Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 3
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Lyna i hel

Det var ein gong ti bønder som gjekk over ei mark saman. Dei blei overraska av vindbyer og kraftig torevêr, og fann ly i ein halvt øydelagt tempel. Torebraka var så sterke at lufta skalv omkring dei, og lyna kom stadig nærare, heilt til dei danna ein krans om tempelet.

Bøndene var vettskremde og tenkte at det må vere ein fæl syndar blant dei, ein som lynet ville råke. For å finne ut kven det kunne vere, blei dei einige om å henge opp stråhattane sine utanfor døra. Den som eigde hatten som vinden tok først, skulle ut.

Med det same hattane var hengt opp utanfor, blei ein av dei tatt av vinden og blåst vekk. Ni bønder kasta straks ut han som eigde hatten. Det var inga bøn og ingen nåde. Men så snart mannen hadde gått ut av tempelet, slutta lyna å slå ned omkring det, og slo i staden med eit brak ned i tempelet der dei ni stod. Dei blei alle svidd i hel.

Mistenkt for å stele ei øks

Ein mann mista øksa og mistenkte sonen til naboen for å ha stole ho. Han såg mykje på ungdommen og kva han tok seg til, og mistanken grodde støtt. "Går han ikkje som ein tjuv? Og utsjånaden, veremåten og snakkemåten hans, det er alt saman røvaraktig."

Men nokre dagar seinare blei øksa funnen i dalen der han hadde brukt ho sist. Det var tydelegvis han sjølv som hadde gløymt kor han la frå seg øksa. "Så eg har mistenkt og kasta skuld på nabosonen heilt feil", tenkte han.

Når han så møtte nabosonen, såg ting heilt annleis ut. Ungdommen såg ikkje ut som ein tjuv for han lenger: han gjekk, såg ut, tedde seg og snakka som anna folk.

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]