Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 8
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Tjuven og elefanten

For sju hundre år sidan trente folk i Sør-Kina elefantar og lærte dei å gjere mangt nyttig. Dei jobba for bønder og tømmerhoggarar, og to gongar i året arbeidde dei for dei som laga vegar, for ein elefant kunne gjere mange gongar meir arbeid enn noko anna dyr. Og elefantane var så kloke at folk trudde dei kunne sjå inn i hjarta til folk.

Ein dommar hadde ein elefant som blei opplært til å hjelpe han å dømme folk. Slik starta det:

Ein mann kom til dommaren og sa at røvarar hadde vore i huset hans ei natt og tatt gullet og smykkesteinane - alt han hadde. No bad han dommaren om hjelp til å finne og straffe tjuvane. Etter tre månadar blei fem karar tatt. Då dei blei brakt fram for dommaren, bukka dei for han, og kvar av dei sa: "Eg har aldri stole noko."

Mannen og kona som hadde blitt rana, blei kalla inn. Kona sa: "Det er mannen med det lange, grå håret som rana oss."

Dommaren spurde: "Vent no litt! Det var om natta, innandørs, og ganske mørkt. Er du sikker på at det er han, og korleis veit du det?"

Ho svarte: "Ja, eg hugsar det. Han tok armbandet frå armen min og eg såg inn i ansiktet hans."

"Rana dei fire andre dykk også?" spurde dommaren.

Kona svarte: "Eg veit ikkje."

Dommaren sa: "Mannen som du seier er ein røvar, ser ikkje slik ut for meg. Fjeset hans er snilt og mildt - tiltalande. Eg kan vel ikkje dømme ein slik tiltalt berre ut frå vitnesbyrdet ditt. Men eg har ein måte å finne det ut på, så vi skal snart få avgjort saka. Elefanten min skal få undersøke dei tiltalte. Eg vil seie at han kan lese tankane og hjarta til folk og at den som ikkje er skuldig ikkje treng å vere redd. Berre tjuven treng vere redd for livet framfor han."

Fire av dei fem tiltalte såg glade ut då blei kledd ganske nakne framfor dommaren og elefanten blei henta inn. Dommaren sa til elefanten: Sjå nøye over desse mennene og fortel oss kven som er tjuven."

Elefanten rørte med snabelen ved kvar av dei fem tiltalte frå hovud til fot. Den kvithåra mannen og tre til stod enno og smilte og lo glade mens elefanten såg over dei, for dei var uskyldige og trudde elefanten skjønte det. Men den femte mannen skalv av frykt og fjeset hans skifta farge fleire gongar. I det elefanten granska han, sa dommaren: "Gjer plikta di", og slo i bordet. Elefanten tok mannen med snabelen og kasta han i golvet så hardt at han døydde på flekken.

Dommaren sa til dei fire skyldfri mennene: "De kan gå." Og til kvinna sa han: "Ver varsam med kven du skuldar." Så sa han til elefanten: "Mat og vatn ventar deg! Eg håper du kjem til å leve lenge og hjelpe meg å dømme sidan også."

Etterpå gjekk fleire kloke menn til dommaren og sa: "Vi trur ikkje at elefanten din kan lese hjarte og sinn i menneske. Korleis kan han greie noko som dei fleste menneska ikkje kan gjere? Er det kanskje ei ånd etter eit menneske som har gått inn i elefanten? Ver god å forklare slikt for oss, dommar."

Dommaren lo godt og sa: "Elefanten min et og drikk som andre elefantar. Eg trur ikkje han skil mellom ein røvar og ein ærleg mann, men folk trur det. Dei ærlege som trur slikt, er ikkje redde framfor han, mens tjuvar som trur det, er fylt av redsel. Det er frykta eg les hos tjuvane som feller dei. Vi kan seie dei tilstår ved elefantskrekk."

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]