Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 9
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Naboar

To dørseljarar budde ved sida av kvarandre. Den eine selde oliven, og den andre almanakkar [1]. Kona til olivenseljaren var ryddig og sparsam, så sjølv i tunge tider når det gjekk tregt med handelen, levde dei godt nok og utan mein i verda.

Kona til mannen som selde almanakkar, var ganske annleis kone. Ho tok seg til nokså lite, så mannen heldt fram den flittige nabokona som ei å gjere etter. Kona til almanakkseljaren blei fort lei av å høyre om alt det gode ved nabokona og alt det kloke ho gjorde. Til sist orka ho knapt nok høyre namnet hennar eller sjå ansiktet hennar.

Slik var det i lang tid. Men så kom eit år med uvanleg mykje motgang for begge familiane. Då det nærma seg slutten på året, då all gjeld skulle vere betalt for den som ville vere akta, hadde ikkje olivenseljaren klart å betale tilbake all skulda si det året. Utan hell hadde han strevd for å finne ein ærlig måte å ordne gjelda på, men då den siste dagen i året kom, kunne han ikkje dølje forholdet lenger for kona si. Han fortalde om pengeproblema og sa dei fekk streve i fattigdom og skam som best dei kunne frametter. Då henta kona hans fram eit stort lager sylta oliven og bad mannen sin selje dei kvikt og betale det han skulda.

Han spurde: "Kor har du alle desse olivenane frå?"

Kona svarte: "Kvar dag tok eg eit par grøne oliven ifrå korgene dine før du tok til å gå dei daglege rundane dine for å selje. Eg sylta dei med omhug med tanke på ei tid som denne, når vi trong til dei."

Sidan sylta oliven blir betre med alderen, plent som vin, og folk betalte mest for ei slik vare ved nyttårstider, kunne seljaren betale all gjelda same dag. No hadde dei både pengar til overs og kreditt så han fekk halde fram med verksemda si neste år også.

Almanakkseljaren hadde også tapt pengar same året og var i gjeld den siste dagen av året. Men hos kona hans var det inga trøyst å finne. Han gjekk inn i det nye året fattigare og meir elendig enn nokon gong. Då han høyrde korleis nabokona hadde komme til hjelp for mannen si med sylta oliven, fortalde han kona si om det og klaga over kor lite ho hjelpte han fram.

Kona høyrde på han utan å seie noko, men bestemte seg for å overraske mannen sin ved økonomisk klokskap, ho også. Dermed kunne ho gå inn på rommet sitt då det andre tunge året var slutt, og hente fram fleire fulle sekkar til mannen sin då han sa han var i gjeld og utan utveg til å betale for seg igjen.

Ho kasta sekkane ned på golvet framfor han og sa: "Kall meg ei drivande kone frå no av!"

Storleg forundra opna han sekkane, og helte ut ein haug almanakkar for året som var gått.

"Kor fekk du alle desse ifrå?" spurde han. Ho sa ho hadde gjort som nabokona gjorde med oliven; tatt nokre få almanakkar kvar dag frå bunken hans og gøymt dei så han kunne selje dei sist i året.

Det var berre det at på den tida fekk han ikkje selt dei fine bøkene, og mista alt han hadde betalt for dei for å selje dei. Kona hans kom til at ho ikkje fekk ros av han sjølv når ho gjorde som nabokona, og mista lysta til å gle han.

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]