Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 5
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Spyd og skjold

Ein mann prøvde å selje spyd og skjold på marknaden. Han heldt først skjolda høgt i vêret og skrytte: "Sjå dei beste skjolda! Sjå formgivinga! Kvaliteten! Ingen spyd på jorda kan trenge gjennom dei! Det sikraste vernet kroppen din får! Kjøp eit og bli ein akta krigar!"

Så la han ned skjolda og løfta opp eit av spyda og ropte: "Dette er det skarpaste spydet som finst. Det er eit døyeleg spyd! Kvart eit skjold - same kor hardt - kan spydet trenge gjennom med berre éin støyt eller eitt kast!"

Dette høyrdest fint ut, heilt til ein tilskodar gjekk fram og spurde: "Orsak, men om eg bruker spyd frå deg mot skjold frå deg, kva vil då skje?"

Seljaren rulla med auga og gapte breitt, men kunne ikkje finne noko godt svar. Han trekte seg heller attende.

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2016, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]