Norsk del, Gullvekta
Japanske eventyr  ❀ 5
Seksjon › 65   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Apa som ville gifte seg

For lenge, lenge sidan arbeidde ein gammal landsbybuar i hagen sin i ei li. Hagen var så stor og han måtte streve så hardt at han utbraut: "Å, om eg berre hadde hjelp! Om så mykje som ein apekatt ville hjelpe meg, ville eg gi han ei av dei tre døtrene mine til brud!"

Straks dukka det fram ei ape [1] som tok til å hjelpe den gamle mannen i lihagen.

"For eit umogeleg løfte eg har gitt!" tenkte den gamle mannen.

Då han kom heim om kvelden, fortalde han døtrene sine om løftet og kva som hadde hendt. Den eldste og den mellomste dottera blei arge, og sa dei ikkje kunne gifte seg med ei ape. Men den yngste var godhjarta og sa: "Sidan det var eit løfte, skulle det bli halde, så eg vil dra med apa som bruda hans."

Neste dag kom apa til heimen deira om morgonen. Han var kledd i brudgomsklede. No ville han hente bruda si. Han festa eigedelane til bruda si på ryggen sin, og så gjekk dei to av garde i ro og mak mot fjellet der apa budde.

Ved foten av fjellet rann ei djup elv. Det låg ein tømmerstokk over til bru. Mens dei gjekk over stokken, sa apa: "Skulle vi få eit gutebarn, kva skal vi kalle han? Saruzawa! Skulle vi få eit jentebarn, så la oss kalle ho Blåregnblom [2], for blåregnblomane er så fine her i dalen."

Mens dei snakka om det, såg ikkje apa at stokken var blitt smalare, glei og datt ned i den strie straumen med børa på ryggen.

I det straumen førte han vekk med bulder og brak, song han:

Skal det ikkje bli nokon Sarusawa eller Blåregnblom?
Nei, dette var leitt.

Det var kanskje ikkje alle som syntest det.

(Etter Kunio, nr 14)

⚶ ⚶ ⚶

Saru mo ki kara ochiru. (Også aper fell frå tre). - Japansk ordspråk

David Galef forklarer ordspråket: Alle kan gjere ein feil [iblant]. (Jf. Galef 2012, 21)

Ord

  1. Aper i Japan: Japanmakak (Macaca fuscata) er ei middelstor og kraftig ape (ein makak) som lever i Japan. Apene lever i grupper på mellom 8 og 166 individ.
  2. Blåregn: Wisteria sinensis. Ein klatreplante som er ein omtykt prydplante. Blomane veks i lange klaser og blir lilla, fiolette, rosa eller kvite.
Blåregn. Utsnitt av foto av Jean Tosti
Blåregn med kvite blomeklasar

  Innhald  


Japanske eventyr og soger, litteratur  

Boktilfang

Japanske historier, eventyr og soger frå Japan, opp    Seksjon     Sett    Neste

Japanske historier, eventyr og soger frå Japan. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]