Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 2
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Å kjøpe seg sko

Ein mann ville kjøpe seg eit par sko, og målte føtene sine med eit par halmstrå og sette merke på dei. Deretter drog han beint til marknaden. Dessverre var han gløymsk og gjekk ifrå dei merkte halmstråa sine då han fór heimanfrċ, så då han kom til skoforretninga utan strå med fotmål på, stod han og var opprådd.

Til slutt såg han ei løysing og sa til butikkekspeditøren, "Du lyt dessverre vente til eg har henta halmstråa mine."

Han skunda seg heim, reiv halmstråa til seg og ville til butikken att. Men då han kom fram, var det blitt seint, og butikken var stengt for kvelden.

Andre høyrde om hendinga, og kom og spurde han: "Hadde du ikkje føtene med deg då du var i butikken?"

"Jo, så klart," svarte mannen trygt, "Men halmstrået hadde veldig nøyaktige mål, og føtene mine er ikkje så pålitelege."

Fjella og den gamle mannen

Ein mann var nesten nitti år gammal. Han budde på ein stad rett overfor dei to store fjella Taihang og Wangwu. Kvart fjell var fleire tusen meter høgt, og mange hundre kilometer vidt ved foten, så det var store fjell.

Det var til mykje bry for den gamle mannen å reise omvegar rundt fjella, så ein dag kalla han til seg heile familien og sa: "Kva med å fjerne desse to fjella, slik at vi får ein bein veg til Yuzhou?"

"Ein god idé!" ropte heile familien - alle var samde. Alt neste dag tok dei til å lage vegen.

Den gamle mannen hadde ei enke til nabo, og ho hadde ein son på rundt sju år. Begge fekk lyst til å hjelpe den gamle mannen, og kom fort for at arbeidet kunne gå fortare.

Ved Huanghe-elva budde ein gammal mann. Då han høyrde om vegbygginga, syntest han det var for dumt, og bestemte seg for å dra og gjere den andre gamle mannen klokare. Han sa til han:

"Kor lenge trur du at du kan leve vidare, så du får fjerna desse to fjella? Kvil heller dei gamle beina dine og ver klar til å fare i fred til himmerike."

Den andre såg på han, rista trist på hovudet og sukka: "Dei seier du er klok, men etter mi meining er eit esel klokare. Det er sant at eg er ved kanten av grava. Men eg har søner. Og sønene mine har søner og sonesøner igjen. Og fjella forvitrar. Så korfor skulle vi ikkje kunne klare å fjerne dei til sist?"

Guddommen der i fjella høyrde dette, og blei uroa og nedtrykt. Det viljefaste målmedvettet til gamle mannen rørte han djupt, så han frakta like godt vekk dei to fjella så den gamle mannen fekk det slik han hadde drøymt om.

Sjølvmordsharar

Ein bonde heldt ein gong på å pløye ute på markane sine då ein hare med eitt kom rennande, snubla mot ein stubbe og brakk nakken.

"For eit hell for meg!" sa bonden og plukke opp den daude haren, "Kan eg hauste harar som kjem rennande slik, kan eg få eg mykje enklare leveveg. Korfor skal eg ikkje berre vente her i staden for slite dagen lang, sveitte blod og slite ut kroppen min som ein stor tosk?"

Etter at han fekk den idéen i hovudet, arbeidde ikkje bonden lenger. Han sat ved trestubben, stødde kinna i hendene og venta tolmodig på fleire harar. Men det kom ikkje meir mat med lange øyre og kort halestump. Dag inn og dag ut venta og svalt bonden, og blei til latter i nabolaget.

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2016, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]