Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 6
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Gåsa som ikkje kunne gakke

"Meister Zoæng" nedanfor er Chuang-tzu, også kjent som Zhuangzi (ca. 365 – 290 f.Kr.), ein vidkjent filosof frå gamle Kina. Tzu og zi tyder 'meister', lærar.

Meister Zoæng gjekk i fjella med ein flokk etterfølgarar då han såg eit stort tre med tjukke og frodige blad og greiner. Ein tømmerhoggar stogga framfor treet, men gjorde ingen teikn til å ville hogge det ned.

"Korfor ikkje hogge ned treet?" spurde Zoæng.

Mannen svarte: "Eg kan ikkje bruke det til noko!"

Zoæng sa til følgesveinane: "Fordi treet verkar ganske så verdilaust for menneske som oss, får det sjanse til å leve ut heile livslengda si."

Vel nede frå fjellet, stoppa Zoæng ei natt i huset til ein gammal venn. Vennen var glad for å få besøk av Zoæng, og gav ordre til tenestefolk om å slakte og stelle til ei gås for gjesten.

"Ei av gjæsene kan gakke og den andre kan ikkje", sa sonen. "Kven av dei skal slaktast, far?"

"Den som ikkje kan gakke", sa faren.

Neste dag spurde følgesveinane til Zoæng han. "Treet i fjella fekk høve til å leve ut heile livslengda si fordi det verka verdilaust. Gåsa i går blei slakta for noko liknande. Korleis bør du stille deg i saka, Zoæng?"

Zoæng lo og sa: "Eg vil nok seie omtrent halvveges mellom verdifull og verdilaus. Men enda om "midt imellom" kan verke som ein god plass å ta, er det ikkje sagt at ein slepp unna problem for det." (Jf. Watson 1968:209-10. Attgiving)

Zoæng seier at det i visse tilfelle kan vere godt å verke unyttig her i livet, men at det kan bli farleg også. Med dette er ikkje alt sagt (jf. Wikipedia, "Zhuangzi").

Gjæser har vore haldne som matfugl heilt sidan oldtidas Egypt, India og Kina.

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Watson, Burton, oms. The Complete Works of Chuang Tzu. New York: Columbia University Press, 1968.

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]