Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 1
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Det gøymde sølvet

Ein bonde hadde klart å spare opp tre hundre gram sølv, og det blei han både glad og engsteleg av. Sølvet var verdt mange pengar, men dersom det blei stole, ville gleda over å eige det forsvinne straks. Han grunda over kor det var trygt å ha sølvet, og fekk snart ein idé: "Eg kan legge det i ei solid boks og låse boksa med to digre låsar." Så kom ettertanken: "Men sett at tjuven berre tar med seg heile boksa, med låsane og sølvet?"

Dess meir han såg for seg korleis skatten hans kunne bli tatt frå han, dess verre kjente han seg, og om natta fekk han mareritt. Han vakna av at han ropte høgt i søvne.

Då det blei lyst om morgonen, stod han opp og tok til å leite etter ein sikker plass å gøyme sølvet inne i huset ein stad. Men han kunne ikkje komme på kor gøymestaden skulle vere. Han såg seg rundt og tenkte så det knaka på kor det kunne passe å gøyme sølvet. Etter mange kvilelause dagar kom enda ein idé. Då det blei kveld og ganske mørkt, grov han eit hol under veggen i bakrommet sitt. Der grov han ned sølvet i ly av mørket. Og for ikkje å gløyme den fine gøymestaden sidan, sette han ein lapp på veggen. Der stod det: "Sølvet mitt ligg ikkje nedgrave her."

Då fekk bonden endeleg ro i hjartet og kunne sove godt. Men næraste naboen hans hadde fått med seg det som skjedde. Han venta til midnatt, og då gjekk han og grov opp sølvet. Naboen tenkte også ut ein plan for ikkje å bli mistenkt. Ved sida av lappen til eigaren, sette han ein annan. Der stod "Eg har ikkje stole det," med namnet sitt under.

Vassmelonen og professoren

Det var ein professor ved eit stort kinesisk universitet, og han var veldig stolt og lærd. Hundrevis av studentar var under læra hans, og mange tusen æra han. Når han drog ut frå huset sitt, bar åtte mann han på berestol, og fem følgde etter og song og slo på tromme heile vegen nedover gata. Heime hadde han seks tenarar rundt seg. Til kvart måltid blei det serverte tretti rettar ved bordet hans.

Ved visdommen og den djupe kunnskapen sin, klarte den store professoren å greie ut om mangt for folket sitt.

Ein dag sat han i skuggen av eit fikentre i hagen sin. Han vende hovudet og såg ein vassmelon på bakken, nesten dekt av dei grøne blada sine. Deretter såg han oppetter. Det var kome mange fikenar på treet hans. Han sa: "Eg trur Skaparen skulle ha late melonen vekse på dette treet."

Han rørde ved treet og sa:'' Du er eit sterkt tre, så du kan bere større frukter enn vassmelonar." Og han sa til den krypande graskarplanten på bakken: "Du som er så tynn og liten, skulle ikkje ha frukter som er større enn fiken. Desse storleik-forholda er ikkje i orden. Feil er gjort feil i skaparverket."

Akkurat då fall ein fiken ned på nasen hans frå trekrona, og han fekk eit lite blåmerke. Han rista på hovudet og sa: "Eg tok feil. Om fikentreet skulle bere like stor frukt som vassmelonar og dei fall ned på nasen min, kunne eg blitt drepen. Det ville vere eit farleg tre for alle menneske."

Vassmelonar har tjukt skal. Det finst over 1200 sortar, og vekta varierer frå eit halvt kilo til over hundre kilo. (Wikipedia, "Watermelon" og "Vannmelon")

Hoppa som forsvann

Ein dag mista ein gammal mann ei av hoppene sine i det vide området ved grensa. Alle naboane hans syntest synd på han og kom for å trøyste han. Men den gamle mannen mista ikkje motet. "Vel," sa han, "når alt kjem til alt, kven kan seie at det er ikkje til gagn også?"

Nokre dagar seinare kom hoppa tilbake av seg sjølv, og hadde følge av ein fin villhest. Naboane blei overraska og kom for å gratulere, fulle av lovord over den nye hingsten. Men den gamle mannen verka ikkje gladare. "Glede kan avle sorg etter litt," sa han, "Kven kan seie om dette vil gagne eller bli til skade?"

Sonen til den gamle mannen var svært glad i å ri, som dei fleste der på viddene i grenselandet. Å ri inn ein ny hest, sprek og vill, var ei stor freisting for han. Dagleg sette han liv og helse på spel for å komme seg opp på ryggen av den uvillige villhesten og ri han inn, heilt til han ein dag blei kasta av hesten og braut eine beinet i fallet.

Naboane kom på ny innom den gamle mannen og sa dei var leie på vegner av både mannen og sonen for skada til sonen. Men den gamle mannen sa filosofisk: "Vel, ver no ikkje altfor leie for det. Ulykker hender, og hell og uhell kan vere fletta saman så det eine ligg nesta i det andre. Så det kan vere hell i uhell og uhell i hell. Kan vi seie for visst at beinbrotet ikkje er ei forkledt velsigning?"

Ikkje lenge etter gjekk nabofolk til åtak for å hærta landet. Som middel til at landet skulle stå imot åtaka, blei alle unge menn i grenselandet kalla inn i hæren. Kampen blei hard, og dei fleste unge mennene ofra livet på slagmarkene. Men sonen til den gamle mannen fekk ikkje dra i krig med det skadde beinet sitt. Han måtte bli heime, så beinbrotet redda vel livet hans.

Det store treet i vegkanten

Meister Huei sa til Meister Zoæng [1], "Eg har eit stort tre, himmeltreet [2]. Stammen er så uregelmessig og klumpete at det ikkje kan lagast plankar av han. Greiene er så vridde at dei ikkje kan kappast til plater eller firkanta blokker. Treet står i vegkanten, men ingen tømmerhoggar og snikkar så mykje som ser på det. Orda dine er som det treet, like store og ubrukelege, og verda ansar dei ikkje."

Meister Zoæng sa: "Eit stort, gildt tre kan bli hogd ned fordi det er gildt. Har du eit stort, fint tre, kan du plante det i hagen som er ingenstad, for der er det trygt for øks og skadar. Å vere til inga nytte for andre, kva skade kan det gjere ein sjølv?"

[Fritt frå eit stykke i "Chuang Tzu, kap. 1", jf. B. Watson, s. 35.]

Det är hästens duglighet som gör hans slaveri. - Svensk ordspråk. (Holm 1975:157)

1. Dei to vanlegaste skrivemåtane på engelsk: Zhuangzi og Chuang-tzu (eller Chuang Tzu). Uttalen blir mykje som /zwæng zii/ med trykk på zii. Det er det ikkje alle som veit. Tzu, tse og zi tyder 'meister' og blir sett bakom namnordet, ikkje framfor det som på norsk.

Korfor skrive kinesiske ord på minst to ulike måtar? Fleire lydar på kinesisk samsvarer ikkje heilt godt med dei i engelsk ordlaging. Dermed har det oppstått omskrivingssystem (transkripsjonssystem) for å overføre orda ganske lydrett til latinske bokstavar, som for eksempel blir brukt til å skrive engelsk. Eit mykje brukt system som heiter Wade-Giles-systemet, gir namn som Chuang-tzu. Eit nyare rettskrivingssystem for kinesisk med latinske bokstavar, pinyin, munnar ut i ord som Zhuangzi.

2. Himmeltreet er gudaträdet på svensk og Ailanthus altissima på latin. Det er eit lauvtre som kan bli 25-35 meter høgt - som eit sju etasjars hus. På dansk blir det kalla skyrækker, og på engelsk, "himmeltre", tree of heaven. Treet luktar ikkje godt og spreier seg fort om det har skikkelege vekstforhold.

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Holm, Pelle. Ordspråk och talesätt. Rev. ed. Stockholm: Bonniers, 1975.

Watson, Burton, oms. The Complete Works of Chuang Tzu. New York: Columbia University Press, 1968. —— Jf. Sverre Holth, oms. Taoismens klassikere: Tao Te Ching – Chuang Tzu – Lieh Tzu. Oslo: Aschehoug/Det norske akademi for sprog og litteratur, 1989.

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]