Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 10
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Kva fuglane fortalde

Den unge guten Kong Hia Kjang budde i lag med foreldra sine på ei slette mellom fjella. Han forstod fuglespråk. Ei skumring mens han sat med bøkene sine, slo ein flokk store fuglar seg ned i eit tre utanfor vindauget hans og gol:

Kong Hia Kjang på sørsletta
Det ligg ein sau ved ein steinhaug og ventar deg.
Ein fin, feit vêr som hundane har drepe.
Du får ta kjøtet, så ribbar vi beina.

Kong gjekk og henta den opprivne sauen og kokte han same kveld. Neste morgon kom ein gjetar og fortalde at ein av sauane hans mangla. Han hadde funne blod på marka, følgd blodsporet, og det hadde ført han dit til huset. Kong vedgjekk at at han hadde tatt heim eit sauekadaver, men han hadde ikkje drepe sauen: Hundar hadde gjort det, sa han. Han fann sauen berre fordi fuglar kom heim til han og fortalde kor sauen låg daud.

Det han fortalde blei rekna som uforskamma oppspinn, og han blei trekt med til fengsel. Mens han venta på rettssaka som borgarmeisteren sjølv skulle dømme i, kom ein fugl flygande austetter, slo seg ned på ein mur utanfor fengselet og skreik:

Fiendar nærmar seg vestanfrå
med banner, buar og spyd klare.
Mens byporten her er utan vakt og utkik.

Det han fekk høyre, fekk Kong til å trygle fangevaktaren om å fortelje borgarmeisteren at fuglen fortalde det var like før fiendar kom til dei gjennom det forsvarslause vestpasset. Fangevaktaren trudde ikkje noko på det, men bestemte seg for å teste om fangen hans kunne forstå fuglespråk likevel. Han tok noko ris, bløytte ein del av risen i søtt vatn, og ein annan del i saltlake. Deretter spreidde han alt saman på taket av eit skur. Dit førte han Kong, og spurde om han visste korfor så mange fuglar kvitra over hovudet på han.

Kong Hia Chiang svarte med det same at fuglane på taket kalla på fuglar som flaug forbi og sa:

Her er det mat å få!
Kom og få fersk og kvit ris.
Halvparten søt, halvparten salt.
Stopp litt, og få ein bit.

Fangevaktaren var no overtydd om at Kong forstod fuglesnakk, og skunda seg til borgarmeisteren og fortalde om åtvaringa og testen hans. Borgarmeisteren sende ilbod for å åtvare offiserane sine, og ein speidar blei sendt mot vest. Han kom snart attende og stadfesta det Kong hadde sagt. Det blei sendt soldatar for å styrke garnisonen ved vestpasset, og dei støytte tilbake inntrengarane då dei kom.

Keisaren fekk høyre om den store tenesta som Kong Hia Kjiang hadde gjort landet, og drog sidan nytte av den sjeldne gåva hans. Kong blei i tillegg innbydd til å studere i lag med prinsane. Til sist fekk han høg rang blant adelen i riket.

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]