NORSK DEL, GULLVEKTA  

Mediesnakk - 1

 15 › 1 › 6

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Mediekonsulenten

  • Gjennomgår tekstar: tekstrøkt, språkrøkt og språkråd.
  • Tilpassar form- og innhaldselement strategisk til ulike media.
  • Designar nettsider.
  • Rettleier, gir svar på spørsmål, og ymse anna.
  • Driv frilans journalistverksemd som det kan høve.

Mediekonsulentar kan vel gagne somme av desse:

  1. Studentar som skriv hovudfagsoppgåve.
  2. Folk - enkeltpersonar og føretak: språkforming, tillaging og formgiving av brukarvennlege nettsider og anna som hører med då. Det blir lagt vinn på at språket skal vere klart.
  3. Andre som ønskjer hjelp med skriving, søkjer råd for litt av kvart, og så bortetter - det kan fort bli den største gruppa.
  4. Kursdeltakarar.

Arbeidsfelt

Ein mediekonsulent jobbar med det same som ein tekstkonsulent (svensk: textkonsult), og dessutan framstelling av tekstar og bilete for publisering i elektroniske media, og dessutan formgiving av nettsider. Arbeidsfeltet er i vesentleg grad like eins som frilansjournalistane sitt.

Som frilans vel mediekonsulenten sjølv om og i kva grad han vil rettleie og gi hjelp til folk. Jamfør figuren under:

Arbeidsfelt for Mediekonsulenten
Figur: Fire arbeidsfelt, lagdelte

Om tekstrøkt, språkrøkt og språkråd

Figuren ovafor viser det finst fleire nivå innan språkgransking, og det byggjer seg opp:
  1. Setningsrøkt, eller nokså mekaniske grep: Korrekturlesing, dvs. kontroll av staving, bøying, bruk av komma og meiningsbygging (dvs. oppbygging av setningar så dei gir faktiske opplysningar eller meiningar det går an å tyde). Ein kontrollerer at vanlege skrivereglar er følgd.

  2. Middels justeringar: Tilpassing til lesarar og formålet med teksten. Kontroll med slikt kan kanskje hjelpe. Teksten skal henge saman og gli godt som heilskap, og innhaldet skal vere godt forståeleg.
    • Er ordvalet lempeleg?
    • Er påstandar passe avdempa i høve til data som ligg føre?
    • Er meiningsbygginga god nok og er den fullstendig?
    • Er stilen, tonen og registeret (ordvalet) rett?
    • Er teksten klar og lett å forstå ved at setningane er korte og fyndige?
    • Er logikken OK og samanhengane lette å skjøne og verdsetje?

  3. Omkalfatringar med endring av hovudgrepa er krevjande, og femner over så som endring av disposisjon, endra rekkefølgje av delar i ein større tekst, tabellar og rubrikkar. Ein markerer stundom bodskap som blir synt fram opp ifrå "ordjungelen". Ein må kanskje i visse høve omarbeide teksten fullstendig - for eksempel til ny lesargruppe eller eit nytt mål. Eller materiell må bli omforma og tilpassa til nettstad (webplass).

  4. Store nylagingar eller tekstforming frå botnen: Du lèt mediekonsulenten skrive tekstar frå grunnen, helst med utgangspunkt i tekstmateriell som ligg føre (finst), og kanskje på grunnlag av samtale. Om du treng ein heilt ny tekst, kan også journalistar gjere slike jobbar.

Tekstar får vere klare og lett skjønelege - tilpassa både mål og målgruppe. Det er iallfall målet med klarspråk, som i store trekk tilsvarer plain English. Er ikkje ein tekst lett forståeleg, men tunglest, er den kanskje ikkje effektiv og verdifull nok. Det finst mange halvnormer for å gjere tekstar betre tilpassa folk flest, og utan noko særleg tap av informasjonsverdi. Er du i tvil om du når fram med det du vil uttrykke? Kan det vere meir snert her og der? Kan noko meir formulert vidsyn gagne? Ein gjennomgår fleire former for tekstar, for eksempel webtekstar, brosjyrar, semesteroppgåver, artiklar og anna og kan gi konsulentvurdering av slikt materiell. Eit og anna utradisjonelt og somtid vere saksvarande og lanserast til tider, i den grad desse orda rundt sjøormen Nessie i Loch Ness held stikk:

"Det gjer ingen forskjell. No kjem folk for å sjå uhyret. Dersom det syner seg at det ikkje er noko uhyre, så held dei fram med å komme for å sjå staden der folk ein gong trudde det fanst eit uhyre." - Mediekonsulenten William Cameron

Ein får spørje seg: "Lønner det seg?" til slikt og mangt anna.

Høvelege lag og organisasjonar

Verdslitteraturen skaper omsetjarane. [José Saramago tvitydig omsett]

Norsk omsetjarforeining, NO

Norsk omsetjarforeining blei skipa 1. november 1948 og hadde 290 medlemmer i september 2007. Eitt av måla med foreininga er så langt som mogeleg å hjelpe og stø enkeltmedlemmer.

For å bli medlem lyt ein ha omsett nokre hundre sider prosa eller drama av god kvalitet, eller poesi i lausare fastsett omfang, og så avgjer styret søknaden til sist.

Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining, NFF

NFF blei skipa i april 1978. For å bli medlem lyt ein vere norsk forfattar eller omsetjar med opphavsrett til åndsverk av faglitterær karakter og som tilsvarer minst éi bok på minst 100 sider eige bidrag, og som er gitt ut, til dømes elektronisk eller på forlag. Foreininga forvaltar store stipendmiddel. Stipenda går til både medlemmer og ikkje-medlemmer så lenge dei innfrir kravet til medlemskap.

NFF gir ut Prosa, som er det største litteraturtidsskriftet i landet. Tidsskriftet blir redigert uavhengig og etter redaktørplakaten, og kjem ut seks gonger årleg.

Den 31. desember 2006 hadde foreininga 5 144 medlemmer, og blant dei 989 pensjonistar.

Norsk journalistlag, NJ

Journalistlaget blei skipa 1. april 1946, har over 9000 medlemmer, som er journalistar flest i dei ulike media i landet. Ei undersøking i Norsk journalistlag (NJ) viste at over halvparten av medlemmane i Frilansjournalistane/NJ får betalt i samsvar med satsane eller betre. Grunnriss for prisar og takstar for frilansar er:

Frå oktober 2006 er frilanstakstane: For tekst og artiklar i dags-, veke- og fagpresse er timesatsen 535 kr, og for oppdrag som er tinga for utføring etter kl. 1700 er den 750 kr. Minstehonoraret er 1035 kr. For anna journalistisk arbeid blir det rådd til å ta utgangspunkt i timesatsane, og ved elektronisk publisering (til dømes på Internett), legg ein til 25 prosent i tillegg til trykt versjon og lagring i database.

Illustratørar

Ein illustratør lagar illustrasjonar, og slike kan vere av mange slag. Ein kan seie illustratøren driv med visuell kommunikasjon og/eller visuelle uttrykk som venteleg skal formidle noko til einkvan.

Kunsthøgskolane i Oslo og Bergen tilbyr bachelor- og mastergrad for illustrasjon. Illustratøren lærer etter kvart mange teknikkar å velje mellom, så som teikning, kollasj, fotografi og digitale biletredigeringsprogram. Det hender at illustratøren også er grafisk formgivar.

Ein illustratør kan få i oppdrag å illustrere så som tekstar, artiklar, boktitlar, omgrep, lage webdesign, multimedia, og meir til. Oppdragsgivarane kan vere ingen andre, aviser, reklamebyrå og forlag, med meir. Til oppdrag hører at ein då ikkje står så fritt som når ein arbeider i "rolla" som heilt sjølvstendig kunstnar. Illustratørar flest arbeider frilans som sjølvstendige næringsdrivande.

Mange norske illustratørar er medlemmer av interesseorganisasjonane Grafill eller Teiknarforbundet, som blei skipa i 1916 og er den eldste av alle biletkunstorganisasjonane. I april 2007 hadde forbundet rundt 390 medlemmer. I 1982 gjekk elles Teiknarforbundet inn i paraplyorganisasjonen Norske Biletkunstnarar (NBK), som har rundt 2600 medlemmer fordelt på tjue grunnorganisasjonar.

Det blir meir og meir vanleg blant kunstnarar å jobbe i fleire teknikkar samtidig og parallelt.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]