Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 4
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Gniaren og tigeren

I gammal tid var det ein tømmerhoggar som hadde ry for å vere gjerrig og glad i gull. Det heitte at han først skaffa seg sølv, og så omgjorde det til gull, og at gull var det han brydde seg mest om her i verda.

Nesten kvar dag gjekk han til fjells for å hogge tre og kviste dei til tømmer i lag med eine sonen sin. Ein dag bykste ein tiger beint mot mannen ute i villmarka. Han prøvde å flykte, men kom seg ikkje unna. Dermed kunne tigeren bite tak i kleda hans og halvt slepe, halvt bere han med seg.

Sonen sprang til for å berge far sin frå tigeren om det var mogeleg. Han hadde med seg ein lang kniv, og den kunne han sikkert støyte raskare inn i tigeren enn tigeren kunne slå med labben, så opptatt som han var. Tigeren bar tungt, og snart nådde sonen han att med den lange kniven sin.

Far hans hadde det enno ikkje noko særleg vondt, for tigeren hadde tatt eit godt bitt om kleda berre. Då den gamle tømmerhoggaren såg sonen sin klar til å stikke kniven i tigeren, ropte han engsteleg: "Ikkje stikk hol på tigerskinnet! Ikkje øydelegg tigerskinnet! Klarer du å drepe tigeren utan å stikke hol på skinnet, kan vi få mange pengar for det. Drep han, men kutt ikkje gjennom skinnet."

Mens sonen lytta til kva faren sa han skulle gjere og ikkje gjere, sprang tigeren brått vekk med faren, djupare inn i skogen til ein stad der sonen ikkje fann han og kunne bruke kniven. Dermed var det slutt for tømmerhoggaren.

Ein skal ikkje vere så grisk at ein har vondt av det.

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]