Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 7
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Tryllefatet

Ein gong grov ein mann opp eit stort steinfat på marka sit. Han tok fatet med heim og bad kona si gjere det reint. Men då kona tok til å reinse innsida av fatet med ein børste, tok fatet brått til å fyllast med børstar. Same kor mange børstar som blei tatt ut av fatet, kom det nye og fylte opp i staden for dei. Mannen kunne no selje børstar, og familien levde ganske behageleg av det.

Ein gong fall ein mynt tilfeldigvis nedi steinfatet. Straks forsvann børstane og fatet blei fylt med pengar. No blei familien rik, for dei kunne ta så mykje pengar ut av fatet som dei ville.

Mannen hadde ein gammal, svak og skjelven bestefar heime. Sidan det ikkje var stort anna bestefaren kunne gjere, sette mannen han til å moke pengar ut av tønna. Når den gamle bestefaren blei sliten og ikkje makta å halde på lenger, blei mannen sint og sa at bestefaren var lat og ikkje hadde lyst til å arbeide.

Ein dag gjekk den slitne bestefaren tom for krefter og seig saman ved det store steinkaret, bikka over kanten, fall nedi og døydde. No forsvann pengane, og fatet tok til å fyllast med daude bestefedrar.

Så måtte mannen trekke alle saman ut av steinfatet og få dei i jorda. For å gjere det skapleg, måtte han bruke alle pengane han hadde fått. Då han var ferdig, gjekk fatet sund, og han var like fattig som før.

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]