hald opp, orm. Ikkje jakt på frosken", ropte han. "Du skal få dottera mi berre du held opp."

Ormen heldt opp å jakte på frosken og drog sin veg i ro og mak.

Frå den kvelden av starta ein ven, ung friar å komme til dottera, og fekk ho til kone. Han kom seint kvar kveld, og drog tidleg om morgonen. Faren visste ikkje kva for kar det var, så han kjende seg ikkje vel med det. Derfor tilkalla han ein dag ein spåmann som gjekk forbi ein dag, og bad han seie slikt som spåmenn gjer.

Den framande spåmannen sa: "Dottera di har fått ein mann som ikkje er eit verkeleg menneske, og ho har eit barn i magen som ikkje er rett menneske heller. Kanskje ho kjem til å døy av det med det aller første. Det er berre éin måte ho kan bli berga på. Ei ørn har bygd seg reir i toppen av eit høgt tre på fjellet bak her, og skal til å legge tre egg der. Eg rår deg til å be svigersonen din om å hente egga og gi dei til dottera di."

Same kvelden, då svigersonen kom, sa dottera til bonden at ho måtte ha ørneegg. Mannen klatra med glede opp for å skaffe dei til ho, men i det han klatra, blei han til ein orm. Det var ikkje til å ta feil av. Han lykkast i å hente to egg til kona si, men då han klatra opp etter det tredje, hakka ørnemora ormen i hel.

Då den gamle bonden kom til og fekk sjå det, var spåmannen der att. Han fekk høyre kva som hadde hendt, og sa: "Så har dottera di blitt berga. Det neste som skal til er å gi ho litt vin som det er dryst ferskenblomar over så snart vårfeiringa først i Mars kjem. Då får ho ikkje det forgjorte barnet, og vil friskne til att litt etter litt. Eg er den vesle frosken du berga livet til. Eg ville gjere godt mot deg til gjengjeld."

Med det drog spåmannen sin veg med eit hoppeti-hopp.

(Etter Kunio)

Duene

For lenge sidan arbeidde ein gammal mann ifrå ei fjell-landsby på hageflekken sin på hi sida av elva der.

Ein gammal mann ropte til han frå landsby-sida: "Hei, kva er det du plantar?"

Den gamle mannen svarte ikkje på det, men vinka til den andre at han skulle komme over til han. Den andre mannen vadde over elva og gjekk bort til han og spurde: "Kva er på ferde?"

Den gamle mannen kviskra inn i øyret hans: "Eg skal plante raude bønner."

"Kva er så hemmeleg med raude bønner?" blei han spurt.

"Vel, det ville ikkje vere bra om duene fekk høyre det", svarte han.

(Etter Kunio)

Dei femti brørne

Langt nord var det ein mektig fyrste som hadde femti søner. Førtini var modige, stolte karar. Dei var ikkje det spor glade i den yngste bror sin, nummer femti, for han var vennleg og god mot alle.

Eldstebrørne hans sa: "Slik skal ikkje ein prins oppføre seg. Du behandlar folk som om du var ein vanleg tømmerhoggar, enda du er søskenbarnet til keisaren."

Trass i alt dei sa, var den yngste prinsen like vennleg og god mot folk som før. Men brørne hans mislikte han enda meir fordi han ikkje gjorde som dei sa han skulle.

No var det ei vakker kongsdotter langt sør i landet. Alle brørne hadde god lyst til å dra og helse på ho. Dei femtifire brørne sa: "La oss dra og gjeste denne vedunderlege kongsdottera."

Dei la i veg etter grundige førebuingar, to og to i ei rekke, og tok med seg yngstebroren til å bere bører for dei og oppvarte dei. Men han laut gå eit stykke bak dei hine.

Over bakkar og haugar og gjennom dalar drog dei, heilt til dei kom til kysten ein stad. Der fann dei ein hårlaus, liten hare. Han låg i solsteiken utan vern. Haren ropte til dei: "Å, kva skal eg gjere så pelsen min veks ut att?"

Dei høgmodige brørne lo av han, og svarte: "Gå og bad i den salte sjøen, og legg deg dernest på ein høg klippestein der sola steiker og vinden tar tak." Så drog dei sin veg mens dei lo.

Haren gjorde som dei hadde sagt. Det salte sjøvatnet svei skinnet hans, før sola og vinden brende det så det rivna fleire stadar.

Mens han låg og stønna og skreik i pine, høyrde han brått nokon som ropte: "Kva er i vegen? Vil du ha hjelp?"

"Å, stakkars meg", svarte haren. Så høyrde han nokon som klatra oppetter den høge steinen. Straks etter stod den femtiande broren ved sida av han. Den unge prinsen bar på så mange bører at han knapt kunne gå.

"Kva feilar det deg? Korfor stønner du slik?" spurde han haren.

"Det er ei lang historie", sa haren", og når eg har fortalt ho kjem du kanskje til å meine eg har fortent det som eg lir av. Men eg eg skal fortelje alt saman likevel.

Eg var på ei av Oki-øyene aust i havet, og ville over til Sør-Japan, men var båtlaus. Så tenkte eg ut ein plan, og gjekk ned til stranda og venta til eg såg eit sjømonster løfte hovudet over vatnet. Så ropte eg: "Sjø-sjø-sjømonster, kom hit! Eg vil snakke med deg!"

Sjømonsteret kom bort til meg, og eg sa: "Kor mange finst det av dykk i havet?"

"Det er fleire enn på land", sa monsteret.

"Men det er ikkje så mange av dykk som det er harar", sa eg. "Eg trur det er fleire harar på land enn pelshår på ryggen min."

"La oss telje", sa sjømonsteret.

"Gjerne det", svarte eg. "De sjømonster legg dykk i ei rekke her frå øya og til kysten av Japan. så spring eg over hovuda dykkar og tel dykk mens eg spring. Så tel vi harane og ser kven det er flest av."

Sjømonstera kom og la seg på rekke. Monsteret i den andre enden av rekka var ved kysten eg ville til. Eg sprang over ryggane deira så fort eg makta mens eg talde.

Men så tabba eg meg. Akkurat i det eg kom fram til det siste sjømonsteret skreik eg: "No var de dumme! Eg bryr meg ikkje om kor mange det er av dykk. Alt eg ville, var å bruke dykk som bru på springe over. Takk for hjelpa! Farvel!"

Det siste monsteret tok meg i det eg sa det, og trekte alle håra ut av kroppen min. "Kanskje vi vil telje dei og få eit tal på kor mange harar som finst", sa dei og gapskratta.

"Vel, kanskje du fortente å miste pelsen fordi du snytte og hånte dei", sa den femtiande prinsen.

"Ja, eg fortente det, og skal ikkje gjere slikt om att", sa haren. "Men etter at eg hadde mista pelsen hadde eg det så vondt i solsteiken at eg gret. Då kom førtini prinsar forbi. Dei lo av meg fordi eg låg der og var utan hår på kroppen. Så sa dei eg skulle bade i det salte sjøvatnet og legge meg til tørk i sol og vind - og sjå kor vondt eg har det av det."

Den gode prinsen tykte synd i haren, så han bar han til ei kjelde med klart vatn. "Bad her", sa han. "Det vil vaske vekk saltet. Eg skal presse sund nokre blad imens. Safta frå dei får snart pelsen til å vekse ut att."

Då dette var gjort, kjente haren seg frisk att, og pelsen tok til å gro fram på han igjen.

No tok prinsen børene han slepte og bar på og la i veg for å nå att brørne sine. Han var trøytt og mo då han omsider nådde Inaba. Brørne hans hadde komme fram før han, og no var dei sure og tverre fordi den vedunderlege prinsessa ikkje brydde seg om å treffe dei. Så no skjente dei på yngstebror sin som om det hadde vore hans feil at ho ikkje ville treffe dei.

Dei skulle akkurat til å dra heimetter då det kom eit sendebod frå prinsessa.

"Ja", ropte den eldste prinsen. "Ho sender bod etter meg!"

"Å nei da", ropte den nest eldste. "Det er meg ho sender bod etter."

Tredjemann skreik: "Dummingar! Det er sjølvsagt meg ho sender bod etter."

Sendebodet venta til dei heldt stilt til sist. Då sa han: "Prinsessa vil at han som har bore børene for dei førtini prinsane skal komme til ho."

Den femtiande prinsen la børene frå seg og følgde etter sendebodet. Han blei ført inn i slottet. I eitt av romma der sat den vakraste kvinna han nokon gong hadde sett. Ved sida av ho stod ein hare med pels som så vidt hadde starta å gro.

Prinsessa sa: "Gode venn, eg sende bod etter deg for å takke for det du gjorde for haren min. Korleis har det seg ein som er så god av seg som deg, berre er tenar?"

Den femtiande prinsen sa: "Dei førtini eldstebrørne mine ville besøke deg og eg laut gå bak dei og bere børene deira. Men eg er like mykje prins som dei."

"Korleis kan eg lønne deg for alt du gjorde for den stakkars haren min? Be om kva du vil, så vil eg sjå om eg kan gi det til deg."

"Det eg aller mest vil er å bu her i lag med deg", sa prinsen stilt. Så blei dei prins og prinsesse over det landet, og haren var i lag med dei.

Dei førtini brørne kom til at dei like godt kunne dra heim att først som sist. Denne gongen laut dei bere sine eigne bører.

(Williston, andre serie. Attgiving)

Det står ein versjon av forteljinga om haren i den eldste bevarte japanske krønika, frå 711-12). I originalen er det åtti brør som drar til prinsesse Yakami av Inaba for å fri til ho. Den eldste versjonen om harepus har blitt samanlikna med liknande historier frå Java, Sri Lanka, og India. (Wikipedia, "Hare of Inaba")

  Innhald  


Japanske eventyr og soger, litteratur  

Boktilfang

Japanske historier, eventyr og soger frå Japan, opp    Seksjon     Sett    Neste

Japanske historier, eventyr og soger frå Japan. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]