NORSK DEL, GULLVEKTA

Korrekturkodar: Døme

 15 › 1 › 9 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Mediekonsulentar og andre skrivarar 
– SAMLINGA

Lauslege korrekturkodar

Når ein gir framlegg til endringar og betringar, kan det høve å sette nokon skjematiske ymt inn i teksten eller i margen, med og utan utfyllande tekst til dei. Det gjer ein når ein set korrekturteikn. Dei blir skildra av Finn-Erik Vinje i Skrivereglar (7. utg., s. 136). Utover dei finst behov for noko meir overordna meldingar. Slike finst også. Det er laga litt av kvart forskjellig.

Hovudreglane er enkle: Ein set kodane og kommentarane til teksten som det høver. Her kjem døme:

Stadar i teksten merkt med [F] krev gjerne retting. Mest sannsynleg også tekst med [Z] innåt seg, og ganske truleg også når det står [J], [R] og [V] til.

Bokstavkodane blir mest alltid sett inntil og bakom stadane det gjeld. Det er neppe tiltrengt å seie på førehand kor langt fram i teksten kvar enkelt kode gjeld. Det går normalt fram av samanhengen, skulle eg meine. Slike innsette bokstavar gir vink om underliggande og vesentlege diskurskvalitetar ein tillet seg å sakne.

Om ein vil, får ein også markere kva intensitet ein finn det godt å mobilisere i framlegget sitt. Ein liten overført "vindskala" med tal kan gagne nokon, men en gjer vel i bruke den med måte, akkurat som ropeteikn. Som nokon skreiv ein gong: "I dag brukte eg det årlege ropeteiknet mitt" (fritt etter engelsk). Men vil ein, har ein altså lov.

Vink og åtvaringar går tidvis hand i hand:

  1. Lita åtvaring om avvik frå normalstil, normalmål "eller liknande": kan ein kanskje la stå utan tal til seg - det er i så fall styrke 1
  2. Feil eller noko som liknar (kan hande), har styrke 2
  3. "For tungt utan (ferm og god nok) grunn". "Huff og (atter) huff" - eller "så tungt er det ikkje naudsynt å formulere det".
  4. Skivebom! (mest aldri med, helst).

Eit heller enkelt alfabetsystem

A: AMPLIFISER: Utvid. Det tyder: "Visse tilføying(ar) skal vel gagne".

B: BILETLEG uttrykksfylde skulle/kunne det nok vore her.

C: CICERONE (guide): Gjer lødig eller greitt nok, og nå tak i "noko som gjeld". Unngå det simple, fordi det er best.

D: DOKUMENTER betre og djupare - det har truleg mykje for seg. Faktafeil og/eller innhaldsfeil kan ha snike seg inn; i så fall: rett dei.

E: ENKLE ESTETIKK-OVERVEGINGAR skulle du ha med, for slikt kan gagne: Nå opp til "det enkle kjekke" og "heilt enkle" osv.

F: FEIL: Feil er feil og skal rettast, om ein ikkje vil stå opp som diktar eller klovn, til dømes. Begge kan bryte enkelte reglar med vilje og vinne stor fagnad også. Nokon såkalla feil må likevel sjekkast; dei kan vere riksmål og konservativt nynorsk, til dømes.

G: GRUNN litt over det: Funder i forhold til målet og siktet. Å grunde kan gjere godt.

H: HALDT. Stogg til du har vurdert sånt som liksen; leseverd-indeksen. Liksen gir mål på kor lett eller tung ei tekst er å oppfatte (summen av gjennomsnittleg tal på ord og prosenten av ord på minst sju bokstavar). Først reknar ein ut kor mange ord det er i kvar setning i gjennomsnitt. Så tel ein dei vanskelege orda; dei blir definert som ord på meir enn seks bokstaver. Prosenten av vanskelege ord legg ein til talet på ord i kvar setning, og dermed har ein likstalet. Det syner vanskegraden i teksten. For barn og ungdom bør liksverdien vere rundt 20, og for vaksne om lag 30.

I: ILLUSTRER godt her. At "eit bilde kan seie meir enn tusen ord", høver faktisk ofte.

J: JUMPING avdekka - gå steg for steg eller vurder einkvan annan måte. Det finst til dømes skrivereglar for akademiske avhandlingar og anna der stega i oppbygginga av setningar og avsnitt og vidare blir skissert grundig.

K: KORFOR? Eg spør kanskje like gjerne "Men korfor -?" Eller "Korfor ikkje (heller) ...?" - Framlegg/oppfordring/undring kan høve under "K".

L: LUFTIG: "Gjer dette meir nøkternt", er underforstått åtgjerd.

M: MANGLAR DET NOKO? Nokon gongar har delar av teksten falle ut.

N: NISSETE, så gjer denne tekstdelen meir plausibel om råd.

O: OMHUG OG OMFORMULERINGAR VENTAST: Omformuler, så blir det vel betre. Omhug med formdanningane blir tilrådd.

P: PRESISER GJERNE. Presiser med fordel.

Q: KORT INN vel. Nå kortare uttrykksform(er) - stuttingar bør hjelpe.

R: REINSK dette. Ein skal vakte seg som ein smed for ukorrekte framsettingar.

S: SAMPEL (utdrag, utval eller utplukk) kan ein rå til.

T: TALEN SKAL/BØR GLI BETRE. Det er ein god og gjengs omsettarskikk å høyre korleis teksten kling når han blir lesen fram. Nokon les teksten høgt og nokon føler korleis den verkar.

U: UTVID, UTFYLL: Utfyll så fleire kan følge med og skjøne meir av stoffet, eller skjøne det lettare.

V: "VEKK MED - Stryk"

W: WIN MORE: Tal strengare; tal alvoret ut, o.a.

X: EKSEMPEL skal gi hjelp. Vurder to-tre eksempel; gi eitt eller to flotte døme, for eksempel.

Y: YMT MINDRE O.A.: Formuler greitt og presist og nøkternt slik det tel. Alternativ til dette kan i nokon høve vere fikst og morosamt.

Z: ZOMBIEAKTIG står for sånt som "sløvt og automatisk, ikkje livfullt nok (etter mitt syn)". Som følge ligg perioden eg merkar med Z, an til å bli underkjent av meg så lenge. Rådet blir vel å omforme, skrive om att.

Det mest avgjerande er at den som rettar og den som skriv, har eit system dei begge skjøner. Nedkortingar sparer strev og tid i slike tilfelle. Ein kan også bruke slike oversyn til å fare gjennom og sjekke sine eigne tekstar.

Korrekturkodar, nokre døme 
– SAMLINGA
Korrekturkodar, nokre døme - SLUTTBOLK

Korrekturkodar, nokre døme - LITTERATUR  

Vinje, Finn-Erik. Skrivereglar. Nynorsk. 7. utg. Oslo: Aschehoug, 2009.

Korrekturkodar, nokre døme - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Korrekturkodar, nokre døme BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 1999–2012, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]