Norsk del, Gullvekta
Japanske eventyr  ❀ 4
Seksjon › 65   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Forretningar

Folk i byen Edo er fælande glade i grilla ål. Ein rik, gjerrig kjøpmann flytta ein gong til huset ved sida av ein mann som levde av å koke, grille og selje ål. Om kvelden handla mannen dei inn, og på dagtid serverte han dei rykande varme til kundane sine. Då blei ålen kappa i stykke som var om lag ti centimeter lange, og så lagt på ein grill over kol som blei halden gloraud ved hjelp av ei vifte.

Gjerrigknarken som ville spare pengar, hadde god fantasi. Derfor sette han seg nær døra til nabohuset når det var tid for eit måltid heime. Mens han åt kokt ris, kom lukta av grilla ål drivande og gledde han stort. På dette viset sparte han mange pengar, så pengeskrinet hans blei stadig tyngre.

Mannen som grilla og selde ål, skjøna om senn kva gjerrigknarken gjorde dagleg, og meinte han skulle ta betalt for ålelukta. Han skreiv derfor ei rekning til kjøpmannen og gav ho til han.

Kjøpmannen verka glad for rekninga, han! Han kalla på kona si og bad ho hente pengeskrinet. Ho kom med det straks. Så helte mannen ut skinande pengar av gull og sølv, og rasla og klirra med dei eit stykke tid. Så rørte han ved rekninga frå åleseljaren med vifta si, bøygde seg høfleg og sa med eit smil:

"Ja vel, nabo. No er vi skuls."

"Kva?" skreik ålehandlaren. "Skal du ikkje betale meg?"

"Det har eg alt gjort. Du har kravd at eg skal betale for lukta av ål. Eg har betalt deg raslinga av pengar."

(Griffis, "Smells and Jingles")

Lus syng ikkje

Ein flokk barn snakka om enkelte sider ved privatliva sine. Eit eldre barn sa:

"Om lus kunne synge, ville eg bli fælt skamfull når eg er i lag med andre, men dei er ganske stille, så det går då."

Eit yngre barn sa: "Eg for min del skulle ønske dei ville synge. Då ville eg få pause i all bitinga no og då."

(Blyth, s 487)

Trehammaren

To bønder var brør. Begge arbeidde hardt når det var tida til å så og tida til å hauste. Dei stod til knes i sølevatn for å plante ut ung ris, bøygde ryggen tusen gongar i timen, dei brukte sigden når sola steika. Når regnet fossa ned over dei i strie straumar, heldt dei fram å grave, innpakka i jakker av risstrå. Dei laut streve for maten.

Den eldste av brørne heitte Kjo. Han var blitt rik av å arbeide hardt og spare det han kunne ifrå han var gut. Han hadde ein stor gard også. År etter år gjekk det godt med rishausten, silkeormane, kornlagera og andre lagerbygg. Men lei og sur var han, utan så mykje som eit "God dag" og ein kopp te til ein ferdamann, eller ei kald riskake til ein tiggar. Barna hans klynka og skutta seg når han kom nær dei, og det var verkeleg ille å vere kona hans.

Yngstebroren heitte Kane. Enda han arbeidde så hardt som broren, var han fattig som ei kyrkjerotte. Silkeormane hans døydde, same kor godt han stelte med dei, og risen hans ville ikkje vekse. Likevel var han ein munter kar, ein ungkar som var glad i song og eit glas brus. Han var parat til å dele hus og varme framfor peisen med dei som kom innom. Han fryda seg over å fortelje gode vitsar også. Men det stod dårleg til, sanna han.

"Er det ikkje anna råd, får eg gå og sjå kva bror min vil gjere for meg. Eg tar mykje feil om det er mykje."

Så lånte han nokre finklede av ein venn og drog og besøkte bror sin slik. Han såg ut som fint folk, og song ein melodi for å halde motet oppe.

Broren hans stod utanfor huset sitt. "Du er tidleg oppe, Tjo."

"Det er du også", sa broren.

"Kan eg komme inn og snakke med deg om noko?"

"Det kan du, men du vil ikkje noko å ete der inne på denne tida av døgnet, og ikkje noko å drikke heller."

"Greitt nok", sa Kane. "Det er ikkje mat eg er kommen for; eg vil snakke med deg."

Då dei var komne inn i huset og hadde sett seg på mattene, sa Kjo: "Du har fine klede på deg, så du må ha gjort det godt. Eg har iallfall ikkje råd til å gå langs desse gjørmete vegane og vere kledd opp som ein herremann, for tidene er dårlege, ja, svært dårlege."

"Det lover ikkje godt, dette" tenkte Kane, men han samla mot til seg og lo stutt. Så sa han:

"Høyr, bror, det er lånte klede. Dei eg sjølv eig, heng knapt nok saman. Risavlinga min blei øydelagt, og silkeormane mine døydde. Eg har ikkje noko å kjøpe riskorn og nye silkeormar for heller. No veit eg ikkje mi arme råd, så eg har komme til deg for å be om hjelp. For mor vår sin del, ho som bar oss fram, vil du ikkje gi meg ein neve såkorn og nokre få silkeorm-pupper?"

Kjo lét som han skulle til å dåne av forferding.

"Så sørgeleg! Så sørgeleg! Eg er berre ein fattig mann sjølv. Må eg røve kona og dei stakkars barna mine for deg?" Slik klaga han og snakka med seg sjølv i ein halvtime. Men til sist gav han Kane ei handfull riskorn og ein neve silkeorm-pupper. Det var berre det at riskorna var mugne og silkeorm-puppene daude. "Desse er ikkje til hjelp for folk eller fe", tenkte han med seg sjølv, men høgt sa han til bror sin:

"Her, Kane. Eg gir deg dei beste silkeorm-puppene eg har, og den beste risen i kornlageret mitt. Eg har neppe råd til det, så eg håper eg får tilgiving for å ha rana den stakkars kona og barna mine slik."

Kane takka den durkdrivne broren av hjartet, og drog heimetter med silkeorm-puppene og risen pakka inn i dei vide ermene sine. Han hoppa og danse av glede, for han trudde lykka hadde snudd til sist. Men på strekningane der vegen var gjørmete, var han varsam og heiste finekleda høgt opp, sidan han hadde lånt dei.

Då han kom heim, samla han saman ein haug med morbærlauv til silkeormane som skulle klekkast ut av dei daude puppene. Han sette seg og venta på at dei skulle komme ut av dei. Og det gjorde dei, og det var svært rart, for puppene hadde vore daude; det var sikkert og visst. Silkeormane var livlege, og åt morbærblad så det var ei fryd. Dei kaste ikkje vekk tida, men tok til å vikle saman kokongar til seg straks dei var godt forsynte med blad.

Kane var lykkeleg. Han gjekk for fortalde naboane sine kor gild bror hans hadde vore mot han. Han kom også over ein kramkar som drog omkring i desse delane av landet, og bad han takke Kjo for seg når han kom dit, og seie at det gjekk uvanleg godt med dei.

Då Kjo fekk høyre kor godt det gjekk for broren, fekk han på seg stråsandalane sine og drog av stad til garden hans. Kane var vekke å Kjo kom, med Kjo gjekk berre for å sjå på silkeormane. Då han såg korleis dei spann seg inn i kokongar, tok han ein skarp kniv og skar alle i to. Så drog han heim.

Då no Kane kom heim att for å sjå til silkeormane, syntest han dei såg snodige ut. Han rista på hovudet og sa: "Det ser nesten ut som kvar er snitta i to. Dei ser daude ut!"

Skulle blad kunne hjelpe? Han gjekk og henta fleire morbærblad. Då sette alle dei halve silkeormane seg til og åt opp blada, og etterpå var det dobbelt så mange silkeormar som før, og alle spann seg inn i kokongar. Det var ovleg rart, tenkte Kane, for dei hadde heilt sikkert vore daude.

Då Kjo høyrde om silkeormane som hadde blitt dobbelt så mange, gjekk han av stad og skar sine eigne silkeormar i to med ein skarp kniv, men han vann ikkje noko på det, for dei silkeormane rørte seg ikkje meir, men låg daude. Kona hans skunda seg å kaste dei ut neste morgon.

Etter dette sådde Kane risfrøa han hadde fått av broren, og risen spira fint. Han planta dei om med stor omhug, og risen treivst glimrande. Snart danna det seg riskorn i aksa.

Ein dag kom ein stor flokk svaler og slo seg ned på rismarka til Kane.

"Hutsj! Hutsj!" ropte han, klappa i hendene og slo rundt seg med ein kjepp av bambus. Svalene flaug vekk, men etter eit par minutt var dei tilbake.

"Hutsj! Hutsj!" ropte han igjen, klappa i hendene og slo rundt seg med ein kjeppen av bambus. Så flaug dei vekk nokre minutt før dei kom att.

Det same hende sju gongar til. Då tok Kane fram ein stor handduk og tørka det sveitte fjeset sitt. "Dette blir reint ein vane, sa han. Etter eit par minutt var svalene der att for tiande gong. Då ropte han "Hutsj" og sprang etter dei over bakke og dal, hekk og grøft, rismark og felt med morbærtre, heilt til han ikkje såg dei lenger. Då var han i ein mosedekt liten dal. Furutre spreidde seg over han og gav skugge. Han var trøytt og sliten av å ha sprunge så langt, så han la seg ned så lang han var i mosen. Der fall han i søvn med det same.

Mens han sov, trudde han at han drøymde at ein flokk barn kom til mosedalen. Barna sprang hit og dit blant furustammane. Dei verka så fine og glade der dei dansa omkring berrføtte.

"Eg meiner eg ser alvebarn", sa Kane til seg sjølv mens han sov.

Barna slutta å danse, og sette seg i mosen i ein ring. Så bad dei leiaren sin om å hente trehammaren. Leiaren lyfte opp ein mosete stein som var nokså nær hovudet til Kane der han låg og dorma. Under steinen var det ein hammar av lyst tre. Alveguten tok opp trehammaren, gjekk inn i sirkelen av alvebarn, lo og ropte: "Kva vil de ha?"

Når dei ønskte noko, rista han på hammaren og dei fekk det. Då kom det ut av hammaren med det same, slikt som dei bad om. Då alle hadde fått alt dei hadde lyst på, la leiaren trehammaren under den mosedekte steinen att. Etter at dei hadde spela og leika seg ei tid, var dei trøytte og trekte seg tilbake - det var som dei smelta inn i treskuggane, og det blei svært stilt.

Kane vakna då sola gjekk ned og mørket tok til å falle på. Der var den mosedekte steinen rett under handa hans. Han lyfte han, og der var trehammaren. "Eg håper alvebarna vil tilgi meg dette", sa Kane til seg sjølv", men eg dristar meg til å låne den hammaren." Så tok han hammaren med seg i ermet. Vel heimkomen skaka han først gullstykke ut av han, og så god drikke, nye klede og verktøy til garden, musikkinstrument og kven veit alt! Han var snart den rikaste, muntraste og feitaste bonden i landet.

Men kva tenkte Kjo då han fekk nyss om kor godt det gjekk for broren? Han blei grøn av misunning.

"Eg skal også skaffe meg ein alvehammar", sa han, "og bli rik utan å gjere så mykje meir enn å riste han."

Så gjekk han og bad broren om ein sekk ris, og fekk ein stor ein. Han sådde risen, risen blei moden, og då kom ein flokk svaler og slo seg ned på aksa og plukka ris ifrå dei.

"Hutsj! Hutsj", ropte han, klappa i hendene og lo høgt av forventing. Svalene flaug vekk, og Kjo følgde etter over bakke og dal, hekk og grøft, rismark og felt med morbærtre. Til sist, då han ikkje såg dei lenger, fann han seg i ein liten mosedekt dal som furutre reiste seg over.

Kjo såg seg omkring. "Dette kan vere staden", sa han til seg sjølv, la seg ned med eitt auge lukka og eitt opent.

Snart fekk han høyre alvebarna, han også. Dei ropte at leiaren deira skulle finne fram trehammaren. Leiaren lyfte vekk den mosedekte steinen, men det var ikkje nokon trehammar under!

No blei alvebarna så sinte at dei stampa med føtene og græt og styrta hit og dit og var mest frå seg fordi hammaren deira var vekk.

"Men sjå her", ropte leiaren etter litt. "Sjå bonden som ligg bak steinen! La oss sjå om han har tatt hammaren! La oss strekke nasen hans!"

Dei skreik høgt og gauv laus på Kjo. Dei klaup han, drog i han og puffa han omkring, og beit han til han hylte. Det verste var når dei greip fast tak i nasen og trekte til. Nasen blei lengre og lengre og nådde etter kvart føtene hans.

Så fór alvebarna inn i treskuggane mens dei skoggerlo. Litt etter var det stilt.

Kjo stønna og svor, men det hjelpte ikkje. Nasen blei ikkje kortare av det. Han tok den i hendene og gjekk til garden til bror sin.

"Bror, eg har det ikkje så bra", sa han.

"Det kan eg tenke meg", sa Kane og lét vere å le av nasen til broren. Han smilte ikkje eingong. Det varma Kjo om hjartet så mykje at han fortalde heile historia til broren og ikkje heldt noko tilbake - dei daude puppene, puppene han kløyvde og det andre gale han hadde gjort. Så bad han broren om både tilgiving og hjelp.

"Vent litt her", sa Kane, og gjekk bort til kista si og henta fram trehammaren. Så gnei han hammaren varsamt opp og ned langs den lange nasen til broren, og nasen krympa i ein fei. Etter eit par minutt var han som før, og Kjo dansa av glede.

Kane såg på han og sa: "Var eg deg, ville eg berre gå heim og prøve å vere annleis."

Då Kjo var gått, sat Kane stille og tenkte lenge. Då månen steig den kvelden, gjekk han ut og tok med seg trehammaren. Han kom til den vesle mosedekte dalen i skuggen av furutre, og la trehammaren der han hadde funne han.

"Eg skal vel vere den siste til å gjere meg til uvenn med alvebarn", sa han.

(James 1912)

To ting

  1. Ris: Ein sår frøa i førebudde bed. I tida etter at frørenningane er blitt 25 dagar gamle og før dei blir 50 dagar gamle, skal dei plantast i ei mark som er fylt av vatn. Vatnet må vere 10 cm høgt heile tida plantene veks. Demningar rundt markene held vatnet inne.
  2. Den magiske trehammaren i eventyret dukkar opp i andre japanske forteljingar også, og er å rekne som eit kulturelt symbol (Kelley 2006). Jamfør Aladdins lampe. (Wikipedia, "Uchide no kozuchi")

  Innhald  


Japanske eventyr og soger, litteratur  

Boktilfang

Japanske historier, eventyr og soger frå Japan, opp    Seksjon     Sett    Neste

Japanske historier, eventyr og soger frå Japan. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]