Gullvekta
Japanske eventyr  ❀ 2
Seksjon › 65   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Revekona

For lenge sidan var det ein mann som ein kveld gjekk utfor dør ei lita stund. Då han kom inn att, fann han to koner i stova, og dei var like som to dropar vatn. Kven var den rette kona hans, ho som var aleine att då han gjekk ut for dør? Han meinte at den eine var eit gjenferd som hadde omskapt seg, men han klarte ikkje å finne ut kven det var, for dei to såg heilt like ut, snakka sameleis og oppførte seg like eins. Han gav dei gåter å løyse, men begge svarte lett på alle. Så visste han ikkje noko anna å gjere enn å drive frå seg ho som han så smått hadde byrja å tvile litt på, og lét den andre bli.

Det gjekk godt med heimen frå den tida, og dei fekk to søner. Ein dag dei to sønene leika gøyme-og-leite heime, oppdaga dei ved eit tilfelle at mor deira hadde hale. Då kunne ho ikkje bli der lenger, etter å ha blitt avslørt.

"Sanninga er at eg var rev", sa ho, og sprang sin veg ifrå dei to barna sine mens ho gret.

Kvart år sidan, når det var tida då riskorn blei danna i risplantane, gjekk revekona rundt rismarka til mannen ho hadde hatt, og song, "Fruktbart må det vere, men gøym aksa."

Når dei pla kome innom, dei som takserte ris for å skattlegge heimen ut frå avlingane, slapp familien å betale noko særleg, for riskorna verka tomme. Men når risen seinare blei hausta og bringa i hus for å bli treskt, då hadde heimen meir ris enn nokon annan heim der omkring, og familien blei rikare og rikare.

(Frå Kunyo)

Daud året før

Ein mann frå den gamle hovudstaden Kyoto var så fattig at han ikkje fekk endane til å møtast. Ein dag fekk han til si overrasking høyre at ein fin herremann som han kjente, var blitt utnemnd til guvernør for ein provins langt vekke. Mannen drog med det same dit den nye guvernøren bidde, forklarte stoda si, og sa han gjerne ville komme i teneste for guvernøren. Og guvernøren var glad for å ta den gamle kjenningen sin i arbeid straks.

Mannen som blei tilsett, hadde ei herleg, ung kone. Dei to hadde ikkje vore frå kvarandre før, same kor hardt dei hadde hatt det mens dei var fattige, men no som han drog langt vekk, forlét han ho til fordel for ei anna som var rikare. Den nye kona skaffa han alt han trong til reisa, drog med han, og stelte godt med han der ute i provinsen.

Med tida tok han til å sakne den første kona si. Han klarte nesten ikkje å halde seg ifrå å styrte tilbake til hovudstaden, og plaga seg stadig med å gruble over korleis det ville gå om han drog tilbake. I mellomtida kom vennens tilmålte guvernørperiode til ende, så begge to drog mot Kyoto.

Mannen angra bittert at han hadde forlate den første kona si, og lovde seg sjølv at han ville dra direkte til ho straks han kom til byen. Vegen verka så lang at det nesten ikkje var til å bere. Då kan kom fram, styrta han til huset hennar, fann porten open, og gjekk inn.

Alt var forandra. Det verka ikkje som nokon budde i huset, og det såg falleferdig og forlate. Han såg seg forpint omkring i lyset av haustmånen. Det var fem dagar før fullmåne. Natta var kjølig, og han klarte ikkje å unngå å bli trist.

Inni huset fann han førstekona si ligge aleine på matta der ho hadde brukt å ligge i gamle dagar. Ho blei ikkje sint då han kom inn, men helsa han glad i staden. "Korleis kom du hit?" spurde ho. "Når kom du att?"

Han sa kor han hadde lengta etter ho, og lovde at frå no av skulle dei bu i lag att. "I morgon skal eg få bringa hit alle tinga eg har tatt med", sa han," og få mennene mine hit også. Eg ville berre du skulle få vite det med det same, no i kveld."

Ho såg svært glad ut. Etter at dei hadde snakka saman til langt på natt om tida som var gått, la dei seg til sist i armane på kvarandre.

"Har du ingen tenar her?" spurde han.

Ho forklarte at ho hadde vore for fattig til å ha tenarar.

Han visste det var hans feil at ho hadde hatt det så smått, og kjente både medynk med ho og sjølvforakt for det han hadde gjort mot ho. Det var nesten daggry då dei sovna, utan at dei lét at vindaugsskjermane.

Sollyset fløymde inn i rommet og vekte mannen. Kvinna i armane hans var inntørka skinn og bein. Fylt av skrekk hoppa han ut på golvet og håpte han såg syner. Men nei, det som ein gong hadde vore ei kvinne, var blitt lik.

Han kledde seg i vill panikk og styrta inn i det vesle nabohuset. "Kor er kvinna som budde ved sida av?" ropte han. "Det er ingen der!"

"Ho? Mannen hennar forlét ho og drog vekk til ein av provinsane. Ho blei så såra at ho sjukna", svarte naboen. "Ho hadde ingen til å ta seg av ho, og sist sommar døydde ho. Det var ingen til å ordne med gravlegging av ho heller, så liket ligg enno i huset. Folk er redde for å komme nær det. Derfor står det tomt og falleferdig.

Den heimkomne mannen var grundig skremt, men tenkte det ikkje var meir han kunne seie og gjere, og drog derifrå.

(Tyler, nr. 133)

Japanske eventyr synt ved Eldfluge-dronninga. Frå Cracle Mountain. Modifisert utsnitt

  Innhald  


Japanske eventyr og soger, litteratur  

Boktilfang

Japanske historier, eventyr og soger frå Japan, opp    Seksjon     Sett    Neste

Japanske historier, eventyr og soger frå Japan. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018–2019, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]